Trond Trosterud, Kirkenes
Ein sentral del av argumentasjonen mot nynorsk her i landet er at den norske språksituasjonen er eineståande i verda, og at det som gjer han så eineståande er at nynorsk er eit konstruert språk, eit kunstprodukt. Viss vi går bak påstanden og ser korleis den litle prosenten av språka i verda som er skriftfesta har fått skriftspråka sine ser vi at det tvert i mot er nynorsk som er norma: Dei aller fleste skriftspråk er mindre enn 200 år gamle, som oftast som resultat av at ein eller fleire språkvitarar har analysert språket og komme fram til ein måte å skrive det på. Eit av problema å ta stilling til i løpet av denne prosessen har alltid i meir eller mindre grad vore dialektvariasjon: Skal skriftspråket representere ein dialekt, eller vera eit kompromiss mellom fleire, og skal skriftspråket representere variasjon ved å bruke talmessig utbreidde former, eller ved å bruke konservative former som dei ulike variantane kan avleiast frå. Eg vil ta for meg det som i Finland blir kalla for dialektkrigen (eigentleg murteiden sota, dialektanes krig) , der det finske skriftspråket medvite vart omdanna frå å representere i hovudsak vestfinske dialektar, til å bli eit kompromiss mellom aust- og vestfinsk, det som i norsk samanheng kallast eit konstruert språk.
Artikkelen er strukturert på følgjande måte: Først kjem eit kort riss av finsk ytre språkhistorie (2.). Deretter går eg gjennom utgangspunktet for dialektkrigen, stridsmennene og standpunktet deira (3.-4.). Så følgjer ei nærare gransking av det språklege innhaldet (5.) og av utfallet av striden (6.). Til slutt kjem ei samanlikning av konsekvensane av skriftfestinga i Noreg og i Finland (7.),
Om Aasen kjente til hendingane i Finland veit vi ikkje, men det er ikkje usannsynleg. Han hadde kontakt med folk som Stockfleth, Holmboe og Friis, som alle kjente til kva som skjedde i Finland, Friis var til og med elev av Lönnrot. Eit mogleg resultat av ein slik påverknad kan vera spranget frå den første deskriptive til den andre normative grammatikken hans. Da Aasen satt og skreiv "Norsk Grammatik" var resultatet av dialektkrigen allereide klart i Finland, nemleg ei samlande norm som tok opp i seg former frå alle dialektane, men som sjølv ikkje inneheldt alternative former, og som sjølv ikkje vart snakka nokon stad[1].
talespråk som etterkvart trugar dialektane.
Allereide i fortalen til Se Wsi Testamenti frå 1548 (merk svensk påverknad i tittelen "Det Nye Testamentet", finsk har ikkje bestemt artikkel, og i dag skriv dei Uusi Testamentti) slår Mikael Agricola fast prinsippa bak valet av skriftnormal:
"No til slutt; sjølv om det hos desse folka er mange språk eller taleslag, slik at kvar av lena endrar noko på talen, er likevel dette bispedømmet som er kalla Finland, som er mor til dei andre. For dei vart kristna først, og her i Åbo er også morskyrkje i lenet og bispestol og sete. Derfor er også her i det heilage nytestamentet det finske språket [dvs. dialekten i Eigentlege Finlands len, som er ein sørvestleg dialekt, T.T.] mest brukt. Og også av naud, fordi trongen har spurd etter det, er også dei andre språka, taleslaga og orda tatt inn her."[2]
Nauda var likevel ikkje sett på som særleg stor, for det er ikkje mange innslag frå andre dialektar i språket til Agricola.
Først i 1642 kom heile Bibelen på finsk, og alt i alt kom det fem utgåver av Bibelen i løpet av svensketida. Lovverket vart delvis omsett allereide på 1500-talet, og i 1648 kom alle landslovane på finsk. Også brukslyrikk og ordsamlingar vart til ein viss grad skrive, men det meste berre i manuskriptform. På slutten av 1600-talet var den svenske stormakta på sitt sterkaste, og ho sette i gang tiltak for å styrke statsmakta også internt i riket. Som Åbobispar gjekk kongen over til å utnemne svenskar, og kyrkja fekk pålegg om å innskrenke bruken av finsk. Som motreaksjon til dette oppstod det ved universitetet i Åbo ei profinsk rørsle, dei såkalla fennofilane. Fennofilane verka i pakt med filosofien i opplysningstida, og dei studerte finsk historie, geografi og språk, og skreiv finske ordbøker. For det meste publiserte dei likevel på latin.
Ein av fennofilane, Antti Lizelius, gav ut ei avis på finsk, men berre i eitt år (1776, med eit prøvenummer i 1775), opplaget var lite, folk var ikkje van med å lesa finsk. Den første svenskspråklege avisa kom i 1771, og ho heldt fram heilt til 1861. Den neste finskspråklege avisa som skulle komma var Beckers Turun Wiikko-Sanomat f.o.m. 1820.
Ved slutten av svensketida var det eit heterogent Finland som skulle bli ein del av Russland. Språkleg var svensk dominerande på andre felt enn religiøs og juridisk bruk ovafor einspråklege finnar. Det finske språket var sterkt påverka av svensk og germansk i det heile etter mange hundreår med svensk dominans, både når det gjaldt lydverk, bøyingsverk og setningsoppbygging.
Dei vestlege dialektane vart sett på som full av ufinske element, og som motvekt vende dei seg mot det reine språket, språket til folkediktinga, nemleg dei austlege dialektane. Becker hevda at no hadde den vestlege dominansen vart for lenge, no var det dei savolaksiske dialektane sin tur. Viss dei hadde vorte tatt meir omsyn til frå starten, ville alle finnar ha hatt mykje lettare for å forstå kvarandre. Den finske dialektinndelinga går fram av dette kartet:

Oversikt over dei finske dialektane slik dei var før 1940
Savolaksisk og søraustfinsk er austlege dialektar, dei andre er vestlege. Dei skraverte områda er svenskspråklege.
Det er vanleg å seie at dialektkrigen starta med ein artikkel skrive av Reinhold von Becker, i 2. nummer av avisa Turun Wiikko-Sanomat (Åbo vekeavis), 15. januar 1820, jfr. følgjande utdrag (heile artikkelen står i eit vedlegg til slutt):
"Finnane har, som andre folkeslag, mange taleslag. (...) Det er med ein gang klart at langs kysten, der dei ofte snakkar framande språk, og dit det allereide frå gammalt av har komme meir framandt folk, er den Finske tale meir broten og øydelagt, enn i dei midtre og bakre delane av Finland, der folka på staden ikkje har hatt så mykje å gjera med framandspråklege. (...)
Til stor skade for Finlands språk vart dei første finske bøkene skrive på dette veikare Strand-Finske språket, og dessutan la dei til uturvande bokstavar frå Svensk og Latin, som rota til det klåre språket vårt. (...) Mange har seinare følgt desse bøkene, og skrive Finsk på same måte, og vent seg til å skrive og lesa på ein annan måte, enn det som gode Finnar snakkar, og dei har også vent seg til å tru at det klåraste språket finn dei i bøkene. Ein kvar forstår at språket ikkje er fødd av bøkene, men bøkene fødast av språket, og at derfor må bøkene rettast etter språket og ikkje språket etter bøkene. (...) For å få ein fullstendigare kunnskap om Finskens bokstavar har eg, så mykje som tid og formue har tillate, reist Finland på kryss og tvers, og prøvd å finne talemåtane på kvar plass, og flittig granska dei, før eg har byrja å skrive eit slikt finsk, som vi finn i dette Vekebladet. Sjølv om det kanskje ikkje er til lags åt alle, og sjølv om eg så gjerne skulle gjera ein kvar landsmann til lags i denne saka, kan eg likevel ikkje vike av frå det, som eg har funne rett og godt. (...) Viss eg med dette arbeidet mitt kan hjelpe det Finske språket ut av det uføret og den rangsnudde stoda som det har hamna i, så er mitt innarste ønske oppfylt."
I og med at avisa var redigert på finsk, var språkforma i artiklane samtidig eit innlegg i det som skulle bli dialektkrigen. I Finsk grammatik frå 1824 utdjupa og systematiserte han synet sitt, sjølv om han allereide hadde fått så mykje motbør på ein del av framlegga sine at grammatikken er moderert samanlikna med det han gjekk inn for i 1920.
Artikkelen fekk straks fleire heftige kommentarar, framfor alt i det svenskspråklege tidsskriftet Mnemosyne, organ for Åboromantikarane (alle dei personane vi kjem inn på her reknast blant Åboromantikarane), det viktigaste forumet for ei borgarleg offentlegheit på den tida. Til saman vart det i 1820 publisert 14 innlegg i til saman 24 nummer, over til saman 66 sider, eller 1/6 av heile tidsskriftet. Meir varige innlegg vart etter kvart skrive i form av grammatikkar, også dei på svensk. Avgjerande innverknad fekk publiseringa av Kalevala i 1835, og frå og med grunnlegginga av det første professoratet i finsk språk ved universitetet i Helsingfors i 1850 var striden i realiteten over, og striden mellom finsk og svensk kunne byrje. Men før vi gå inn på striden må vi ta opp bakgrunnen til det framlegget som kom til å vekkje mest strid, nemleg å sløyfe bokstaven d.
Eit sentralt trekk i finsk grammatikk er den såkalla stadievekslinga, der visse konsonantar (lukkelydane) står i sterkt stadium i byrjinga av opne stavingar, men i svakt stadium dersom stavinga blir lukka av ei bøyingsending[3]. Stadievekslinga grip inn i heile det grammatiske systemet, 9 av 14 kasusendingar og 4 av 6 verbale personendingar gjev t.d. opphav til stadieveksling. Korkje systematisk lydveksling eller den grupperinga av konsonantar som vi finn i finsk er uvanleg, vi treng ikkje gå lenger enn til ein systematisk skilnad mellom norsk og dansk for å finne det same som vi finn som ei systematisk veksling internt i finsk. Soleis vekslar finsk tt (sterkt) med t (svakt) viss fleirtalsendinga -t lukkar endestavinga i ordet for `hatt': hattu : hatut. Det same ordet kan illustrere skilnaden mellom norsk og dansk (som er ein dialektskilnad og ikkje ein grammatisk skilnad): hatt : hat. Tabellen viser situasjonen slik han sannsynlegvis var i dei vestlege dialektane fram til finsk vart skriftfesta.
sterkt st. svakt st.Svakt stadium av / p / var / v / i alle dialektane. / ð, ¦ / vart representert i skrift som < dh, gh >. Som resultat av ei svensk ortografisk omlegging vart < dh, gh > til < d, g > både i svenske og finske tekstar (alle finske bøker vart trykt i Stockholm), mens svakt stadium av / t / i dialektane vart representert av Ø, h, v, j (i aust) eller ð, r, l (i vest). / ¦ / fall bort i nesten alle dialektane (men eksisterte framleis i eit par dialektar til langt innpå 1800-talet) og vart i praksis utelate i skrift allereide lenge før dialektkrigen, men / ð / stod sterkare og har eit par vestfinske dialektar halde seg heilt til våre dagar.
------------------------
pp tt kk ~ p t k
p t k ~ v ð ¦
------------------------
"norsk" "dansk"
Gottlund går rett på sak og tar opp Beckers utelating av < d >: "Tavastlendingar gjer om d til l og seier minä huulan, savolaksar gjer d til v og seier minä huuvan. Kva for ein av desse konsonantane skal vi ta inn i skriftspråket? Naturleg nok d, som slektar mest på t". Gottlund går inn for at Becker heller bør stoppe Vekebladet til han frå grammatikken sin ferdig.
Her ser vi ein parallell til metoden til Ivar Aasen: Sjølv om / d / ikkje fanst i nokon dialekt representerte han trass alt historisk sett ein / ð /, og han representerte for så vidt alle dei ulike variantane. Å bruke < d > kan vi dermed sjå på som ei aasensk tilnærming: Ei marginal form / ð / kan virke samlande for alle dei ulike variantane, og < d > får representere { Ø, ð, h, v, j, r, l }. Vi skal seinare sjå at Becker gir kritikarane rett på dette punktet.
Fenno forsvarar bokstavane < b, d, g, f, x, z >. < b > må vera der i ord som abba, rabbi, < f > er vanleg i kystdialektane [p.g.a. svensk språkkontakt, jfr. fläski , T.T.], < x, z > er forkortingar for < ks > og < ts > og gjer språket vakrare ( yxi, kaxi pro yksi, kaksi ). < d > må markere svakt stadium av t , utan < d > må vi i nokre tilfelle skrive < j >, i andre ingen ting, og viss vi skriv meiän, teiän, niien for meidän, teidän, niiden ser vi ikkje sambandet til meitä, teitä, niitä. < g > treng vi av same grunn. Å forfinske namn til Eurooppa, Afrikka er motbydeleg, og viser at Becker har gripe til merkelege løysingar.
Fennos generelle kritikk er likevel positiv. Det at det i det heile kjem ut ei finskspråkleg avis er slik ei storhending at han ikkje kan gjera anna enn ønske til lukke.
Men ikkje ein gong Beckers "Försvarare" forsvarer å fjerne < d >. Det viktigaste argumentet mot å fjerne < d > er at "alle formene i dialektane kan vi lett avleie av denne bokstaven". Dessutan er < d > for alle den klaraste og lettest forståelege løysinga, og det hindrar for mange vokalar i å komma etter kvarandre. Arwidsson avviser og at det skulle vera eit lån frå svensk, for "språk godtar aldri lydar som er i strid med språkets natur, sjølv om dei kan låne inn framande ord".
Arwidsson er i mot fleire enn ein konsonantar initialt. Rett nok er det nokre "förarbetade" (forderva) finnar som bruker dei, men dei kan og finne på å seie ikkje berre provasti, men sprovasti for rovasti (sv. prosti) [denne praksisen med hyperkorrekte former var og er framleis svært vanleg i Helsingfors-slang, T.T.].
Til slutt forsvarer han variasjon: Jo fleire språkformer som blir brukt, desto rikare og livlegare blir språket.
Den beste løysinga er nok det gamle bibelspråket, med ein del rettingar -- "om Herren likevel er den som skriv rett finsk". (M 1820 s.136).
"Viss dialektane delast inn etter korleis svakt stadium av t blir uttrykt, får vi Satakunta (d), Åbo (r), Tavastland (l) og Savolaks (bortfall). < d > må dermed bevarast i skriftspråket, men berre som svakt stadium av < t >, ikkje i allslags samanhengar , slik som tidlegare. "
Med andre ord, viss vi berre blir einige om å legge Satakunta-dialekten til grunn [dialekten i landskapet Satakunta, rundt Rauma, og eit stykkje inn i landet, T.T.], og elles følgjer rein finsk tale, vil vi nok bli i stand til å løyse problema med bruk av < k, g; t, d >, slik at resultatet blir eit språk med ein så sikker ortografi som ikkje mange folk har.
"Grunnen til dette er at det skriftspråket som er i ferd med å bli danna har ein ortografi som ligg svært nære den verkelege uttalen, utan at han av etymologiske grunnar er tvungen for langt bort. "
Kommentar: I denne merknaden ser vi ssv. korfor Arwidsson måtte leite med lys og lykt etter ein dialekt som hadde halde på [ d ], elles ville det ha brote med prinsippet hans om ein uttalenær ortografi. Sannsynlegvis var det likevel ikkje nokon [ d ] Arwidsson hadde hørt, men ein [ ð ].
ny bok- uttale uttale døme døme stavkomb. i vest i aust frå frå vestdial. austdial. tyding -------------------------------------------------------------- ca aa ua maa mua 'land' cä ää iä pää piä 'hovud' io ua uo nuari nuori 'ung'Dette framlegget blir ikkje tatt opp vidare i diskusjonen, men det kan stå som dokument over både viljen til eksperiment og over fridommen diskusjonsdeltakarane var viljuge til å gje dialektane[4].
Bokstavane < d, g > var det størst strid om. < g > vart ståande i sambandet < ng > for å markere [ ññ ], men forsvann som merke for svakt stadium av g. < d >, derimot, vart ståande som merke for svakt stadium av t. Allereide frå starten av 1821 tok Becker i bruk bokstaven < d > att. Den bortimot unisone kritikken på dette punktet hadde altså hatt verknad.
Eit fleirtal av debattantane gjekk i mot to konsonantar ordinitialt. Resultatet var da også at eldre svenske lånord blir skrive med ein konsonant (lasi, renki, likka for klasi, trenki, flikka ), mens nyare lånord har fått halde på konsonantkombinasjonane sine (presidentti, traktori ), sjølv om dei austlege dialektane uttaler også desse orda på finsk vis, med ein initial konsonant.
Morfologiske endringar (bortsett frå eit par merknader til genitiv pluralis) gjekk diskusjonen ikkje inn på. Diskusjonane tok opp eit par synlege symbolformer, og var ikkje dekkjande for språkendringane som var i ferd med å bli gjennomført. For å få ein eksplisitt diskusjon om dei må vi til grammatikkane.
"Vill man befrämja finska språkets odling och renhet i skrift, får dess förnämsta dialekters kännedom icke åsidosättas. (...) Vid jemförelse af hufvud-dialekterna utmärker sig den Savolaxiska, såsom den äldste eller såsom grunddialekt".
Dette kjem Becker fram til ved å vise at savolaksisk har meir diftongar enn vestfinsk, og ved at det har meir fullstendige endingar. Det siste er rett, dei vestfinske dialektane Becker hadde kjennskap til (dvs. sørvestfinsk) har meir apokope enn savolaksdialektane, dvs. dei er mindre konservativ. Men dei austfinske diftongane er resultat av diftongering av lange vokalar, så her er det dei vestfinske dialektane som har det mest konservative systemet.
På den eine sida gir Becker austfinsk (som eldste dialekt) forrang:
"Således synes Savolaxska dialekten äga företräde, då fråga är att uppsöka språkets ursprungliga grundljud, lynne och formella samt materiella tillgångar. äfvensom denna dialekt är i poesi tjenligare och mera nyttjad."
Tavastlendsk får vera med fordi den har skrifttradisjonen bak seg, sjølv om den "har fått en och annan missbildning" (s. VI). Løysinga bli dermed å kombinere dei to:
"Att man genom föreningen af det regelbundnaste och de särskildta tillgångarna i hufvuddialekterna skall komma till ett fullkomligare skriftspråk, är lätt att inse, och att en sådan förening låter värkställa sig, bevisas äfven genom de flere dialekt-sammansättningar, som i landet finnas."
s. LXff: "Eg har hørt det har vorte sagt at det beste språket finn vi i Bibelen. Det trur vi ikkje på! -- Skal vi så ha to skriftspråk? -- Ikkje to språk, men så mange språkformer som helst! (...) Dei gjer berre språket vårt rikare og meir fruktbart. (...) Mi meining er at vi har eitt finsk språk, (...) som delast inn i ulike målføre, slik vi har eitt land, som delar seg inn i fem len. (...) Kva rett har vi til å løfte opp eitt målføre og trykke ned dei andre? Alle finnar har jo like rettar og fridomar i det borgarlege livet, korfor skulle vi ikkje ha det i det lærde? (...) Dei som alltid meiner, at berre eitt målføre skal bli løfta opp til skriftspråk, er slike, som også i det borgarlege livet vil løfte ein stand til makta, og la dei andre stendene stå under denne eine. (...) Et har no tatt til å prøve ut savolakstalen -- la andre prøve ut andre. (...) Det er finsk alt i hop! Den dialekten vinn til slutt, som ikkje sparkar og trykker dei andre nede, men som er først blant dei andre i venleik og kraft, ikkje i noko anna."
s. LXIV: Mot dette seier mange: Skriftspråket må vera eitt! -- Nett slik, eit språk, men mange former. (...) Men det strir i mot språket vårt at ein skriv på anna vis enn ein talar, eller talar på anna vis enn ein snakkar.
s. LXIX: Eg sett fram berre ein lov: Skriv som du talar! og tal som du pratar ("kirjuta niin kuin puhutaan! ja puhu niin kuin hoastetaan!")
I Gottlund kjem politisk og språkleg radikalisme saman: I begge tilfelle vil han gå til rota, og bygge noko nytt (den mest markante radikalismen på det politiske området var at han ville opprette ein eigen stat for skogsfinnane i grensetraktene mellom Grue og Värmland). Han fekk ikkje tilhengarar til det ortofone prinsippet sitt, og heller ikkje til dei politiske ideane.
I 1859 kom den einaste nyutgåva av Bibelen frå tida under russisk styre, Antero Ingmans Koetus-Raamattu (Prøve-Bibel), han var sterkt prega av dialektkrigen, var dominert av austlege dialektar, og skifta og ut den bibelske faunaen med dyr som var meir kjent frå finske breiddegrader. Ingman kunne betre svensk enn finsk, og ein del av formene i Bibelen hans var og heimesnekra former som ikkje eksisterte i nokon dialekt. Alt dette vart for mykje både for folk og presteskap, utgåva vart ikkje godkjend og fekk lita utbreiing. Derimot vart det trykt store mengder biblar etter at Finland (først Åbo) fekk eit eige Bibelselskap, men Bibelen dei trykte opp var den gamle 1733-Bibelen. Ei ny bibelutgåve vart ikkje godkjent før i 1933. I praksis støtta kyrkja med andre ord ikkje austmennene i dialektkrigen. Men dei sette heller ikkje opp nokon aktiv motfront, slik som t.d. nyutgjevinga av Bibelen i ei ortografisk modernisert vestleg form ville ha vore.
| Fenomen | vest | aust | resultat | retning | eksempel | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Fonologi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| initial kons.gruppe (lån frå sv.) | K1K2| K2 | K2 | >A | (k)lasi
| Apokope | + | - | - | >A | kalas(sa)
| Morfofonologi
| Sv.stadium av t | Ø,r,l | Ø | d | =G | pata : padan
| sv.stadium av k i konteksten l/r __ e | j | Ø | j | >V | kuljen |
| Kasus |
| Inessiv på -ssA | -sa | -ssa | -ssa | >A | Suome-ssa |
| Genitiv pl. på pl.stamme | -in | -i-en | i-en | >A | kala-in ~ kalo-jen
| Partitiv etter stamme på -CV# | -ta | -a | -a | >A | omena-(t)a
| Akkusativ av pers.pron | -n | -t | -t | >A | minut / *minun
| Kongruensaffiks
| 3Px -nsa / -nsa men -Vn etter V | -nsa | -nsa/-Vn | -nsa/-Vn | >A | kalassaan (-nsa)
| Ordforråd
| store delar av det lærde ordforrådet forfinskast, ofte med austlege former | >A |
| | |||||||||||||||||||||||||
Dei morfononologiske endringane var gjennomgripande, og dermed viktige. Endringane i kasussuffiksa var marginale, det var eigentleg berre spørsmål om kort eller lang konsonant i -KV/-KKV -suffiks, og ein del variasjon i genitiv fleirtal og eit par tilfelle av partitiv eintal. Dei fleste kasusendingane fekk vera i fred. Sjølv om det i tabellen står at "store delar av det lærde ordforrådet" vart skifta ut, var det og svært mange av nylagingane og utskiftingane som ikkje slo gjennom.
For å finne ut om skriftfinsk er austleg eller vestleg må vi sjå på språket som heilheit og ikkje berre på endringane som kom i løpet av dialektkrigen. Som ein opptakt til ein slik studie har gått gjennom oversikta i Martti Rapola si Johdatus suomen murteisiin [Innføring i dei finske dialektane] og samanlikna dialektgruppene med skriftspråket. Av dei 17 viktigaste skilnadene han reknar opp mellom aust- og vestfinsk, har skriftspråket tatt 7 frå aust og 7 frå vest, i 2 tilfelle har skriftfinsk ei form vi ikkje finn i dialektane, og i det siste tilfellet har det vorte eit kompromiss, dvs. eit perfekt uavgjort. Lista med einskildtilfelle (av ordformer o.l.) kjem ut med 11-6 til fordel for vest. Slike teljingar er sjølvsagt svært problematiske, dei ulike målmerka er ikkje like frekvente eller like viktige. Viss vi går ut i frå at feilkjeldene er jamt fordelt mellom dei austlege og vestlege formene, er desse tala likevel ein sterk indikasjon på at resultatet verkeleg vart ein balanse mellom aust og vest.
Viss vi så tar eit diakront perspektiv ser vi at sjølv om det var mange endringar i overgangen frå gammal skriftfinsk til nyfinsk, var dei ikkje like store som endringane mellom t.d. gammalnorsk og nynorsk. Det er ikkje vanskeleg å lesa gammal skriftfinsk, i alle fall ikkje viss ein kan svensk og dermed forstår alle dei svenske lånorda som vart reinska ut på 1800-talet. Den største endringa kom med andre ord i ordforrådet. Dialektskilnadene var i utgangspunktet mindre enn for dei ulike skandinaviske dialektane, og mindre gjennomgripande. Sjølv om det var skilnader i kasusendingane, var dei aller fleste kasussuffiksa lik i alle dialektane. Av dei 5 suffiksa det var strid om fekk alle ei ny og austleg form, men den nye forma skilde seg ikkje så mykje frå den gamle (lang konsonant -ssa eller ikkje -sa), og det store fleirtalet av kasussuffiks (over 10) vart ståande uforandra.
Både syntaktiske og leksikalske endringar førte finsk bort frå svensk. Også her vart mykje verande som det var. Daglegdagse lånord vart tilpassa finsk lydlære og fekk bli i språket (lasi, katu, hana, kaali, paatti...), mens særleg abstrakte ord vart vraka til fordel for nylagingar eller omtolkingar av lite kjende dialektord[6]. Klare svenske trekk i finsk syntaks vart reinska ut, men helst i dei tilfella der dei ikkje hadde slått gjennom i folkespråket. Heile det finske systemet for samansette tidsformer (har, hadde kasta, vil kaste, osb.) er t.d. ein direkte kopi av svensk, utan at det er mogleg å "reinske det ut", det opprinnelege finskugriske systemet eksisterer ikkje lenger, og kan berre rekonstruerast på grunnlag av jamføring med slektspråka.
Resultatet er med andre ord eit kompromiss mellom ulike dialektar. Sjølv om allereide gammal skriftfinsk hadde trekk frå ulike dialektar (og veksla frå skribent til skribent), vart nyfinsk eit kompromiss mellom to dialektgrupper. I kompromisset tok noko ein noko frå aust og noko frå vest i dei tilfella der dialektane skilde seg frå kvarandre. Dermed er det i dag umogleg å avgjera om skriftfinsk er meir austleg eller meir vestleg.
* Får vi ikkje vera svenskar vil vi vera finnar og ikkje russarar[7]: Den nye politiske situasjonen med avkutta band til Sverige førte til eit behov for å legitimere seg som finske og avgrense seg frå det russiske og det nettopp gjennom det finske, ikkje det svenske. Denne finskheita kom berre til uttrykk hos folket, ikkje hos overklassa. Dermed måtte folkemålet spegle seg også i det finske skriftspråket.
* Åboromantikken. Alle deltakarane i diskusjonen var aktive i den såkalla Åboromantikken, ei retning som var påverka av og mykje godt identisk med dei romantiske tendensane i Tyskland og Sverige. Dei intellektuelle var så og seie programforplikta til å gå ut og finne folket, og folket snakka bokstavleg talt eit anna språk enn det dei gjorde. K.A.Gottlund har t.d. i ein lang fotnote ei personleg utgreiing om korfor han ikkje snakkar betre finsk enn han gjer, og korleis foreldra (Matias) sine forsøk på å lære han finsk (ved å gje han finskspråklege leikekameratar, osb.), ikkje fungerte.
* Austfinsk var "reinare" finsk enn vestfinsk: Den nye politisk situasjonen og den nasjonale vekkinga kravde revisjonar av skriftspråket. Dei vestlege dialektane vart sett på som fulle av ufinske element, og som motvekt vende reformatorane seg til det reine språket, språket til folkediktinga, dei austlege dialektane. Becker hevda at no hadde den vestlege dominansen vart for lenge, no var det dei savolaksiske dialektane sin tur. Viss dei hadde vorte tatt meir omsyn til frå starten, ville alle finnar ha hatt mykje lettare for å forstå kvarandre. Mange av dei vestfinske dialekttrekka Becker og dei andre vende seg bort frå, var lån frå svensk.
* Skriftspråket var for smalt. Ein grunn finn vi i det finske skriftspråket sjølv. Det hadde fjerna seg frå folkespråket ved berre å omhandle avgrensa område (mest religiøse emne), slik at det var mange omgrep i samfunnslivet det ikkje var finske ord for.
Korleis var det mogleg å endre finsk så mykje?
* Motkreftene mangla. Det var ingen overklasse med eigeninteresser i at deira språkvariant skulle halde fram som norm på det einaste rette, ganske enkelt fordi språket deira var svensk og ikkje finsk. Dei (svenskspråklege) konservative lot dialektkrigen rase, og såg i første omgang ikkje dette som nokon trussel. Da svensk langt seinare (på 1860- og 70-talet) tok til å sjå finsk som ein reell trussel (jamstillingsvedtaket kom i Finland allereide i 1863), søkte den finlandssvenske overklassa seg for første gang til sitt folk, til den finlandssvenske allmugen, for å legitimere seg.
Korfor vart ikkje finsk endra enno meir?
* Ei viktig konservativ kraft brukte finsk, nemleg kyrkja. Bibelspråket hadde tyngda frå tradisjonen på si side. Så vidt eg kan sjå deltok kyrkja likevel ikkje aktivt i debatten, og dei hadde dermed berre indirekte innverknad på utfallet ved at dei produserte den viktigaste finskspråklege teksten, Bibelen. Men den finskspråklege Bibelen og dei finskspråklege gudstenestene var for allmugen,
* Dei austfinske dialektane låg for langt unna maktas sentrum. Det økonomiske og administrative sentrum i Finland vart flytta frå Åbo til Helsingfors i løpet av denne tida. Åbos omland var dels svenskspråkleg og dels vestfinsk. Helsingfors sitt omland var reint svenskspråkleg, men dei næraste finske dialektane var vestfinske tavastlandske dialektar. Savolaks låg den gongen som no desidert utanfor maktas sentrum. Allereide diskusjonen i Mnemosyne hadde avdekt kor langt det var mogleg for Becker å komma.
Utfallet av striden er på eitt vis og det same: Både det finske og det norske skriftspråket står fram som det som eg i byrjinga karakteriserte som den tredje løysinga: Dei er bygd på fleire ulike dialektar, slik at resultatet ikkje blir snakka nokon stad, men heilskapen er representativ for summen av dialektane. Både Aasen og Becker hadde dette som eksplisitt mål, og i alle fall nokre av kritikarane deira var einige i dette målet og kritiserte arbeidet deira ut i frå om det oppfylte dette målet eller ikkje.
Utfallet av den neste striden, den mot kolonispråket, er og ulikt: I Finland vann dei, i Noreg fekk vi eit komplisert uavgjort. Etter å ha vunne over svensken kunne så det nyskapte finske standardspråket kaste seg over dialektane og trengje dei unna. Når dialektane i Noreg framleis står så sterkt, er det eit direkte resultat av at korkje nynorsk eller bokmål vann andre fase av språkstriden, slik at ingen av dei hadde styrke til å trengje unna dialektane.
Utanfor Finland kan vi dermed gjera følgjande generalisering: I dei område som vart finskspråklege før finsk slo gjennom som statsspråk frå og med hundreårsskiftet, står dei finske dialektane sterkt, både i tale og skrift (i den grad språket har overlevd). Dette gjeld Nord-Noreg og svensk Tornedalen. I dei områda som vart finskspråklege etter dette, står standardspråket sterkt. Dette gjeld sovjetisk Karelen (der finsk vart tatt i bruk som skriftspråk på 30-talet, det gjeld innvandrarmiljøa i Sverige, USA, Kanada og Australia. Dette er nok eit teikn på at resultatet av dialektkrigen ikkje var ein siger for dialektane, men ein språksituasjon der eit skriftspråk med røter i alle dialektane utnytta posisjonen sin som einerådande normal til å fortrengje dei.
Gottlund, Kaarle Aksel 1831: Otava eli suomalaisia huvituksia. [Karlsvogna eller finsk tidtrøyte]. I Osa. Tukhulmissa: M.G.Lundbergin Kirja-pajsssa.
Häkkinen, Kaisa 1994: Agricolasta nykykieleen : suomen kirjakielen historia. [Frå Agricola til moderne språk : det finske skriftspråkets historie.] Helsinki: WSOY.
Impivaara, Heikki 1914: Turun Wiikko-Sanomain Aiheuttama kiista suomen oikeinkirjoituksesta ja A.I.Arwidssonin osallistus siihen. [Striden om finsk rettskriving forårsaka av Turun Wiikko-Sanomat og A.I.Arwidssons deltaking i den.] Virittäjä.
Koivusalo, Esko 1975: Fennofiilien murrekiista. [Dei fennofiles dialektstrid]. Suomi 117:3. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura.
Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language Studies in Finland 1828-1918. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica.
Lehikoinen, Laila og Silva Kiuru 1991: Kirjasuomen kehitys. [Utviklinga av skriftfinsk.] Helsinki: Helsingin yliopiston suomen kielen laitos.
Lind, John 1989: Mellem "venska" og "vinska". Finsk fra almuesprog til statsbærende kultursprog. København: Finsk afdelings skrifter nr. 3.
Pulkkinen, Paavo 1972: Nykysuomen kehitys. Katsaus 1800- ja 1900-luvun kirjakieleen ja tekstinäytteitä. [Nyfinskens utvikling. Oversikt over 1800- og 1900-talets sktiftspråk med tekstprøver.] Tietolipas 72. Jyväskylä.
Rapola, Martti 1956: Murteiden taistelu - mitä se oli, ja mitä se ei ollut. [Dialektanes krig - kva det var, og kva det ikkje var.] Kalevalaseuran vuosikirja 36. Porvoo.
Rapola, Martti 1962: Vanha kirjasuomi. [Gammal skriftfinsk.] Tietolipas 1.Helsinki: SKS.
Wiik, Kalevi 1989-90: Suomen kielen morfofonologian historia : nominien taivutus. [Det finske språkets morfofonologis historie : nomenbøying.] 2: 1820-1845. Turku:
Suomen kielelle suureks wahingoks kirjotettiin ensimmäiset suomalaiset kirjat tällä kehnommalla Ranta-Suomalaisten kielellä, johon päälle pääteeks tungettiin Ruotista ja Latinasta liikoja puukstawia, jotka sokaisiwat meiän selkeän kielemme. Ja waikka näitä kirjoja sitten, Esiwallan käskein, johonkuhun määrään murteista puhistettiin, niin jäi wielä paljon parantamata. Moni on sen jälkeen, näitä kirjona seuraten, kirjottanut Suomea samalla tawalla, ja tottunut ei ainoastaan kirjottamaan ja lukemaan toisin, kuin selwät Suomalaiset puhuuwat, muttä myöskin uskomaan että kirjoissa löytyy kaikkiin selwin kieli. Jokainen ymmärtää kuitenkin ettei kielen synty ole kirjoista, mut kirjoin synty kielestä, ja että sentähen kirjat pitää kielen jälkeen korjattaman, ei kieli kirjoin jälkeen. Ne Ruotsista Suomen kieleen tungetut liiat puukstawit, joit' ei Umpi-Suomalainen taia ensinkään oikein ulospuhua, haittawat ja hämmentääwät häntä, sekä kirjoittaissa että lukiessa: jonka asian esimerkiks tällä kertaa ainoastaan tahon mainita että Suomalaiset usein kirjoittaawat: deitä, dulee, kuin pitäisi kirjoitettaman teitä, tulee. Näistä Suomen kieltä sortawista puukstawit olen minä tahtonut puhistaa suomalaisen kirjoituksen. Täyellisempätä tietoa Suomen kielestä saahakseni olen minä, niin paljon kuin warani ja aikani tähän asti owat myöten antaneet, Suomen maata ristiin rastiin matkustellen, kokenut tieustella joka maan paikan puheen-parren, ja ahkerasti tutkia ne samat, ennen kuin minä aloin kirjottaa tälläistä Suomea, kuin näissä Wiikko-Sanomissa löytyy. Waikka se ehk' ei ole kaikkein mielestä, ja waikka minä kernaasti tahtosin joka maan-mieheni mieltä tässä asiassa nouattaa, niin en taia minä kuitenkaan poiketa siitä, minkä mä olen oikeeks ja paraammaksi hawainnut. Minä olen myös pyytänyt sanoa joka asian Suomalaisten omilla puheen-parsilla, niin paljon kuin olen taitanut, ettei kirjotukseni - niin kuin usein tapahtuu Herrojen Suomea kirjottaissa - tuntusi Ruotsista kää[nne]tylle. Jos minä tällä ahkeroimisellani tajan wähänkin autta Suomenkieltä siitä huonosta tilasta ja ylönkahteesta, johon se on joutunut, niin on rakkahin toiwoni täytetty.
Finnane har, som andre folkeslag, mange taleslag. På ulikt vis snakkar Savolaksar og Karelar, på ulikt vis Tavastlendar, og slik er det og for dei andre landsmennene våre: - sjeldan er det Sokn, som ikkje har ein eller annan særskild talemåte. Kvar og ein trur inderleg at talen på hans eigen heimplass er betre enn dei andre: men berre den kan vita og seie best, kor det greiaste språket fins, som har vorte kjent med taleslaga alle stader, og har, utan å halde meir med den eine enn den andre, granska dei alle. Det er med ein gang klart at langs kysten, der dei ofte snakkar framande språk, og dit det allereide frå gammalt av har komme meir framandt folk, er den Finske tale meir broten og øydelagt, enn i dei midtre og bakre delane av Finland, der folka på staden ikkje har hatt så mykje å gjera med framandspråklege. Det er og slik, at i desse sistnemde stadene snakkar man eit meir fullstendig språk og at i talen til dei som bur der finn ein slike ordtak som joit` ei laula kaikki lapset, eikä pojat puolinkana. (Derimot er Landet vårt sitt språk frå Fredrikshamn og langs kysten heilt til nordsida av Bjørneborgs by veikare, nettopp av den grunn, at i desse kysttraktene høgg dei dei siste bokstavane av orda, slik som i det Estiske språket, og derfrå er vel denne vanen kommen til Finlands kystar i lag med nykommarar for lenge sidan.
Til stor skade for Finlands språk vart dei første finske bøkene skrive på dette veikare Strand-Finske språket, og dessutan la dei til uturvande bokstavar frå Svensk og Latin, som rota til det klåre språket vårt. Ja sjølv om desse bøkene seinare, etter ordre frå Øvrigheita, til ein viss grad vart reinsa for desse målføra, vart det att mykje ubøtt. Mange har seinare følgt desse bøkene, og skrive Finsk på same måte, og vent seg til å skrive og lesa på en annan måte, enn det som gode Finnar snakkar, og dei har også vent seg til å tru at det klåraste språket finn dei i bøkene. Ein kvar forstår at språket ikkje er fødd av bøkene, men bøkene fødest av språket, og at derfor må bøkene rettast etter språket og ikkje språket etter bøkene. Dei bokstavane som er stappa inn i språket vårt frå Svensk, og som ein Finne ikkje klarar å uttale beintfram, hindrar og forvirrar han, både i skriving og lesing, som eit døme kan eg berre nemne at Finnane ofte skriv deitä, dulee, når dei bør skrive teitä, tulee. Desse avvikande bokstavane har eg prøvd å reinse ut av den finske skrivemåten. For å få ein fullstendigare kunnskap om Finskens bokstavar har eg, så mykje som tid og formue har tillate, reist Finland på kryss og tvers, og prøvd å finne talemåtane på kvar plass, og flittig granska dei, før eg har byrja å skrive eit slikt finsk, som vi finn i dette Vekebladet. Sjølv om det kanskje ikkje er til lags åt alle, og sjølv om eg så gjerne skulle gjera ein kvar landsmann til lags i denne saka, kan eg likevel ikkje vike av frå det, som eg har funne rett og godt. Eg har og prøvd å seie kvar sak med Finnanes eigne talemåtar, så mykje som eg har vore i stand til, slik at skriftene mine ikkje skulle kjennest som om dei skulle vore omsett frå Svensk. Viss eg med dette arbeidet mit kan hjelpe det Finske språket ut av det uføret og rangsnudde stoda som det har hamna i, så er mitt innarste ønske oppfylt.