BISKOP
GUNNERUS VITSKAPLEGE VISITASREISER I NORD-NORGE
Jan
Ragnar Hagland
'Oppdagelsen av Nord-Norge'
er sjølvsagt eit vidt tema med mange moglege innfallsvinklar.
Dette innlegget tar sikte på å løfta fram ein
flik av ein større vevnad som vi stikkordsmessig kunne
kalla den vitskaplege oppdaginga av og interessa for landsdelen
i nord nord for 'det Thronhiemske' for her å halda oss
i tilstrekkeleg vage og upresise geografiske vendingar. Mitt tema
her skal altså vera biskop Johan Ernst Gunnerus og hans
visitasreiser til Nord-Noreg, hovudsakleg på 1760-talet,
og målet med denne vesle presentasjonen vil vera å
freista setja desse ekspedisjonane, som jo vart organiserte innom
råmene for kyrkjas aktivitetar, inn i den større
samanhengen vi kunne kalla 1700-talets vitskaplege interesse for
det nordlege Noreg.
Det som
innleiingsvis då må understrekast, er at Gunnerus
på ingen måte kan seiast å representera nokon
start på det vi kan
kalla ei vitskapleg interesse for fenomen og forhold i Nord-Noreg.
Eitt viktig forskingsfelt som allereie var etablert, må
i alle fall nemnast særskilt her utan at vi i denne omgangen
kan gå nærare inn på det nemleg utforskinga
av samisk språk og kultur. Dette hadde komme i gang tidleg
i hundreåret, og skjedde mykje godt også innom kyrkjelege
råmer. Det sentrale namnet her, både for 1700-talet
og for vår seinare vitskapshistorie, er sjølvsagt
Knud Leem, sunnmøringen som med sine publiserte arbeid
frå 1740-åra og frametter må seiast å
ha grunnlagt den vitskaplege lappologien her i landet. Leems publiserte
arbeid bygde på feltarbeid og observasjonar han sjølv
gjorde i Finnmark frå så tidleg som 1720-åra.
Denne vitskaplege aktiviteten toppa seg på mange måtar
i og med opprettinga av det såkalla Seminarium Lapponicum
i Trondheim og utnemninga av Knud Leem som professor den 24. mars
1752 (sjå Hagland 2000, 89). Leem skulle, som vi etterkvart
skal sjå, komma til å verta ein viktig medspelar også
for biskop Gunnerus i det vi kunne kalla hans vitskaplege prosjekt.
Så
over til desse visitasreisene til det nordlegaste Noreg. Gunnerus
vart utnemnd til biskop i Trondheim i 1758 til eit bispedømme
som dekka det nordafjellske og heile Nord-Noreg altså
eit svært omfattande geografisk område. Den nye biskopen
hadde, som det opplysingsmenneske han var, sterke vitskaplege
interesser. Dette kom etterkvart tydelegast til uttrykk ved at
han i 1760, saman med rektor Gerhard Schøning (frå
Buksnes i Lofoten) og den danske historikaren Peter Friederich
Suhm, som på den tida var i Trondheim, grunnla eit akademi
Det Thronhiemske Selskab, frå 1767 med namnet Det Kongelige
Norske Videnskabers Selskab, eit namn det framleis ber. Interessa
hos Gunnerus for Nord-Noreg kjem truleg best til uttrykk ved det
faktum at noko av det aller første han må ha sett
i gang med, var å planleggja og gjennomføra ei visitasreise
nordover. Det er ikkje så heilt enkelt å fastleggja
i detalj reiseruta til biskopen og følgjet hans, korkje
på denne eller dei andre visitasreisene han gjorde. Botanikaren
Ove Dahl har likevel med stor flid studert dei notat som gjeld
innsamla plantemateriale på desse ferdene, og har i den
samanheng også laga eit ganske påliteleg oversyn over
dei stader som verkeleg vart vitja på alle desse reisene.
Sjølve planane for visitasreisene er nemleg godt bevarte.
Ordlyden i og adressatane
for breva som på førehand vart sende til dei kyrkjelydar
som skulle ha visitas, er bevarte i bispearkivets kopibøker. Men det er likevel slik
at det ofte vart gjort avvik i høve til planane for desse
ferdene. Difor kan vi altså ikkje ta innførslene
i arkivet for anna enn det dei er intenderte reiseruter.
Allereie
i 1759 drog han i alle fall nordover til Finnmark og kom ved det
høvet heilt til Vadsø og Vardø (Dahl 1892,
1-2). Så langt kom han også ifølgje andre
kjelder enn bispearkivet ikkje på nokon av dei følgjande
ekspedisjonane. Så i 1762 vart
ei ny reise gjennomført (Dahl 1892, 1-2). Også ved
det høvet var det lagt opp reise heilt til Vadsø
og Vardø, men ifølgje Dahl (1892, 6) kom han ved
det høvet ikkje lenger enn til Tromsø. Fire år
etter det igjen vart det atter eingong gjort i stand til visitasreise
mot nord. Reisa var påbyrja, men på grunn av uvêr
på Trøndelags-kysten vart ekspedisjonen avbroten
(Dahl 1892, 6). Denne visitasferda vart difor utsett til året
etter og vart altså gjennomført i 1767 (Dahl 1892,
10-18). Som ved dei førre ekspedisjonane var jamvel denne
planlagd og førehandstilsagd heilt til Vadsø og
Vardø, men denne gongen ser det ut til at vendereis vart
gjort i Kjelvik i noverande Nordkapp kommune (Dahl 1892, 14 og
16). Og så igjen allereie i 1770 kjem den siste av desse omfattande ferdene
mot nord. Planlagd reiserute vart send ut 19. mars, som vanleg
med Vardø og Vadsø som endepunkt. Men også
denne gongen laut eksedisjonen venda sørover att i Tromsø
(Dahl 1892, 14f.). Med det er så desse reisene i Nord-Noreg
over for Gunnerus' del. Men dette utgjer i alle fall ein imponerande
aktivitet, både kyrkjeleg og vitskapleg. I løpet
av elleve år gjennomførte han altså fire omfattande
reiser i det nordlege Noreg reiser som nok hadde sitt å
seia kyrkjeleg sett, men som etter mitt, og nok andres, syn var
motivert like mykje av biskopens vitskaplege interesser og engasjement.
Det er sjølvsagt fleire ting som kan vera med å underbyggja
dette sistnemnde inntrykket det går fram til og med av
den standardformuleringa biskopen nytta som avslutning i dei brev
om kommande visitas som han alltid sende ut på førehand:
Jeg formoder og, at enhver af det velærværdige Præsteskab
foranstalter, at Almuen af Annex Kirkene indfinder sig paa bemelte
Tiid udi Hoved-Kirke, og paa Steder, hvor Finder findes, dennem
med deres Missionariis tilsiges at møde, ligesom jeg og
haaber at faae tilstrækkelig og fornøjelig Efterretning
om de Ting, som hører til Guds Ære og Menighedens
beste (Dahl 1892, 7, 10, 15).
Det "at faae tilstrækkelig
og fornøjelig Efterretning om de Ting, som hører
til Guds Ære og Menighedens beste", stod, som det synest,
sentralt i det vi må kunna kalla biskopens teologiske legitimering
for å driva med vitskaplege syslar.
Det kan godt sjåast som integrert del av ein teologi
som var aktuell kring midten av 1700-talet, den såkalla
physico-teologien, og som Gunnerus nok var inspirert av. Eitt
av dei viktige teoretiske skriftene for denne retninga kom elles
ut på dansk ved desse tider (jf. Derham 1759) og på
tysk var det komme ut atskilleg i tiåra før Gunnerus
kom til Trondheim (jf. t.d. Krüger 1741, Lucanus 1750 og
Lesser 1754). Vi ser spor av slikt tankegods i fleire samanhengar
også i reint vitskapleg diskurs og altså ikkje berre
som pliktløp i teologiske eller kyrkjelege samanhengar.
I korrespondansen mellom Gunnerus og den svenske botanikaren Carl
von Linné, som Gunnerus opnar med eit brev datert 24. april
1761, presenterer den kyrkjelege naturvitskapsmannen seg på
følgjande vis:
Da Tronhjems stift
er saa riigt paa naturalier, isærdeeleshed fiske og søøfugle;
saa har jeg, siiden jeg er kommen her op, begynt at samle paa
alt, hvad jeg har kundet faae derav og at betragte det, saa godt
jeg kunde, til Guds eevige Navns Priis [...] (Amundsen (ed.) 1976,
1).
Denne generelle motivering
eller legitimering for vitskapleg aktivitet har Gunnerus hatt
på sin dagsorden allereie før han sette fot i Trondheim
i sitt nye embete som biskop. Det nettverk, for å bruka
eit av vår tids moteord, han såg for seg for å
kunna få i stand vitskapleg arbeid i Noreg generelt og i
det nordlege Noreg spesielt, var det berre kyrkja som kunne hjelpa
han med å oppretta. Gjennom prestane ute i bispedømmet
kunne han få i gang vitskaplege fotfolk og medhjelparar
i dette prosjektet. Den tanken var i og for seg ikkje ny. Det
mest kjende dømet før hans tid på noko tilsvarande
var nok det namngjetne skrivet som gjekk ut frå det danske
riksstyret i 1743 i samband med det storslegne prosjektet om å
laga eit topografisk-statistisk verk om tilhøve i Danmark-Noreg.
Materiale til det verket skulle embetsmenn, særleg prestar,
samla inn i samsvar med ei ofte omtala spørjelista med
43 spørsmål. Slik sett kan vi nok seia at Gunnerus
hadde ein modell for å organisera ny vitskapleg aktivitet
i bispedømmet sitt. Den nye biskopens vitskaplege ambisjonar
eller mål kjem i alle fall til offentleg uttrykk allereie
same året som han var på plass i det nordafjellske,
og då i form av det han sjølv kalla eit 'hyrdebrev'
til presteskapet i "Tronhjems Stift" (Gunnerus 1758).
Her avslører han planar om "at oprette et Dansk Sælskab,
som skulde føre Navn af de smukke Videnskaber". Dette
selskaps arbeidsmark skulle vera
Oratorie, Poesie, den
naturlige og anden Historie, Physik, de naturlige Tings Hensigt
og Guddommelige Øjemerke, Oeconomie, Psychologia Empirica og andre Ting, som, og for saa
vidt, de lader sig afhandle paa en smuk og behagelig Maade, og
ikke overstiger fornuftige Ustuderedes Horizont, bliver derudi
vort Øjemerke. Hvo som har Lyst til at træde derudi,
skal gjerne antages, naar han har udgivet eller vil meddeele Sælskabet
en Prøve paa sin gode Indsigt i den eene eller anden Materie.
De Skrifter, som Sælskabets medlemmer forfærdiger,
bliver da siden oplæste, og naar de synes at fortjene det,
trykte (Gunnerus 1758, 30f.).
Som vi alt har vore innom,
vart desse planane realiserte kort tid etter i 1760. Men innan
den tid hadde altså fundator av det nye vitskaplege selskapet
allereie vunne å gjennomføra ein ekspedisjon nordover
heilt opp til Vardøhus. Denne reisa "som førte
ham like til Østfinnmark [...] skulle bli avgjørende
for hans videre forskerliv", skriv Leiv Amundsen i si innleiing
til utgåva av brevvekslinga mellom Gunnerus og Linné
(Amundsen (ed.) 1976, IX). Dette er det etter alt å dømma
god dekning for å hevda. Det er klårt slik når
det gjeld biskopens personlege faglege orientering mot naturfaga.
I den samanheng er det kanskje interessa hans for botanikken som
har vore mest understreka i den faghistoriske litteraturen (jf.
Dahl 1890-1910 og Petersen 1918). Og denne interessa er sjølvsagt
viktig nok inspirert som ho tydelegvis var av den danske botanikaren
G. C. Oeder som i desse første trondheimsåra til
Gunnerus frå 1758 til 60 hadde opphald i Trondheim medan
han var i ferd med å avslutta det botaniske storverket Flora
Danica (1761-70 og
1770-78). Det er klart nok dokumentert at Gunnerus verkeleg arbeidde
med botanisk registrering og innsamlingsarbeid på denne
første ferda nordover, og at arbeidet må ha vore
høgt prioritert. Det er såleis god grunn til å
rekna med at dette spesifike faglege arbeidet har vore medverkande
til at visitasreisene til Nord-Noreg stod så ofte på
biskopens arbeidsplan vidare utover på 1760-talet. Eit imponerande
og godt synleg resultat av desse studiane fekk vi i alle fall
allereie i 1766 då Flora Norvegica (1766-72) tok til å komma
ut. Vi skal ikkje her gå i nærare detalj om dei botaniske
studiane til Gunnerus. Dei er sjølvsagt ikkje avgrensa
til å gjelda Nord-Noreg. Det kan derimot vera grunn til
å minna om at dei naturvitskaplege interessene på
ingen måte var avgrensa til planteriket. I det brevet vi
alt har nemnt frå Gunnerus til Linné av 24. april
1761, held Gunnerus sjølv fram at stiftet hans er særlig
rikt på "fiske og søøfugle", og
at han har starta innsamling av slik tilfang. I andre samanhengar
ser vi både direkte og indirekte (sjå nedanfor) at
interessa for naturaliar også i høgste grad omfatta
t.d. det som gjerne vart omtala som "mineralogi".
Her er
likevel ikkje tid og stad til å gå inn på fagspesifike
detaljar i det vitskaplege innsamlingarbeidet som vart gjort på
desse kombinerte visitas og forskingsferdene til Nord-Noreg. Her
synest det derimot relevant å understreka det eg vil kalla
den organisatoriske sida av Gunnerus' vitskaplege utforsking av
bispedømmet sitt og då Nord-Noreg spesielt. Eg
meiner nemleg at Gunnerus med sine reiser og det nett av prestar
han etablerte for å hjelpa til i det større vitskaplege
prosjektet sitt, la eit grunnlag for ei større og gradvis
aukande interesse for denne nordlege landsdelen i vitskapleg samanheng.
I dette arbeidet kunne han nok byggja på allereie eksisterande
strukturar for organisering av visitasreiser også i det
nordlegaste Noreg. I bispearkivets kopibøker får
vi i alle fall eit konkret inntrykk av korleis ekspedisjonane
nordover var planlagde i Gunnerus' tid, med stoppestader, avstander
og geistlege kontaktpersonar opplista i detalj. Dette utgjorde
altså ein slags idealstruktur for ekspedisjonane, ein struktur
som i vekslande grad vart gjennomført på kvar av
dei aktuelle turane. I tillegg til dette har vi i kopibøkene
dokumentert korrespondanse med einskildprestar, der deira rolle
som vitskaplege fotfolk eller medhjelparar ute i felten i varierande
grad kjem til syne. For det tredje har vi gjennom Videnskabsselskabets
matrikkel oversyn over kven av landsdelens prestar som nådde
eit høgt nok vitskapleg nivå til å verta innvalde
som medlemmer i Selskabet ut gjennom 1760-åra.
Vi skal
her ta fram to episodar som eksemplarisk kan visa korleis denne
kyrkjeleg-vitskaplege organisasjonsforma fungerte i praksis. Det
første dømet er å finna i eit brev biskopen
skreiv til residerande pastor i Vardø, Henning Junghaus
Kaurin (1737-97), 10. des. 1764. I dette brevet som elles dreiar
seg om kyrkjelege saker, avsluttar biskopen med å minna
pastoren at det nærmast må oppfattast som ei plikt
å driva vitskapleg feltarbeid for hans velerværdigheit.
Brevet vert avslutta slik:
Hvad Deres Villighed
Naturalier at samle angaar, saa kand den ei hindres af Mangel
paa Kundskab derom; thi iblandt mængden findes der undertiden
noget usædvanligt, og jeg tar med tak imod alt, hvad De
samler x 3bus regnis naturæ. Maaskee
jeg til Sommeren, om Gud vil, besøger Dem, da det skal
være mig kjært, om jeg forefinder noget (jf. Dahl
1895, 104).
Den her nemnde reisa
vart det altså ikkje noko av før i 1767, men brevet
må seiast å vera typisk i den forstand, at det viser
korleis påtrykket var for å driva vitskapleg innsamlingsarbeid.
Det andre
dømet som her skal takast fram, refererer seg til ein av
dei få nordnorske prestane som allereie på 1760-talet
oppnådde å bli vald inn i Tronhjems Selskab, nemleg
sokneprest Eric Gerhard Schytte (1729-1808). Han var i tida 1762
til 1774 sokneprest på Buksnes i Lofoten. Biskopen må
ha vitja han der på visitasreisa i 1767. Ved det høvet
ser det ut til at Gunnerus har tileigna seg ei samling dialektord
som Schytte hadde fått i stand eit fagfelt som Gunnerus
til då berre indirekte hadde dyrka i samband med innsamling
av planter og plantenamn. Denne registreringa av plantenamn må
elles også ha omfatta samisk ordtilfang, og til ein såkalla
nomenclatura lapponica
fekk han gjennom heile 1760-talet god hjelp av før nemnde
professor Knud Leem ved Seminarium Lapponicum i Trondheim. Ein
artig, men kanskje ikkje særleg sjarmerande gløtt
av den vyrde biskopens metodar for å skaffa seg interessant
vitskapleg materiale på desse sine nordlege reiser, får
vi på ein litt indirekte måte gjennom Schytte. I eit
brev han skreiv til ein embetsbror, prost Bang i Bodø,
nokre år seinare, skriv Schytte litt oppgjeven om kor vanskeleg
det har vore for han å driva med vitskapleg arbeid. Han
kunne nok, seier han, ha drive det til noko "i Mineralogien".
Men det har ikkje vore så enkelt: "Man har et par Gange
med en truende Høflighed udplyndret min Samling af Mineralier,
og derved gjort mig kjed af at begynde fra først igjen"
(jf. Hagland 1980, 6). Det er meir enn tydeleg nok kven denne
"man" er i dette tilfellet.
På
godt og vondt må det likevel seiast at aktivt oppsøkjande
press av det slaget desse to små gløtta gir eit inntrykk
av, var med på å gjera Nord-Noreg vidare kjent også
ute i den vitskaplege verda. Etter mi meining var det eit ikkje
uviktig element i det som er kalla 'oppdaginga' av Nord-Noreg.
Og nettopp gjennom det
eg har omtala som eit vitskapleg nettverk av kontaktar og medarbeidarar
(meir eller mindre friviljuge), var Gunnerus med og opna vegen
også for internasjonal vitskapleg utforsking av landsdelen
og fenomen som kunne studerast der, allereie på 1760-talet. Den sida
av saka kan godt seiast å toppa seg i 1769 i samband med
ei såkalla Venus-passering som skjedde 3. juni det året.
Fenomenet var imøtesett med stor forventning i astronomiske
fagmiljø ute i verda. Dei nordlegaste delane av Europa
var rekna for å vera dei gunstigaste observasjonsstadene
for fenomenet. Og kong Christian den 7. fann i den samanheng høve
til å få bede inn astronomen Maximilian Hell frå
Wien til å studera passeringa frå Vardøhus.
Dette vart akseptert og med seg på eksedisjon nordover valde
Hell å ta den tidlegare medarbeidaren sin Johannes Sainowics,
båe eigentleg ungararar og tilhøyrande jesuittordenen.
Dei drog frå Wien den 28. april 1768 og kom til Trondheim
30. juli. Her vart dei verande til 22. august, då dei sette
kursen mot sitt endelege mål i Vardø. Ein viktig
grunn til å kunna invitera denne vitskaplege ekspedisjonen
til det nordlege Noreg var Gunnerus og det vitskaplege miljøet
som hadde teke til å ta form i Trondheim. Her var det nettverk
av kyrkjeleg/vitskaplege kontaktar som Gunnerus hadde bygt opp
i Nord-Noreg ein viktig føresetnad for at Hell og hans
folk skulle lukkast med sin ekspedisjon. Det er då også
dokumentert at Gunnerus verkeleg gav råd om gjennomføring
av denne siste delen av reisa, ein del som etter fleire problem
vart fullført den 11. oktober. Heilt konkret assistanse
vart også ytt frå trondheimsmiljøet ved at
den vitskaplege medhjelparen til Gunnerus, Jens Finne Borchgrevink,
som hadde vore med på ferda til Nord-Noreg i 1767 (Amundsen
(ed.) 1976, 93), vart send med som kjentmann på Hell-ekspedisjoen
og deltakar med sitt eige vitskaplege prosjekt. Ekspedisjonen
overvintra i Vardø, og deltakarane nytta tida til å
setja opp eit observatorium. Når så den 3. juni 1769
kom, kunne Hell og hans folk observera Venus-passeringa ved fullstendig
klår himmel og med svært heldig resultat i motsetnad
til andre vitskaplege ekspedisjonar av same art som var mindre
heldige med vêret (jf. Dahl 1895, 85-93).
Dei vitskaplege
kontaktane mellom Hell og miljøet i Trondheim vart styrkte
på tilbakereisa hans. Ekspedisjonen kom til Trondheim 31.
august og vart verande der i åtte veker. Hell og Sainowics
vart då også valde inn som medlemmer i Det Kongelige
Norske Videnskabers Selskab. Då dei seinare kom til København,
vart dei òg valde inn i det danske vitskapsselskapet, og
derifrå gjennom det danske selskapets skrifter vart resultata
av ekspedisjonen til Nord-Noreg publiserte for den vitskaplege
verda. I tillegg til rapporten om Venus-passeringa publiserte
Maximilian Hell også avhandlinga Nogle Steders geografiske
Brædder i Finmarken og Nordlandene, og svært viktig sett frå dei humanistiske fags synsstad
var Sainowics namngjetne arbeid om slektskap mellom "Ungarernes
og Lappernes Sprog".
Jamvel
om då vitskapsselskapet i Trondheim ikkje fekk æra
av å publisera resultata av denne spesielle eskpedisjonen
til Finnmark i 1768/69, er det etter mi meining rett å seia
at Gunnerus gjennom sitt vitskaplege engasjement i høve
til landsdelen i nord hadde lagt eit viktig om ikkje avgjerande
grunnlag for gjennomføringa av prosjektet. Eit bidrag som
i seg sjølv nok var med og auka kjennskapen til Nord-Noreg
ute i Europa i opplysingshundreårets ånd, snarare
enn i preromantisk forstand bør det vel leggjast til her.
Litteratur
Amundsen, Leiv (ed.) 1976,
Johan Ernst Gunnerus og Carl von Linné. Brevveksling
1761-1772. Trondheim Oslo Bergen-Tromsø
(Universitetsforlaget).
Dahl, Ove 1890-93, 1895-1900,
1902, 1906-08 og 1910, Biskop Gunnerus's virksomhed fornemmelig
som botaniker tillige med en oversigt over botanikkens tilstand
i Danmark og Norge indtil hans død. [Med tillegga] Gunnerus's
botaniseren ved Trondhjem og paa visitasreiserne & Uddrag
af Gunnerus's brevveksling, særlig til belysning af hans
videnskabelige sysler. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs
Skrifter. Trondhjem.
Derham, William 1759, Astro-
et Physico Theologie, eller de synlige himmelske Corpores og
Jordens utallige Creatures og Naturs Betragtning.... Først
skrevet paa Engelsk af William Derham, Dr. Theol., men nu oversat
paa Dansk af S. G. Kiøbenhavn.
Gunnerus, J. E. 1758: Johann
Ernst Gunnerus hans Opvækkelige Hyrde-Brev til det velærverdige,
høj- og vellærde Præsteskab i Tronhjems Stift.
Tronhjem.
Gunnerus, J. E. 1784, Critiske
Tanker om Kraken, Søeormen og nogle flere Vidunder i Havet.
Nye Samling af det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter.
Første Bind. Kiøbenhavn,
s. 1-44.
Hagland, Jan Ragnar 1980,
Ei norsk ordsamling frå tida kring 1770 etter Biskop
J. E. Gunnerus.
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Skrifter No. 5 1980.
Trondheim-Oslo-Bergen-Tromsø (Universitetsforlaget).
Hagland, Jan Ragnar 2000,
Knud Leem vår første språkvitskapsmann! I:
Eliassen, Knut Ove & al. (red.); 1700-tallet. Artikler
om språk, litteratur, musikk og estetikk. Kristiansand S (Høyskoleforlaget AS), s. 87-97.
Krüger, Johann Gottlob
1741, Johann Gottlob Krügers Physicotheologische Betrachtungen
einiger Thiere.
Halle (verlegt bei Carl Herrmann Hemmerde).
Lesser, Friedrich Christian
1754, Einige kleine Schriften theils zur Geschichte der Natur
theils zur Physicotheologie gehörig. Leipzig.
Lucanus, Jo. Godofredus
Henricus 1750, Dissertationem physico-theologicam qua geogenia
et cataclysmologia Whistoniana dubia redditur. Halae.
Petersen, Th. 1918, Udsigt
over biskop J. E. Gunnerus's liv og virksomhed med særlig
henblikk paa Det Tronhjemske Videnskabsselskabs stiftelse. I:
Johan Ernst Gunnerus 1718, 26. februar, 1918. Mindeblade. Trondhjem (Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab).