Trond Trosterud
Turid Farbregd, Sigrid Kangur og Ülle Viks 1998: Norsk-estisk/Estisk-norsk ordbok ~Norra-eesti/Eesti-norra sönaraamat . Tallinn: Stiftelsen Estisk Språk / Eesti Keele Sihtasutus.
Med Norsk-estisk/Estisk-norsk ordbok (NEEN) tar samarbeidet mellom Noreg og Estland nok eit langt steg framover, etter at den første vesle ordboka (Eesti-norra sõnastik / Estisk-norsk ordliste, av Turid Farbregd og Gennadi Jagomägi) kom i 1997.
Sjølv har eg meldt dei to siste ordbøkene der Turid Farbregd har vore med (Trosterud 1996, 1998), så denne gongen ville forfattarane tydelegvis gardere seg, dei gav meg grammatikkapitla på førehand. Det blir mindre og mindre å sette fingeren på for kvar gong, og merknadene eg denne tredje gongen leverte før dei sende manus til prentestova har forfattarane stort sett tatt omsyn til. Slikt fører til mindre underhaldande bokmeldingar, men til betre ordbøker, og eg håpar lesarane av denne bokmeldinga ber over med forfattarar og meldar for at vi på dette viset snyt dykk for moroa (tenk litt på brukaren i staden!). Om denne samrøra gjer meg uskikka til å melde boka i det heile får de som lesarar avgjera, eg aktar nemleg å prøve meg i alle fall.
Ordboka inneheld 19.000 estiske og 21.000 norske oppslag, det er altså ei stor bok vi har framfor oss (samanlikna med ordlista frå 1997, som berre gjekk frå estisk til norsk og hadde ca. 5000 ord, er det ei markant betring). Boka er symmetrisk, noko eg tidlegare har sakna i tospråklege ordbøker (med det meiner eg at brukaren finn grammatisk informasjon både for oppslagsordet og for ordet det er omsett med, slik at ho ikkje treng å slå opp to gonger (t.d. slik: først i E-N for å finne det norske ordet, deretter i N-E for å finne ut om det er hokjønn eller ikkje). NEEN inneheld eit godt grammatisk forord for begge språka (om norsk skrive på estisk og omvendt), og der det har vore naudsynt har oppslagsorda fått eksempelsetningar for å visa preposisjonsval, kasusbruk, osb. Ordboka ber namnet sitt (Norsk-estisk/...) med større rett enn dei fleste ordbøkene som har ´norskÕ i namnet sitt, sjølv om ho har bokmål som oppslagsord: Grammatikken gir ei innføring i både nynorsk- og bokmålsmorfologi, og nynorske oppslagsord er oppført med peikarar til dei tilsvarande bokmålsorda der estiske brukarar vil ha vanskar med å overføre eit nynorskord til bokmål. For dei mange nordmennene (og svenskane!) som er interessert i Estland, og for dei sannsynlegvis enno fleire estarane som er interessert i Noreg, vil denne boka vera uunnverleg, og (for å ta konklusjonen først) ho ber børa vi her legg på henne utan vanskar.
I kapitlet om norsk grammatikk legg vi merke til dei problematiske norske vokalane u og y (som i orda bu og by). Estisk har (som finsk og tysk) berre ein fremre runda lyd (ü), og norsk u og y blir for lesaren presentert som å- og i-prega ü-ar. Sjølv finn eg den norske u-en så nær estisk ü at det nesten er for risikabelt å rote med det samsvaret, eg ville altså ha forenkla og sagt at no. u = est. ü ), men viss lesaren klarer å gjera ü berre litt meir å-aktig (og ikkje overdrive!!) blir det faktisk ein fin norsk u ut av det. NEEN gir av forståelege grunnar ingen reglar for korleis bokstavane u og o uttalast i ulike samanhengar; det bør vera ei prioritert oppgåve for norske leksikografar å arbeide ut ei standardforklaring til ordboksbruk som gjer greie for det som kan bli gjort greie for på 4-5 linjer. Litt småpirk: e fell bort framfor n i bestemt form, seier NEEN, men gløymer å legge til at dette gjeld berre viss lyden framfor e er ein koronal (tungespiss/tungeblad-) konsonant. Elles er uttalekapitlet godt.
Forfattarane tar i eit eige avsnitt opp possessoruttrykk, og gir ei fin framstilling av den klitiske partikkelen -s. Dessverre blir avsnittet kalla ´kasusÕ og -s ´genitivÕ, sjølv om -s er noko heilt anna enn kasus (særleg for ein estisk lesar, som verkeleg veit kva kasus er). Derimot avslører forfattarane ikkje i dette kasusavsnittet sitt at norsk faktisk har ein kasusdistinksjon (nominativ/akkusativ av personlege pronomen). Pronomen i akkusativ (t.d. meg) er i morfologikapittelet omsett med ´mind, mulle, jne.Õ, dvs. med ´eg(partitiv), eg(allativ), osb.Õ. Ei komplett liste over omsettingar av meg ville ha gjeve det estiske pronomenet i alle andre kasus enn nominativ, og heller ikkje det ville ha vore nok, i og med at også nominativforma eg i visse konstruksjonar kan omsettast med den estiske partitivforma mind. Under kasusavsnittet får vi og ein gjennomgang av andre uttrykk for eigeforhold i norsk, possessoren sin-si-sitt-sine blir ramsa opp, med dømet gutten sin sykkel, her ville eg nok ha hatt ein litt meir eksplisitt tekst, særleg i og med at femininsforma av paradigmet i morfologidelen har mi/min, di/din, si/sin, utan at det blir sagt kva form som skal brukast med boka og kva med boken (eller at det er nokon samanheng mellom desse to vekslingane i det heile). Nokon syntaksdel inneheld grammatikken av gode grunnar ikkje, i staden er det stappa relevante opplysningar om kongruens og ordstilling inn der dei tilsvarande morfologiske formene høyrer heime. Grammatikken har eit kort avsnitt om orddanning, noko som trengst, men ingenting om reglar for samansetting (-s, -e eller ingenting som fugeelement?). Desse reglane er alt anna enn klare, men eit par generaliseringar er det mogleg å få fram, jfr. Faarlund m.fl. 1997 s. 70ff. Litt småplukk står nok att her og der, men alt i alt har dei aller fleste norske tospråklege ordbøker noko å lære av desse 25 sidene.
For estisk har forfattarane ein meir eksplisitt grammatiske tradisjon å bygge på enn for norsk, og dei får det også fint til. Lydane blir det gjort godt greie for, men eg saknar ei presisering om at desse reglane skal takast alvorleg (ein e uttalast alltid e, også framfor r!!!), og når vi får høyre at b, d, g er ustemde og p, t, k er uaspirerte blir vi litt i stuss om kva som eigentleg er skilnaden mellom dei. Svaret kjem (litt bortgøymt) midt på neste side (under kvantitet), det burde ha stått med ein gong. Forfattarane vik ikkje attende for ei innføring i dei mytisk berømte (såkalla) tre ulike lengdegradene i estisk, estisklæraren min sparte oss sarte sjeler for slik styggedom, og eg har dermed aldri heilt forstått kva dette fenomenet eigentleg er. Utstyrt med NEEN si instruktive forklaring og ein innfødd estar til disposisjon ein times tid trur eg eg ville ha vore godt hjelpen.
Grammatikken har ein god gjennomgong av dei 14 kasusformene, han avdramatiserer dei på ein fin måte (det vanskelege er ikkje at det er 14 kasus, men at det i visse spesielle tilfelle er vanskeleg å vita kva kasus ein skal bruke). Det er mykje verre å lære seg å bruke dei norske preposisjonane og bestemte artiklane rett, spør du meg. I morfologien får vi den indre strukturen i paradigmene, korleis visse kasusformer er utgangspunkt for danninga av andre. Bruken av kasusa er òg godt sett opp. Småpirk: 4 av dei estiske kasusa har ikkje full adjektivkongruens, NEEN opplyser om dette berre for 2 av dei (gløymer terminativ og essiv), og viser heller ikkje at dei fire relevante kasusendingane (-ni, -na, -ta, -ga ) dannar ei naturleg gruppe (dei einaste kasussuffiksa på konsonant-vokal, der vokalen er i eller a). For verba får vi vita at det er to infinitivar, men ikkje skilnaden på dei (berre to eksempelsetningar). Elles får vi ei fin innføring i det innvikla systemet av infinitte verbformer. Ei orddanningslære er absolutt på plass i ei ordbok (som eit gjer-det-sjølv-sett). På trekvart side får vi greie på tre orddanningsreglar, og vi tørstar etter meir. I bøyingsparadigmedelen blir vi presentert for 38 ulike bøyingstypar, samanlikna med 594 [sic!] bøyingstypar i Saagpakks store Eesti-inglise sõnaraamat / Estonian-English Dictionary er dette eit stort morfologisk og leksikografisk skritt framover (bøyingsklassesystemet er utarbeidd av ein av forfattarane; Ülle Viks, jfr. t.d. Viks 1992). Ei melding av dette systemet krev større plass enn vi har til rådvelde her, så vi får ta det for god fisk og vera glad til.
I oppstillinga av ordartiklane held Farbregd på praksisen med å gje kvar samansetting eit eige oppslag (hensynsfull, [ny line:] hensynsløs, i staden for å bake dei inn i same artikkel, som t.d. både Bokmålsordboka og WSOY sine storordbøker gjer. Resultatet er sjølvsagt ein lettlest og oversiktleg tekst, men skal denne boka i eit neste liv ned i ei lomme, må det sparast plass. Elles blir bøyingskodane skrive for stort og med forstyrrande klammeparentesar, t.d. ´mahv [-i 22e]Õ (der -i viser vokalen i bøyingsstammen i eintal og -e vokalen i kortforma av partitiv fleirtal) i staden for kort og greitt og i pakt med vanleg leksikografisk praksis skrive ´mahv22e -iÕ. Det er lettare å lesa store symbol enn små, det er sant, men flyten i ordartikkelen blir forstyrra ved at bøyingskodane ´hoppar nedÕ i teksten. Trykkmarkeringa i norsk får vi berre viss det ikkje fell på første stavinga, ein god konvensjon. Derimot er ikkje sjølve merket så godt, eit merke ¥ framfor den trykksterke vokalen, slik: keram¥ikk. Merket bryt opp ordet, og det på feil stad: midt inne i ei staving (det er lettare å lesa kera¥mikk). Bokmålsordboka har ein akutt aksent før siste konsonant etter den trykksterke vokalen (tata´r, keramik´k), utan at eg veit om det er noko betre. Prikk under vokalen er ei anna løysing, kanskje vanskeleg for prentestova, typografisk sett. Akutt aksent oppå vokalen etter mønster frå Berkovs Russisk-norsk ordbok, som elegant sett aksent oppå samtlege vokalar, også oppå ø og å, er nok likevel beste løysninga. Berkov går enno lenger, og viser tonelangsskilnad for samtlege ord (akutt = tonelag 1 og grav = tonelag 2), her bør folk som driv med norsk og svensk som andrespråk fortelje oss om korvidt ordbøkene våre verkeleg treng denne informasjonen. Tilvisingspilene i teksten (lign|e -> likne) er for store, men elles er alt berre typografisk glede: alfabetiske leieformer øvst på kvar side, oversiktleg skilje mellom døme og omsetting, osb., i det heile ein god ordbokstypografi.
Den grammatiske informasjonen i sjølve ordboka er som sagt symmetrisk, og den estiske gir bøyingsklassenummer. Den norske morfologien er skrive ut (´nykommer -en -eÕ), i staden for t.d. etter Bokmålsordboka sitt system. Med ein så minimal morfologi som den norske ville brukaren fint ha tålt å lære seg den vesle handfullen av talkodar som må til, og forfattarane ville ha spart mykje plass. Men praksisen har interessante sideeffektar: NEEN skil mellom fire kjønn: maskulin (-en), feminin (-a), nøytrum (-et) og felleskjønn (-a/-en). Feinschmeckeren er naturleg nok straks interessert i skiljet mellom feminin og felleskjønn, og blir ikkje skuffa, her ser de fordelinga av feminin og felleskjønn for ein tilfeldig bokstav (p):
|
feminin (merka -a i ordboka) |
felleskjønn (merka -a / -en i ordboka) |
|
peppermøy, persesylte, persianerkåpe [sic!], potte, preke, pumpe, purke |
pute, padde, padling, pakt, panne, pannekake, parktante, pasning, passeringstid, peiling, pelskåpe, pensjonskasse, pepperkake, perle, personlighet, pike, pil, pine, pipe, plage, planteføde, plassering, plate, plattform, platthet, pleie, plomme, pore, pote |
Vi ser at i bokmål er alle ord på -ing felleskjønn. Reine maskulina av norske feminina opererer ikkje NEEN med, til og med pike kan ha a-ending, sjølv om praksis vel er å la stilmarkøren for positiv/negativ vera både morfologisk og leksikalsk for dette ordet: padden/padda, men piken/jenta). Andre i følgje NEEN heilt ut feminine ord er ikkje uventa bu, budeie, bukt, bygd, bysse, bøye, dimme, drive, grend, hakke, hengemyr, hoppe, ku, myr, sugge, tispe, ur, øy, mens derimot kvige, gås, ugle, vik av ein eller annan grunn får felleskjønn, i lag med dei fleste andre norske feminina. Slik er altså hokjønnet sine vilkår i norsk bokmål, i dag som før 1938: a-endinga er trygg i rurale ord om særnorske fenomen med konkret tyding, mens urbane og abstrakte ord frå den dansknorske felleskulturen får -en. Eg ramsar ikkje opp desse orda for å henge ut forfattarane, tvert i mot trur eg dei tar bokmålet på kornet, det eg etterlyser er nettopp mindre normative og meir deskriptive ordbøker, dvs. ordbøker av same type som NEEN, heller enn ordbøker som berre kolporterer språkrådsvedtak. Utanlandske brukarar må få vita kva ord som er hokjønn i norsk, noko dei får i NEEN. Dessutan bør dei og få kjennskap til den stilistiske verdien fordelinga av -a og -en har i bokmål, noko dei kan få i det grammatiske forordet. Norske språkforskarar er av ein eller annan grunn ikkje interessert i å finne ut noko om faktisk språkbruk her (elektroniske korpora er tilgjengeleg, men blir ikkje brukt), så det måtte ein ordboksforfattars språkkjensle til for å få det fram (eit heiderleg unnatak er Martens 1985, som er basert på manuell søking). Altså: Vi treng ei undersøking av den reelle fordelinga av -a og -en, så forfattaren kan sleppe å bruke (berre) eiga stilkjensle.
Som i dei fleste kasusspråk deler estiske verb seg opp i ulike grupper etter kva kasus dei vil ha objektet sitt i. Denne informasjonen blir i mange ordbøker systematisert, t.d. når det i ei islandsk ordbok står líka e-m, veit vi at a líka skal ha objektet sitt i dativ (e-m er forkorting for dativforma einhverjum einkvan). I NEEN får vi tilsvarande informasjon via eksempelmaterialet, t.d. står det ´armastama [27] elsk|e -et; ma armastan sind jeg elsker degÕ, og ut i frå dette veit vi, eller bør vi komma fram til, at armastama vil ha objektet sitt i partitiv. Eg skulle gjerne sett ei meir systematisk handsaming av denne informasjonen. Ofte er det ikkje nominalfraser, men leddsetningar som blir brukt som objekt for verbet i eksempelsetningane, og det blir dermed umogleg å vita kva kasus objektet skal ha.
Så til dei einskilde ordartiklane. Her vil eg ikkje leite etter eventuelle manglande oppslagsord (i ei tid med elektronisk tilgjengelege frekvensordbøker bør vi vente at ordbøkene jamt over får betre og betre ordutval etter kvart). Derimot vil eg gå inn på eit par sentrale preposisjonar og verb, og sjå korleis NEEN gjer greie for dei.
Preposisjonane på og i er sentrale i norsk, me dei blir ikkje likt handsama i NEEN. Begge er tvitydige der estiske kasus er eintydig, på steinen (kivil / kivile) og i skapet (kapis / kapisse) kan tyde både rørsle og ro, og har derfor to ulike omsettingar til estisk (tydingane passar til verba sette (seg) / sitte og legge / ligge). Dei to ulike tydingane av på og i tilsvarer med andre ord ulike kasus i estisk. For i blir desse to tydingane halde frå kvarandre (som tyding 1 og 2, dvs. dei mest sentrale tydingane for preposisjonen), mens forklaringa for på slår dei saman til ei tyding (1). Nøyaktig det same skjer for tidsuttrykk: Både i og på har to tydingar: i/på tidspunktet (i vår/på søndag) og i/på tidsrommet (i fire dager / på to år, gjerne med kvantifisering av tidsrommet). for i er også desse tydingane halde kvar for seg (tyding 3 og 4), men for på er dei slått saman.
til får inga inndeling i tydingstypar, i skarp kontrast til i og på, som får 8 kvar. Det er synd, i og med at vi også her har tydingsskilnader av same slag:
1. retning: kom ~ meg! hun skal ~ Oslo.
2. tidsuttrykk: ~ i morgen, ~ jul, ~ til du kommer
3. eigaruttrykk: ballen ~ jenta (spesielt på bakgrunnen av utgreiinga i grammatikkdelen saknar vi eige oppslag om dette).
4. faste uttrykk: hva skal vi ha ~ middag, for godt ~ å være sant
av har i NEEN tre ulike tydingar, mens vi i Bokmålsordboka finn så mykje som 15. Så vidt eg kan sjå er det ingen av dei to inndelingane som har gjennomtenkte grunnar for oppsettet sitt. NEEN fortel den estiske brukaren 1 (at av brukast for kasus elativ og ablativ ut av, frå) gå inn ~ døra 2 (at av tilsvarer estisk vekk frå) reise ~ gårde 3 (opererer med ein restkategori:) et verk ~ av Ibsen, ~ og til, fra først ~ , bli ~ med noe, gå ~ (fra stillingen), komme ~ dage. Med andre ord: NEEN sett ikkje opp nokon semantisk klassifisering. Tydingane 1 og 2 skil seg ikkje tydingsmessig frå kvarandre, dei har berre tatt ut elativ/ablativ og vekk frå, og samla resten i ein sekk. Bokmålsordboka gjer det motsette, og skil med sine 15 ulike ´kategoriarÕ frå kvarandre ting som absolutt høyrer i lag. Semantisk ser det ut til at mykje av bruken av av ligg på aksen abstrakt (ut) av => del av heilskap => slag => høyre til. Ein ordboksartikkel om av bør stake ut denne aksen, og deretter ta opp eit par syntaktiske funksjonar: av brukast til å markere agensfraser i passiv, i eigarkonstruksjonen [NPubest av N] (en god venn ~ meg, et barn av sin tid), for så å slutte av med adverbial bruk av av (konstruksjonar med verb + av), og med faste uttrykk. Andre preposisjonar går det betre med. Både med og over har t.d. fått ei god handsaming.
ha er eit sentralt verb i norsk, og enno viktigare blir det av at estisk ikkje har noko tilsvarande verb. Som første tyding får vi eksempel på den estiske eigarkonstruksjonen (som i finsk og russisk: på meg er pengar = eg har pengar), men berre med pronomen, og berre eintalsformer av det eigde. Verken her eller i grammatikkdelen får vi vita at det eigde står i partitiv ved negerte eigarkonstruksjonar (dvs. at det oppfører seg som objekt). Skilnaden mellom det NEEN sett opp som dei to første tydingane av ha (1 omama (å eige) 2 saa|ma (å få)) kan utleiast direkte frå det faktum at tyding 2 (få-tydinga) involverer hjelpeverbet vil (eller skal): hun vil ~ barn. Verbet ha i seg sjølv kan dermed aldri bety ´fåÕ, tydingsskilnaden følgjer automatisk av tillegget av hjelpeverb. Elles står det greitt og systematisk om ha som hjelpeverb og faste uttrykk.
få er eit anna, etter mitt syn sentralt verb, men det er ikkje NEEN heit samd i. Nedanfor har eg lista opp ei mogleg inndeling i 6 svært ulike tydingar (pluss faste uttrykk), der dei tre første representerer få som hovudverb, berre den første av dei er (som einaste tyding!) representert i NEEN:
1 motta hun fikk avisa, han fikk influensa, å få straff, fregner 2 (imperativ) gi få avisa! (her ville estisk brukt verbet andma gje: anna leht!) 3 oppnå klovnen fikk alle til å le 4 måtte, tvang (her ville estisk brukt verbet pidama måtte) nå får du ta deg sammen, du får hilse, det får være grenser, 5 løyve få se!, får han ta imot besøk 6 kausativ han fikk skrevet brevet 7 (faste uttrykk )
Det som her er sett opp som den femte tydinga kan bli sett på som ei utviding av den første, men dei andre (særleg 2 og 4) skil seg markant frå grunntydinga, noko dei estiske omsettingane og viser. Elles er og få det einaste hjelpeverbet som både kan ta partisipp og infinitiv, nok ein grunn til å ofre nokre liner ekstra på dette verbet.
For sitte har Bokmålsordboka 7 ulike tydingar, utan at eg ser at dei får sagt noko meir enn NEEN med sine 3 døme (han ~r på en stol; foten ~r fast; slipset satt skjevt). Det same gjeld verbet være: Bokmålsordboka skriv mykje, men det vesentlege blir sagt i NEEN. Verbet måtte presenterer NEEN i to kategoriar, jeg må gå og må jeg spørre? (dvs. vera nøydd til og få lov til). Meldaren saknar særleg den modale tydinga (jfr. at han må ha møtt noen er ein mindre kategorisk påstand enn han har møtt noen), oppmodinga (du må gå!) og ønsket (måtte det gå deg vel!) kunne kanskje også ha vorte tatt med.
Alt i alt er NEEN ikkje for raus med eksempelsetningane, men forfattarane har likevel ei eiga evne til å gje oss eit døme akkurat når vi treng det.
Med Eesti-norra sõnastik og no med NEEN har norsk-estisk leksikografi fått ein solid start, og det berre i underkant av ti år etter at dei organiserte kulturelle kontaktane mellom Noreg og Estland tok til. Produksjonen og utgjevinga av boka er støtta av Det Norske Utanriksdepartementet, og UD kan oppsummere at dei for dette prosjektet får god og langvarig nytte ut av pengane sine.
Faarlund, Jan Terja, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo 1997: Norsk referansegrammatikk. Universitetsforlaget, Oslo.
Martens, Guri 1985: Språket i barnebøker på bokmål etter 1938-reformen : med særlig vekt på perioden 1945-1955. Hovudoppgåve, Universitetet i Tromsø.
Saagpakk, Paul F. 1982: Eesti-inglise sõnaraamat / Estonian-English Dictionary. 2. trükk. Kolibri, Tallinn.
Trosterud, Trond 1996: Turid Farbregd / Hannele Seppinen: Finsk-norsk ordbok. LexicoNordica 3:335-344. Uppsala.
Trosterud, Trond 1998: Turid Farbregd / Gennadi Jagomägi Eesti-norra sõnastik / Estisk-norsk ordliste. LexicoNordica 5:275-280. Uppsala.
Viks, Ülle 1992: Väike vormisõnastik = Kratkij morfologiceskij slovar' = A Concise morphological dictionary of Estonian. Tallinn : Eesti teaduste akadeemia, Keele ja kirjanduse instituut.
Adressa til forfattaren:
Trond Trosterud
Humanistisk fakultet,
N-9037 Universitetet i Tromsø
Trond.Trosterud@hum.uit.no