Er det plass til kvenske massemedia?
Av Trond Trosterud, Tromsø.

Med utgangspunkt i NRKs Brennpunktprogram har det dei siste vekene vore ført ein debatt om samisk kontra kvensk i media, og samiske media har stått fram og sagt at vi skriv da nok om kvenske saker, eller vi er ikkje så frykteleg interessert heller, eller kva det no er.

Sjølv skjønner eg godt at samiske aviser ikkje skriv om kvenske saker, og det treng dei ikkje gjøra heller. Med sine små ressursar har dei nok med å dekke det samiske, og for dei samiskspråklege lesarane er det samiske spørsmål (og lokalstoff) dei vil lesa. Dette er berre del av den allmenne lova om at dei små er interessert i dei store men ikkje omvendt: Noreg skriv om USA men ikkje omvendt, Lapin Kansa har korrespondent i Tromsø men Nordlys ikkje i Rovaniemi, i Tanadalen er samar trespråkleg, finnar tospråkleg og nordmenn einspråkleg. At samiske media ikkje skriv om kvenske saker ser eg dermed ikkje nokon grunn til å moralisere over.

Når det gjeld NRKs finsksending (12 min i veka, eller 2 min per dag + kviledag) og Sameradioen stiller saka seg litt annleis. Da diskusjonen gjekk innafor NRK-Troms om ikkje 12 minutt finsk i eteren var litt for mykje for eit år sidan, tok eg kontakt med ein frilansjournalist i sameradioen og tipsa han om saka. Eg meinte sameradioen hadde fire grunnar til å ta opp saka på nyheitsplass:

For det første er sameradioen ein av dei medieredaksjonane i Noreg som veit mest både om minoritetsspørsmål og om vilkår for radiodrift, og eg tenkte dei ville vera interessert av reint faglege grunnar. For det andre er NRK, som alle pressefolk veit, ein institusjon med svært sterk sjølvsensur, og det er strenge restriksjonar på å uttale seg negativt om institusjonen utad (det skal ikkje skje). Eg hadde håpa at sameradioen av ulike grunnar skulle kunne vera eit pustehol i denne sjølvjustisen (det er betegnande at dei som har tatt opp finsksendinga sine vilkår i NRK er krinkastingsrådet, NRKs eksterne vaktbikkje). For det tredje hadde NRK-Troms brukt sameradioen i sitt strategiske spel for å hindre ei styrking av finsksendinga: NRK sa at "vi norskspråklege med våre tre døgnkontinuerlege radiokanalar har dessverre ikkje eit minutt å avsjå til finsksendinga, så vi må nok spele ballen over til sameradioen, slik at dei kan kutte ned på dei ca. fire timene i døgnet dei har å rutte med". Dette avviste sjølvsagt sameradioen, med full rett. Vi kan ikkje godta at minoritetar skal bli sett opp imot kvarandre på denne måten. For det fjerde trudde (og trur) eg at det er taktisk dumt av sameradioen å dra opp stigen etter seg på den måten dei har gjort i denne saka. Dei i det norske samfunnet som er samane sine støttespelarar i kampen for kulturelle rettar vil ha akkurat like gode grunnar til å støtte kvenane som samane sine radiominutt, og dei vil kanskje reagere på at visse samepolitikarar argumenterer på same måte som vi kjenner det så alt for godt frå norske assimilasjonspolitikarar.

No skjedde som kjent ikkje dette. Svaret frilandsjournalisten fekk frå sameradioen var at "finsksendinga er ei ikkjesak for oss". Sjølv vart eg skuffa over dette, av fleire grunnar. Det tok frå meg ein del illusjonar om solidaritet (det var vel på tide), men det fratok også finskesndinga det som kunne ha vore ein svært viktig støttespelar i kampen for å få meir sendetid enn dei 2 minutt per dag som vi har i dag: Sameradioen kunne ha gitt ei klar melding om at 12 minutt i veka er for lite, og at 4 timar for dagen også er for lite, slik at NRK pent får finne nye minutt til finsksendinga frå andre stader. Med ei slik melding ville NRK sine forsøk på å fråskrive seg andsvaret for finsk i eteren ha vore svært mykje vanskelegare.

Det andre aspektet i denne pressedebatten er pressestøtta. Med fare for å få Sagats redaktør på nakken vil eg her dra eit skilje mellom dei som skriv på norsk og dei som skriv på finsk og samisk. Dei siste vil aldri kunne få det annonsegrunnlaget som ei norskspråkleg avis har, og viss minoritetsspråksbrukarar skal kunne nyte godt av den demokratiske retten det er å ha ei presse å debattere i, må det ei ekstra pressestøtte til for aviser som skriv på andre språk enn majoritetsspråket. I tillegg har samiske aviser ekstrautgifter ved at dei sjølv må utvikle spesialløysingar for samisk, men det grunneggande skiljet går etter språk. Men når Nordlys sin redaktør har mage til å gratulere Ruijan Kaiku som statsbudsjett-"vinnar" med ei pressestøtte på 200.000 kroner (= 1/2 journalist + portoutgifter), bør alle minoritetsaviser vera i stand til å kjenne att lusa på gangen.

Eit moment som har vore oppe i denne debatten er urfolksstatus eller ikkje urfolksstatus. Etter mitt syn har den debatten ingen ting med språk- og mediaspørsmål å gjøra. Eg ser ingen grunn til at t.d. samane i seg sjølv skulle ha større rettar til eiga radiodrift enn t.d. baskarane, sjølv om samane deltar i 4.verda-konferansar og baskarane ikkje gjør det. Når det gjeld tradisjonelle nasjonale minoritetar (i Noreg: samar, kvenar, romani og jødar) er det med andre ord ingen grunn til å seie at den eine har større språklege rettar enn den andre. Det betyr ikkje at vi automatisk skal arbeide for egne høgskolar og universitet på finsk, jiddisk eller romani i Noreg, dette må vurderast konkret for kvar nasjonale minoritet i kvart land, og i Noreg er det av ulike grunnar berre samane det er aktuelt å bygge opp ei høgare utdanning for. Men godt utbygd andrespråksundervisning i grunnskole og vidaregåande skole må vi ha; kvenske og finske barn i Noreg kan ikkje dra til Finland, og det finske skoleverket kan heller ikkje utdanne dei kvenske barna til eit vaksenliv i Noreg.

Det faktum at finsk og svensk har det svært så bra i Finland og Sverige hindrar heller ikkje Finland å sende svensk og Sverige å sende finsk i eteren i langt meir enn 2 minutt per dag. Skilnaden mellom kvensk og samisk er sjølvsagt at samisk ikkje har ressursane til ein uavhengig stat å ta av, slik at ulempene med å utvikle terminologi, programvare, osb. fell på samiske media aleine, mens nabominoritetar får mykje gratis frå nabolandet (eg er med i samisk datautval for å utvikle samiske dataløysingar, dette arbeidet trengst av gode grunnar ikkje for kvenske media).

I kjølvatnet av Brennpunktprogrammet har kvenane vorte kritisert for å ha samanlikna seg med samane, dette skulle vera noko umoralsk, Steinar Pedersen har t.o.m. gått så langt at han har sagt at samane har ein moralsk rett til betre språklege og kulturelle rettar enn kvenane, i og med at samane har sloss så mykje lenger enn samane! Eg må berre eie at eg er sjeleglad for at vi har den sametingspresidenten vi har! Skulle vi ha gått inn på ein slik pedersensk logikk burde jo sørsamane ha betre kulturelle vilkår enn nordsamane, fordi det var sørsamane som drog i gang det organiserte samiske arbeidet og var pionerar i fleire tiår, og kolasamane burde absolutt ikkje få betre vilkår enn ngansasanane, i og med at kolasamane urettvist ville snylte på den framgangsrike kampen som har vorte ført her på nordisk side, mens nganasanane stakkars ikkje har rike vestlege slektningar. Tvert i mot er vi sjeleglad for at samane har så mange rettar som dei har, slik at det er mogleg å samanlikne seg med dei, og få fleire rettar for kvenane. På same måten har sjølvsagt finske samar i alle år brukt finlandssvenskane sin posisjon for det det er verdt, og sagt at vi vil også ha våre vegskilt, våre skolebøker, vår lærarutdanning, slik som finlandssvenskane har det, og eg skulle ha likt å sjå den Steinar Pedersen som ser noko umoralsk i det. Alle verdas minoritetar er den gamle finlandssvenske overklassa stor takk skuldig for at dei tvang gjennom ein finsk statsskikk med ein eksemplarisk minoritetspolitikk. Når eg som urfolkskonsulent i Barentssekretariatet argumenterte ovafor Telenor for at samisk skulle bli noko meir enn overflatekosmetikk i telefonkatalogane (samisk utanpåmen norsk inni) var det nettopp Helsingfors sin tospråklege telefonkatalog eg kopierte og sendte dei som eksempel på korleis det skulle gjørast.

Det blir og drege fram at kvenane ikkje ein gang veit om dei har eitt eige språk, eller om det er finsk dei snakkar. Dette har heller ingenting med dette spørsmålet å gjøra. La oss tenke oss at vi under unionstida 1884-1905 hadde hatt ein despotisk svenskekonge, som hadde blanda seg inn i norske saker og kjørt ein stram forsvenskingspolitikk, med svensk i skolen, osb.. Han kunne med full rett ha sagt at det berre er krangel med oss nordmenn, at vi ikkje eingang kan bli einig om det er dansk eller norsk vi snakkar her til lands. Men dette hadde ikkje vore noko argument for å tvinge på oss svensk, like lite som forskjellig syn på kvensk og finsk er eit argument mot morsmålsopplæring og for fornorsking.

Den viktigaste arenaen for arbeidet for språklege rettar for kvenar og finnar i Noreg er sjølvsagt ikkje Sameland. Som ein kvar samepolitikar veit sitt makta i Oslo og ikkje i Karasjok, også i denne saka. Men samiske media og samiske politikarar har i denne saka ein unik sjanse til å slå inn på den kursen Sven Roald Nystø har staka opp, i praksis avvise norsk splitt-og-hersk-politikk, og seie høgt at kulturelle og språklege rettar ikkje er noko som er reservert for ei etnisk gruppe, enten denne etniske gruppa no er norsk eller samisk; og at solidaritet er noko som gjeld også for andre enn meg sjølv.

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø