Studieplaner
   
 

             Nordisk

 

Generell informasjon
Emneomtalar 

Grunnfag
 
Mellomfag 
Hovedfag 

Norsk for fremedspråklige studenter
Spesialstudium i norsk for utenlandske studenter

Forfatterstudiet

 

 

Generell informasjon

ALLMENN MÅLSETJING

Norskstudiet skal kvalifisere fagleg til arbeid som morsmålslærar og for anna yrkesverksemd med tilknyting til språk og/eller litteratur. Studiet skal dessutan på kvart steg vere grunnlag for vidaregåande studium i dei ulike disiplinane i faget.

Studiet skal gi kunnskap om og innsikt i norsk (og i nokon mon nordisk) språk og litteratur i fortid og notid. Den språklege og litterære kulturen skal ein der det er naturleg, sjå i samanheng med historiske og samfunnsmessige tilhøve. Gjennom studiet bør studenten også få innsikt i norskfaget si særstilling som eit humanistisk fag.

I studiet blir det lagt vekt på stoff og problem som er knytte til Nord-Noreg.

Studiet siktar mot å utvikle evna hos studentane til å uttrykkje seg i eit rett, ledig og naturleg norsk på begge dei offisielle målformene, og å vurdere den måten andre brukar språket på.

Studiet siktar òg mot å øve opp evna til å sjå sjølvstendig og kritisk på forskingsmetodar og forskingsresultat i faget, og det verdigrunnlaget forskinga kviler på.

Studiet fell i ein språkleg og ein litterær del, som er av om lag same omfang når det gjeld arbeidsmengd (unntatt for hovudfag). Så langt det er råd, må ein i studiet forsøke å sjå samanheng mellom dei to hovuddisiplinane.

Likestilling

Instituttet vil søkje å leggje opp pensum og undervisning i alle disiplinar på ein slik måte at intensjonane i likestillingslova blir oppfylte.

Fagnivå og eksamenseiningar

Studiet har tre ulike nivå: grunnfag, mellomfag og hovudfag.

Førehandskrav

Studentane må ha tatt forprøvene i fonetikk og språkvitskap seinast ved starten av det semesteret dei skal ta eksamen i den første fageininga. (Sjå under punktet GENERELT.)

Språkform og utgåver

Der ikkje anna er oppgitt, skal alle tekstar og bøker lesast på originalspråket (eventuelt i normalisert utgåve) og i opphavleg språkform. (Om utgåve i opphavleg språkform er vanskeleg å få tak i, kan ein bruke tekst i modernisert språkform.) Forkorta utgåver av dei skjønnlitterære tekstane kan ikkje brukast.

 

Opp
  
Grunnfag

20 vekttall

Nordisk grunnfag vil normalt krevje to semesters heiltidsstudium.

Pensum er samansett av ein språkdel med 2 vekttal i norrønt språk (NORD-101) og 8 vekttal i andre språklege emne (NORD-102) - og ein litteraturdel på 10 vekttal (NORD-103). Det blir undervist i desse delane parallelt gjennom to semester, men det er høve til å gå opp til eksamen i kvar del for seg. Ved utrekning av grunnfagskarakteren tel det endelege resultatet i kvart delemne like mykje. Om tidspunkt for ordinær eksamen, sjå under innleiing Språkfag.

 

Ved stryk vil det bli høve til å kontinuere ved byrjinga av neste semester. Frist for oppmelding til kontinuasjon er 15. januar for prøver som blir haldne ved byrjinga av vårsemesteret, og 15. august for prøver som blir haldne ved byrjinga av haustsemesteret.

Institutt for nordisk språk og litteratur har utarbeidd spesifiserte pensumlister som ein kan få ved Det humanistiske fakultet. Einskildverk kan bytast ut etter samråd med faglærar. Ved oppmelding til eksamen skal pensumlistene godkjennast av instituttet.

Pensumlistene er bygde på følgjande rammeplan:

 

Nordisk språk (NORD-101 OG NORD-102)

MÅL

Språkstudiet skal gje grunnleggjande kunnskapar om norsk språk, slik at studentane får:

- oversyn over norsk språk og språkutvikling i eldre og nyare tid
- innsyn i korleis språket fungerer i ulike samanhengar

Norsk språk skal også sjåast i ein vidare nordisk samanheng, og studentane skal derfor i nokon mon ha kunnskap om andre nordiske språk.

Arbeidet med det språklege stoffet har dessutan som mål å utvikle den praktiske språkdugleiken til studentane.

INNHALD

For å nå desse måla må studentane skaffe seg gode kunnskapar i kvar av dei disiplinane den språklege delen er delt inn i, og arbeide med eldre og nyare språkstoff ut frå ulike synsvinklar.

Norrønt språk
I norrønstudiet skal ein skaffe seg så god kjennskap til den norrøne språkstrukturen at ein kan omsetje normalisert norrøn tekst, men ein skal leggje særleg vekt på slike kunnskapar som ein kan bruke i studiet av seinare skriftspråk og talemål.

Morfologi og syntaks
Det blir kravd grundige kunnskapar i norsk morfologi og syntaks. Studiet av morfologi er først og fremst knytt til bøyingssystemet i dei to skriftmålsformene bokmål og nynorsk. I tillegg skal studentane ha noko kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaks skal studentane lære seg grunnleggjande setningsanalyse.

Andre nordiske språk
Studentane skal skaffe seg eit oversyn over språkstrukturen i dansk og svensk.

Eldre og nyare språkhistorie
Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling frå dei eldste tider og fram til i dag. Det gjeld både dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga.

Talemål
Gjennom talemålsstudiet skal ein skaffe seg oversyn over dei viktigaste særtrekka til dei norske målføra med særleg vekt på nordnorsk, og ein skal i samband med dette setje seg inn i inndelinga av norske målføre, og dessutan i sosiolingvistiske omgrep, problemstillingar og metodar.

Pragmatikk
Studentane skal setje seg inn i grunntrekk ved teoriar og metodar innafor pragmatikk med tekstlingvistikk.

PENSUM

I norrønt språk skal studentane lese ei innføring på ca. 200 sider, og i eldre og nyare språkhistorie til saman ca. 300 sider. I kvar av disiplinane morfologi, syntaks, andre nordiske språk, talemål og pragmatikk skal dei leggje opp ca. 150 sider teori. Samla pensum blir ca. 1250 sider.

I pensumet skal det i tillegg inngå 10 sider normalisert norrøn prosa og 12 talemålsprøver som viser geografisk og sosial variasjon. Men også i andre disiplinar enn norrønt språk og talemål vil det vere naturleg å trekkje inn språkleg materiale av ulike slag i arbeidet med teoristoffet.

PRAKTISK SPRÅKBRUK

Det er ein føresetnad for å kunne gjennomføre norskstudiet på ein vellukka måte at ein skriv rett og godt på begge dei offisielle målformene. Dei som har eit dårleg grunnlag frå den vidaregåande skolen, må såleis leggje vinn på å betre den praktiske språkbruken allereie tidleg i studiet.

Ettersom dei fleste som tek norsk som fag, seinare må rekne med å måtte gi språkleg rettleiing til andre, t.d. i skolen, tek oppøvinga av den praktiske språkdugleiken sikte på å setje studentane betre i stand til ikkje berre å slå fast at ein uttrykksmåte er betre enn ein annan, men også å seie noko om kvifor han er det.

UNDERVISNING

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar/seminar der faglærarane presenterer stoffet, men der det også blir kravd stor grad av studentaktivitet. Både i tilknyting til dei ulike kursa og elles vil det bli lagt vekt på arbeid med øvingsoppgåver. I løpet av studietida skal studentane i tillegg, under rettleiing av ein faglærar, skrive ei fordjupingsoppgåve om eit språkleg emne. Oppgåva er eksamensteljande (sjå nedanfor).

Under grunnfagsstudiet vil det bli gjeve ei innføring i bruk av IT som hjelpemiddel til å finne fram til språkleg materiale som er lagra i elektronisk form, og i å gjere enkle undersøkingar i slikt materiale. Framgangsmåten og resultatet av undersøkinga skal beskrivast i ein prosjektrapport på om lag 5 sider som skal godkjennast av faglærar.

EKSAMEN

Eksamenen i språkdelen er samansett av tre delar: a) skoleeksamen i norrønt språk, b) innlevert fordjupingsoppgåve og c) munnleg prøve.

Det blir avvikla ein skoleeksamen på 4 timar etter kvart norrønkurs, og studentane skal normalt ta denne eksamenen i slutten av første semester. Her skal studentane vise at dei kan omsetje ein kjend eller ukjend normalisert prosatekst og kommentere språklege forhold i denne teksten. Det kan også gjevast teoretiske spørsmål om norrøn grammatikk. Til hjelp blir det utdelt norrøn ordbok og norrøne bøyingsmønster. Prøva i norrønt gir 2 vekttal og tel 20 % av den samla eksamenskarakteren i språkdelen.

Innan ein fastsett frist på slutten av andre semester skal studentane levere inn ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal vere eit fordjupingsarbeid i eit språkleg emne og ha eit omfang på 8-12 maskinskrivne sider. Den innleverte oppgåva tel 40 % av den samla eksamenskarakteren i språkdelen.

Eksamenen blir avslutta med ei munnleg prøve der alle delar av pensum kan bli trekte inn unntatt det norrøne tekstpensumet. Den munnlege prøva tel 40 % av den samla eksamenskarakteren i språkdelen. Den skriftlege oppgåva og munnleg gir til saman 8 vekttal.

Før studenten kan gå opp til munnleg eksamen, må dei to andre eksamenane vere greidde.

Til eksamen er det eit krav at ein er stø i skriftleg bruk av dei to offisielle målformene, og ved vurderinga av fordjupingoppgåva og eksamenen i norrønt blir det òg lagt vekt på språkbruken. Ein kan ikkje nytte same målform på begge eksamenssvara.

 

Nordisk litteratur (NORD-103)

MÅL

Litteraturstudiet skal gi innsikt i metodar for tekstanalyse som tek omsyn til den kunstnarlege eigenarten til dei litterære tekstane, som kan sjå dei som ei særleg form for meiningsproduksjon, og som kan setje dei i samanheng med den røyndommen dei er skapte i og verkar innafor.

Studentane skal kunne bruke dei vanlegaste litteraturvitskaplege omgrepa og faguttrykka, og ha kjennskap til grunndrag i ulike litteraturvitskaplege metoderetningar.

Studentane skal òg skaffe seg eit oversyn over norsk litteraturhistorie. Det skal leggjast særleg vekt på periodeoversyn og utviklingsliner.

Norsk litteraturhistorie skal dessutan sjåast i ein vidare nordisk samanheng, og studentane skal derfor i nokon mon ha kunnskap om litteratur på andre nordiske språk.

Arbeidet med pensumtekstane skal skje i nær tilknyting til arbeid med litteraturhistorisk og litteraturvitskapleg sekundærlitteratur. Arbeidet med metodelære skal m.a. setje studentane i stand til å sjå korleis ein tekstanalyse eller eit anna forskingsresultat heng i hop med ein bestemt litteraturvitskapleg metode og eventuelt med eit verdistandpunkt.

INNHALD OG PENSUM

Norrøn litteratur i omsetjing
Tre større Edda-dikt, ei islandsk ættesoge.

Folkedikting
5 mellomalderballadar eller andre folkelege viser av seinare opphav. (Mellomalderballadar skal vere med i utvalet.)

25 sider eventyr og segner. Av dette skal to tekstar vere frå Asbjørnsen og Moes samlingar. Resten skal takast frå samlingar med nordnorske tekstar.

Felleslitteraturen
5 sider tekst frå 1500-talet, 15 sider barokkdikting frå 1600-talet, 3 salmar, eit verk av Ludvig Holberg, 15 sider med essay.

Norsk litteratur etter 1800
20 representative verk av sentrale norske forfattarar.

Minst 5 av verka skal vere frå tida etter 1950. Av desse skal eitt vere eit drama og eit anna frå nordnorsk litteratur.

15 noveller av sentrale norske forfattarar.

5 essay.

Eit utval på 40 dikt av sentrale norske lyrikarar.

Begge målformene skal vere med, og både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte.

Svensk litteratur
Eit Strindberg-drama, ein roman frå det 20. hundreåret, 4 noveller, eit utval på 15 sider lyrikk.

Dansk litteratur
Ein roman frå det 20. hundreåret, 4 noveller, eit utval på 10 sider lyrikk.

Nordnorsk litteratur
Eit utval på 20 sider nordnorsk lyrikk. Minst 5 av desse skal vere nyare nordnorsk lyrikk. 50 sider nordnorske noveller og kortare tekstar. Resten av pensum i nordnorsk litteratur (verk av t.d. Petter Dass, Jonas Lie, Regine Normann og Knut Hamsun) inngår i den ordinære pensumlista.

Litteraturhistorie
Studentane skal skaffe seg grundige litteraturhistoriske kunnskaper og ha oversyn over den litteraturhistoriske periodeinndelinga, oversyn over dei viktigaste verka i kvar einskild periode og oversyn over dei mest sentrale norske forfattarskapane. Kunnskapskravet tilsvarer framstillinga i Harald og Edvard Beyer: Norsk litteraturhistorie, men ein kan òg tileigne seg dette stoffet gjennom å arbeide med større litteraturhistoriske framstillingar.

Studentane skal dessutan skaffe seg innsikt i ein del problem i samband med framstilling av litteraturhistoria, t.d.: om sambandet mellom litteraturhistoria og den allmenne samfunnshistoria, periodeproblemet, problem i samband med ordning av stoffet i ei litteraturhistorieframstilling, litteraturomgrepet m.m.

Tekstanalyse og litteraturvitskapleg metodelære
Studentane skal lære seg å analysere litterære tekstar. I samband med dette skal dei skaffe seg oversyn over grunndraga i dei viktigaste teoretiske og metodiske retningane i litteraturvitskapen frå positivismen og fram til poststrukturalismen.

I samband med innføringskurset i litterær analyse skal studentane skrive øvingsoppgåver, og minst ei av desse må vere godkjend før studentane kan gå opp til avsluttande eksamen

UNDERVISNING

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar/seminar der faglærarane presenterer stoffet, men der det også blir kravd stor grad av studentaktivitet. Både i tilknyting til dei ulike kursa og elles vil det bli lagt vekt på arbeid med øvingsoppgåver.

EKSAMEN

Eksamenen i litteraturdelen er samansett av to delar: a) heimeeksamen i litterære emne og
b) munnleg prøve.

Heimeeksamen kjem i slutten av siste semesteret. Studentane har 10 arbeidsdagar på å løyse oppgåvene som kan vere henta frå alle delar av pensum. Oppgåva skal ha eit omfang på 8-10 maskinskrivne sider. Heimeeksamen tel 60 % av den samla karakteren i litteraturdelen.

Eksamenen blir avslutta med ei munnleg prøve der alle delar av pensum kan bli trekte inn unntatt det stoffet ein er prøvd i til skriftleg eksamen. Den munnlege prøva tel 40 % av den samla eksamenskarakteren i litteraturdelen.

Før studenten kan gå opp til munnleg eksamen, må skriftleg eksamen vere greidd.

I vurderinga av eksamensoppgåvene legg ein vekt på språkbruken. Det er og eit krav at kandidatane er støe i skriftleg bruk av dei to offisielle målformene. Både bokmål og nynorsk skal vere representert i samla grunnfagseksamen etter eige val.


Opp
 

Mellomfag

Nordisk mellomfag består av grunnfaget og eit mellomfagstillegg som normalt vil krevje eitt semesters heiltidsstudium. Mellomfagstillegget er samansett av ein litteraturdel (5 vekttal) og ein språkdel (5 vekttal). Både litteratur- og språkdelen inneheld eit fellesemne som skal komplettere dei basiskunnskapane som studentane har fått gjennom grunnfaget, og eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til vitskapleg arbeid på hovudfag. Det vil normalt vere mogleg å byggje vidare på mellomfagsemnet for studentar som seinare ønskjer å skrive hovudfagsoppgåve.

Det blir vanlegvis undervist i litteratur og språk parallelt gjennom eitt semester, men det er høve til å gå opp til eksamen i ulike semester. Medan tema for fellesemnet er fast frå semester til semester, vil det variere kva for fordjupingsemne det blir gitt undervisning i. Normalt skal studentane ta eit fordjupingsemne som det blir undervist i, men ein kan søkje instituttet om å få ta eit individuelt emne. I samband med undervisninga blir det utarbeidd spesifiserte pensumlister der einskildverk kan bytast ut etter samråd med faglærar. Pensumlistene skal godkjennast av instituttet.

Nordisk litteratur (5 vekttal)

Pensum i litteratur er delt i to delar, eit fast fellesemne i litteraturteori og eit varierande fordjupingsemne.

1. Fellesemne

Studiet av litteraturteori skal gi innsikt i sentrale teoretiske problemstillingar i faghistoria. Pensumet er ca. 300 sider, der originaltekstar (eventuelt i omsetjing) skal utgjere ca. halvparten. Framlegg til pensum kan ein få ved instituttet.

2. Fordjupingsemne

Fordjupingsemnet skal vere basert på eit tekstpensum på 6-7 verk. Som eitt verk blir rekna ein roman, eit skodespel, ei novellesamling eller ei diktsamling - eventuelt eit utval av noveller på minst 100 sider eller eit utval av dikt på minst 40 sider.

I tilknyting til tekstpensumet skal det skrivast ei heimeoppgåve (sjå punkta om undervisning og eksamen).

Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne. Emnet kan t.d. vere ein forfattarskap, ein litteraturhistorisk epoke, ein litterær sjanger, eit tema eller eit motiv. Det kan også dreie seg om spesielle problemstillingar knytte til t.d. barne- og ungdomslitteratur, kvinnelitteratur, regionallitteratur eller triviallitteratur.

Ein skal også leggje opp eit pensum på om lag 250 sider praktisk forsking, dvs. litteraturhistoriske framstillingar, litteraturvitskaplege framstillingar av forfattarskapar eller analysar av einskildverk. Sjangerteori og meir allmenn teori kan etter samråd med faglærar trekkast inn. Pensumet i praktisk forsking bør veljast slik at det stør opp under studiet av tekstpensumet.

Nordisk språk (5 vekttal)

Pensum i språk er delt i to delar, eit fast fellesemne i eldre språk og eit varierande fordjupingsemne.

1. Fellesemne

Studiet av eldre språk skal gi innsikt i filologisk arbeid med mellomaldertekstar og inntrykk av korleis dei fungerer som språkhistoriske kjelder. Pensumet er ca. 10 sider unormalisert tekst frå gammalnorsk og mellomnorsk tid og ca. 100 sider teori som skal støtte opp under studiet av tekstane. Framlegg til pensum kan ein få ved instituttet.

2. Fordjupingsemne

Fordjupingsemnet skal vere innafor eldre språk, grammatisk teori med hovudvekt på syntaks, namnegransking, nyare språkhistorie/språknormering eller talemål. Sentralt i fordjupingsemnet står arbeidet med ei heimeoppgåve (sjå punkta om undervisning og eksamen). Heimeoppgåva skal så langt råd er utformast slik at studenten får røynsle med analyse av primærmateriale. Omfanget av teoripensumet er ca. 500 sider. Omtrent halvparten av dette skal vere tekstar knytte til fordjupingsemnet generelt, og framlegg til pensum blir gitt i samband med undervisninga. Den andre halvparten skal vere knytt til temaet for heimeoppgåva og veljast i samråd med faglærar.

Undervisning

Det blir undervist i mellomfagstillegget minst ein gong i året, og kvart semester dersom bemanninga på instituttet gjer det mogleg. Kvar gong blir det gitt undervisning i fellesemna og i minst eitt fordjupingsemne innafor kvar disiplin. Heimeoppgåvene skal normalt vere knytte til fordjupingsemne som det blir undervist i, og studentane skal velje tema for oppgåvene i samråd med faglærarane. Oppgåvene skal ein skrive i semesteret, og faglærarane vil gi rettleiing i arbeidet med dei både individuelt og i samband med undervisninga.

Eksamen

Eksamen i litteraturdelen og språkdelen av mellomfagstillegget kan avleggjast kvar for seg. Eksamen i kvar del består av ei heimeoppgåve og ei munnleg prøve. Til eksamen er det eit krav at studentane er støe i skriftleg bruk av dei to offisielle målformene.

Det blir sett fristar for val og godkjenning av tema for heimeoppgåve og for innlevering. Ei oppgåve som er levert inn til eksamen i eitt semester, kan nyttast om att dersom studenten vel å gå opp til ny eksamen eit anna semester.

Heimeoppgåvene skal vere på 8-12 maskinskrivne sider. Ei av oppgåvene skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Studentane avgjer sjølve kva for målform dei vil bruke i kvar av disiplinane. Ved vurderinga av oppgåvesvara blir det òg lagt vekt på språkbruken. Heimeoppgåvene tel 60 % av samla karakter.

I tillegg kjem munnleg eksamen der studentane bl.a. vil bli eksaminerte i pensumet i fellesemna. Munnleg eksamen tel 40 % av samla karakter.

Når ein skal rekne ut karakteren for samla mellomfag, tel grunnfagskarakteren og karakteren i mellomfagstillegget likt. Dersom resultatet er på vippen mellom to karakterar, skal karakteren i mellomfagstillegget gjere utslaget.

Det blir nytta vanleg karaktrskala med tidelar som går frå 1.0 til 6.0, der 1.0 er beste karakter og 4.0 er lågaste ståkarakter.

Det er høve til å gå opp til eksamen i ein del av eller heile mellomfagstillegget i same semesteret som ein tek grunnfagseksamen, men ein kan ikkje få karakter på eit kurs i mellomfagstillegget før ein har bestått grunnfagseksamen i same disiplin.

Ved stryk er det høve til å kontinuere ved byrjinga av neste semester. Kontinuasjonseksamen blir berre arrangert etter ordinær eksamen i dei semestra det blir gitt undervisning i emnet. Det er ikkje høve til å kontinuere etter ordinær eksamen i dei semestra det ikkje er gitt undervisning i emnet, unntatt i dei tilfella det er påmelde til utsett prøve. Frist for oppmelding til kontinuasjon er 15. januar for prøver som blir haldne ved byrjinga av vårsemesteret, og 15. august for prøver som blir haldne ved byrjinga av haustsemesteret.

 

Opp

Hovudfag

Hovudfag

Hovudfagstudiet byggjer på mellomfagseksamen og er rekna å ta 4 semester når ein arbeider full tid. Av dette skal om lag halve tida gå med til pensum og halve tida til hovudoppgåva.

Pensum er samansett av tre delar, eit fellespensum og to disiplinpensa (disiplinpensum I og disiplinpensum II).

NORDHFF Nordisk hovudfag fellespensum (10 vt)

Fellespensum er på om lag 1200 sider, likeleg fordelt på språk og litteratur. Studentane skal skaffe seg oversikt over den faghistoriske utviklinga i båe forskingsdisiplinane og skal ha lese to større avhandlingar, ei i kvar disiplin (evt. utdrag av fleire avhandlingar), som dei skal kunne plassere i fagleg samanheng og kommentere metodisk. Resten av pensum kan vere oversyn, kortare avhandlingar og vitskaplege artiklar med vekt på prinsipielle, teoretiske og metodiske spørsmål.

NORD-310 Disiplinpensum I (5 vt)

Disiplinpensum I vel ein i den disiplinen ein skriv hovudoppgåva (språk eller litteratur). Dei som skriv ei språkvitskapleg hovudoppgåve, skal leggje opp 700 - 1000 sider, alt etter vanskegraden og etter kor mykje kjeldestudium som går inn i pensum. Dette pensumet kan vere innafor t.d. språkhistorie, talemål, grammatikk eller namnegransking.

Dei som skriv ei litteraturvitskapleg hovudoppgåve, skal legge opp 6 skjønnlitterære verk og ca. 600 sider litteraturvitskapleg stoff. Dette pensumet kan t.d. utformast som eit forfattarstudium, eit periodestudium, eit temastudium eller eit genrestudium. Studentane har òg høve til å leggje opp eit reint teoretisk emne med eit pensumomfang på 700-1000 sider, alt etter vanskegrad og kor mange skjønnlitterære tekster som inngår i pensum.

NORD-311 Disiplinpensum II (5 vt)

Dei som skriv ei språkvitskapleg hovudoppgåve, knyt normalt disiplinpensum II til hovudoppgåva, men ein kan også leggje opp stoff frå andre område under føresetnad av at det ikkje overlappar med det ein legg opp i disiplinpensum I. Pensumet skal vere på 700-1000 sider, alt etter vanskegraden og etter kor mykje kjeldestudium som går inn i pensum.

Dei som skriv ei litteraturvitskapleg hovudoppgåve, skal leggje opp 6 skjønnlitterære verk og ca. 600 sider litteraturvitskapleg stoff. Litteraturteoretiske originaltekstar (eventuelt i omsetjing) skal utgjere minst 200 sider. Pensumet kan t.d. utformast som eit forfattarstudium, eit periodestudium, eit temastudium eller eit sjangerstudium, men kan ikkje overlappe pensum frå disiplinpensum I. Studentane kan alternativt leggje opp eit teoretisk emne med eit pensumomfang på 700-1000 sider, alt etter vanskegrad og kor mange skjønnlitterære tekster som inngår i pensum.

NORDHFO Nordisk hovudfag, hovudoppgåve (20 vt)

Hovudoppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg gransking over eit sjølvvalt emne, godkjent av den faglæraren som blir oppnemnd til rettleiar. Lengda på hovudoppgåva bør vere 80-130 sider (maskinskrivne med margar på 2,5-3,0 cm, linjeavstand 1,5 og 12 punkt skriftstorleik). I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gå ut over det tilrådde sidetalet, særlig når materialpresentasjonen tar mye plass. Karakteren på hovudoppgåva skal ikkje vere avhengig av omfanget så lenge ho er over minimumslengda, men av korleis emnet for oppgåva er behandla.

Undervisning

Instituttet vil prøve å gi undervisning i fellespensum i seminarform kvart semester, og å gi minst eitt tilbod i disiplinpensum i kvar disiplin kvart semester. I nokre tilfelle vil likevel seminartilboda innafor disiplinane bli kombinerte med undervisning for mellomfag eller for forskarutdanninga.

Eksamen og evaluering

Eksamen i fellespensum er munnleg, og det skal vere ein felles kommisjon med representantar både for språkvitskap og litteraturvitskap. Disiplinpensum I blir prøvd med ei heimeoppgåve over oppgitt emne med to vekers frist. Oppgåva skal vere på ca. 10 – 12 maskinskrivne sider (sjå spesifikasjonane ovafor om linjeavstand osv.). Målforma skal vere den som ikkje blir brukt i hovudoppgåva. Disiplinpensum II blir prøvd med ei munnleg prøve etter at hovudoppgåva er godkjend.

Hovudoppgåva skal innleverast i 7 eksemplar (10 for dei som skriv hovudoppgåve i talemål, namnegransking eller norrønt) 4 veker før siste eksamen, og studenten skal seinast 2 veker før eksamen få melding om oppgåva er godkjend eller ikkje.


 

Opp til toppen av siden 


Norsk for fremmedspråklige studenter
(NORSKFRE7)

 

Deltakere

Kurset er beregna for utenlandske studenter som kan dokumentere kunnskaper i norsk tilsvarende trinn 3-eksamen med karakteren 3,0 eller bedre.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga for studenter som mottar stipend for å gå på kurset.

Mål

Kurset har som mål å gi studentene:

- økte praktiske ferdigheter i muntlig og skriftlig norsk
- teoretisk kunnskap om norsk språk, litteratur og kultur som gjør dem i stand til å ta et videre norskstudium på universitetet, f.eks. spesialstudium i norsk for fremmedspråklige studenter

Disipliner

Kurset består av følgende disipliner:

- norsk litteratur
- norsk grammatikk
- norsk språkhistorie og dialektkunnskap
- kulturkunnskap
- praktisk norsk

Beskrivelse av enkeltdisipliner og arbeidsformer

Norsk litteratur
Kurset tar sikte på å gi en presentasjon av norsk litteratur fra 1800 til i dag, innføring i litterær teori og trening i litterær analyse. Det arbeides også med norsk litteraturhistorie og sjangerlære. Undervisninga foregår dels som forelesninger, dels som samtaler om tekster.

Studentene skal holde minst ett innlegg og skrive minst én hjemmeoppgave i løpet av semesteret.

Norsk grammatikk
Kurset tar sikte på å gi en oversikt over norsk morfologi og syntaks. Semantiske og språkfunksjonelle aspekter kan òg bli trukket inn. Studiet av morfologi er først og fremst knytta til bøyingssystemet i bokmål, men studentene skal også få et visst innblikk i nynorsk. I tillegg skal studentene ha noe kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaks arbeides det med funksjonsanalyse (tradisjonell analyse) og leddstillingsanalyse (feltanalyse). Undervisninga består dels av forelesninger, dels av par- og gruppearbeid og gjennomgåelse og diskusjon av øvingsoppgaver.

Norsk språkhistorie og dialektkunnskap
Kurset har som mål at studentene skal få et innblikk i den norske språksituasjonen i dag og de viktigste historiske forutsetningene for denne situasjonen. Det vil bli gitt en innføring i norsk språkhistorie med hovedvekt på språkutviklinga etter 1814. Det vil også bli gitt et oversyn over norske dialekter og hovedkriteriene for inndelinga av dem. I tilknytning til dette vil noen dialektprøver bli gjennomgått.

Studentene skal skrive minst én hjemmeoppgave innafor disiplinene norsk grammatikk og/eller norsk språkhistorie og dialektkunnskap.

Kulturkunnskap
Ulike emner knytta til norsk kultur, historie og samfunn vil bli presentert og diskutert.

Praktisk norsk
Kurset omfatter både muntlige og skriftlige øvinger i praktisk norsk.

I den muntlige delen legges det vekt på utvidelse av vokabular, bruk av idiomer/faste ord og uttrykk og korrekthet i grammatikk og uttale. Flere arbeidsformer benyttes, f.eks.:

- uttaletrening og lytteøvelser, bl.a. i språklaboratorium
- tekstlesing (sakprosatekster) og arbeid med ordforråd og uttrykksmåter i skriftlig framstilling
- samtale og diskusjon om tekster og emner som til dels er forberedt hjemme
- studentforedrag etc.

I den skriftlige delen skal studentene levere oppgaver som vil bli retta og kommentert.

Pensum

Rammene for pensum er:

Norsk litteratur
- en roman fra 1900- eller 2000-tallet
- et drama av Henrik Ibsen
- et utvalg noveller/utdrag fra romaner, ca. 50 sider
- et utvalg dikt, ca. 15 sider
- ca. 100 sider litteraturteori, litteraturhistorie og sjangerlære

Norsk grammatikk
- ca. 230 sider teori som skal dekke disiplinene morfologi, syntaks og språkfunksjonelle forhold

Norsk språkhistorie og dialektkunnskap
- til sammen ca. 100 sider, fortrinnsvis utdrag fra en norsk språkhistorie beregna for videregående skole

Kulturkunnskap
- et tekstutvalg på ca. 70 sider (artikler, folkediktning, sanger etc.) som belyser ulike sider ved norsk kultur, historie og samfunn

Det vil bli utarbeida forslag til pensumtekster for hvert kurs. En egen liste over aktuell pensumlitteratur kan fås ved henvendelse til Det humanistiske fakultet.

Eksamen

Eksamen er satt sammen av en skriftlig og en muntlig del.

Skriftlig eksamen varer i 8 timer. Det vil bli gitt oppgaver fra pensum både i språk, litteratur og kulturkunnskap.

Muntlig eksamen varer i ca. 30 minutter, og kandidaten vil få spørsmål fra ulike deler av pensum.

Det gis karakterer etter den vanlige karakterskalaen som benyttes ved universitetet, dvs. en tallskala med tideler fra 1,0 til 4,0, der 1,0 er beste karakter, og 4,0 er laveste ståkarakter. Muntlig eksamen har justerende funksjon, dvs. at karakteren maksimalt kan endres 3 tideler.

Bestått eksamen gir 7 vekttall som teller i gradssammenheng.

 

Spesialstudium i norsk for fremmedspråklige studenter

Presentasjon av faget

Spesialstudium i norsk for fremmedspråklige studenter er et tilbud til utenlandske studenter (utvekslings- og gjestestudenter) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved et utenlandsk universitet. Studenter som tidligere har tatt Norskfre7 ved UiTø, kan bruke spesialstudium i norsk for fremmespråklige studenter som et påbyggingsstudium.

Hvis studenten senere tar et ordinært studium i nordisk på grunn-, mellom- eller hovedfagsnivå, bortfaller vekttallene fra Spesialstudium i norsk for fremmedspråklige studenter.

Det stilles ikke krav om at utenlandske studenter behersker begge de norske skriftspråksformene. Videre stilles det noe mindre krav til språkferdighet enn for studenter som tar et ordinært studium i nordisk språk og litteratur. Eksamensbesvarelser kan leveres på norsk, dansk eller svensk. Studiet gir ikke kompetanse for å undervise i norsk skole.

Opptakskrav

Alle undervisningstilbudene er åpne for utenlandske studenter som er utvekslings- eller gjestestudenter ved UiTø.

Mål

Det generelle målet med studiet er å gi utenlandske studenter kjennskap til særdrag ved norsk språk og litteratur, større innsikt i det norske språksamfunnet og økt refleksjon rundt språklige og litterære emner.

Startgrunnlag

Studentene må ha tilstrekkelig ferdighet i norsk eller et annet nordisk språk til å kunne følge ordinære forelesninger på norsk. Kurs på mellom- og hovedfagsnivå vil i større eller mindre grad bygge på emner fra grunnfagsnivå.

Undervisning

Det blir gitt undervisning i alle grunnfagsemner i løpet av et år. På mellom- og hovedfagsnivå varierer det fra semester til semester hvilke emner det gis undervisning i. Undervisningen på alle nivå blir gitt sammen med nordisk grunnfag, mellomfag og hovedfag for studenter med norsk som morsmål. Se forelesningskatalogen for informasjon om de ulike emnene som til enhver tid tilbys.

Eksamen

Eksamen blir vurdert etter en gradert karakterskala som går fra 1,0 til 4,0, der 1,0 er beste karakter, og 4,0 er laveste ståkarakter. Før studenten går opp til eksamen, må en pensumliste leveres og godkjennes av faglærer. Frist for innlevering av pensumliste er 1. november i høstsemesteret og 1. april i vårsemesteret.

Ved eksamen blir både innhold og uttrykksmåte vurdert.

Se omtaler av de enkelte kursene nedenfor for pensumomfang og eksamensform.

Kurstilbud

Studentene kan velge blant emner som Institutt for nordisk språk og litteratur tilbyr på grunn-, mellom- og hovedfag.

 

Språk

100-kurs (grunnfagsnivå) :
– Norrønt språk (2 vekttall)
– Norsk morfologi og syntaks (3 vekttall)
– Norsk språkhistorie (2,5 vekttall)
– Norsk talemål (2,5 vekttall)

200-kurs (mellomfagsnivå) :
– Eldre språk (2 vekttall)
– Språklig fordypningsemne (3 vekttall)

300-kurs (hovedfagsnivå) :
– Språklig fellespensum (5 vekttall)
– Språklig disiplinpensum (5 vekttall)

Kurs på grunnfagsnivå:

NORD-190 Norrønt språk (2 vekttall)
I norrønstudiet skal en skaffe seg så godt kjennskap til den norrøne språkstrukturen at en kan oversette normalisert norrøn tekst, men en skal legge særlig vekt på slike kunnskaper som en kan bruke i studiet av seinere skriftspråk og talemål. Pensumet er ei innføring i norrøn grammatikk på ca. 200 sider og 10 sider normalisert norrøn prosa. Eksamen er en fire timers skoleeksamen.

NORD-191 Norsk språkstruktur (3 vekttall)
Studiet av norsk språkstruktur skal gi grundige kunnskaper i norsk morfologi og syntaks. Morfologistudiet er først og fremst knyttet til bøyingssystemet i de to skriftmålsformene bokmål og nynorsk. I tillegg skal studentene ha noe kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaksstudiet skal studentene lære seg grunnleggende setningsanalyse. Pensumet i morfologi og syntaks er på til sammen ca. 300 sider teori fordelt omtrent likt på de to disiplinene. Eksamen er en fire timers skoleeksamen.

NORD-192 Norsk språkhistorie (2,5 vekttall)
Etter å ha studert norsk språkhistorie skal studentene kunne gjøre rede for hovedtrekkene i norsk språkutvikling fra de eldste tider og fram til i dag. Det gjelder både de viktigste endringene i språksystemet og de kulturelle, sosiale og politiske forholdene som har virket inn på språkutviklingen. I studiet av eldre språkhistorie blir hovedvekten lagt på endringer i språksystemet, mens studiet av nyere språkhistorie hovedsakelig vil dreie seg om normeringen av skriftspråket. Pensumet er ca. 300 sider fordelt omtrent likt på eldre og nyere språkhistorie. Eksamen er en fire timers skoleeksamen.

NORD-193 Norsk talemålsvariasjon (2,5 vekttall)
Gjennom talemålsstudiet skal en skaffe seg oversikt over de viktigste særtrekkene til de norske dialektene med særlig vekt på nordnorsk, og en skal i forbindelse med dette sette seg inn i inndelingen av norske dialekter, og dessuten i sosiolingvistiske begrep, problemstillinger og metoder. Pensumet er ca. 150 sider teori og 12 talemålsprøver som viser geografisk og sosial variasjon. Eksamen er en fire timers skoleeksamen.

Kurs på mellomfagsnivå:

NORD-290 Eldre språk (2 vekttall)
Studiet skal gi innsikt i filologisk arbeid med middelaldertekster og inntrykk av hvordan de fungerer som språkhistoriske kilder. Pensumet er ca. 10 sider unormalisert tekst fra gammelnorsk og mellomnorsk tid og ca. 100 sider teori som skal støtte opp under arbeidet med tekstene. Eksamen er en muntlig eksaminasjon på ca. 20 minutter.

NORD-291 Fordypningsemne språk(3 vekttall)
Et fordypningsemne skal være innenfor eldre språk, grammatisk teori med hovedvekt på syntaks, navnegransking, nyere språkhistorie/språknormering eller talemål. Sentralt i fordypningsemnet står arbeidet med en semesteroppgave på 8-12 maskinskrevne sider. Semesteroppgaven skal så langt som mulig utformes slik at studenten får erfaring med analyse av primærmateriale. Normalt skal oppgaven være innenfor et emne som det blir gitt undervisning i, og studenten skal velge tema i samråd med faglærer. Faglærer vil gi veiledning under arbeidet med semesteroppgaven både individuelt og i forbindelse med undervisningen. Pensumet i et fordypningsemne skal være ca. 500 sider teori. Omtrent halvparten av dette skal være tekster knyttet til emnet generelt, og forslag til denne delen av pensumet blir gitt i forbindelse med undervisningen. Den andre halvparten av pensumet skal være knyttet til temaet for hjemmeoppgaven og velges av studenten i samråd med faglærer. Eksamen består av den nevnte semesteroppgaven.

Kurs på hovedfagsnivå:

NORD-390 Språklig fellespensum (5 vekttall)
Gjennom det språklige fellespensumet skal en skaffe seg oversikt over utviklingen av norsk språkforskning. Pensumet er ca. 600 sider. I dette skal det inngå en større avhandling (eventuelt utdrag av flere avhandlinger) som en skal kunne plassere i faglig sammenheng og kommentere metodisk. Resten av pensumet kan være oversikter, kortere avhandlinger og vitenskapelige artikler med vekt på prinsipielle, teoretiske og metodiske spørsmål. Eksamen er en muntlig eksaminasjon på ca. 30 minutter.

NORD-391 Disiplinpensum språk (5 vekttall)
Et disiplinpensum i språk skal utgjøre en tematisk enhet av et eller annet slag innenfor f.eks. språkhistorie, talemål, grammatikk eller navnegransking. Pensumet kan bygge på et kurs som det har vært undervist i, eller være samensatt av stoff fra ulike undervisningstilbud som har vært gitt. Pensumomfanget skal være 700-100 sider avhengig av vanskelighetsgrad og av hvor mye kildestudium som inngår i stoffet. Eksamen er en to ukers hjemmeoppgave på 10-12 maskinskrevne sider over oppgitt emne.

Litteratur

100-kurs (grunnfagsnivå) :
– Nordisk litteratur før ca. 1870 (5 vekttall)
– Nordisk litteratur etter ca. 1870 (5 vekttall)
– Nordnorsk litteratur (4 vekttall)

Emnet Nordnorsk litteratur består av pensumkomponenter fra emnene Nordisk litteratur før ca. 1870 og Nordisk litteratur etter ca. 1870. Dersom Nordnorsk litteratur tas i kombinasjon med et av de andre emnene, gis det redusert vekttallsuttelling for det emnet som tas sist. Emnet Nordnorsk litteratur gir ikke vekttallsuttelling i kombinasjon med begge de andre emnene. Til sammen gir de tre emnene maksimalt 10 vekttall.

200-kurs (mellomfagsnivå):
– Litterært fordypningsemne (5 vekttall)

300-kurs (hovedfagsnivå):
– Litterært fellespensum (5 vekttall)
– Litterært disiplinpensum (5 vekttall)

Kurs på grunnfagsnivå:

NORD-194 Nordisk litteratur før ca. 1870 (5 vekttall)
Studiet skal gi et oversyn over norsk (nordisk) litteraturhistorie fra norrøn diktning, via felleslitteraturen og fram til ca. 1870. Litteraturstudiet skal gi innsikt i metoder for tekstanalyse som både tar hensyn til den kunstneriske egenarten til de litterære tekstene, og som kan sette dem i sammenheng med den virkeligheten de er skapt i og virker innenfor. Studiet skal også gi oppøving i å bruke de vanligste litteraturvitenskapelige begrepene og gi kjennskap til hoveddrag i de ulike litteraturvitenskapelige metoderetningene. Pensum er seks litterære verk hvorav ett skal være et drama, pluss 50 sider dikt og korttekster (eddadikt, ballader, eventyr, sagn, lyrikk, essayistikk). I tillegg kommer 400 sider litteraturvitenskapelig stoff, dvs. litteraturhistoriske framstillinger, analyser av enkeltverk, litteraturteori, sjangerlære, forfatterskaps- eller periodestudier. Eksamen er en to ukers hjemmeoppgave på 8-12 maskinskrevne sider over oppgitt emne.

NORD-195 Nordisk litteratur etter ca. 1870 (5 vekttall)
Studiet skal gi et oversyn over norsk litteraturhistorie fra ca. 1870 og fram til i dag. Litteraturstudiet skal gi innsikt i metoder for tekstanalyse som både tar hensyn til den kunstneriske egenarten til de litterære tekstene, og som kan sette dem i sammenheng med den virkeligheten de er skapt i og virker innenfor. Studiet skal også gi oppøving i å bruke de vanligste litteraturvitenskapelige begrepene, og gi kjennskap til hoveddrag i de ulike litteraturvitenskapelige metoderetningene. Pensum er seks litterære verk hvorav ett skal være et drama, pluss et utvalg av dikt på minst 40 sider. Et utvalg av noveller på minst 100 sider kan utgjøre et litterært verk. I tillegg kommer 400 sider litteraturvitenskapelig stoff, dvs. litteraturhistoriske framstillinger, analyser av enkeltverk, litteraturteori, sjangerlære, forfatterskaps- eller periodestudier. Eksamen er en to ukers hjemmeoppgave på 8-12 maskinskrevne sider over oppgitt emne.

NORD-196 Nordnorsk litteratur (4 vekttall)
Studiet skal gi en oversikt over nordnorsk litteratur fra sagatiden til i dag og samtidig være en introduksjon til regional litteraturforskning, med vekt på sentrum-periferi eller nord-sør konflikter. Med nordnorsk litteratur menes litteratur som i særlig grad tematiserer nordnorske forhold, i første rekke skrevet av nordlendinger, men også av tilreisende. Pensum er tre litterære verk pluss et utvalg av dikt/salmer, reiseskildringer og noveller på til sammen 100 sider. Eksamen er en to ukers hjemmeoppgave på 8-12 maskinskrevne sider over oppgitt emne.

Kurs på mellomfagsnivå:

NORD-292 Fordypningsemne litteratur (5 vekttall)
Fordypningsemnet skal være basert på et tekstpensum på seks verk. Som et verk blir regnet en roman, et skuespill, en novellesamling eller en diktsamling – eventuelt et utvalg av noveller på minst 100 sider eller et utvalg av dikt på minst 40 sider. Tekstpensum i fordypningsemnet skal være valgt og avgrenset slik at det utgjør et sammenhengende emne. Emnet kan f.eks. være et forfatterskap, en litteraturhistorisk epoke, en litterær sjanger, et tema eller et motiv. Det kan også dreie seg om spesielle problemstillinger knyttet til f.eks. barne- og ungdomslitteratur, kvinnelitteratur, regionallitteratur eller triviallitteratur. En skal også legge opp et pensum på 500 sider praktisk forskning – dvs. litteraturhistoriske fremstillinger av forfatterskap eller analyser av enkeltverk – og/eller litteraturteori/sjangerlære. Pensumet i praktisk forskning skal velges slik at det støtter opp under studiet av tekstpensumet. Eksamen er en semesteroppgave på 8-12 maskinskrevne sider over selvvalgt emne. Faglærer vil gi veiledning under arbeidet med semesteroppgaven både individuelt og i forbindelse med undervisningen.

Kurs på hovedfagsnivå:

NORD-392 Fellespensum litteratur (5 vekttall)
Målet med studiet er at studentene skal skaffe seg oversikt over den faghistoriske og litteraturteoretiske utviklingen. Pensum er ca. 600 sider. Studentene skal lese en litteraturvitenskapelig avhandling, som de skal kunne plassere i faghistorisk sammenheng og kommentere metodisk. Resten av pensum skal bestå av kortere oversyn og vitenskapelige artikler med vekt på prinsipielle, teoretiske og metodiske spørsmål. Eksamen er en muntlig eksaminasjon på ca. 30 minutter.

NORD-393 Disiplinpensum litteratur (5 vekttall)
Disiplinpensum i litteratur skal være basert på et tekstpensum på seks skjønnlitterære verk og ca. 600 sider litteraturvitenskapelig stoff. Som et verk blir regnet en roman, et skuespill en novellesamling eller en diktsamling – eventuelt et utvalg av noveller på minst 100 sider eller et utvalg av dikt på minst 40 sider. Pensumet kan f.eks. utformes som et forfatterstudium, et periodestudium, et temastudium eller et sjangerstudium. Studentene har og mulighet til å legge opp et rent teoretisk emne med et pensumomfang på 700-1000 sider, alt etter vanskelighetsgrad og hvor mange skjønnlitterære tekster som inngår i pensum. Eksamen er en to ukers hjemmeoppgave på 10-12 maskinskrevne sider over oppgitt emne.

 

Forfatterstudium
Semesteremne (FORFATTER - 10 vt.)

Formål

Formålet med studiet er å gi et tilbud i landsdelen for studenter som ønsker å utvikle skapende skriveevner. Undervisninga tar sikte pa å utvikle den enkelte students skriveevne, kvalitetssans og vurderingsevne, samt å gi kunnskaper om det litterære språkets virkemidler og den norske litteraturens utvikling i nyere tid. Det vil også bli gitt orienteringer om nordnorsk litteraturhistorie og nordnorske fortelletradisjoner, og om det litterære system i Norge. Faglig ansvarlig for studiet er Nordiskseksjonen ved Det humanistiske fakultet.

Tidsramme, omfang, organisering

Studiet tilsvarer ett semesters studium på heltid (10 vekttall), men blir organisert som distansestudium over to semestre. Studiet vil etter planen starte neste gang ca. 20. juni 2004, med avsluttende eksamen ca. l5. juni 2005. Studiet vil vanligvis bli tilbudt annet hvert år. Samlet undervisningsvolum vil være 180 t, fordelt på denne måten:

7 helgesamlinger (3 om høsten, 4 om våren) à 14 t. = 98 t
2 ukesamlinger à 5 dager i starten av hvert semester = 82 t

Det forutsettes at studentene arbeider på egen hånd mellom samlingene.

Innhold

Studiet er delt i en kunnskapsdel og en ferdighetsdel.

Kunnskapsdelen vil gi oversikt over viktige tendenser i nyere litteratur og litteraturforståelse. Studiet vil basere seg på verkstudier av et utvalg norske romaner, noveller og dikt/drama, samt artikkelstoff om litteraturteori og litterær analyse. Det vil bli krevd innsikt i og evne til å anvende enkle begreper til beskrivelse av litterære teksters egenart.

Ferdighetsdelen består av selvstendige skriveøvelser og aktiv deltakelse i skriveverkstedet. Studentene må være villige til å legge fram egne arbeider for medstudenter i verkstedet, samt å delta i gruppearbeid om medstudenters arbeider. Det vil bli krevd at studentene leverer oppgaver i samsvar med pensumplanen.

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesninger, seminarer, skriveverksted og individuell veiledning.

Undervisningsemnene vil ha denne fordeling:

Skriveverksted 80 t

Teori/metode

- elementær innføring i tekstteori og analysemetoder

+ litteraturhistorie fra 1900-tallet

+ innføring i nordnorsk litteraturhistorie og fortelletradisjon

+ gjennomgang av 5 romaner, 40 s. lyrikk, 120 s. noveller 70 t

Seminardel - møte med andre forfattere og med representanter

for den litterære institusjon (forlagskonsulenter, kritikere),

representanter for film, teater, radioteater, etc. 30 t

Pensum

Tekstteori + innføring i litterær analyse 300 s
Norsk og nordisk litteraturhistorie pa 1900 tallet 300 s
Nordnorsk litteraturhistorie 200 s
Det litterære system 200 s
Skjønnlitterært pensum 1200 s

Studenter som har tatt eller planlegger å ta eksamen i nordisk litteratur og/eller i allmenn litteraturvitenskap, må være oppmerksomme på at pensumtekstene i de ulike fagene ikke kan overlappe hverandre.

Eksamen

Eksamen er delt i to deler:

For det første skal én eller flere litterære tekster, produsert i løpet av studieåret, leveres inn til vurdering.

For det andre vil det bli arrangert en muntlig eksamen der kunnskapsstoffet i undervisninga blir prøvd.

Det blir kun gitt karakterene Bestått - Ikke bestått. For å få utdanninga godskrevet som 10 vekttall, må studenten oppnå Bestått på begge deler av eksamen. Se regler om kontinuasjon i generell del.

Opptak

Studentene blir tatt opp etter gjeldende regler for studiekompetanse. Søkere uten generell studiekompetanse kan bli tatt opp etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Søknad om opptak skal inkludere ca 10-15 sider litterær tekst, samt opplysninger om annen utdanning, skriveerfaring, motivasjon for studiet og arbeidsmuligheter mellom samlingene.

Studiet er åpent både for erfarne skribenter og nybegynnere.

 

Opp til toppen av siden   
 

Adresse: Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
TLF.: +47 77 64 42 40 FAKS: +47 77 64 42 39 
Oppdatert 29.06.2000 
Jorun.Nordmo@hum.uit.no