I eit elles greit og informativt referat frå eit seminar om samisk
litteratur i Norsklæraren 2-92 s. 27-28 streifer Marit Allern inn
på (nord)samisk språk, og seier følgjande:
"Det samiske språket virker særlig på to måter:
- som avledningsspråk: bievla -barmark, bievllohallat -
å overraskes av barmark under flytting!
- Dette siste også et eksempel på at språket som er knytta
til næringsvirksomhet er kort og konsist.
Det er fint at Norsklæraren skriv om samisk, og at MA refererer frå
eit litteraturseminar, men når dette er alt vi får vita om samisk
språk er det nøydd til å bli misvisande. For det
første virkar samisk, som alle andre språk, aller særlegast
på to heilt andre måtar enn dei MA sett opp: Som
kommunikasjonsmiddel, og som identitetsberar for det samiske folket. For det
andre er dei to trekka som MA sett opp som karakteristisk for samisk (avleiing
av nye ord med hjelp av stamme + affiks, og ein utbygd fagterminologi)
karakteristisk for alle eksisterande språk. Samisk er m.a.o. verken
eksotisk eller mystisk, slik vi får inntrykk av.
Etter sitatet skulle ein tru at samisk har eit suffiks -hallat som betyr
'å bli overraska av X under flytting', som så kan bli hekta til
ulike substantiv. Men -hallat er eit heilt vanleg passivsuffiks, som
t.d. i vekslinga mellom verba boktit 'vekke'og
bovttáhallat: 'vekkast':
Mon boktá su ~ Son bovttáhallá munnje
Eg vekker henne Ho vekkest av meg
Til substantivet bievla 'barmark' finst det eit verb bievlat
'å rydde vekk snø' (eller 'å gjøra barmark'). Til
dette verbet hektar vi -hallat og får bievllohallat. (Jfr.
finsk pälvi 'barmark' - pälvetä 'å lage
barmark' - pälvettyä 'å komma barmark'). I
utgangspunktet betyr altså bievllohallat berre 'å bli
barmarka, eller 'å komma i ein situasjon der det er barmark' (noko det
framleis kan bety). At ordet etterpå får den mest sannsynlege
tydinga 'under flyttinga' kjem sjølvsagt av samiske kulturelle forhold,
men det er ingenting spesielt og eksotisk ved språksystemet som
gjør det slik. Ei norskspråkleg urbefolkning på
Finnmarksvidda kunne godt ha gitt same tydinga til verbet å
barmarkast.
Både norsk og samisk ligg ein plass langs spennet mellom polynesisk og
grønlandsk, mellom isolerande språk og bøyings- og
avleiingsspråk.Samisk ligg nærare grønlandsk enn det norsk
gjør, men både norsk og samisk ligg langt unna skikkeleg
isolerande språk. Ofte er norsk vel så "kort og konsist" som
samisk, som t.d. når samisk har eit avleiingssuffiks der norsk har
vokalveksling:
vuodjut / vuodjudit vs. synke /
senke veallát / vealuhit vs. ligge /
legge
'synke' synke-KAUSATIV 'ligge' ligge-KAUSATIV
'senke' 'legge'
Det andre karakteristiske trekket MA sett opp for samisk er at fagspråket
er kort og konsist. Sjølv om ho ikkje nemner det, ligg den gamle
historia om tusenvis av ord for rein i samisk og for snø i
grønlandsk og spøkar. Det er ei kjerne av sanning i dette, nemleg
at eit kvart språksamfunn lagar seg dei orda dei treng. Reindriftssamer
har ulike ord for ulike årsklassar osb. av rein (Eliel Lagercrantz
sett opp 187 røtter for rein i samisk, så om det ikkje er tusenvis
er det i alle fall ein god del), på same måten som norsk har (hatt)
ein rik landbruksterminologi som t.d. eg ikkje kan fordi eg ikkje er bonde
eller ikkje var det før det store hamskiftet. Der stillar eg i klasse
med moderne bysamar. Men sjølv om samisk i utgangspunktet har mange ord
for reindrift, betyr ikkje det at det ikkje kan lånast inn nye ord
også her. Kolasamisk har t.d. lånt inn nye ord for sleder og anna
teknisk utstyr frå slektspråka komisyrjensk og nenetsisk, som eit
resultat av kontakt med innvandra komisyrjenarar dei siste hundre åra.
Legg og merke til at det ikkje eksisterer myter om norsk fiske- eller
snøterminologi (kanskje fordi norsk er så altomfattande for oss
med norsk som morsmål at det ikkje fell oss inn å avgrense det til
utandørs vinterbruk, eller, for den del, til ordavleiing). La oss ikkje
gjøra det same med samisk.