John Lind:
Mellem "Venska" og "Vinska".
Finsk fra almuesprog til statsbærende kultursprog.
Boka med denne litt mystiske tittelen er skrive av ein dansk historikar, og ho er utgitt av finsk afdeling ved Københavns Universitet. Tittelen er todelt, vi blir lova både ei innføring i striden mellom svensk og finsk, og i utviklinga av det finske språket. Kunnskapen om begge desse emna er forsvinnande liten både i Danmark og Noreg, så ei kvar bok av dette slaget er meir enn velkommen. Dessverre held ikkje tittelen heilt det han lovar: Vi får mykje språkstridshistorie, og i tillegg nok generell finsk historie til å sette det heile i perspektiv, men utviklinga av det finske språket er avspist med 10 av 250 sider. Det at nettopp desse ti sidene er svært velskrivne gjør ikkje saka noko betre, snarare får dei meldaren til å beklage at det ikkje var fleire av dei.
Både finsk historie og språkstrid er godt utforska, og ein skulle tru at det var vanskeleg å seie noko nytt om desse temaa innafor ramma av ei slik bok, så lenge vi har verk som t.d. Jutikkala og Pirinen Finlands historia. Men John Lind klarer det, på fleire felt. For det første er det språkstriden mellom finsk og svensk som er den raude tråden i boka, og historia kjem inn for å forklare det som skjer. For det andre har forfattaren ein utradisjonell bakgrunn (eldre finsk-russisk-skandinavisk historie), noko som gjør han i stand til i større grad enn det som er vanleg å gjøra bruk av russiske kjelder. Frå ein ståstad i København kan han også sette den finske språkstriden inn i eit nordisk perspektiv. T.d. kan han vise at P.A.Munch ikkje berre har hatt meiningar om norsk språkstrid, men også om finsk språkstrid, ved å sitere ein lite kjent artikkel av Munch frå 1855 (opptrykt i Samlede Afhandlinger III, Chra. 1875, s.401-37). Munch tviler på om den finske nasjonalitet i det heile tatt er "skikket til at antage en højere Kultur, som den indoeuropæiske", og artikkelen er soleis eit trist varsel om kva politikk den norske staten kom til å sette i verk ovafor den finskspråklege minoriteten i Nord-Noreg femti år seinare. Ulike raseteoriar kom til å spele ein stor rolle også i den finske språkstriden, og som utanforståande er Lind i stand til å vise korleis særleg den finlandssvenske parten forsøkte å kompensere den talmessig underlegne posisjonen sin med desto sterkare rasistisk retorikk. Men den finske sida får og sitt, og Lind viser korleis biografien til fleire politikarar (med Kekkonen som det mest kjende eksempelet) i dag retusjerer bort dei verste antisvenske utslaga. Sentralt gjennom heile framstillinga går ein sterk tendens til å tolke fakta, til å spørre korfor, og til å sette emnet i eit større perspektiv. Kjeldematerialet blir heile tida brukt aktivt, boka har eit rikt noteapparat, men forfattaren drar heile tida eigne slutningar på bakgrunn av materialet.
Knappast er boka i omtalen av utviklinga av det finske språket. Dette er
svært synd, av fleire grunnar. Sjølv om skandinavar veit lite om
den finske språkstriden, har det alltid vore eit finlandssvensk behov for
å informere om bakgrunnen til minoritetssituasjonen sin, slik at det
alltid har eksistert ein viss litteratur på svensk. Når det gjeld
utviklinga av finsk har det ikkje vore noko slikt behov, og her eksisterer det
på andre språk enn finsk bortimot ingenting utover dei
småartiklane som har vorte publisert i Språken i Norden.
Lind dreg fram tre hendingar i utviklinga av det finske skriftspråket:
Dei tidlegaste skriftlege kjeldene og skriftfestinga av finsk på
1500-talet, den såkalla dialektkrigen frå 1820 og framover, og
(svært kort) den puristiske haldninga til framandord. Utanfor Finland er
det særleg dialektkrigen som er totalt ukjent. Denne krigen har mykje
til felles med den norske språkstriden, og kan dermed gje oss nye
perspektiv på vår eiga språkhistorie. Bakgrunnen for
I tråd med den handsaminga krigen får i finskspråklege
standardverk, listar forfattaren opp (3) eksempel på språktrekk der
aust- og vestfinske dialektar skil seg frå kvarandre, slår fast at
striden varte ei stund, og at han endte med kompromiss.
Spørsmålet om språkleg basis for standardspråket er
eit klassisk problem i all språkplanlegging. Her i Norden er det i
tillegg til finsk først og fremst norsk og færøysk som
stridd med dette problemet, men det går att i alle skriftkulturar som
ikkje vil eller kan "løyse" problemet med å la hovudstadsdialekten
vera grunnlag for skriftspråket. Tittelen på boka lova ei breidare
gjennomgang her. Med tanke på at den fennistiske faglitteraturen ikkje
eksplisitt har tatt opp utviklinga av finsk frå eit
språkplanleggingssynspunkt er det forståeleg at Lind ikkje skriv
meir om det, men det er ikkje desto mindre beklageleg.
Boka inneheld og eit informativt appendiks om det finske språket i Sverige, Noreg og Russland, og om korleis møtet mellom finsk og dei ulike grannespråka også her har ført til språkstrid i ulike former. Også her er forfattaren både informativ og vurderande på ein innsiktsgjevande måte.
Boka er skrive i ein lett og engasjert stil, og nordiske lesarar uansett morsmål vil ha få problem med å lesa henne. Det einaste som skjemmer språkføringa er at forfattaren har ein merkeleg vane med å skilje hovud- og bisetning frå kvarandre med punktum og ikkje med komma. Men så snart ein blir van med det går det greitt. Finskinstitutta ved dei nordiske universiteta har her fått eit viktig tilskot til pensumlitteraturen sin. I tillegg kan boka trygt lesas både av dei som ikkje veit noko om den finske språksituasjonen, og av finlendarar som vil ha eit nytt perspektiv på språkstriden sin og på historia si.
Trond Trosterud
John Lind:
Mellem "venska" og "vinska". Finsk fra almuesprog til statsbærende
kultursprog.
© John Lind
Finsk afdelings skrifter nr. 3, 1989. Finsk afdeling, Institut for
Nordisk Filologi,
Københavns universitet, Njalsgade 80, DK-2300 Kbh. S.
256 s.