Kurs i
hovudoppgåveskriving
Trond Trosterud, hausten 1997
Målgruppe er hovudfagsstudentar som er i ferd med å
starte på oppgåveskrivinga.
Målet for kurset er å bli i stand til å strukturere
eit stoff til ein disposisjon for ei hovudoppgåve, og å
lære å utnytte datamaskina i det praktiske
skrivearbeidet. Datamaskindelen vil ikkje vera utforma som eit
teksthandsamingskurs (vi går ut i frå at deltakarane er i
stand til å skrive, lagre og skrive ut tekst), men snarare som
ei innføring i dei programfunksjonane som er relevant ved
oppgåveskriving.
Den beste måten å få eit klart bilete av korleis
hovudoppgåva skal disponerast på er ikkje
nødvendigvis å gå på kurs i
oppgåveskriving. Ein annan metode er å gå og
sjå på tidlegare hovudoppgåver og avhandlingar, og
tenke gjennom kva forfattarane deira har gjort, og korfor dei har
gjort det. Det aller beste vil vera å gjøra begge delar.
Før vi nærmar oss datamaskina må vi ha eit klart bilete av kva det er vi vil ha.
Det vanskelegaste med skriveprosessen er at skribenten veit
så mykje meir enn lesaren om sine eigne tankar. Skribenten
må derfor nøye vurdere kva som skal skrivast, og kva ho
kan gå ut i frå at lesare forstår utan at det blir
sagt rett ut. Spesielt viktig er dette i argumentasjonsrekker: Alle
premissa som ligg under konklusjonen skal fram, og konklusjonen
må bli eksplisitt uttrykt. Slikt sett er det heilt andre
stilistiske krav som gjeld for vitskapleg tekst enn for t.d.
skjønnlitteratur.
Den imaginære lesaren
Viktigheita av å identifisere den imaginære lesaren kan
ikkje overdrivast. Kven vi snakkar til avgjør kva vi seier. Vi
seier ikkje dei same tinga om Tromsø til gjestar frå
Hammerfest, Hamar og Harare. Kven vi har i tankane når vi skriv
dirigerer dermed kva vi skriv og kva vi lar vera uskrive.
Den verste feilen er å la den imaginære lesaren vera lik
rettleiaren. Rettleiar og sensor er sjølvsagt dei einaste
lesarane de er 100% sikre på å få, men ein kvar
hovudfagsstudent bør sette seg langt høgare mål
enn som så. Som intellektuell vil eg seie at eg har svært
stor respekt for intellektet. Så stor respekt har eg at
når de, som tilhøyrer det lille sjiktet av profesjonelle
tenkarar denne verda har å by på, bruker to år av
ilvet dykkar til studiet av eit elle anna problem, så fortener
det problemet at de tar det alvorleg. Ikkje berre alvorleg i den
forstand at de ser på det nedanifrå, og syns det er
vanskeleg osb., men alvorleg i den forstand at de ikkje skriv berre
for rettleiar og sensor, men for kolleggane dykkar, alle dei andre
intellektuelle, både no og i framtida. De skriv for evigheita.
Det faktum at de, kremen av norsk ungdom, bruker intellektet dykkar,
som er skjerpa gjennom tolv pluss seks studieår i eit
skolesystem det i det store og heile er grunn til å vera stolt
av, til å tenke over ei problemstilling i to år, er i seg
sjølv nok til å ta resultatet svært alvorleg.
Derfor vil eg nok ein gang legge vekt på at balansegangen
mellom det de skriv og det de ikkje skriv blir til i ein dialog
mellom skribenten og den imaginære lesaren. Det er ofte lett
å unnlate å skrive det som lesaren allereide veit. Men
det at rettleiaren veit noko betyr altså slett ikkje at
kollegane dykkar, verdas intellektuelle, veit det.
Med dette meiner eg ikkje at lesaren er kunnskapslaus. Eg oppfordrar
dykk ikkje til å skrive hovudoppgåve som om det skulle ha
vore populærvitskap. De skal gå ut i frå at lesaren
er ekspert, om ikkje på Dostojevskijs kvinnekikkelser, så
i alle fall på litteraturvitskap, eller på russisk
litteratur. Den imaginære lesaren av ei oppgåve om
Dostojevskijs kvinneskikkelser er litteraturvitar, kjenner
grunnleggande fakta og forskingsresultat om russisk litteratur, men
treng ikkje nødvendigvis kjenne namna til ei einaste av
Dostojevskijs kvinner.
Ein annan fordel med å ha ein eksplisitt dialog med den
imaginære lesaren er at ho tvinger dykk til å tenke
gjennom det de skriv. Forsking er nesten alltid ein dialog mellom
empiri og teori. På humanistiske fakultet har vi to
teoriinstitutt, institutt for lingvistikk og institutt for allmenn
litteraturvitskap, som i prinsippet skil seg frå
språkinstitutta ved at dei er interessert i det allmenne ved
språket og litteraturen, mens språkinstitutta i
utgangspunktet er ute etter å dokumentere stoda for "sin"
litteratur, "sitt" språk. Sjølv meiner eg at denne
motsetnaden ikkje burde vera så djup. Teoriane til
teoriinstitutta er i praksis nøydd til å vera forankra i
konkrete tekstar og språk, og språkinstitutta kan ikkje
skildre nokonting utan teoretisk overbygging; all observasjon er
teoribasert. Det forskarar og hovudfagsstudentar på
språkinstitutta likevel burde spørre seg sjølv om
oftare er "Er eg i stand til å sjå dei sidene ved stoffet
mitt som vil vera interessante også for forskarar utanfor mitt
eige institutt?". Norsk dialektologi er med andre ord på sitt
beste når han er skrive slik at italienske dialektologar har
noko å hente.
Når det gjeld å strukturere ein tekst gjeld derimot skjønnlitterære reglar: Ein tekst er som eit klassisk drama, med innleiing, midtdel og slutt. Vi skal fortelje kor vi skal, kor vi er, og kor vi har vore. Dese tre elementa skal vera til stades i all vitskapleg tekst, og innhaldet i desse tre delane er altså grunnleggande forskjellig. Vi skal gå gjennom desse tre delane kvar for seg.
Her skal vi lesa kva slags materiale som skal granskast, kva slags metode det skal granskast ut i frå, kva problemstilling som er sett opp og kva resultat vi eventuelt kan vente oss. Skribenten kan også øydelegge spenninga, og allereide her fortelje kva ho kom fram til. I akademisk skriving er det ikkje nødvendigvis resultatet som er det mest interessante, men korles de kom fram til det. Spenninga er med andre ord ikkje borte.
Her skal vi lesa kva skribenten har komme fram til. I ei tid da det blir produsert meir forsking om sjølv små og avgrensa fagfelt enn det nokon einskildperson er i stand til å lesa, må det vera mogleg å ta ei hovudoppgåve ut av hylla, lesa innleiinga og konklusjonen, og på bakgrunn av det avgjøre om resten av innhaldet er interessant og/eller relevant for eiga forsking eller ikkje. Konklusjonen må dermed vera omfattande nok til at det skal vera mogleg å lesa han først. Når skribenten refererer til dei viktigaste resultata i konklusjonskapitlet er det og ein fordel å vise til side- eller kapittelnummer i hovuddelen av oppgåva, slik at det er mogleg å slå opp på relevant stad.
Her skal vi skilje mellom teori, empiri og analyse.
Dette kan gjørast kort, i ei setning i innleiingskapittelet ("Teorien som blir lagt til grunn i denne oppgåva er den såkalla standardteorien i generativ syntaks, slik det er presentert i t.d. Chomsky (1965), og for norsk i Lorentz (1977)"), eller det kan gjørast meir omfattande. I og med at ein del av hovudfagsarbeidet ofte er å vise at kandidaten har fatta kva denne teorien dreier seg om, kan det vera naturleg å ha eit eige kapittel med presentasjon av det teoretiske grunnlaget for arbeidet. Er dette kort kan det gjørast i innleiingskapittelet, men normalt vil det fortene eit eige kapittel, t.d. kapittel 2.
I presentasjonen av data skal det leggast vekt på at all forsking skal vera etterprøvbar. Det betyr at ein annan forskar skal vera i stand til å lesa ei oppgåve, samle inn same data eller tilsvarande data, eller i det minste kontrollere at oppgåva sine data er samla inn på ein forsvarleg måte, og deretter gjøra same analyse sjølv, for så å finne ut om ho kjem til same konklusjon eller ikkje. Om skribenten legg til grunn eigenlinnsamla data eller andres data vil variere frå oppgåve til oppgåve, kor data er henta frå må i alle tilfelle vera heilt klart.
Viss dette er eit emne det har vore forska på tidlegare,
skal (relevante delar av) tidlegare resultat presenterast.
Hovudoppgåva skal vise at skribenten har komme seg til
forskingsfronten, og denne fronten skal identifiserast og
karakteriserast. Denne karakteristikken skal ikkje vera eit mål
i seg sjølv (det ville ha vorte ei hovedoppgåve i
forskingshistorie), men ein bakgrunn som skribentens eiga analyse
skal lesast opp i mot.
De skal plassere dykk i forhold til forskingsfronten: Kva er gjort
før, på kva måte er det relevant for dykk i dykkar
arbeid, kva bygger de på, kva er de ueinig i, kva forkastar
de?
Hovudoppgåva sil seg frå artikkel og avhandling på
eitt viktig punkt: Dette er framleis eit arbeid som skal fram til ein
eksamen og få ein karakter. De skal vise at de er i stand til
å tileigne dykk, kunnskap, til å vurdere forskingsfeltet.
De skal rett og slett dokumentere at de har lært noko. [Jfr.
starten på Irmeli Oraviita si oppgåve i lingvistikk - ei
utypisk oppgåve, som bryt med denne regelen]
Her skal data og teori møtast for å prøve ut problemstillinga frå innleiingskapittelet. Alternative måter å analysere data på skal og drøftast og eventuelt forkastast.
Forordet skrivast når alt anna er ferdig. Det kjem gjerne før innhaldslista, og inneheld eit par velvald ord om alt skribenten har vore igjennom den siste tida. Slike personlege betraktningar skal det ikkje vera mange av (maks ei side), og dei skal vera i forordet og berre i forordet. I resten av oppgåva skal vi lesa om emnet, og ikkje om skribentens syn på seg sjølv, sine vanskar i skriveprosessen el.l.
Gjennomgang av ulike format for korleis ei litteraturliste skal
sjå ut.
Råd: Bruk stilrettleiinga i tidsskrifta. Døme: Norsk
Lingvistisk Tidsskrift, andre stidsskrift frå andre fagfelt:
I Noreg er det lov til å tenke sjølv. Viss skribenten
har originale tankar skal dei skrivast ned, utan sitat av noko slag.
Viss stoffet er henta frå andre, må det presiserast.
Som vist allereide i Olsen (1993)
(Jfr.også Olsen 1993).
Her har vi å gjøra med det som Hansen har karakterisert
som "..." (1993:36).
Lange sitat skal ha eit eige avsnitt, med mindre linjeavstand og
innrykk. Referansen kan komma i parantes til slutt i sitatet.
Poenget med referansane er at det alltid skal vera mogleg for lesaren
å slå opp i kjelda.
Kjeldetilvisinga kan stå i teksten eller i ei fotnote, her er
tradisjonen ulik. Mitt syn er at det skal vera så få
fotnoter som mogleg, og at ein presis sitatteknikk kan la alle
littereturtilvisingar stå i hovudteksten.
Unntak til dette er viss litteraturtilvisinga blir eit mål i
seg sjølv, som når ein forskingstradisjon ikkje direkte
relevant for teksten skal presenterast:
Når det gjeld syntaktiske analyserav morfologisk struktur har
det dei siste 15 åra vore utført mykje forsking på
ulike skandinaviske språk1
1Jfr. Working Papers in Scandinavian Syntax, Tronheim
1983-198x, frå og med 198x i Lund. Sentrale publikasjonar har
vore Holmberg (1983), Platzack (198x), for å knytte denne
tradisjonen til Diderichsen-tradisjonen sjå Platzack (198x).
Koopman 198x inneheld ei drøfting av tilsvarande fenomen i
vestafrkanske språk.
Fotnoter helst nederst på same side.
Det viktigaste forfattarar av fotnoter må få meistre er
å skilje mellom kva som skal stå i fotnota og kva
som skal stå i sjølve teksten.
Skiljet fotnote/hovudtekst skal gjøra det mogleg for lesaren
å velje mellom på den eine sida å lesa gjennom
oppgåva utan å bli hefta med dokumentasjon og sidespor,
og på den andre sida å granske kvart steg skribenten har
tatt (mindre sentrale litteraturtilvisingar i fotnoter), og
teoretiske analyser skribenten ikkje har utforska (fotnote: Ein annan
innfallsvinkel hadde også vore mogleg
her<fotnotemerke>)
Eksempel på vellukka fotnoter: Transparent.
Alle hovudoppgåver passer ikkje inn i dette strikte
skjemaet, utan at det treng vera noko gale med dei av den grunn. Viss
målet berre er å skaffe ny empiri, går naturleg nok
mykje av det som er sagt om problemstilling og analyse bort.
Teorikapittelet forsvinn likevel ikkje! Det er umogleg å samle
inn data utan å bruke teori, allereide når vi bestemmer
oss for kva som er data og kva som ikkje er data har vi langt
teoretiske betraktningsmåtar til grunn. Desse betraktningane
skal skribenten dele med lesaren.
Det er ikkje i seg sjølv noko gale eller mindreverdig med
"bare" empiriske oppgåver. All forsking kan delast inn i eit
"kva" og eit "korfor", og "kva" kan i visse tilfelle vera eit stort
nok soørsmål til ei hovudoppgåve. Ei oppgåve
som "Ein deskriptiv grammatikk over det utdøydde språket
kemisamisk, basert på tilgjengeleg tekstmateriale", vil eg t.d.
helse velkommen.
Skilnader mellom språkvitskaplege, litteraturvitskaplege og
historisk-sosiologiske oppgåver.
Eg kjenner berre den første av desse tradisjonane
innanifrå, sjølv om eg er oppdradd i ein norsk tradisjon
der vi har med oss begge sidene (evt. alle tre) gjennom heile studiet
fram til hovudoppgåva.
Det er mogleg at sitatteknikk o.l. avvikt frå det eg har snakka
om her til ein viss grad, det får de finne ut av ved å
samanlikne dei viktigaste tidsskrifta, eller ved på snakke med
rettleiaren dykkar.
Vitskapleg sett vil eg råde dei av dykk som skriv
historisk-sosiologiske oppgåver til å diskutere med folk
på ISV, dvs. med folk som er spesialistar på dette
på ein annan måte enn det vi på
språkinstitutta er. Det kan sjølvsagt hende at de har
ein rettleidar på russisk institutt som er historikar og ikkje
litterat, men eg vil alikevel rå dykk til å bryte ut av
isolasjonen og diskutere med dei som er dei eigentlege kollegane
dykkar. Også på institutta er det forskarar som skriv
innafor andre disiplinar.
Maskina kan gjøra svært mykje for teksten. Det
viktigaste er det som skjer rundt teksten, ikkje det som skjer
med han. Det førande prinsippet er å definere
korleis ein skal ha det ein gang for alle, og deretter la maskina
hugse korleis det skal vera, og alltid formatere teksten på
korrekt måte. Det mest opplagte eksempelet er linjeslutt.
På ei skrivemaskin må vi tryke på
linjeskift-tasten, dette treng vi ikkje på datamaskina. Det er
to grunnar til det. For det første sparer vi oss for eitt
tastetrykk per linje, og for det andre (og de er den andre grunnen
som er den viktige) gir vi teksthandsamingsprogrammet fridom til
å manipulere teksten som vi vil. Vi kan sette inn eit nytt ord
i ei setning, og den nye høgremargen forplantar seg nedover.
CR-tasten er faktisk ikkje ein linjeskifttast i det heile tatt, han
er ein avsnittstast. Det same prinsippet går at heile tida. Det
er ikkje skribenten som skal formatere teksten. Det skribenten skal
gjøra er å fortelje programmet korleis teksten skal
sjå ut. Deretter skal programmet ta seg av formateringa.
Eksempel:
Luft mellom avsnitt: Ikkje to linjeskift, men definer linjeskift som
meir luft
Tekstinnrykk til høgre: Ikkje linjeskift til slutt og
tabulator for kvar linje, men innrykk, slik at venstremargen blir
definert litt inn til høgre.
Tabelltekstar, overskrifter, eksempeltekst, alt som skal formaterast
i fleire steg gang på gang: Gjør det ein gang, definer
det som ein STIL, og bruk denne stilen kvar gang de treng han. Det er
lettare, og viss de seinare forandrar meining, og vil ha alle
overskriftene halvfeit i staden for kursiv kan de endre det ein gang
for alle, i staden for å gå gjennom overskrift for
overskrift.
Moralen for å bli kjent med eit nytt program er: Prøv
dykk fram, kommando for kommando, evt. med hjelpfunksjonen
slått på.
Lær tastekombinasjonane på dei kommandoane de bruker ofte
utanat.
Menyane i dette kapittelet er presentert slik dei ser ut i Word 5.1. Punktene a, b og c refererer til kommandoane i kvar avdeling av menyen (menyen SKRIFT har t.d. tre avdelingar, markert med to strekar, slik at storleik, plassering på linja og typesnitt er samla i kvar si avdeling. Kommandoane er med andre ord samla i avdelingar fordi kommandoane innafor kvar avdeling høyrer logisk saman.
a. Opne, lukke og lagre. LAGRE SOM gjør det mogleg
å lagre i ulike format. Relevant for dei som vil
overføre, og ikkje veit kva mottakaren har, er RIKT
TEKSTFORMAT.Dette er eit filformat som alle teksthandsamingsprogram
kan lesa.
b. Alt som har med utskrift å gjøra. Merk
UTSKRIFTSFORMAT, der det er mogleg å få to eller fleire
sider per ark (spar papir!), og å snu arket osb.
c. Liste over dei dokumenta du opna sist (opp til fire).
d. Avslutt. Denne kommandoen bør du bruke ved hjelp av
tastaturet!
a. Angre på siste kommando
b. Dei grunnlaggande redigeringsfunksjonane (desse går eg ut i
frå at de kan utanat.)
c. Søk og søk/erstatt. Dette er svært nyttige
funksjonar. Merk at det er mogleg å søke på meir
enn berre teikn, de kan søke både på
formateringsteikn og på variablar.
a. Her vel vi kva måte vi skal sjå på dokumentet
på: NORMAL gir oss pergamentrukkformatet, det er dette de skal
bruke når de arbeider. DISPOSISJON gir eit fugleperspektiv over
dokumentet, og oversikt over alle kapitteloverskrifter og kapittel.
SIDEOPPSETT viser korleis teksten ser ut på arket. Viss du vel
sideoppsett ser du også topp- og bunntekstar.
b. Her viser du dei ulike linjalane.
c. Vis/skjul ¶ viser deg ale redigeringsteikna, linjeskift,
mellomrom, osb.
d. Topp/bunntekst og fotnoter. På ei hovudoppgåve skal
det vera alt dette.
a. De kan sette inn ulike grenser, sånn som faste sideskift,
osb, og fotnoter og tabellar.
b. Dato og symbol. Det siste er ein nyttig kommando.
c. Her lager de stikkrds- og innhaldsliste
d. Ulike grafiske ting
Her formaterer de større eller mindre delar av dokumentet
om gangen: Teikn for teikn, avsnitt for avsnitt, kapittel for
kapittel, eller dokument for dokument.
b. Formatering av tabellcellar og rammer. Merk at de sett inn
tabellar med Sett inn - menyen, men viss de skal endre dei seinare
formaterer de dei med formatmenyen.
c. Stilar. Dette er ein viktig kommando. viss delar av dokumentet
alltid skal sjå ut på same måten (overskrift,
tabelltekst, sitatekst, fotnotetekst, osb. kan de gå inn her og
bestemme korleis dei skal sjå ut. Stilane finn de til venstre
på formateringslinjalen.
d. Teikn (det de finn her finn de og øverst på same
meny.
Her finn de storleik på og plassering av bokstavane, og typesnitt. Dei viktigaste typesnitta dykkar bør de lage hurtigkommandoar for.
Her finn vi alle fiksfakseriane.
a. Vi mekkar på orda i teksten. Ordretting, bindestrekar,
osb.
b. Vi mekkar på tala i teksten. Omnummerer avsnitta i
overskriftene, sorter eit tekstavsnitt (her sorterer Word
litteraturlista dykkar), rekn ut (summer o.l.) talkolonner i teksten,
og få programmet til å gå gjennom teksten og telle
opp sidene (NB! dette er noko anna enn å sette inn sidetal; her
tel vi sidene, og når vi sett inn sidetal sett vi in tekst som
fortel at vi har tald).
c. Vi mekkar på innstillingane til programmet. Generelle
innstillingar og kommandoar.
Her finn de lista over alt som er opent, og de finn hjelpfunksjonen. Det er ingen skam å bruke hjelpfunksjonen.
Over rullevindauget er det eit svart felt. Der kan de hante ei
stang til å dele vindauget i to.
Dobbeltklikk i feltet nederst til venstre og du skiftar stil, i neste
felt til høgre og du definerer stil.
Her ser vi på korleis maskina kan strukturere tekstmassen.
Alle kapitteloverskriftar skal skrivast inn i DISPOSISJONSMODUS
(på VIS-menyen). Skribenten skal ikkje definere formatet
til overskrifter manuelt (halvfeit, kursiv, osb.) for kvar einskild
overskrift. Formatering for alle overskriftane er forhandsdefinert,
viss skribenten ikkje er nøgd med dei firhandsdefinrte
bør ho definere eigne.
Skribenten kan starte oppgåveskrivinga i outline-funksjonen
(skrive alle kapitteloverskriftene først, eller ho kan skrive
seg gjennom teksten frå start til slutt.
Det er tre grunnar til å arbeide på denne
måten:
Det er enklare å formatere berre ein gang enn å
gjøra det på nytt for kvar overskrift.
Med utgangspunkt i definerte overskrifter kan skribenten lage
automatisk innhaldliste (det kjem vi attende til).
Disposisjonsmodus gjør det mogleg å ha eit
fugleperspektiv på dokumentet.
Kommandoar i disposisjonsmodus:
Ô overskrift på same nivå som forrige (viss
første overskrift: overskrift på første
nivå)
[apple] overskrift på neste, lågare nivå
ÒÚ flytt avsnitt , etc. eitt hakk oppover, nedover
[apple][apple] (dobbeltpil) gjør overskrift om til tekst
+ - ekspander / kollaps område (vis tekst på
lågare nivå) Kan trykkast mange gangar.
1234 vis overskrifter t.o.m. nivå 1, 2, 3, 4
tekstboks vis berre overskrifter vs. vis heile dokumentet
[equivalence] (to strekar med prikkar mellom) vis heile avsnittet vs.
vis første linje
ff vis original formatering på av (for å ha
oversikt viss overskriftene er store)
For å omnumrere Merkar de det omårdet som skal
omnumrerast og går på VERKTYmenyen til OMNUMMERER.
Sidemodus viser korleis arket kjem til å sjå ut, og
han viser derfor topp-, bunn- og hovudtekst samtidig.
Normalmodus er den de skal arbeide i. Her finn vi hovudteksten og
berre det.
Kvart kapittel skal ha sin seksjon. Grunnen til det er at
de skal formatere topptekst som gjeld for dette og berre dette
området. For ein tekst på 100 sider og oppover (ei
hovudoppgåve, t.d.) vil det brukarvennlege formatet vera
å ha kapitteloverskriftene skrive på toppen av kvar side
til venstre, og underkapitteloverskriftene på toppen av sida
til høgre. I ei hundresiders oppgåve med 5 kapittel,
kvart kapittel med 3-4 underkapittel, vil lesaren dermed vera i stand
til å orientere seg berre ved å opne oppgåva.
Når de skal sette inn INNDELINGSSKILJETEIKNET , finn de det
naturleg nok på SETT INN-menyen. Der finn de også
tastkombinasjonen for han. På INNDELING på FORMATMENYEN
kan de bestemme om nye kapittel skal begynne på ny side eller
ikkje (andre alternativ er rett på, ny par/oddetalsside eller
ny spalte).
Sidene i oppgåva skal vera paginerte. Dette skal programmet ta seg av, og de sett det inn i TOPP- eller BUNNTEKST, på VIS-menyen. Sidetal bør stå i ytterste hjørne ved bokinnbinding.
ligg på SETT INN-menyen. Den lagast automatisk viss og berre viss overskriftene er definert som overskrifter. Kryss av for DISPOSISJONSMODUS, VIS SIDETAL, og så mange nivå som de vil vise. Underkapittels underkapittels underkapittel gir t.d. nivå 1 t.o.m. 4. Viss de har overskrifter i 4 nivå og deretter lar alle tabelltekstar vera overskrifter på nivå 5, og lager ei separat liste over overskrifter f.o.m. nivå 5 t.o.m. nivå 5, har de ein automatisk liste over tabellar. For å få til dette må altså alle tabelltekstar vera formatert som OVERSKRIFT 5.
På VIS-menyen finn de TOPPTEKST og BUNNTEKST. Her kan de
skrive inn tekst de vil ha øverst på kvar side. I
tillegg til tekst kan de og sette inn sidetal, datoog klokkeslett.
Så lenge de skriv ut kladdeversjonar av hovudoppgåva vil
eg rå dykk til å klikke på kalendersymbolet og
sette inn eit datomerke. Dermed vil kvar utskrift de tar vera datert,
slik at de lttare kan halde styr på ulike versjonar av same
tekst. Datoen skal sjølvsagt bort på den endelege
versjonen.
Viss de går inn i DOKUMENT på formatmenyen og vel ULIKE
ODDE- OG PARTALLSTOPPTEKSTER, og i INNDELING og vel SPESIELL
FøRSTESIDE, har de det de treng til ei hovudoppgåve,
dvs. 6 ulike topp/bunntekst-alternativ. Da kan partalstoppteksten ha
namnet på oppgåva (eller hovudkapitlet) og
oddetalstoppteksten ha namnet på kapitlet (eller
underkapitlet). I tillegg kjem sidetalet, eller de kan sette
sidetalet nederst. Viss kvart kapittel får ei ny side treng de
ikkje nokon topptekst på den sida, derfor spesiell
førsteside.
Linjeskift brukast berre som avsnittsskift.
Innrykk som shift-kommando-N, tilbake som
shift-kommando-M
shift-kommando-T, tilbake att som shift-kommando-N. Litteraturlister skal med andre ord ikkje vera laga med harde linjeskift her markert med ¶ ):
Pedersen, Nils 1991: Strukturavvikling av fiskebruk på
øyer under 50 kvadratkilometer nord¶
for 62. breddegrad i perioden 1981-1983.Tidsskrift for unyttig men
nålretta ¶
samfunnsforsking,3:33-34. ¶
men slik, formatert med kommando-T (visest ikkje i
webversjonen):
Pedersen, Nils 1991: Strukturavvikling av fiskebruk på øyer under 50 kvadratkilometer nord for 62. breddegrad i perioden 1981-1983.Tidsskrift for unyttig men nålretta samfunnsforsking,3:33-34. ¶
Bruk FOTNOTE på SETT INN-menyen, eller lær dykk kommandoen med ein gang, kommando-E. De kan ha eige fotnotemerke (fotnota der de takkar for pengar o.l. i artiklar har gjerne ei stjerne som merke, mens dei vanlege fotnotene har nummer, det er allereide kryssa av for automatisk nummerering). Stil for fotnote er allereide definert som tipunkts tekst. Sjølv har eg definert min fotnotetekst til å ha eit høgreinnrykk. De kjem dykk inn og ut av fotnotene ved å trykke shift-kommando-S, eller ved å dobbeltklikke på midtstreken som kom fram da de laga fotnota.
Dobbeltklikk på ordet som skal stå i registeret, og vel STIKKORD på SETT INN-menyen. Når du er ferdig, sett markøren der du vil ha registeret, og vel STIKKORDSREGISTER på same meny. Voilá, registeret er ferdig.
finn de på to stader: SETT INN TABELL, og FORMATER TABELL.
-T, eller STIL på FORMAT-menyen. Her kan de leite dykk fram til stilen de vil endre, eller alge nye stilar. Når de skal lage eller endre ein stil bruker de berre dei hjelpemidla de vanlegvis bruker til å formatere tekst (-F, -K, gå inn på FONT- og FORMATmenyane og herje litt, osb.). Særleg aktuell er -M, eller avsnitt, for her definerer de kor mykje luft det skal vera over og under. Overskrifter skal ha mykje luft, og de skal definere denne lufta, heller enn å skrive tre (eller var det fire) linjeskift for kvar nye overskrift.
Dei som skal skrive finsk treng eit eige tastatur for finsk, som
skal dumpast i systemmappa. Deretter kjem det opp eit finsk flagg i
tillegg til det norske i øverste høgre
hjørne.
Dei som skal skrive samisk treng samiske fontar og tastatur. Begge
finst på dei fleste maskinene (samisk flagg, Deatnu el.l.
samisk font). Meir informasjon om samiske typesnitt og kompatibilitet
finn de på www.barents.no/barsek/ip/char.html.
Dei som skal bruke IPA eller Norvegia treng ein spesiell font, t.d.
IPA-Times og Norvegia. Problemet med desse fontane er at de må
vita kor på tastaturet bokstavane er. Det finst ulike metodar
å vise desse bokstavane:
1. De kan ha tastaturbiletet synleg under dokumentet (TASTATURET ligg
på EPLEMENYEN)
2. De kan henge opp ei teikning av dei fire tastatura (normal - skift
- kommando - kommando&skift) på veggen attmed maskina.
3. De kan gå til SYMBOL på SETT INN-menyen. Der får
de opp eit kart over dei symbola de finn i den fonten de har aktiv.
Klikk på symbola de treng, og dei dukkar opp i teksten.
4. De kan bruke eit hjelpeprogram, PopChar eller Keyfinder. Alle som
treng desse programma får dei av forfattaren til dette
kompendiet. Desse programma gjør det same som
SYMBOL-kommandoen.
Dei som skal bruke russisk treng russiske fontar og kanskje
også russisk tastatur. De må bestemme dykk for om de skal
bruke qwerty eller russisk tastatur, begge er mogleg. Det finst to
typar russiske fontar: Dei som kan skrive både russisk og
latinsk, og dei som kan skrive berre russisk. CyrillicNuTranslit er
av den siste typen, og kodar dei russiske bokstavane etter det
såkalla KOI7-systemet. Microsoft si løysing på
PC-sida heiter cp 1251, og er av den første typen. For å
flytte tekst mellom dei to formata må altså kvar einaste
bokstav få ein ny talverdi, dvs. teksten må transponerast
mellom desse to kodingsformata. Det som skal til er ein makro som
endrar talverdiane til alle bokstavane. For å få dette
til å fungere må vi vita korleis fontane er koda i begge
endar (t.d. cp 1251 - KOI7, andre format er KOI8, Apple Standard,
osb), og vi treng eit konverteringsprogram. Humfak har (eller kjem
til å kjøpe inn) eit slikt program. Viss de opnar SYMBOL
frå SETT INN-menyen for to ulike russiske fontar, t.d.
CyrillicNuTranslit og Nowgorod, ser de at dei russiske bokstavane
står på ulike stader i skjemaet. Fontar som har
bokstavane på sane posisjon kan de fritt veksle mellom, for
å veksle mellom fontar med ulik plassering må det
altså transponering til.
Grafar og grafikk kan hentast innfrå dei fleste andre
program, i alle fall frå alle Microsoft sine program. Excel er
eit godt program som tar seg av det meste de treng av statistikk o.l.
Deretter er det berre å dumpe det i Word. Ver merksam på
at slike grafar krev mykje minne, og kan vera akkurat det som skal
til for at hovudoppgåva ikkje lenger får plass på
ein diskett. I tilfelle kan de vente med å kopiere inn grafen
til de treng han, kopiere grafen på separat diskett, osb.
De kan også teikne ein god del i Word. Klikk på
Bilete-knappen på teiknlinjalen, eller BILDE på SETT
INN-menyen. Da får de opp ein pallett med dei vanlegaste
teikneverktya.[ogonek]
KOMMANDOER på VERKTØYmenyen
Det vindauget de no får opp inneheld alle kommandoane Word har.
For kvar kommando er det oppført på kva meny han
står, og kva tastekombinasjon har er tilordna. Svært
mange funksjonar har ikkje nokon menytilordning, og ikkje noko
tastetrykk. Her kan de legge til det.
Sjølv legg eg alltid til tastetrykk for dei funksjonane
eg bruker ofte, særleg for ulike fontar. Eg har
ctrl-opt-A (Times) ctrl-opt-S (Smolensk),
ctrl-opt-C (Courier), ctrl-opt-D (Deatnu),
ctrl-opt-I (IpaTimes), ctrl-opt-9 (Everson Mono
Latin 9) ctrl-opt-H (Huginfont), ctrl-opt-8 (KOI8),
osb. Eg har og lagt inn ctrl-M for HOLD SAMMEN MED NESTE,
dvs. for å hindre at det kjem sideskift midt inni ein tabell,
eit eksempel, osb.
Ein god måte å bli kjent med programmet på er
å få maskina til å liste opp alle kommandoane sine.
Dei kjem i eit eige ark, og dette kan de skrive ut. Der ser de kva de
har. Min måte å lære meg Word (Word 4.0, den beste
versjonen til no) på var å prøve meg fram til eg
fann denne lista, deretter skrive henne ut og gå gjennom
kommaandoane ein etter ein, slette dei irrelevante og dei eg
allereide kunne frå lista, og deretter sette lista med dei som
stod att (den interessante mellomkategorien som eg ikkje hugsa men
gjerne ville lære meg) opp på veggen.
Det ligg allereide ein god del hurtigkommandoar inne. Fleire av dei bør de lære dykk utanat, for å få ein meir effektiv arbeidsstil. Ein del av tastane finn de på det numeriske tastaturet (taltastane som er ordna som ein telefon) til høgre på tastaturet har to funksjonar. Trykk på tasten over 7 (num lock-tasten), og det vil lyse ei lampe for num lock på tastaturet. Viss denne lampa lyser gir tastaturet tal, viss ho ikkje lyser, kan de bruke tastaturet til å manøvrere fram og tilbakje i teksten. Desse tastane er markert med tal med ring rundt.
<p> <center><small><b><a href="index.html">Heim</a> | <a href="isvit.html">Språkvitskap</a> | <a href="isam.html">Språk og samfunn</a> | <a href="isit.html"> Språk og IT</a> | <a href="ispr.html">Språk</a> | <a href="iund.html">Undervisning</a> <br> <a href="omn.html">Om desse sidene</a> | <a href="omf.html">Näistä sivuista</a> | <a href="ome.html">About these pages</a> | <a href="ilink.html">Andre sider</a> <br> <a href="http://www.hum.uit.no/lingvistikk/index.html">Lingvistisk institutt</a> | <a href="http://www.hum.uit.no/">Humanistisk fakultet</a> | <a href="http://www.uit.no/">Universitetet i Tromsø</a> </small></center></b><p>
</body></html>