Trond Trosterud

Fødd i 1962, vakse opp i Oslo, Hammerfest og Trondheim, studert lingvistikk (dr.artium 2004), nordisk, finsk, historie og matematikk. Gift med Kirsti, saman har vi to barn, Sindre (f. 1993) og Aino (f. 1994), som våren 1998 altså skreiv seg inn på pappa sine heimesider.

Arbeidd som norsklektor i Helsingfors, som urfolkskonsulent ved Barentssekretariatet i Kirkenes, som doktorgradsstipendiat i Tromsø. Eg er no førsteamanuensis i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø.

Faglig har eg dei siste tjue åra gått i ein stor boge aust, nord og vest, frå norske dialektar via finsk og estisk til andre sida av Uralfjella, og deretter nord og vestover att til samisk. Det siste tiåret har eg arbeidd mest med språkteknologi, både med lokalisering og med grammatisk analyse. Maskinell analyse av naturlege språk får vi etter mitt syn best til med å bruke endelege tilstandsautomatar for å modellere fonologi og morfologi, og ved å bruke føringsgrammatikk til å løyse opp morfologisk homonymi og til å gje setningar ein grammatisk struktur. Ting eg er glad for å ha vore med og gjennomført er tilgjengeleg samisk tastatur på alle operativsystema, Microsoft-brukargrensesnittet på nynorsk, analyseverkty for samisk og færøysk, og retteprogram for samisk og vestgrønlandsk.

Som morfolog har eg komme fram til at det er ein grunnleggande skilnad mellom meiningsfulle stammer og meiningslause affiks, og at det er ei like grunnleggande misforståing å tru at eit distinkt element Ei som er til stades på eitt nivå i av grammatikken skal ha eit tilsvarande element Ej på eit anna nivå j (det C.E.Bazell allereide i 1952 kalla "The correspondance fallacy in linguistics"). Ironisk nok er dei endelege tilstandstransdusarane eg arbeider med til dagleg bygd opp rundt ein morfembasert morfologisk teori.

Politisk ser eg ingen andre utvegar enn å erstatte kapitalismen med kommunisme. Artiklane mine om språk og samfunn er eit bidrag til utforskinga av dei vilkåra språka har i det pengestyrte samfunnet. Eg skriv om Noreg og Finland, som eg kjenner best, men eg skriv og om Sovjetunionen, som det er viktig å forstå som det første storstilte forsøket på å skape eit alternativ til kapitalismen. Oppsummering av dei positive og negative erfaringar ved Sovjetunionens historie ("korleis ikkje styre ein planøkonomi; korleis handsame politisk ueinigheit (ikkje m/fangeleir og avretting), osb.") er dermed noko vi treng for å kunne styre vår eiga framtid.

Estetisk er eg rimelegvis oppteken av det vakre. Noko av det vakraste eg veit er mønstra i finsk grammatikk, og eg ser det faktum at halvparten av språka i verda (og dermed grammatikkane deira) er i ferd med å forsvinne som eit av dei store estetiske katastrofene menneska står ovafor. Anna vakker natur finn eg i matematikken og i nordlyset. , kva konklusjonar vi no skal dra av det. Naturen sett frå frå altanen vår i slutten av januar er flott, den og.

Vakker kultur finn eg i arkitektur (funkis, m.a.), lyrikk og mange andre stader (men ikkje overalt, dessverre).

 

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø