Meir om sovjetisk språkpolitikk

Av Trond Trosterud

Previous

    Innhaldsliste
  1. Innleiing
  2. Oppblomstringa på 30-talet
  3. Vepserane
  4. Sovjetunionen og Sør-Afrika
  5. Sovjetunionen og Sør-Afrika
  6. Litteratur

1. Innleiing

Den sovjetiske språkpolitikken var kanskje verdas beste, men på andre område av minoritetspolitikken var det ikkje alltid slik. Det verste var nok drapa på svært mange av dei intellektuelle innafor dei ulike nasjonale minoritetane. Sjølv om den norske staten tok ifrå samane retten til land og vatn, og nekta kvenar som ikkje kunne norsk å kjøpe jord, vart ikkje folk skotne. Sjølv om minoritetane i namnet hadde sjølvstyrte område, låg makta likevel i Moskva. Det at mykje var negativt i sovjettida betyr likevel ikkje at det på desse områda inneber ei forverring. Samanliknar vi med 1917-verkelegheita i staden for med ein ikkjeeksisterande idealtilstand var sovjetstatens politikk ovafor minoritetane ofte eit stort framsteg (jfr. t.d. hantiane langs Ob, som før revolusjonen levde på sveltegrensa og vart utbytta av russiske kjøpmenn som håva inn 200-1100%-forteneste ([1], tala i klammeparantes viser til litteraturlista) med den sovjetiske politikken etter revolusjonen [2]). Seinare kom så innstramminga f.o.m. 1937 industrialisering og oljepolitikk og sette nasjonalitetspolitikken til side. Alle fenomen i sovjetisk historie kan heller ikkje føras tilbake til nasjonalitetspolitikken. Motivet bak forflyttinga av store mengdar russarar, osb. inn i dei nordlege og austlege nasjonale autonome distrikta var sannsynlegvis i dei fleste tilfella ikkje eit ønske om å assimilere minoritetane, men eit resultat av behovet for fangeleirar, av krigen (industrien måtte austover), og av Sovjetunionen sitt behov for olje, gass og metall. I andre tilfelle har motivet sannsynlegvis vore å sikre russisk kontroll.

Det er viktig nok å få ein diskusjon om sovjetisk nasjonalitetspolitikk, særleg no etter at mykje nytt sovjetisk arkivmateriale har vorte tilgjengeleg. Framleis veit vi alt for lite konkret både om kva som skjedde og korfor. Diskusjonen bør ta utgangspunkt i kjeldematerialet, og forsøke å tolke det. Det informantar rundt i Russland kan fortelje oss er korleis dei sjølv opplevde konsekvensane av politikken som til ei kvar tid vart ført.

2. Oppblomstringa på 30-talet

I vest blir det ofte hevda at oppblomstringa av finsk, karelsk og vepsisk språk og kultur på det tidleige 30-talet skjedde på tross av, ikke på grunn av, Stalin. Men allereide utan undersøkingar kan vi slå fast det ekstremt usannsynlege i at samtlege minoritetar i Russland (botsett frå dei med mindre enn ca. 500 talarar) samtidig spontant skulle komme på ideen om å utarbeide skriftspråk basert på det same latinske alfabetet, og deretter ABC-bøker, lærebøker i matematikk, geografi, osb.). Når vi undersøker data finn vi at RSFSRs folkekommisariat for utdanning allereide i 1918 ferda ut eit dekret som sa at alle nasjonalitetar var sikra rettar til å organisere opplæring på sitt eige språk [3]. Ein komite for dei nordlege folka vart oppretta i 1924, og dei fekk sin eigen lærarskole og forskingsinstitutt i 1930 [4]. SUKPs partikongressar i 1929-30 gjorde begge vektak om at arbeidet med å bygge opp ein nasjonal sosialistisk intelligensia gjennom allmenn skoleundervisning og alfabetiseringskampanjer (mi uth., [2] s. 70). Stalin sjølv argumenterte i 1930 mot <<eitt felles språk i unionen>> og <<storrussisk sjåvinisme>>, og M.Vanne, som same år hadde argumentert for å gje russisk ei <<spesiell rolle>> innafor unionen måtte offentleg gjøra sjølvkritikk for sine <<flagrant politisk feilaktige formuleringar ([4] s. 352, [5] s. 265ff). Det konkrete arbeidet vart dels utført av ulike grupper nedsatt av det sovjetiske vitskapsakademiet (t.d. for dei nordlege folka, som stort sett var analfabetar), dels av konferansar med lingvistar og lærarar frå den aktuelle minoriteten (t.d. i Volga-området og i dei tyrkiske republikkane (sjå t.d. [2,4,6]). Om vepsisk skriv vepsaren Nina Zaitseva i det karelske tidsskriftet Punalippu 2/89 at <<Vitskapsakademiets terminologiske komite hadde fått i oppgåve å lage ingermanlendske og vepsiske ordlister og ordbøker. (...) To språkforskargrupper under leiing av akademikar Nikolai Marr lagar ingrisk og vepsisk alfabet og lærebøker>>. Dette arbeidet vart utført i Leningrad ([7] s. 32, [8] s. 21, [9]). Sentrale var vepsaren Fjodor Andrejev, ingermanlendaren Matti Hämäläinen og mordvinaren D.V. Bubrikh, den første lærar, dei to siste lingvistar. Marr var på den tida den ubestridde leiaren innafor sovjetisk språkvitskap, og Bubrikh hadde og ein sentral posisjon. Alle tilgjengelege data om sovjetisk 30-tal viser altså at språkpolitikken, også den ovafor vepsarane, kom istand på sentralt initiativ. Derimot er det også dokumentert at 30-talspolitikken vart møtt med stor entusiasme lokalt, men at derimot kyrillifiseringa i 1937 ikkje vart møtt med lokal begeistring, for å seie det mildt. [6].

Arbeidet med denne politikken starta umiddelbart etter revolusjonen. I dei første åra var det krig. Deretter gjekk det med tid til å utarbeide ein språkpolitikk, og til rett å slett å undersøke språka for i det heile tatt å kunne lage skriftspråk, ordbøker, grammatikkar. I mange tilfelle (t.d. for karelsk) var det uklart om det i det heile tatt var eigne språk eller dialektar av eit anna språk. På bakgrunn av dette er ei ventetid på maksimalt 15 år for å få ut skolebøker heller overraskande kort. I andre land ventar barna den dag i dag.

I vest har det ofte vorte hevda at alfabetisering og skoleopplæring på 20-30-talet som <<ingen fin leninistisk teori om språk (...) [men] et brennende ønske om å legge tsartidens analfabetisme og underutvikling bak seg>>. Alle studier av enten leninisme eller sovjetisk språkpolitikk er einige om at essensen i Lenins politikk var nettopp dette brennande ønsket (Lenin: [10] s.143-215, jfr. Kreindler si drøfting [4] s.345-367). Det faktum at forkjemparane for ein pluralistisk språkpolitikk har hatt Lenin på si side har sannsynlegvis vore ein av dei viktigaste grunnane til at assimilasjonspolitikarane i heile Sovjetsamveldets 75-årige historie har hatt så mykje dårlegare vilkår enn t.d. deira vestlege åndsfrender.

3. Vepserane

Vepsarane er ein god innfallsvinkel for å forstå sovjetisk språkpolitikk, fordi dei er eit typisk sovjetisk minoritetsfolk som har vorte gjenstand for ein atypisk sprŒkpolitikk. Det at vepsisk vart skriftfesta og fekk ABC-bøker på 30-talet og det at den vepsiske intelligensiaen vart likvidert er begge noko dei deler med dei aller fleste (alle?) sovjetiske minoritetar. Her stoppar også det typiske. Litt firkanta kan vi seie at sovjetstaten laga skriftspråk for alle språk med over ca. 3-500 talarar, og at dei oppretta eigne autonome område eller distrikt til alle folk større enn omlag 25000 (i eit par tilfelle har området fleire mindre einskildspråk, som t.d. det hantimansiske autonome distriktet m/ hantisk (19500) og mansisk (6500)). Etter 1937 vart lista lagt høgare, slik at berre folk over ca 6000 tok spranget over til kyrillisk og fekk halde fram med undervisning på morsmålet også etter 1937. Språk totalt utan skriftspråk er t.d. jukagirsk og tofask (begge i overkant av 300 talarar), språk med skoleopplæring berre på 30-talet er t.d. kildinsamisk (1800) og sølkupisk (3700), og språk som fekk halde fram som skolespråk er t.d. mansisk (8000), nenetsisk (25000), evenkisk, (25000) ([11,12]). Som vi ser passar ikkje vepsisk inn i dette biletet, av to grunnar. For det første fekk aldri vepsarane noko autonomt distrikt (avtonomnyj okrug), dei fekk to nasjonale krinsar (natsinalnost rajon), Soutjarv og Vendla, i 1930 ([7,8]), men rajon låg lågare enn okrug i det administrative hierarkiet, og krinsane vart også oppløyst etter 1937), og for det andre vart undervisninga på vepsisk stoppa i 1937. På begge desse områda blir vepsarane altså sett i bås med små folkegrupper (under 6000), mens det altså i røynda var over 30000 av dei. Ein indikasjon på særbehandling er det og at når finsk UD i 1941 bad Sovjet om opplysningar om vepsarane, fekk dei som svar at i motsetnad til t.d. karelsk og finsk var ikkje vepsarane rekna separat i 1939-folketeljinga ([12], s.14). Men det var ikkje sant: I opptrykket av 39-teljinga frå 1992 er vepsarane med [13].

Som resultat av dette har vepsarane ein utsett posisjon på sovjetstatistikken. Dei ligg på sisteplass både når det gjeld befolkingsutvikling i perioden 1939-89, antal einspråklege (dvs. ikkje-russiskspråklege) i 1989, og nedgang i morsmålsprosent (vepsiskspråklege i % av vepsarar, osb.) i perioden 1939-59. I perioden 1959-70 ligg vepsarane på 14. sisteplass med ein nedgang på 12%. Jfr. tabellen, som viser dei 5 etniske gruppene som gjør det dårlegast.

Ant. 1989 i % av 1939 Einspr. i % av bef. Morsm-% 1939-59 Morsm-% 1959-70

 
vepsarar        39  vepsisk         2  vepsisk         -44  tofask          -33   
jødar           46  karelsk         3  finsk           -27  nivkhsk         -27   
finnar          47  jiddisk         3  karelsk         -19  evensk          -25   
karelarar       52  itelmensk       4  jiddisk         -18  ultsjask        -24   
tsjekkarar      58  samisk          4  gresk           -18  eskimoisk       -24   
Alle           625  Alle minor.    26  Alle minor.    -1,0  Alle minor.    -0,5   
minor.                                                                            
 
(Kjelde: Sovjetisk folketeljing i 1939, -59, -70, -79, -89: sjå [13, 11, 14, 15, 16])

Ved å undersøke vepsisk, som etter 1937 blir halde utanfor den generelle sovjetiske språkpolitikken, ser vi kor effektiv politikken har vore. Viss det store fleirtalet av minoritetsgrupper hadde fått same handsaming ville sannsynlegvis ikkje vepsarane ha stukke seg sånn ut i statistikken. Det er to rimelege forklaringer til denne særbehandlinga: Alle austersjøfinske folkegruppene fekk svi for krigen mellom Sovjet og Finland, og vepsarane var i vegen for militær utbygging. Vepsarane vart likevel assimilert fortare enn grupper som språkpolitisk hadde det like ille (dei små og dei forviste nasonalitetane). Grunnen til dette er sannsynlegvis at vepsarane var relativt assimilerte allereide før revolusjonen. Den finske Kalevala-innsamlaren Elias Lönnrot besøkte vepsarane på 1840-talet og merka seg kor sterk stilling det russiske språket hadde. Datering av russiske lånord viser og at vepsisk var det austersjøfinske språket som først kom i kontakt med russisk [17].

Den sovjetiske språkpolitikken har og hatt klart negative trekk, som eg ikkje har tatt opp til drøfting (dei verste er ramsa opp i neste avsnitt, sjå også [18]), fordi det samanlikna med ikkjesovjetisk språkpolitikk er nettopp dei positive trekka som er iaugefallande. Ein gjennomgang av språkpolitikken i andre land treng fleire artiklar, men det mest vanlege mønsteret er: Skriftleg opplæring berre på maktspråket/majoritetsspråket, med minoritetsspråket i beste fall som hjelpespråk for å forklare for dei som ikkje forstår. I verste (og typiske) fall kan ikkje læraren minoritetsspråket, og eleven går gjennom store delar av skolegangen utan å forstå stort. Dette gjeld alle vestlege kolonimakter (særleg Frankrike), og inntil for eit (par) tiår sidan også Noreg. Enno i 1971 fekk kvenske barn i Nord-Noreg melding med seg heim om at det vart snakka for mykje finsk i heimen, og det er dokumentert korleis t.d. Storbritannia deler ut engelskspråklege ABC-bøker gratis for å hindre utbreiing av ABC-bøker på afrikanske språk i dei tidlegare koloniane sine.

4. Sovjetunionen og Sør-Afrika

Denne debatten har ikkje berre historisk interesse. Etter frigjøringa har Sør-Afrika gitt grunnlovsfesta, offisiell status til 11 språk, mot før berre afrikaans (talarar. 18% av bef.) og engelsk (12%). Nye språk er m.a. zulu (27% og størst), seshoto (over 12%), minst av dei offisielle er tshivenda (2%). Denne politikken får kritikk for å gje for mange språk offisiell status både av The Economist og av austafrikanske lingvistar eg har snakka med. Men 2% av Sør-Afrikas 36 millionar er over 700 000, dvs. milevidt over minstemålet sjølv under Bresjnev, slik at sjølv store språk hamnar under streken. For så store statar som det her er snakk om er det berre Sovjetunionen som har ført noko anna enn ein kolonialistisk eittspråkspolitikk. Positive erfaringar å ta med seg er alfabetisering av språk utan skriftspråk, opplæring på eige morsmål for alle språkgrupper (over eit par hundre talarar?), morsmålet som opplæringsspråk i tildels store delar av skoletida, fungerande tospråklegheit på eit anna språk (for Sør-Afrika ssv. engelsk, zulu, afrikaans eller xhosa). Negative erfaringar frå Sovjet er m.a. ubalansert tospråklegheit (minoriteten er tospråkleg men russarane einspråkleg), ein sjåvinistisk <<russisk er best>>-ideologi (tildels under Stalin, men særleg under Khrustsjov og seinare), og ei funksjonsavgrensing av morsmålet til skolestova og heimen (ikkje i alle regionar). Joshua Fishman skriv ([4], s. vii) om skilnaden mellom språkspreiing (av russisk) i Sovjetunionen og språkskifte (til engelsk) i USA, og i ei tid da halvparten av verdas språk er i ferd med å forsvinne er dette ein skilnad som både Sør-Afrikas leiarar og alle andre bør merke seg.

5. Litteratur

[1] Karjalainen, K.F. 1983 (1898): Ostjakit. SKS, Helsinki. [2] Eidlitz, Kerstin 1979: Revolutionen i norr. Uppsala Research Reports in Cultural Anthropology 1. [3] Lallukka, Seppo 1994: The Status of the Volga-Finnic Languages in the Soviet Comprehensive School. H.I.Aronson (red.). NSL 1. Linguistic studies in the Non-Slavic languages of the CIS and the Baltic Republics. Univ. of Chicago. [4] Kreindler, Isabelle (red.) 1985: Sociolinguistic Perspectives on Soviet National Languages. Contributions to the Sociology of Language 40. Mouton de Gruyter. [5] Stalin, J. 1978: Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet. Oktober. [6] Kirkwood: [7] Heikkinen, K. og I.Mullonen (red.) 1994: Vepsäläiset tutuksi. University of Joensuu. Publications of Karelian Institute 108. [8] Pimenov, V.V. (red.) 1989: Problemy istorii i kul'tury vepsskoj narodnosti. Petrozavodsk. [9] Punalippu 2/89, Petroskoi. (Temanr om vepsarane). [10] Lenin, V.I. 1977 [1915]: Om nasjonenes rett til sjølbestemmelse. Utvalgte verker 5, Oktober. [11] Comrie, B. 1985: The Languages of the Soviet Union. Cambridge. [12] Tunkelo, E.A. 1946: Vepsän kielen äännehistoria. SKS 228. Helsinki. [13]Vsesojuznaja perepis naselenija 1939 goda. Rossijskaja Akademija Nauk. Moskva 1992. (1939) [14] Itogi vsesojuznoj perepisi naselenija 1959 goda (svodnyj tom). Tsentral'noe statistitsjeskoe upravlenie pri sovete ministrov SSSR. Moskva 1962. (1959) [15] Tsjislennost' i sostav naselenija SSSR Po dannym Vsesojuznoj perepisi naselenija 1979 goda. Moskva. Finansy i statistika. 1984. (1979) [16] Vestnik Statistiki 10/1990. Moskva. Finansy i statistika. (1989) [17] Samtale med språkhistorikar Tapani Lehtinen, Helsingfors. [18] Janhunen, Juha 1989: Ethnic death and survival in the Soviet North. Journal de la Société Finno-Ougrienne 83. Helsinki.

Sluttnote: Dei norske namna på språka i Sovjetunionen. Vi kan følgje engelsk mønster (Sami, Veps, Komi (utt. [kåmmi])) eller norsk mønster (samisk, vepsisk, komisk (utt. [kåmmisk])), uheldige assosiasjonar risikerer vi uansett. I påvente av vedtak frå språkrådet bruker eg dei norske formene, trass i at komisk jo er litt komisk.

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø