Den raude tråden i denne artikkelsamlinga er språka i dei nordlege delane av Eurasia, med vekt på dei uralske språka. Mange av artiklane vil likevel vera relevante for andre språksamfunn, og innimellom vil det og dukke opp generelle artiklar.

Dei språkvitskaplege artiklane

Som lingvist er eg interessert i å gå opp grensegangen mellom teoretisk molege og umoglege grammatikkar, dvs. forskingsprogrammet mitt plasserer seg innafor generativ grammatikk.Tematisk har eg skrive om bindingsteori og om bøying i skjæringspunktet mellom morfologi og syntaks. I spørsmålet om forholdet mellom dei to har eg dei siste tre åra komme fram til eit modulært syn på grammatikk. Eg skriv enten om skandinavisk eller om uralsk, og fleire av artiklane handlar også om språkkontakt mellom desse gruppene.

Artiklane om informasjonsteknologi

Målet er å få informasjonsteknologien til å støtte heller enn å utrydde det språklege mangfaldet i verda. Til det treng vi standardiserete teiknsett som inneheld alle dei bokstavane som verdas språk blir skrive på, og vi treng tastaturoppsett til å skrive dei inn. Dette kjem ikkje av seg sjølv (bortsett frå for dei få språka der det er mogleg å tene satore pengar på det), og det er og nok av dei som ser det positive i at informasjonsteknologien bidrar til å feste kvelartaket engelsk har på dei andre språka i verda. Gjennom arbeid m.a. i Den europeiske komitéen for fleirspråkleg informasjonsinfrastruktur og i Samisk datautval vil eg gjerne bidra til å skape ein informajonsteknologi på menneskas eigne premiss. Artiklane mine fortel meir om bakgrunnen for og resultata av dette arbeidet

Artiklane om språk og samfunn

Artiklane frå Sovjetunionen tar for seg bakgrunnen for og veknadene av det som kanskje har vore verdas beste politikk ovafor språklege minoritetar.

Eg vil og gjøra merksam på ei av perlene i denne samlinga: I ein månad hausten 1993 satt eg og skreiv inn sovjetiske folketeljinsdata: Her finn du opplysningar om morsmå, andresprå og etnisk sjølvidentifisering for samtlege innbyggarar av Sovjetunionen med ti års mellomrom (1939, -59, -70, -79 og -89). Bruk dei gjerne, men send meg eit brev og fortel kva du brukte dei til, og legg inn ei note om kor du tok dei frå.

Artiklane frå Noreg og Finland tar opp målstrid i vid forstand, gjerne i skjeringspunktet mellom dei to landa.

Ein del av artiklane handlar om forskingspolitiske emne, eller er framlegg til handlemåter for å styrke minoritetsspråk som står i fare for å forsvinne.

Artiklane om språk

Her har eg samla ein del populærvitskaplege artiklar om estisk og andre språk. Dei vart faktisk ganske godt mottatt da dei vart publisert.

Tilvisingar til andre sider

Her finn du fø og fremst sider som handlar om det same som eg har skrive om, men og sider til stader som praktiserer det eg skriv om, slik som lærestader og programvareprodusentar

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø

Trond Trosterud