Bokmelding

Olav Randen:
Farvel til språkmangfaldet?
Boksmia, Vats, 1997.

av Trond Trosterud, Tromsø 1998.

Boka Farvel til språkmangfaldet? handlar om det faktum at mellom 50% og 90% av verdas ca. 6500 språk vil vera utan talarar ved utgangen av neste århundreskifte. Forfattaren går gjennom språkstoda i Europa land for land, for deretter tar han opp 9 spesifikke tilfelle meir grundig. Med dette som bakgrunn går han inn på ei drøfting av hovudlinene i den europeiske språksituassjonen, og deretter av situasjonen i Noreg. Til slutt skisserer han ulike vegar menneskeheita kan slå inn på, konsekvensar av ulike val og forutsetnadar for å velje mellom ulike alternativ. Boka er god, og vi treng både denne boka og fleire bøker om same emne.

Svake sider

Eg tar opp svakheitene ved boka først, så er vi ferdige med dei. Slik boka no står, har ho eit par formelle manglar. Eg saknar m.a.:

Oversiktlege kjeldetilvisingar.

Ei litteraturliste.

Ei eiga internettside for denne boka

Oversiktleg statistikk

Oversiktlege kjeldetilvisingar.

Ved å lesa forord, tekst og fotnoter finn vi sannsynlegvis ut kor Randen har henta data sine, sjølv om egenno ikkje er ikker på kva han har hena kor. Randen drøftar sjølv usikkerheita knytt til språkdata, og dette gjør saknet etter eksplisitte kjelder til noko meir enn ei akademisk formsak. Kjeldene er og ulike. I mange land (som Sovjetunionen) er spørsmål om kunnskap i første- og andrespråk del av folketeljinga, mens andre land (som Noreg) ikkje lenger spør borgarane om slike ting. Kjeldene bør samlast på ein stad (t.d. som del av den manglande litteraturlista). Viss kjeldene er usikre bør lesaren få vita det.

Eg saknar og eksplisitte internett-adressar i den trykte utåva, både dei han refererer til og (ein del) andre. Er nettet godt nok til å hente data frå bør adressen og få plass, slik:

Unescos Red Book on Endangered Languages: Europe. http://www.helsinki.fi/~tasalmin/europe_index.html/.

Til 2. opplag bør forfattareen med andre ord legge ved ei redigert utgåve av bokmerkefila si (eg bidrar gjerne med mi eiga).

Ei eiga internettside

Det denne boka treng er ei internettside, som viser til alle sidene ho hentar data frå, og til andre relevante sider i tillegg (språkbevaring, språkpolitikk, empiri). Desutan bør ho innehalde litteratuliste, innleiing og samandrag. Denne sida kan bli sett opp i samband med www.boksmia.no, eller (viss Boksmia enno ikkje har ei virtuell esse) med Noregs Mållag sine sider. Det at Randen ikkje har sett dette er kanskje eit utslag av tradisjonell tenking rundt bok og bokproduksjon, eller av ønske om å skrive på Folket sine premiss. Sjølv trur eg dei fleste av den delen av Folket som les denne boka allereide har eller snart vil få internettilgang.

Ei litteraturliste.

Sjølvopptatt som eg er, ville eg straks sjekke om Randen hadde vist til noko eg sjølv hadde skrive. Men litteraturlista mangla, så eg måtte lesa heile boka før eg kom til eit nedslåande resultat (ikkje nok med det, eg gav meg for tidleg: det er faktisk ein referanse til ein av artiklane mine der!). Boka til Randen er eineståande i sitt slag (om språkdød og språkbevaring) i Noreg, og ho er dermed det verket vi kjem til å vise til ei stund framover. Ei god litteraturliste hadde vore ein viktig innfallsport til dette fagfeltet for norske lesarar. Lista bør ikkje berre samle opp referansane i fotnotene, men også vise til sentral litteratur utanlandsk litteratur.

Oversiktleg statistikk

Statistikken til slutt i boka er ikkje mykje å skryte av, ei liste over europeiske land, med innbyggjarar, "hovudspråk" og "andre språk". For å finne data om språka må vi altså gå til teksten, og gjerne drive litt prosentrekning for fleire land før vi kjem fram til kor mange talarar språket har. For utsette språk er heller ikkje storleiken på språkbrukarane det mest relevante, men opplysningsr om kor mange av medlemmane av ei viss etnisk gruppe som snakkar, forstår eller ikkje forstår språket til den etniske gruppa si. Slik informasjon er tilgjengeleg i dei databasene Randen viser til for mange av dei utsette språka, og kunne dermed ha vorte lagt til boka. Eit omgrep Randen ikkje definerer i databasen sin er "hovudspråk". Det det betyr ikkje det det gjør i daglegspråket, nemleg "viktigaste/største språk", sidan svensk (6%) står under Finland mens russisk ikkje står under Litauen. Det kan heller ikkje vera "offisielt språk", i og med at hovudspråka i Austerrike er "tysk (standardtysk, bayersk og alemannisk)". At Azerbajdzjan i tillegg til azeri har "minst ti ulike språk" som "Andre språk" er heller ikkje særleg informativt.

For å seie det rett ut hadde eg venta meg meir av det som i innhaldslista er marknadsført som "Oversyn over språka i Europa". "Oversyn over landa i Europa" hadde vore ein meir dekkande overskrift (overskrifta manglar faktisk også i sjølve vedlegget). Europa har svært få språk, dei er alle godt kartlagt og tilgjengeleg både alfabetisk, geografisk og genetisk ordna i dei internettkjeldene Randen sjølv viser til. Dei lesarane som ikkje har tilgang til internett bør og få si liste. For Randen er det rett og slett berre å laste ned og kopiere.

Ei anna sak er at opplistinga av "hovudspråk" gjør at tekst og vedlegg handlar om ulike sett av språk: Boka handlar om dei språka som står i fåre for å forsvinne, mens vedlegget systematisk listar opp dei språka dei blir erstatta med.

Boka sin faktadel (kapittel 2) er organisert land for land, og ikkje språk for språk. I og med at det er viktig for forfattaren å få fram at språk- og landegrenser nettopp ikkje fell saman, er dette ei overraskande løysing. Fleire språk blir også spreidd utover fleire kapittel (som samisk, svensk og russisk), og det krev ein del blading fram og tilbake for å få oversikt over fleirstatlege språk.

Sterke sider

Boka si sterke side ligg i analysene av det datamaterialet som no etter kvart er både allment tilgjengeleg og meir og meir påliteleg. Her merkar ein godt at Randen skil seg frå dei fleste lingvistane som skriv om dette emnet ved at han har stått midt oppi ein målstrid, som leiar for ein av dei best organiserte språkstridsorganisasjonane i verda.

Kapitlet som tar opp eit par språksamfunn meir eksplisitt er bra. Her er ting sett i perspektiv, og konsekvensane av ulike vegval for språksamfunn blir prøvd ut i historia sitt eige laboratorium.

Kapitlet "hjelp til sjølvhjelp" er svært bra. Her slår Randen fast det viktige poenget at eit kvart språk er avhengig av brukarane sine for å overleva. Omverda kan ikkje halde liv i eit språk, berre hjelpe brukarane til å gjøra det. Randen dreg fram 4 hjelpetiltak: Språklege rettar, tilgang til språket (læremiddel, litterær offentlegheit), lokalt arbeids- og samfunnsliv, og bruksvilkår for språket (alt frå kulturhus til informasjonsteknologi). Dette er ei god disponering av arbeidet som må gjørast, og det tar heile tida utgangspunkt i språkbrukarane sjølve. Dette siste er ikkje sjølvsagt; alt for ofte er hjelpeprogram prega av horisonten til den utanforståande lingvisten, som sjølv om ho prøver ikkje klarer å fri seg frå storsamfunnet sin synsvinkel. Randen er både sjølv medlem av eit minoritetsspråkssamfunn (nynorsk) og velutdanna og skrivefør nok til å ha oversikt til å skrive ei generell bok som dette. For ein norsk lesar ser dette banalt ut, sjølvsagt er sosiolog og tidlegare leiar av Noregs Mållag Olav Randen ressurssterk! Men svært mange potensielle forfattarar av ei bok som denne har ikkje den bakgrunnen som Randen har, nettopp fordi dei dei har minoritetsbakgrunn er dei stengt ute frå dei utdanningsinstitusjonane som kunne ha gjort dei i stand til å skrive om minoritetsspråk med eit allmennt perspektiv. At Randen skriv denne boka er dermed i seg sjølv eit korrektiv til den internasjonale litteraturen.

Randen tar opp spørsmålet "korfor skal vi bry oss med at språka forsvinn", noko som etter mi meining er eit viktig spørsmål. Sjølv har eg alltid hatt vanskar med å forstå at interessen for forsvinnande kvalartar, insektartar, geirfuglar og stavkyrkjer skal vera så mykje større enn interessen for forsvinnande språk. Randen sitt poeng er at språk er reidskap for tanken, at færre språk å tenke på betyr færre tankar tenkt. Dette er eg heilt einig i, det er godt at det blir sagt. Sjølv ville eg og lagt vekt på språk som skapar av kollektiv, ig ikkje bere språk som reidskap for individet: Der ei gruppe menneske har eit felles språk som andre ikkje har, har dei og eit medium der dei kan skrive til folk med same erfarintsbakgrunn. Vi som har norsk som morsmål skriv annleis om Noreg når vi skriv på norsk og når vi skriv på engelsk (prøv t.d. å skrive ei side om norsk målstrid og synet ditt på den, først på norsk og så på engelsk. Du vil få to vidt forkjellige tekstar). Det å ha ei samiskspråkleg offentlegheit betyr dermed nettopp høvet til å drøfte sakene sine i lag med andre som i utgangspunktet veit noko om saka.

Som lingvist saknar eg likevel argumentet for det unike og vakre i språkstrukturen. Språk som det som skil oss frå dyra, og estetikken i grammatikken. Men kritikken slår sjølvsagt attende på meg sjølv. Vil eg ha ei slik bok, får eg skrive henne sjølv, eller oppmuntre kollegaene mine til å gjøra det.

Oppsummering

Randen har skrive ei god bok om språkskifte og kva som kan gjørast for å stoppe det. Sjølv om faktadelen ikkje er så oversiktleg som han kunne ha vore inneheld han mykje informasjon, og gode analyser av ulike språksamfunn.

 

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø