Formen skal være Een - men hvilken?

Om nynorsknormalen

av Trond Trosterud, Tromsø

Innleiing

Korleis nynorsken skal sjå ut er eit aktuelt tema for tida, m.a. fordi språkrådet held på med ein revisjon av rettskrivingsnormalane. I målrørsla blir no lydleg valfridom, klammeformer i bøyingslæra, anbeheitelse og ordtilfang i nynorsknormalen diskutert under eitt, der liberalistar og konservative stort sett er liberale eller konservative over heile fjøla. Denne blokkdanninga bygger på ei misforståing. Før vi startar vil eg presisere at eg ikkje høyrer til dei som ser normeringsdebatten som berging eller forlis for nynorsken. Nynorsken segla inn i Trøndelag i 1917-drakt men ut att som 1938, utan at verken fram- eller attendegang kan knyttast til norma.

I normeringsdebatten må ting haldast frå kvarandre som ikkje høyrer i hop:

Desse to spørsmåla går til rettskriving:

1. Skal norma vera vid eller trong (jamstilte/klammeformer eller ei form)?

1a. skal det vera valfri skrivemåte av same rot (bytte/bøtte, osb.)?

1b. skal det vera fritt val av bøyingsendingar (boki/boka; funni/funne; lampa/lampe; me/vi)?

2. Kva skal denne eine forma vera?

Desse to spørsmåla går til ordtilfamg:

3. Kva ordlagingsprosessar skal nynorsk bruke (kva prefiks og suffiks, ...)

4. Kva ord skal nynorskbrukarar bruke der fleire kandidatar melder seg for same omgrep? Eller skal norma i det heile seie noko om dette?

Spesielt viktig er det å skilje 1 og 2. ovafor. Viss svaret på 1 er ‘vid’ fell spørsmål 2 automatisk bort. Vi treng ikkje bestemme oss, fordi heile variasjonsspekteret er med i norma. Viss svaret på 1 (1a og/eller 1b) er ‘trong’ blir spørsmål 2 viktig.

Svaret mitt på desse spørsmåla er:

1a. Det skal vera så liten valfridom som mogleg, målet her er å eliminere valfridomen.

1b. Det skal vera så liten valfridom som mogleg, men vi kan halde på eit lite sett grammatisk bestemte sideformer, t.d.: e-/a-/(kløyvd) infinitiv; -i /-a i b.fem.sg og b.nøytr.pl ; -e /-i i partisippa. Eit par grammatiske kategoriar til kan kanskje komma med, kor langt vi må gå vil vera avhengig av kva nynorskbrukarane er viljuge til å gje slepp på.

2. Denne eine forma skal vera den som er mest frekvent i den samla nynorske tekstmassen som er skrive til no.

3. Nynorsk skal bruke dei ordlagingssuffiksa som er produktive i norsk. Når det gjeld ordpar av typen friheit/fridom er det statistikken som skal rå. Nynorsknorma skal konsolidere den forma som er mest i bruk i nynorsk i dag.

4. Ordtilfanget skal vera opent. Merk at friheit ~ fridom -diskusjonen ikkje har noko med ordtilfang å gjera, det er her snakk om same rot (fri-) med to alternative avleiingseiningar. Ordtilfang er når vi diskuterer om vi skal skrive frigjering eller liberasjon, konkurranse eller tevling, snakke eller tale, snowboard eller snøbrett, mål eller språk.

Grunngjeving for desse standpunkta

Til punkt 1:

Eg vli dra eit grunnleggande skilje mellom lyd- og bøyingslære. Den første må handsamast på ord-for-ord-basis, den andre ikkje.

1a. Når det gjeld lydlære kan ikkje norma representere stoda i dialektane konsekvent, fordi dialektane ikkje er konsekvente. Døme: haug - raud - daud - braud vs. høg - rød - død - brød. Kvart av desse orda skal skrivast på ein og berre ein måte, men denne eine måten treng ikkje (kan ikkje, bør ikkje) følgje prinsippet ‘diftong over heile lina’ eller ‘monoftong over heile lina’. Viss det skal opnast for variasjon her vil summen av moglege nynorsknormalar bli astronomisk høg.

1b. Når det gjeld bøyingslæra er stoda ei heilt anna. Her er det i praksis ein handfull grammatiske kategoriar der store dialektområde har utvikla seg ulikt frå norrønt, og der det er mogleg å ta generelle avgjerder: ‘vi vel a-infinitiv’, osb. Viss vi til saman får 3 bøyingskategoriar med 2 val vil vi få 2x2x2 = 8 ulike former for nynorsk, eit overkommeleg tal. a-ending på svake hokjønnsord (ei lampa) og -er i sterke verb (kjemer) er døme på valfridom eg tippar står svakt i det samla nynorskkorpuset, statistisk sett, og det bør derfor ikkje vera med. For den einskilde skribenten står sjølvsagt ikkje valet mellom 8 ulike nynorsknormalar (eller mellom 1,05 millionar nynorsknormalar, viss vi har 20 bøyingskategoriar med to ulike val), det brukaren gjer er å ta standpunkt 3 (eller 20) gonger, og mange av desse vala vil henge saman. For eit ordretteprogram med 20 binære parameter blir det totale rommet 40; alle 40 vala er moglege. Valet for skribenten står mellom 3-20 parameter, men resultatet for Dag og Tid sine språkvaskarar er likevel ikkje 20, fordi dei ikkje veit kva verdiar innsendarane av tekst har på kvar av dei 20 parametra må dei halde alle alternativa opne. Dette er viktig m.a. fordi vilkåra for tekstproduksjon endrar seg. I dag sitt Norsk Språkråd og Noregs Mållag i fullt alvor og diskuterer jamstilte vs. klammeformer for statstenestemenn, utan å ha peiling på om Microsoft sitt kommande ordretteprogram inneheld klammeformene eller ikkje. Det er ordretteprogramma som vil gje oss grensa for rettskrivingsnorma, og programma vil bli meir effektive jo smalare norma er. Neste generasjons retteprogram vil vera basert på morfologiske analyseprogram (viss vi gjev maskina nynorskordet Petsjora vil ho deretter forstå nynorskordet Petsjoras), og brukaren vil kunne informere maskina om at ho (t.d.) skal rette etter a-infinitiv, -a i svake hokjønnsord (ei lampa) og substantiv (boka, fjella) og -e i partisippa (funne).

Valfridom i bøyingslæra men ikkje i leksikon (ordforrådet) er og viktig av ein annan grunn: Det skrivne ordet er eit ikon. Vi les ikkje bokstav-for-bokstav (sjuåringar les slik), men ord-for-ord. Dermed er det viktig at ordet #som heilskap# alltid skal sjå likt ut, slik at det alltid er lett å kjenne det att, dvs. lett å lesa det. Det vil også vera lettare å produsere det viss ein faktisk hugsar korleis det skrivast fordi ein har sett det før.

Så til det kritiske punkt 2.

Jo strammare vi er på punkt 1, desto verre blir det på punkt 2 (‘eg er for eineformer så lenge det er mi form som blir eineform’). Prinsippet mitt her er kjøttvektnynorsk, vi skal ta sterkt omsyn til den nynorsken det blir skrive mest av i dag. Det betyr ikkje at ingenting kan endrast, m.a. er det ikkje snakk om endring, men om val, fordi vi uansett kva vi gjer ikkje vil komma til å ta i bruk former ingen før har sett. Det betyr ikkje at vi alltid må ta den vanlegaste forma, men at bruksfrekvens skal vege svært tungt. Korfor det?

Den viktigaste grunnen til det er at nynorsk har mykje til felles med minoritetsspråk rundt i verda, og det dei treng er stabilitet, ro og framgong. Det viktigaste problemet deira (og nynorsken sitt) er at dei er for lite i bruk. Folk kjenner dei ikkje, og hevdar t.d. at samisk er vanskeleg å skrive, sjølv om det samiske skriftspråket er mykje betre enn både engelsk, bokmål og nynorsk. Kontinuitet er dermed nækkelordet mitt i denne diskusjonen. Problemet er sjølvsagt at i nynorsk er variasjon ein del av tradisjonen (det er konsekvensen av aldri å ha hatt makt), men mesteparten av variasjonen har vore lokalisert i bøyingslæra, og dit skal vi også forvise han.

Av dette følgjer at eg er svært skeptisk til det ein lauseleg kan kalle 1917-prosjektet (eller ‘høgnorsk’-prosjektet) innafor delar av målrørsla. Ikkje fordi eg har noko i mot 1917-normalen (t.d.), men fordi det å bruke han fører til meir kaos, meir utryggleik, og ein statistisk sett lågare profil for kvar nynorskform (det blir fleire former, og kvar av dei mindre blir mindre brukt). Spissformulert:

Av to standardar er det best å kvitte seg med den beste viss ein ikkje blir kvitt den verste.

Av dette følgjer det at eg ser på regionalismen (t.d. ‘trønderlina’) som like ille som konservativismen (no ja, eigentleg er regionalismen verre, i og med at det framleis er fleire regionar enn tidlegare nynorsknormalar).

Til punkta 3 og 4 har eg eit meir delt syn. Som lingvist vil eg ha eit opent ordforråd, og eg vil og la dei ordlagingssuffiksa som er i bruk bli brukt. Som språkplanleggar ser eg at mållova i ei nær framtid vli bli oppfylt med hjelp av maskinomsetting, og då er vi nøydd til å fortelje maskina om bokmålsordet frihet skal omsettast til friheit eller fridom, osb. osb. Også her vil eg altså ha ei samling ein eller annan stad, og arbeidet med å finne fram til ei slik samling skal skje etter dette hierarkiet:

a. svært frekvente ord (i det totale korpuset av nynorskord) blir tilrådd

b. svært frekvente ordlagingsmåtar blir tilrådd

c. kort og norsk blir prioritert over langt og dansk.

Eg vil minne om at det bak merkelappen ‘ord’ skjuler seg mange ulike fenomen. Par av typen me/vi, hjå/hos høyrer til eit lite, lukka sett av grammatiske ord, som har meir til felles med paret boka/boki enn med para transparent/lysark, freiste/forsøke, røyndom/verkelegheit. Det er for den siste typen eg ikkje vil ha nokon ‘norm’. Det vi derimot kan ha, er kampanjar som tar opp spørsmålet med nylaging og lånord. Men slike kampanjar blir ikkje vunne ved at vi tar ordet ‘transparang’ ut av ordlista. I dag har det norske språksamfunnet komme så langt at det ikkje eksisterer eit einaste engelsk ord som vi kan erklære at ikkje er norsk. Dette fenomenet kan vi ha mange meiningar om, men ingen av dei høyrer heime i diskusjonen kring rettskrivingsnormalen. Når vi diskuterer rettskriving er spørsmålet om vi skal skrive pub eller pøbb, ikkje om vi skal skrive pub/pøbb eller skjenkestove. Arbeidet for å halde på ein norsk terminologi er viktig, utan dette arbeidet vil det om eit par tiår vera mogleg å lesa ein norskspråkleg fagtekst utan kunnskap i norsk, men med kunnskap i engelsk. Det høyrest utopistisk ut, men dette var faktisk resultatet av fem tiår med sovjetisk språkpolitikk ovafor minoritetane, der prinsippet var at Lenin sitt språk (russisk) skulle hjelpe dei andre språka framover på vegen mot kommunismen, samfunnet der både sosiale og språklege skilnader skulle vera oppheva. I dag er vi på veg mot kommunismen, i denne sovjetiske tydinga av ordet, men med engelsk som rettesnor. Arbeidet mot denne utviklinga skjer som sagt ikkje med å gje ut korte ordliste, tvert i mot vil det vera ein fordel for oss om flest mogleg av dei engelske orda som vi faktisk låner inn får ein norsk og ikkje ein engelsk språkdrakt..

Fleire av dei som har tatt del i denne diskusjonen i målrørsla har vore lingvistar. På den eine sida er det både naturleg og positivt, dette er spørsmål vi veit noko om og dermed har noko å seie om. Men det betyr ikkje at vi av den grunn har ‘rett’ (den autoriteten har vi forsåvidt gjeve frå oss friviljug, ved å vera ueinige oss i mellom). Til sjuande og sist handlar språkstrid om politiske val. Men det skadar ikkje å ha ei klår (lingvistisk) forståing av kva det eigentleg er vi diskuterer. Det kan lingvistikken hjelpe oss med. Når det gjeld kva former vi skal velje (og kor mange) må lingvistikken melde pass. Jfr. ingeniørane, som kan bidra med mykje i veg- og vasskraftutbyggingsdiskusjonar, men ikkje gje svara på kor traseen skal gå eller kor mange elver som skal byggast ut.

Oppsummering

Av alt dette går det fram at dialektane er irrelevant, eller berre indirekte relevant, i den grad nynorskbrukarane sin nynorsk speglar variasjonen i dialektane. Det å legge vekt på nynorsken slik han er i bruk i dag betyr t.d. ikkje å legge vekt på vestlandsdialektar. På Vestlandet seier dei hesta, huse, men skriv hestar, huset, og ein nynorsk utan valfridom vil ikkje bli meir vestlandsk her.

Det går og fram at språkrådet sitt arbeid med å lage færre jamstilte former i leksikon er eit steg i rett retning, og at dette arbeidet må gå enno lenger, og fjerne (flest mogleg av) klammeformene.

Ei konsolidering av nynorsken betyr og at mange av oss (og, som det vel har gått fram av dette innlegget, eg sjølv er ein av dei) så smått vil endre nynorsken vår meir eller mindre, og ofre noko for å få ein nynorsk, lett å lære (nynorsk normaltalemål på Helleviks grunn!), og lett å bruke. Også dei som argumenterer for vide normalar bruker ofte pedagogiske argument. Det at det er mogleg å bruke same argument for motsette syn bør gjera oss skeptiske. Delvis er dette og eit spørsmål om synsvinkel: For skrivaren er det (kanskje) lettare å skrive ei dialektnær form, sjølv om ho er sjelden i skrift, men for lesaren vil det vera lettare å lesa den forma ho har lese før, og forventar å sjå.

Dette vil ikkje føre til at nynorsk blir meir ‘bokmåls-aktig’ i den tydinga at nyorsk vil bli eit sterilt, standardisert A4-skriftspråk på linje med alle andre skriftspråk. For det første er nynorsk i opposisjon til bokmål, og dermed både motmakt og ikkje-konform motnorm, og for det andre vil folk skrive som dei vil, når dei vil det. Vi kan fjerne -er i presens av sterke verb frå norma, men (t.d.) lyrikarar vil sjølvsagt (og skal sjølvsagt) bruke akkurat dei formene, dei skrivemåtane, osb. som dei treng. Nynorsk er alt som er skrive her til lands etter 1500 som ikkje er (avleggar av) dansk eller svensk.

Utfordringa no er å ta konsekvensen av viljen til å få ei norm, og samle seg bak denne, også når det går eigne kjepphestar i mot, i pakt med dei beste tradisjonane i det norske sosialdemokratiet.