Frå hausten 2003 er nordiskstudiet inndelt i mindre emne (modular). Dette gjør det enklare for studentar frå eit anna nordisk land å velje akkurat dei emna dei ønskjer å avleggje eksamen i.
Eitt semesters studium tilsvarer 30 studiepoeng (ECTS). Studiet er inndelt i desse nivåa:
- 1000-nivå
- 2000-nivå
- 3000-nivå (masterstudiet)
Dei to fyrste nivåa utgjer bachelorstudiet.
For ein NORDLIKS-student vil det vere mindre aktuelt å følgje undervisninga på 1000-nivå, der undervisninga er forholdsvis elementær. Derimot vil 2000-nivået vere meir relevant. Både på 1000- og 2000-nivå blir det arrangert eksamenar som er spesielt tilpassa utlendingar, dvs. studentar som ikkje har norsk som morsmål
På masterstudiet kan ein NORDLIKS-student følgje undervisning (og avleggje eksamenar) innafor emne som er relevante for eins eige fagopplegg, f.eks. ein norsk forfattar eller norsk språkpolitikk.
Da nordiskseksjonen berre har 8 fast tilsette lærarar (4 i språk og 4 i litteratur), kan ein ikkje vente seg stor breidd i undervisningstilbodet. Nokre forskingsområde for tilsette ved nordiskseksjonen:
Språk: eldre syntaks, dialektsyntaks, språksosiologi, språkkontakt på Nordkalotten, namnegransking.
Litteratur: Henrik Ibsen, Knut Hamsun, kvinnelitteratur, naturlyrikk, arktisk litteratur, regionallitteratur, særleg nordnorsk litteratur.
|