Lillehammerske og aasenske nasjonalismar


Lillehammerske og aasenske nasjonalismar

Trond Trosterud, Tromsø

Mai 1998

Dette er ein artikkel om to ulike former for ny-norsk nasjonalisme, den lillehammerske, med kubjøller, telemarkski og furumøbeltyranni, og den aasenske, med løftet om neste år i eit norsk Noreg. I spenninga mellom Lillehammer og Volda går dei ulike nasjonalistane inn i eit nytt fin-de-siècle, men denne gangen gir dei to gruppene ulike svar på spørsmål knytt til konsesjonslovar, unionismen, distriktspolitikk, internasjonalisme og nynorsk. Vi ser ein ny og tydeleg nasjonalromantikk, og spør om målrørsla har eit godt alternativ i kampen om den norske identiteten.

Innleiing

Utvandraren kjem heim, til heimstaden som ikkje lenger eksisterer. Norskamerikanaren på besøk i det ein gang så førindustrielle gamellandet, finnar på veg heim att frå Sverige etter 30 år på andre sida av Østersjøen. Felles for desse er at den moderne tida hadde innhenta heimstaden deira, det var ikkje noko "heim" å komma heim til.Sjølv utvandra eg i 1989, og da eg noko motviljug kom heim 6 år seinare var det eit anna og framand Noreg eg såg, men knapt eit meir moderne. Eg såg eit folk samla rundt eit nygammalt sett nasjonale verdiar: I møbelforretningane var det umogleg å få om så ei knaggrekke som ikkje var i luta furu med utskjeringar (eg vandra kvilelaust frå butikk til butikk!), holmenkollås-ungdommen gjekk på ski som var dei Sondre Nordheim, brukte vømmøl-klede og vømmølryggsekkar. No i påska var Kvikk-Lunsjen utseld på Shellstasjonen. Vi skal vera norske, og vi skal vera det på same måten alle saman. Eg hadde møtt mitt Lillehammer.
Kva har så dette for meg uventa fenomenet med det faktum å gjøra at Noreg er eitt av dei mange landa i verda som framleis har eit uløyst nasjonalt spørsmål, ein språkstrid som har halde på i over 150 år? Fint lite, ser det ut til. For mange framstår språksituasjonen i Noreg som eit val mellom norsk og nynorsk, dvs. som eit enkelt val.

Den nasjonale identiteten veks opp av lommeboka

Vi har altså noko overraskande fått eit nytt nasjonalistisk straumdrag i Noreg dei siste ti åra. Det er typisk norsk å vera god, som det så presist er formulert av ein leiande ideolog frå denne perioden. Korfor? Etter mitt syn ligg svaret snublande nær: Noreg har, både som stat og som kollektiv, vorte svært mykje rikare dei siste 10-20 åra. Dette slår attende på den kollektive sjølvkjensla. Vi står ikkje med nisselua i handa og føler oss små lenger, men har vorte både sjølvsikre og sjølvgode. Parallellen til USA er openberr. Som verdas leiande stat i eit halvt hundreår viser amerikanarane nett denne sjarmerande blandinga av sjølvsikkerheit og sjølvgodheit. Dei er sikker på at dei er best, og svært ofte har dei faktisk rett. Dei tør stole på sine eigne idear, og dei får det til. Når Noreg no etter oljeeventyret har peng i banken, smittar dette over på folk si forståing av seg sjølv. Lillehammer-OL kom og til rett tid: Rett etter ei unasjonalt orientert jappetid, med klart samband attende til ei uskuldstid for nasjonen (Oslo 1952, nikkers, topplue).
Alle her i landet har ikkje same forholdet til den nasjonale identiteten sin. Her ser eg eit merkeleg misforhold mellom byelite of resten av folket, og innafor kvar gruppe ser det ut til at dei intellektuelle er i utakt med si eiga gruppe (kanskje dei intellektuelle liker å vera i utakt):

Ideologiprodusentar

Anna folk

Byeliten

anti-nasjonalistar

lillehammernasjonalistar

Resten av folket

nasjonalistar

mykje rart, ikkje så nasjonalistisk

Antinasjonalistane har to strategiar: Dei skuldar alle slags nasjonalistar både for sjåvinisme og for nostalgi. Det første er det fort gjort å avfeie: Det heile er ei misforståing. Nasjonalisme har ingenting med sjåvinisme å gjøra. Tvert i mot fjernar vi oss frå nasjonalismen når retten for ein nasjon til å utfalde seg betyr at ein annan ikkje skal få dei same rettane. Høgreregel i trafikken har vi berre så lenge han gjeld for alle. Gjeld det berre for meg er det ingen høgreregel lenger, men ein forkjørsveg. Slik er det med nasjonalismen og. At nasjonalisme kan slå over i sjåvinisme er ei anna sak, som vi kjem attende til. Den andre innvendinga er verre. Her hevdar kritikarane at nasjonalistane er nostalgikarar som drøymer seg attende til uskuldstida, som ein slags Hamsun som propaganderer for det førmoderne samfunnet. Dette paradiset finst ikkje, hevdar antinasjonalistane: Det blir oppløyst nedanifrå, ved at samfunnet ikkje er (og ikkje var) etnisk homogent, og ovanfrå, ved at først den moderne "nasjonal"staten og deretter den globale kulturen tar over. Men etnisk pluralisme i seg sjølv er ikkje noko problem for nasjonalisten, det er berre problematisk i den augeblinken nasjonalismen slår over i sjåvinisme, og alle i Noreg skal vera like Gode Nordmenn.

Men korfor akkurat lillehammerisme?

OK: Pengar har vi. Staten Noreg og visse sosialt og geografisk nøye utvalde delar av folket er søkkrike, vi andre har det etter måten bra vi og, i alle fall viss vi ikkje hoppa på bustadkarusellen i feil sving. Det gjekk bra i Nagano, og i det heile tatt: Spør ein tilfeldig utlending i Noreg, og ho vil fortelje deg at den norske nasjonalkjensla er noko av det nasjonalaste nasjonalkjensla ho har sett, og at denne kjensla berre blir sterkare og sterkare. At dette skulle gje seg utslag i ei dyrking av gamle og tildels nyoppfunne (helleristingane) nasjonale symbol var ikkje sjølvsagt. Vi kunne ha fått ei dyrking av Noreg bygd rundt den høgteknologiske oljeingeniøren som det ypparste norskdomssymbolet, noko som elles ville ha vore heilt på sin plass.
Mykje talar likevel for Sondre Nordheim, og mykje mot ingeniøren. La oss ta det etter tur. For det første har det norske folket eit positivt forhold til den nasjonalistiske ideologien bak staten Noreg. Kvar generasjon har hatt sin store nasjonale strid heilt sidan nasjonalismen vart oppfunne for snart 200 år sidan (1830 - 1850/60 - 1884 - 1905 - 1940/45 - 1972 - 1993), og kvar gang har nasjonalistane vunne, og taparane vorte parkert på historias sidespor eller komme attende med ny nasjonalistisk ideologi. Som koloni har Noreg hatt ein radikal nasjonalisme, der alliansen mellom motstandarane av svenskekongen og tilhengarane av parlamentarismen har halde seg like sterk heilt fram til 1993. For det andre har vi aldri hatt nokon sterk modernistisk identitet, ut over sykliske straumdrag i arkitektur og mote (med sosialdemokratiske framtidsoptimistiske ingeniørar i tiåra etter krigen som unnatak). Noreg har djupast sett aldri vorte eit industrialisert land. Vi tok steget frå bondesamfunnet rett inn i eit samfunn av fergemenn og råvareeksportørar, enten råvara no var fisk, elkraft i aluminiumsform eller olje og gass.
Dermed er det som venta når vi hentar dei nasjonale symbola frå tida før det moderne samfunnet. Industribasert "nasjonalisme" av typen proteksjonisme og "kjøp norsk"-kampanjer har aldri har stått sterkt her til lands, i og med at det ikkje har vore nokon industri å beskytte. Samtidig med at eg i Finland kjøpte meg finsk vaskemaskin i staden for AEG etter ei svært målretta kampanje for nett inhemska vaskemaskiner (der ser de, vi har ikkje ein gong eit eige ord for det!), vart Lundteigen i Noreg erklært som bortimot sinnslidande fordi han foreslo at Noreg skulle produsere vaskemaskiner sjølv. Finland finn og nasjonale symbol i moderne funkisinspirert kunsthandtverk, og i høgteknologi. Det er ikkje berre det at dei har det, men dei identifiserer seg med det og. Oss identifiserer dei med olja. Det er ikkje noko rart det går så bra i Nagano, seier dei, de som har så mykje oljepengar å talentutvikle for. Vi her heime snakkar helst ikkje om olja, vi finn identiteten vår i kubjøllene.

Lillehammerisme er meir enn berre idrettspatriotisme

Eg vil her streke under at det karakteristiske med lillehammerismen ikkje er identifiseringa med idrettsperstasjonar. Alle statar som har råd til det bruker eliteidrett for å legitimere eiga statsdanning ovafor folket. Store pengesatsingar på toppidrett er ei god investering, når ein tenker på alternativet: eit folk som ikkje identifiserer seg med statsdanninga, og som derfor heller ikkje godtar det staten bestemmer utan bruk av tvang. Det spesielle med lillehammerismen er ikkje idrettspatriotismen, men den eksklusivt nasjonale forma han har fått. Drillos er populær på ein heilt anna og ikkje særeigen norsk måte. Som folk er vi stolte av Drillos, over at "vi" er like gode som dei andre, men korkje fotballspelet eller forma jublen tar her ein form som har noko med Noreg å gjøra. Oooo-lee, o-lee, o-lee, o-lee, for å seie det slik.

Nasjonalisme som forsvar

1905 ligg allereide bak oss, no er det EU som sett sjølvråderett på dagsorden. Svært mange av telemarkkjørarane var for EU, og det ser heller ikkje ut til å ha vore nokon samanheng mellom standpunkt i EU-striden og talet på OL-kubjøller i skåpet heime. Likevel er Noreg det einaste landet som har sagt nei til EU to gonger, og etter mitt syn er det ein samanheng mellom ideologi og politikk her. Som tidlegare koloni har Noreg ein radikal nasjonalismetradisjon, som venstresida og har identifisert seg med. Framveksten av nasjonale lillehammeristiske symbol gjekk ikkje direkte inn i den politiske striden, men det ser ut som om at da det braka laus var det EU-motstandarane som var i stand til å dra politiske vekslar på desse symbola. Trua på eigne symbol og eigen identitet førte til at vi våga å vurdere alternativa til medlemskap.
EU-tilhengarane sin argumentasjon var basert på kritikk av motstandarane heller enn på forsvar av unionen. Ein ting er at det i seg sjølv verka litt suspekt når dei aldri presenterte unionen sin, men rett etter Lillehammer må det og ha vore svært vanskeleg å kritisere motstandarane for å ha Noreg som alternativ. Dermed hadde EU-motstandarane overtak på begge områda: Dei var aleine om informasjon om sjølve EU, og dei vart ikkje reelt utfordra på den nasjonale identiteten. Det som stod att for ja-sida v ar dermed primitive hat-kampanjar mot Anne Enger Lahnstein og trugsmål om kva som skjer Viss Vi Ikkje Blir Med I Europa. Så sjølv om lillehammeristane korkje oppfatta seg sjølv eller vart oppfatta av andre som politiske på noko vis, var dei likevel med og utvida rammene for politiske tenking.

Nasjonalisme som sjåvinisme

Men ikkje heile den nasjonale venstresida er mot EU. Eg kjenner lingvistar som er for EU og mot "nasjonal"staten, nettopp fordi det ikkje er nok statleg futt i EU. Der den fleirnasjonale staten tynar minoritetane sine har EU minoritetar og regionar som allierte i kampen mot "nasjonal"statane sine, og EU-æraen har heilt klart vore positiv for irsk, baskisk, bretonsk, osb (både for språk og for folk). Den norske staten, derimot, var det futt nok i, og i store delar av dette hundreåret var aktiv avlæring av samisk og finsk kombinert med norsk einspråklegheit høgt prioriterte mål (Vadsø fekk radiosendar som nr. to etter Marienlyst, Finnmarksskolar vart bygd ut, jord gjeve berre til norskspråklege, osb.). Denne striden er langt i frå over, verken for samar, kvenar, eller nyinnvandrarar, men fornorskarane står langt i frå kva dei standunkta dei hadde. Takk vera den radikale nasjonalismetradisjonen dei er ein del av har korkje målrørsla eller venstresida meir allment støtta opp om fornorskingspolitikken (med visse unnatak), tvert i mot er det i Noreg dei minst nasjonale som har vore dei ivrigaste fornorskarane (vel og fordi det er dei som har administrert heile butikken). Den viktigaste språk- og kulturundertrykkaren er likevel moderniseringsprosessen, dei siste hundreåras overgong frå lokalsamfunn i naturalhushald til integrert pengeøkonomi, frå Gemeinschaft til Gesellschaft. Der integreringa skjer til ein stat der ein nasjon har monopol på statsdanninga, får vi sjåvinisme. Alternativet til monokulturell og einspråkleg modernisering er fleirspråklegheit og toleranse, men for å oppnå det kan ikkje staten identifisere seg med nasjonen. Slik sett har dei EU-venlege lingvistvennene mine rett, og så lenge det er EU og ikkje medlemsstatane som er leiande kraft i minoritetspolitikken, vil dei nasjonale minoritetane nok ofre den parlamentarismen dei hadde i sin eigen stat og gå inn for EU i staden.

Det nasjonale og språkspørsmålet

I koloniar er det radikalt å vera nasjonal, fordi overklasssa er eit imperialistisk kompradorborgarskap. I kolonimakter og fleirnasjonale statar er det fort gjort å vera reaksjonær som nasjonal, fordi den nasjonale overklassa er sjåvinistisk-nasjonal. Så målfolk har på ein måte ikkje noko val: Å slåss for nynorsk er automatisk å slåss mot bokmål, og dermed også mot språkleg undertrykking i Noreg. Ein eventuell siger for målreisinga i nær eller fjern framtid vil fjerne denne sideeffekten, i og med at overklassa vil gå over til nynorsk. Dette talar ikkje mot nynorsk som einaste riksmål i landet, tvert i mot. Sjølv om det er mykje positivt i den tospråkssituasjonen vi har i dag, er det positive meir eit produkt av målstriden enn av tospråkssituasjonen i seg sjølv. Til spørsmålet om kor ille bokmål er som språkleg uttrykk for det norske vil eg seie dette: I seg sjølv kunne vi språkleg sett godt ha hatt eitt skandinavisk skriftspråk, særleg viss det hadde vorte laga etter aasenske prinsipp. Når vi ikkje har det har det fleire grunnar: For det første var dansk alt anna enn konstruert på aasensk vis, det var tvert i mot grunnlagt på ein underdialekt av ein av dei mest moderne skandinaviske dialektane, lite eigna til å samle skandinavane. For det andre var nasjonale identiteten i Noreg (som i Danmark og Sverige) og så sterk at det vart målstrid av det.
Eit sentralt spørsmål for norsk målstriden er om han er ein ein nasjonal strid lenger. To faktorar talar i mot: Fram til krigen hadde det norske samfunnet to store uløyste konfliktar, språkspørsmålet og klassespørsmålet. Folk flest såg det slik at vi hadde to klasser (overklasse og arbeidarar/bønder/fiskarar), og to språk (norsk og dansk). Etter krigen vart dette snudd opp-ned. Vi hadde samla oss mot ein felles fiende, og det var duka for klassesamarbeid og samling rundt bokmål. Sjølv om både klassedelinga og språkskiljet etter krigen var like djupe som før, var kjensla av å vera i same båt sterkare. Noregs Mållag sitt krav om full overgong til nynorsk i heile statsapparatet i høve 500-årsjubileet for 1448 (endeleg fri frå Danmark) verka sannsynlegvis like formalistisk-patetisk som det gjør i dag.
På ein måte arbeider tida mot målrørsla: Det moderne samfunnet gir oss smått om senn ei bokmålifisering av folket, der skriftspråket tar hemn: Mange lærer å snakke (og får som morsmål) ein talt variant av bokmål. Resten av oss blir fleirspråklege: Vi kan "snakke bokmål", og gjør det viss vi vil eller må. (Berre prøv å snakk med ein norskstudent frå Praha, som berre har lært bokmål og rett og slett ikkje forstår noko anna.) Det aasenske prosjektet var med andre ord viktigare før hamskiftet og moderniseringa enn det er i dag.
Skal vi dermed gje opp målstriden? Nei, sjølvsagt ikkje. For det første har det norske folket eit luksusproblem: Vi kan skrive bokmål, men vi kan og skrive nynorsk, og avstanden frå talemålet på t.d. Oslo vest til nynorsk er kortare enn avstanden frå talemålet til nynorsk for ein frå Indre Sogn. Sogningen klarer seg bra ned nynorsk, språkleg sett kan også alle andre gjøra det same. Prisen vi vinn er eitt skriftspråk til eitt sett av innbyrdes forståelege dialektar, eit mål vi sett opp for alle andre språksamfunn, og vel dermed også for vårt eige? Eg gjør det i alle fall. Problemet med bokmålet er snarare at det har vorte fanga av sitt eige spel: Dei reformistiske "nystaverne" sine riksmålske dobbelformer for å denne opp for nasjonalismen i 1905 førte til dobbelt sett med ordformer, etter ein komplisert verdiakse, med norskdom og fjøs på minussida og urban dansk på plussida. Jfr. ulike stilvurderingar av ordformene ren og rein:

substantivet

adjektivet

positiv

ren

ren

nøytral

rein

ren

negativ

rein

rein

For den ikkjedanske rurale tydinga (Renntier) er den norske forma nøytral, for det religiøse ikkjenorske (sauber) er den danske forma nøytral. Dette er ikkje eit skriftspråk å leva med. Rettare: Det som er ille er ikkje skriftspråket, men haldningane som er innebygd i det.

Nynorsk og minoritetane i dag

I 1879 kom det overraskande talmålsvedtaket, der eit samrøystes storting gjekk inn for undervisning "paa Børnenes eget Talesprog". Dette vedtaket galdt ikkje dei nasjonale minoritetane. Her har nynorsken ei spesiell rolle: Det er sidemålet (dvs. nynorsk) som blir ofra på timeplanen når minoritetar skal ha morsmålsopplæring. Seinare, når det er opptaktsprøve til diverse utdanningsinstitusjonar, er det krav om nynorskkunnskap, og vips har vi ein etnisk silingsmekanisme fiks ferdig. To konklusjonar gir seg sjølv for lesarane av desse linene: a. Slik vil vi ikkje ha det, b. løysinga er ikkje å kutte ut kravet om nynorsk til opptaksprøva til lærarhøgskolen. Det å kunne norsk inneber både å forstå alle dialektane og å forstå svensk og dansk. Ein av dei viktigaste grunnane til å gje nynorskopplæring til alle er at nynorsk er ein sentral del av det å kunne norsk, også for dei som har bokmål som hovudmål. At vi ikkje vil ha etnisk siling treng eg ikkje argumentere for, desto større grunn er det og til å ta dette spørsmålet på alvor.

Nynorsk og engelsk

Det er, særleg blant progressive bokmålsfolk, ein tendens til å invitere til "fred", til å seie at no er det kampen mot engelsk som er viktig, no gløymer vi dette med nynorsk og bokmål. Desse to tinga heng ikkje saman, men Det norske språkskiftet til engelsk skjer langs to vegar, plutseleg og gradvis. Plutseleg skifte inneber domenetap, slik som sangtekstar, viktskaplege artiklar, programmeringsspråk, det gradvise skiftet skjer ved at norsk får så mange lånord at det som utlending blir umogleg å forstå norsk utan samtidig å kunne engelsk. Det plutselege skiftet er det vanskeleg å verge seg mot, i og med at det m.a. kjem fordi vi snakkar med fleire enn før, orda våre når lenger ut, men kampen mot det gradvise språkskiftet heng tett saman med målstriden.
Låning av ord er verken nytt eller skadeleg. Det som er spesielt med stoda i dag er at alle i t.d. Noreg etterkvart kan engelsk. Eit kvart engelsk ord er dermed ein potensiell del av det norske ordforrådet. Eit parallelt tilfelle har vi i det tidlegare Sovjetunionen. Her var alle språka i prinsippet likestilt, men alle skulle lære russisk. Etter ein periode med nylaging av ord gjekk politikken etter krigen over til å bruke dei russiske orda for alle nyord, slik at det vart bortimot mogleg for russiskepsråklege å lesa tekstar på minoritetsspråka, og tilsvarande umogleg å lesa for dei (eldre) minoritetsspråkbrukarane som ikkje kunne russisk. Norsk nasjonalkjensle er ufatteleg mykje sterkare enn den dei fleste minoritetane i Russland har, og det norske statsapparatet tilsvarande meir autonomt. Men allereide i dag har vi komme så langt at også norske tekstar er vanskelege å forstå utan engelskkunnskapar, i og med at spontanlån blir meir og meir vanleg.
Noreg har eit dårleg utgangspunkt i kampen mot ei utskifting av ordforrådet. Den norske purismen oppstod samtidig med den finske og islandske, som del av den politiske nasjonalromantikken. Men den norske purismen vart kanalisert inn i nynorsken, noko som vart eit sidespor. I og med at vi ikkje hadde nasjonale grunnar til å ta i bruk bokmål, kunne bokmål heller ikkje mobilisere for purisme med språklege argument. Derfor lågtyska, franska og engelska bokmålet seg i veg, mens dei praktiske puristane laga nyord for nynorsk. Ulikt stoda i Finland og på Island var det ikkje nynorsk som tok over, bokmål fekk halde fram i fred for puristane, og i dag tar nynorsken inn orda frå bokmål i staden. Om lillehammerismen kan gje folket det medvitet som trengst for å få gjennomslag for språkråkt vil vise seg, men det er kanskje eit teikn at der den halvgamle idretten curling framleis heiter curling, ser det ut til at halfpipe endar opp som snørenne. Her gjeld det å ri to hestar på ein gong: Mobilisere heile folket mot engelsk, og samtidig halde fram med arbeidet for bokmål. Eit av dei verkeleg gode argumenta for nynorsk no når den engelske språkimperialismen kvessar seg til er at nynorsk, som finsk og islandsk har nasjonal identitiet nok til å stå i mot presset.

Lillehammerismen og det norske i tida framover

Den ytre lillehammerismen vil nok bli avgrensa til skisporet og PC-skatolla i luta furu. Men sjølv om platåskoa og slengbuksene tar over for Bergans raudgule city-anorakkar i bybiletet, har norsk sjølvmedvit fått seg ei solid vitamininnsprøuting, på godt og vondt. Vi er enno meir overtydd om at vi er best. Denne sjølvkjensla, kombinert med statlege oljekroner, vil gje gode resultat i idrett og forsking i tida framover. Den radikale tradisjonen norsk nasjonalisme inngår i vil forhåpentlegvis hindre han i å gå over i sjåvinisme ut over det amerikanskinspirerte "vi-er-best"-surret, og målrørsla må som del av denne radikale nasjonalismen argumentere hardt og tydeleg mot sjåvinisme. Kampen om engelsk i norsk kjem til å tilspisse seg, etterkvart som vil får sovjetiske tilstander. I arbeidet for nynorsk trur eg det nasjonale kjem til å bli viktigare, som svar på at nasajonalstaten blir svekka. Da må målrørsla vera der, med nok ein grunn til å gå inn for nynorsk, i tillegg til alle dei andre.