Trond Trosterud, Helsingfors
(publisert i Dag og Tid november 1992)
Sylfest Lomheim går ut i Dag og Tid 11. november 1992 og hevdar at det er gode faglege grunnar til ikkje å omsette engelsk/fransk union med norsk union. Samtidig etterlyser han frå andre språkforskarar som er ueinig med han. Sjølv er eg allmennlingvist og har drive meir med semantikk, syntaks og morfologi enn med omsettingsteori, men nettopp derfor kan eg og dra fram ting det ser ut til at Lomheim har oversett.
Grunngjevinga til Lomheim for å forkaste union som norsk term er følgjande: " omsetje eit ord som har positiv valør med eit ord med negativ valør er feil fagleg sett. Ved omsetjing av ordet union til norsk bør ein difor velje eit anna ord enn union. Det negative norske ordet union tilsvarar ikkje det positive ordet union på engelsk og fransk". Viss Maastrichttraktaten hadde vore ein roman hadde Lomheim absolutt hatt rett. Det same ville han hatt viss diskusjonen hadde avgrensa seg til kva som er den beste omsettinga av Maastrichttraktaten som tekst. Da kunne vi ha diskutert korleis intensjonen som forfattarane til dokumentet (her: Maastrichttraktaten) best skulle ha vorte tatt vare på i den norske teksten (positiv intensjon positivt ord). Her er vi på Lomheim sitt fagområde, og eg har ingen trang til å dra konklusjonen hans i tvil, eg er nemleg heilt einig.
Det er berre det at spørsmålet ikkje er korleis vi på best mogleg vis skal få fram Maastrichtforfattarane sin bodskap, men kva vi (på norsk) skal kalle dette NN som dei vedtok i ein liten by i Nederland, som blir kalla The _European Union på engelsk (og som eg i resten av artikkelen av opplagte grunnar kjem til å kalle nettopp NN). NN eksisterer ute i verda ein stad, sjølv om han ikkje har den same fysiske eksistensen som steinar, kyrkjer og kongen av Frankrike, men meir er på linje med ekteskap, fylkeskommunar og liknande omgrep. Diskusjonen dreier seg med andre ord ikkje om forholdet mellom to tekstar, dvs. omsettingsteori, men om det kompliserte forholdet mellom verda og språket, dvs. semantikken, meiningslæra.
Ein viktig distinksjon i klassisk strukturalistisk semantikk er skilnaden mellom denotasjon og konnotasjon. Denotajonen til eit ord er den tingen ordet faktisk refererer til, mens konnotasjonen er tingen + dei kjenslene vi knytter til tingen. I innføringsbøkene blir det brukt ordpar som hund/bikkje o.l., der orda har same denotasjon men ulik konnotasjon. I eit kvart språksamfunn (evt. for talarar av same dialekt) er det som regel mogleg å bli einig om kva denotasjon eit ord har. Om det ikkje er mogleg å einas om ein uttømmande definisjon er det i alle fall mogleg å gje ein del eksempel på prototypiske ting som ordet kan referere til. Men når vi kjem til konnotasjonar er det straks verre. Til ein viss grad går det an å sette opp ordpar med same denotasjon men med ulik konnotasjon langs ein positivnegativ-skala. (Bokmål har til og med grammatikalisert slike skalaer, med dansk morfologi (positivt)norsk morfologi (negativt)). Men ofte snur språkbrukarane opp-ned på desse skalaene, som når ein hundeeigar er stolt av bikkja si, din gamle kjeltring blir eit heidersnamn, osb. Som om ikkje det var nok vil dei utomspråklege haldningane våre virke inn på kva konnotasjon vi gir orda. Eit i utgangspunktet nøytralt ord som t.d. kvinne vil ha ein negativ konnotasjon for ein kvinnehatar, ordet muslim har ulik konnotasjon i USA og i Libya, sjølv om denotasjonen er den same. Slike ord kan listas opp i det uendelege.
Lomheim sitt utgangspunkt var at ordet union har positiv valør på fransk og engelsk, og dermed ikkje kan brukas på norsk. Dermed legg han nettopp vekt på kva konnotasjon ordet har, og ser heilt bort frå denotasjonen. Eit parallelt eksempel (parallelt med omsyn på konnotasjonsskilnaer) kan vera klargjørande. For både franskmenn og engelskmenn og dermed også i både fransk og engelsk hadde ord som imperium og imperialist positiv konnotasjon på slutten av 1800-talet. For dei afrikanarane og inderane dei kom i kontakt med fekk desse orda ganske sikkert heilt andre konnotasjonar, sjølv om den felles denotasjonen er klar nok.
Og så tilbake til vår kjære NN: Alle som i utgangspunktet er positivt innstilt til NN vil automatisk gi ordet NN ein positiv konnotasjon, og omvendt. Det same gjeld unionar: Alle som i utgangspunktet er positivt innstilt til unionar vil automatisk gi ordet union ein positiv konnotasjon, og omvendt. Dette er eit (banalt) faktum som ordvalet vårt ikkje treng og heller ikkje i lengda kan gjøra noko for å rette på. Lomheim argumenterer ut i frå fagleg loyalitet til teksten. Avsendaren sin bodskap skal fram, med alle avsendaren sine konnotasjonar i behold. Dette er ei prisverdig målsetting for ein omsettar, men held ikkje når ein skal lage ny terminologi til eit språk. Da er det denotasjonen som gjeld, og vi er på jakt etter eit ord som dekkar det reelle innhaldet i NN. I og med at vi kjem til å bruke allereide eksisterande ord og ikkje lage eit nytt (t.d. NN er Europeisk Soreapå norsk), må vi ta omsyn til kva tyding dei orda vi vil bruke allereide har og sjå om dei er dekkande for den faktiske denotasjonen til NN. Dette blir sjølvsagt ein politisk debatt, men ikkje dermed umogleg.
I Finland har dei vore gjennom tilsvarande diskusjon. Her har Finlands Språkbyrå hamna på namnet Euroopan Liitto, forkorta EL, derliitto ifølgje Finsk-svensk storordbok betyr frbund; (Nationernas Frbund), allians, federation, koalition, block, union, frdrag, traktat, pakt, liga, og er ei avleiing av verbet liitt, foga, bifoga, frena, fsta. Her har eg ingen protestar. Sjølv om ordet liitto har mange tydingar er det ein klar praksis for å bruke ordet om statsdanningar som minnar om NN (med felles hær, pengesystem, utanrikspolitikk, sosialpolitikk, osb.), der det mest kjende eksemplet sannsynlegvis er Neuvostoliitto, finlandssvensk Rådsunionen, dvs. Sovjetunionen. Lånordet unioni er mest knytta til fagrørsla, t.d. Merimiesunioni, Sjømannsforbundet. Om Finlands Språkbyrå får gjennomslag for framlegget sitt vil vise seg. Helsingin Sanomat, det største avisa i Finland, gjekk over til å bruke EL, mens YLE (finsk TV) framleis bruker EU. Sannsynlegvis vil EL slå gjennom, både fordi Finlands Språkbyrå har stor autoritet, og fordi ordet liitto er innarbeidd som statsrettsleg ord.
I argumentasjonen for ikkje å bruke ordet unioni la leiaren av Finlands Språkbyrå MM m.a. vekt på at Noreg vurderer å ta i bruk Den Europeiske Sammenslutningen. Dei to namneformene har rett nok det til felles at begge har droppa ordet union, men den avgjørande skilnaden mellom dei ligg i denotasjon: Det finske ordet liitto refererer nettopp til den type statsdanning NN eksplisitt tar mål av seg til å bli, mens det norske ordet sammenslutning tvert i mot ikkje referer til noko statsrettslig i det heile. I følgje Bokmålsordboka betyr sammenslutning 1. det å slutte seg sammen, 2. forening, organisasjon (personleg har eg aldri høyrd ordet brukt om noko fenomen over skyttarlagsnivå). Som statsdanning er NN slett ikkje eineståande. Dei same statane har sjølvsagt aldri gått ihop på denne måten før, men det at statar går i hop på ulike meir eller mindre integrerte vis er eit fenomen historia er full av. UDs famlegg om sammenslutning er ikkje i stand til å vise dette, og det klarer dermed ikkje å uttrykke kva NN er på ein sjølvforklarande måte. Viss ein som nordmann kjem tilbake til Noreg i 1997 etter 10 år på ei øy i Stillehavet utan tilgang til norske aviser, bør NN ha fått eit namn som gjør det mogleg å forstå kva alle snakkar om. Den Europeiske Sammenslutningen. oppfyller definitivt ikkje dette kriteriet. Det får ikkje fram denotasjonen til NN, og må dermed forkastas. Ei anna sak er at ein kjapp telefon frå UD bort til erfarne (og frustrerte) terminologar i Norsk Språkråd vil avsløre at DES har alle odds mot seg: Det kjem for seint, og det er framforalt mykje lengre og meir klumput enn ordet det skal konkurrere ut.
Da Anne Enger Lahnstein gjekk ut og (i følgje Dagbladet) sa at EF er verre enn unionen med Sverige, vart ho skjelt ut av ein samla ja-flokk (med ordparet verre/betre skal vi sjølvsagt, i likheit med alle dei som uttalte seg om saka, her forstå meir/mindre omfattande, djuptgripande, osb.). I historikardiskusjonen etter oppslaga kom det ikkje fram eitt einaste argument som viste at Lahnstein hadde tatt feil. Tvert i mot, viss ei eventuell samanlikning skulle halte måtte det vera fordi EF, og etter kvart NN, kjem til å skilje seg så mykje frå unionen med Sverige at det blir vanskeleg å kjenne han att: Med Sverige hadde vi felles konge og utanrikspolitikk, punktum. Kva NN tar mål av seg til å bli går fram av Maastrichttraktaten.
Sjølv vil eg gå inn for å kalle NN Den Europeiske Unionen, forkorta EU. Ordet union oppfyller nettopp dei kriteria eg stilte opp ovafor: Det uttrykker NNs denotasjon på ein presis måte, og det er sjølvforklarande. I tillegg kjem det tre argument som eg sjølv ikkje legg så stor vekt på, men som erfaringsmessig veg tungt når eit ord skal slå gjennom: Det er kort, det heiter det same på engelsk, og det har allereide vorte tatt i bruk. Hovudpoenget i innhaldet er likevel ikkje namneframlegget mitt, men å svare Lomheim. Som lingvist har eg ingen innvendingar mot det omsettingsteoretiske ver tru mot intensjonane i originalteksten. Derimot har eg desto større innvendingar mot å legge omsettingsteorien til grunn for terminologiarbeidet. Her held eg ein knapp på semantikken: Ordet skal dekke denotasjonen til tingen best mogleg, og så får tilhengarar og motstandarar fylle på med passelege mengdar av positive og negative konnotasjonar sjølv.