Lingvistikk og politikk -- eit fagkritisk innlegg

Av Trond Trosterud

[Dette er ein revidert versjon av ei innleiing halde på Studentmållagskonferansen i Oslo 25.09.98]

Målfolk bør vera opptatt av målvitskap. Kjerna i målsaka er politisk, omsynet til den Tusind ganger større Almue, men det vi strir for er eit språk, og lingvistikk er mellom anna vitskapen om språk.

Først og fremst er lingvistikk likevel vitskapen om grammatikk, om kva det eigentleg er vi "kan" når vi "kan" eit språk. Dessutan ser ein del lingvistar på interaksjonen mellom språkevna vår og andre kognitive prosessar, og andre ser på interaksjonen mellom språk og samfunn, mellom språk og fysiologi, osb. Her går det grunnleggande skilje mellom autonom og ikkjeautunom lingvistikk: dei som ser på die Grammatik an sich og dei som prøver å forklare grammatiske fenomen ut i frå utanomgrammatiske faktorar.

Ein del ikkjeutonomistar har skulda autonomistane for å vera apolitiske, og dermed i praksis reaksjonære. Særleg den mest kjende autonomisten, Chomsky, har fått dette stempelet, fordi han er så kjend som han er, og fordi han i andre samanhengar er kjend som ein radikalar. Sjølv meiner eg at grammatikk kan studerast både autonomt og ikkjeautonomt, men eg er usamd i den politiske kritikken mot autonom lingvistikk, av to grunnar: Dei første verkelege autonomistane var dei historiske komparativistane, som leita etter urspråket, og som sette opp allmenne lydlovar for å finne det. For dei var litauisk like verdefullt som tysk, ja meir, fordi litauisk var meir konservativt, men via dette arbeidet har vi fått gjennomslag for ein av dei mest sentrale tesene i språkvitskapen: Alle språk er like gode. Det finst ikkje "primitive" språk, eller "mindre utvikla" språk (viss ein ser bort i frå ordforrådet, der stoda er den at eit kvart språk skaffar seg dei orda det treng). Paradoksalt nok er denne ideologien (som i dag blir brukt til å legitimere at engelsk og andre store språk erstattar dei små) i slekt med tidlege sovjetiske kvasimarksistiske teoriar (marrismen): For Marr spegla språka (som del av overbygnaden) produksjonstilhøva, det fantes mao. føydale, kapitalistiske og sosialistiske språk, og russisk vart etter kvart det mest sosialistiske av dei alle. Det å få gjennomslag for at alle språk er like gode er med på å ta frå rasistar eit av dei viktigaste våpenet deira: språkundertrykkinga. Kjerna i rasismen er eit gradert menneskesyn, der det er forskjell på folk og finn, som det så vakkert heiter her til lands (på tysk heitte det Ober- und Untermensch, som vi hugsar). Grunnlaget for all språkundertrykking er at språka blir rangert etter statusen og brutto nasjonalprodukt til talarane deira, språk med rike talarar er lettare å lære, dei er vakrare, dei er viktigare, osb., mens språka til dei andre varierer frå uinteressante til stygge, ueigna for moderne samfunn, og eit trugsmål mot barna viss dei ikkje gløymer det før dei kjem på skolen. Språkforskaren har svært ofte hatt ei sentral stilling i striden mot nasjonal og anna undertrykking, fordi han, og etterkvart også ho, har vore i stand til å sette noko anna i staden for sjølvforakten som det dominerande folket har hatt å by på: Der kolonistar har sagt at afrikanarane ikkje snakka språk, men dialektar, "kafferdialektar" o.l., har språkforskarar (og misjonærar) komme inn og lært seg språka deira, sagt at her har vi språk som er i slekt med kvarandre, som er underlagt nøyaktig den same type lydlovar som germanske språk er, som har ei historie, og som dermed er like mykje verd som tysk, engelsk og fransk. For dei (etterkvart nesten alle) folka som blir tvunge inn i det moderne verdssamfunnet, er det lingvistikken, vitskapen om deira eige språk, og dermed om dei sjølv, på deira eigne premiss, som kan gje dei innsikt om seg sjølv, og gjera dei i stand til å møte verdssamfunnet med sjølvrespekt.

Slik sett er autonom lingvistikk, utforsking av grammatiske strukturar for strukturane sin eigen del, faktisk med og speler ei politisk rolle. Det er meir opplagt at særleg visse typar ikkjeautonom lingvistikk, slik som sosiolingvistikk, speler ei politisk rolle, men det treng ikkje vera ei progressiv ei. I Noreg har dialektologien meir eller mindre vore styrt av målfolk, og vorte aktivt brukt i målstriden. I Sovjetunionen vart dialektar sett på som attergløyme frå det borgarlege samfunnet, noko som skulle utryddast på vegen mot sosialismen, og dialektologane arbeidde iherdig med å utarbeide læremateriell som skulle plukke desse reaksjonære trekka frå ungane. Tilsvarande kan tospråklegheitsforskarar fortelje internasjonale selskap når nordmenn er så gode i engelsk at selskapa kan stryke norsk på lista over språk dei skal bry seg med, og berre gje oss engelsk i staden. Dette er opplagt, fordi det er så gjennomsiktig: sosiolingvisten er ikkje dum, og ser konsekvensane av det ho gjer.

Også autonomistane står foran ein del val. Det viktigaste valet (som gjeld alle lingvistar, alle forskarar, for så vidt) er kva vi skal forske på. I vår samanheng tyder det kva språk vi skal forske på, og kva aspekt ved desse språka vi skal forske på. Det er ca. 6000 språk i verda, 200 sjølvstendige statar med til saman 87 offisielle språk. Halvparten av språka vil vera forsvunne om 200 år, kanskje allereide om 100. I dag er situasjonen følgjande: 186 apråk har meir enn 1 million talarar, og blir snakka av tilsaman 97% av verdas folk. 3 % av verdas folk står med andre ord for 97% av den språklege og kulturelle variasjonen i verda. Diagrammet nedanfor gir eit oversyn over korleis verdas språk fordeler seg etter storleik:


Samanlikna med stoda for både fuglar og pattedyr er språkstoda alarmerande:


Dei aller, aller fleste av verdas språkforskarar forskar på dei 186 store språka, og av dei att forskar dei fleste på engelsk. Dei fleste datalingvistar forskar på dei (20-100) språka som er kommersielt mest interessante. Unntaket er den kanskje største gruppa av lingvistar, nemleg misjonærar, som systematisk lagar biblar til alle verdas folk. Men andre lingvistar forskar på morsmålet sitt, på dei språka som er skolespråk i landet sitt, og framforalt på engelsk (nokre av dei beste engelske korpora er laga i Helsingfors, Lund, Bergen og London!). Etter kvart er fleire og fleire lingvistar opptatt av denne utviklinga, jfr. desse artiklane:

Hale, Ken, Michael Krauss, Lucille Watahomigie & Akira Yamamoto, Colette Craig, LaVerne Masayesva Jeanne, Nora England 1992: Endangered languages. Language 68:1-42.
Ladefoged, Peter 1992: Another view of endangered languages.
Language 68:809-11.
Dorian, Nancy C. 1993: A response to Ladefoged's other view of endangered languages.
Language 69:575-579.

Viss vi snur på flisa og ser ikkje på kva som blir gjort men på kva som eigentleg trengst, finn vi følgjande situasjon:

Ideal

Engelsk

Store statsspråk

Små statsspråk

Skriftspråk

Dokumenterte språk

Udokumenterte språk

Lingvisten treng:

Genetisk klassifisering

x

x

x

x

x

x?

Grunnleggande grammatikk, typolotisk informasjon

x

x

x

x

x

x

God referanse grammatikk, store tekstsamlingar

x

x

x

x?

Gramm. ordb: frekvens-, baklengs affiks- rot-

x

x

(x)

(x)

(x)

Generelle analyser med utgongspunkt i språket

x

x

x

x?

x?

Brukarane, viss dei vil moderniserast

Skriftspråk

x

x

x

x

x

Lærebøker for barn

x

x

x

x

x?

Ordbøker

x

x

x

x

x?

Utbygd slriftlegheit

x

x

x

x

Bokstavar i datamaskin

x

x

x?

x?

x?

Lokalisering

x

x

x

x?

x?

språkteknologiske verkty

x

x

x?

x?

maskinomsetting

x

x

x

programvare

x

x

x?

Som døme ser vi på eit par av språka i vår del av verda, og vi finn dette biletet:

nynorsk

bokmål

nordsamisk

sørsamisk

nenetsisk

Lingvisten treng:

Genetisk klassifisering

x

x

x

x

x

Grunnleggande grammatikk, typolotisk informasjon

x

x

x

x

x

God referanse grammatikk, store tekstsamlingar

x

x

Gramm. ordb: frekvens-, baklengs affiks- rot-

frekv.ordb. baklengsordb

frekv.ordb.

Generelle analyser med utgongspunkt i språket

ein del

ein del

litt

svært lite

svært lite

Brukarane, viss dei vil moderni- serast, treng:

Skriftspråk

x

x

x

x

x

Lærebøker for barn

x

x

x

x

x

Ordbøker

einspr (stor halvferdig) 2-spr

einspr (mellomstor ferdig) 2-spr

sa-fi-sa sa-no ikkje no-sa. skoleordb. vitskapleg

sørsamisk-norsk, vitskapleg ordbok

skoleordb., nen-russ lita russ-nen

Utbygd skriftlegheit

x

x

lita

x

Bokstavar i datamaskina

x

x

delvis

= norsk

x?

Lokalisering

x

x

1998

x?

språkteknologiske verkty

orddeling, listebasert ordretting

orddeling, listebasert ordretting

x?

maskinomsetting

prototypar

prototypar

programvare

(x)

x

Publikasjonar av Bibelen kan bli sett på som ein indikator på skriftlegheit, finn vi at berre 1/3 av språka i verda har fått skriftkultur sterk nok til å ha eigen bibel. Sannsynlegvis er det få språk som har skriftspråk men ikkje delar av bibelen i det heile. Viss Ethnologue kjem med nye, oppdaterte tal til tusenårsskiftet er det likevel mogleg at talet vil ha auka ein del, i og med at misjonærane har intensivert arbeidet ovafor minoritetane i det tidlegare Sovjetunionen.

Talet på språk med publiserte biblar

320

Talet på språk med publiserte nytestamente

801

Talet på språk med publiserte utdrag frå Bibelen, og på språk med bibelomsettingar under arbeid (av desse 644 som ikkje har heile Biblen under arbeid)

1850

Til saman

2971

Opplyst av Barbara F. Grimes, redaktør for Ethnologue [data frå 1996].

Viss vi deler gruppa "skriftspråk" i tabellen ovafor opp i to, får vi ei seksdeling av verdas skriftspråk:

Gruppe 1:

Engelsk

Gruppe 2:

Store og kommersielt interessante språk (spansk, ...)

Gruppe 3:

Språk som er offisielle språk i uavhengige statar (1+2+3 = ca. 90)

Gruppe 4:

Språk som ikkje er offisielle, men som har ei rimeleg godt utbygd skriftlegheit (ein basislitteratur, inkl. lærebøkre og fagbøk, i det minste tospråklege ordbøker, meir enn ein hullemeter med litteratur, (i det minste lokalt) fungerande dataløysingar

Gruppe 5:

Ikkjeoffisielle språk med marginalt utvikla skriftspråklegheit (skriftspråk, ein del skolebøker, barnebøker, skriftspråket i bruk i skolen)

Gruppe 6:

Ikkjeoffisielle språk med skriftspråk som (enno) ikkje er i bruk av samfunnet sjølv

Det eksisterer ikkje gode data for fordeling innafor dei ulike gruppene, men viss vi som ei første upresis tilnærming går ut i frå at gruppe e-t tisvarer dei tre gruppene av bibelgilgjenge referert til ovafor, får vi dette biletet (gruppe 7 er "utan skriftlegheit"):

Gruppe 1

Gruppe 2

Gruppe 3

Gruppe 4

Gruppe 5

Gruppe 6

Gruppe 7

1

20

70

230

800

1850

3000

Ut av alt dette kan vi med andre ord lesa at berre ca. 5% av verdas språk har ein betre utbygd skriftkultur enn det t.d. nordsamisk har. Talarane av resten av språka, godt over 5500, møter det moderne samfunnet med langt dårlegare språklege arbeidsreidskap enn det talarane av dei store språka gjer.

Omtrent slik står det til med språka i verda. Kva har så språkvitskapen drive på dem medan dette har skjedd? Eit kort oversyn over eit par straumdrag i lingvistikken si historie dei siste 200 åra gir følgjande oversyn:

I løpet av første halvdel av 1800-talet var dei nye nasjonalstatane i Vest-Europa på jakt etter ei stolt fortid, og det var framforalt lingvistane (og for dei med skrive kjelder: historikarane) som gav dei denne fortida. Rundt slutten av 1800-talet veks imperialismen seg sterkare, og språkvitarane, særleg i kolonimaktene, forskar meir og meir på dei nye språka (Etiopia har aldri vore koloni, og amharisk er eit av dei dårlegast utforska statsspråka i Afrika). Her var språkvitarane langt mindre ideologisk infisert enn historikarane: Mens historikarar og arkeologar forklarte utgravingane av avanserte kulturar som spor etter eit tapt atlantis (negrane var nemleg for dumme til å ha stelt i stand så kompliserte ting) gjekk språkforskarane laus på dei afrikanske språka med nøyaktig same metodar som dei hadde brukt på europeiske språk. Først la dei same vekt på historiske rekonstruksjon som dei gjorde heime, men med framveksten av strukturalismen, først i Europa, og etter kvart i USA, skifta vekta over på synkrone skildringar av grammatiske system, framforalt av fonologi og morfologi.

Frå og med sekstitalet blir strukturalismen erklært daud, og fokus skifta over på syntaks og talarane si kreative evne til stadig å lage nye setningar (men dei grunnleggande teoretiske forutsetnadene forblir dei same; skiftet er framforalt eit skifte av forskingsobjekt). Den første generasjonen generativistar ville skrive dei og berre dei reglane som skulle til for å generere dei grammatiske setningane i eit naturleg språk, og dei la (og legg framleis) vekt på introspeksjon, dvs. på å undersøke si eiga språkkjensle. Sjølv om dette i praksis førte til at lingvisten sitt morsmål (framforalt engelsk) kom i fokus, vart den nye teorien tatt i mot med begeistring rundt om på andre språkinstitutt. Det er eit paradoks at nett då generativistane gjekk over frå å studere engelsk til å leite i flest mogleg språk etter språklege parameter i universalgrammatikken (den språkevna dei meiner vi alle er fødd med), slutta språkinstitutta meir eller meindre å vera interessert i generativ grammatikk. Forklaringa ti dette paradokset var at for generativistane var ikkje lenger det heildekkande regelsettet relevant, dei ville tvert i mot gjerne studere marginale konstruksjonar, konstruksjonar som heilt sikkert ikkje er lært, for å vera sikekr på å få tilgang til universalgrammatikken. Så nordistane takka for seg samtidig med at generativistane heiv seg over norrønt.

Når det gjeld framtida, ser det ut til at følgjande tendensar kjem til å bli sterkare i løpet av yrkeskarriera til dagens studentar:

Kva konsekvensar skal så språkvitarar dra av alt dette?

Det viktigaste valet for lingvisten er etter mitt syn:

Kva skal eg forske på? Kva språk, og kva problemstilling? Teoretisk, eller bruksretta?

Eg seier ikkje at vi ikkje skal sitte ned og lage totalt abstrakte, "unyttige" teoriar. Det er tvert i mot fleire grunnar til at vi skal gjera nettopp det (kven veit når vi snublar borti noko, drivkrafta i forskinga er nettopp den frie nysgjerrigheita). Likevel:

1. Alle språkfolk (båke allmennlingvistar og språkfolk på dei ulike institutta) bør legge til side teoribygginga si no og då (eit par år, t.d.), og dra ut og dokumetere språklege fenomen i dårleg utforska språk.

2. Kvar og ein av oss bør vurdere om vi skal bruke tida på den eine prosenten godt utforska språk, eller om det er mogleg å forsk på dei 99 prosentane av dårleg utforska språk.

På papiret er det lett å gå inn for å forske på dårleg utforska språk, men i praksis er det ikkje alltid like lett: Det er dei store språka som sikrar lingvisten eit levbrød, enten det no er i det offentlege (undervisingsstillingar i skolespråka) eller i det private (kommersielle produkt for språk med kjøpesterke brukarar). Dette faktum styre forskinga i svørt høg grad, og det er vanskeleg å argumentere for at folk skal gjera noko dei ikkje får jobb på. Heiltsvart er det likevel ikkje: For det første er det mogleg å kombinere, ha ein brødjobb på Engelsk Institutt men forske ein god del på språkleg mangfald i tidlegare britiske koloniar, slik at resultatet blir (i det minste) kontrastive arbeid engelsk-ewe/tiw/joruba/akan..., kanskje til og med reine arbeid over desse språka. For det andre tar det til å bli meir interesse for 99-prosent-språka. Akademisk sett har vi meir og meir samarbeid med andre land enn før, og det blir oppretta stillingar for andre språk enn skolespråka. Kommersielt sett blir det gjort ein god del dyrt grunnarbeid for engelsk og andre prioriterte språk, som det er mogleg å overføre til språk med færre og fattigare talarar. Dermed er det til ein viss grad mogeg å leva av å utarbeide shona-ordbøker eller samiske språkverkty.

Så litt kaldt vatn i blodet: Det er ikkje alltid slik at det blir meir interessant lingvistikk av å arbeide på språk vi veit lite om, og som lingvisten kan dårleg eller ikkje i det heile tatt. Frå ein allmennlingvistisk ståstad kan det komma meir ut av at lingvisten forskar på morsmålet sitt, og som er rimleeg godt dokumentert allereide. I Noreg er vi så heldig at vi ikkje har engelsk som morsmål, slik at vi ved å forske på norsk kan bidra med meir kunnskap om eit mellomstort språk. [dette forutset at vi sjølv har fantasi til å tru at resultat frå norsk språkvitskap skulle vera interessant for andre enn oss sjølv. Svært få nordistar trur det.]

Kva konklusjonar skal målrørsla dra av stoda i språkvitskapen?

Tradisjonelt har vi funne mål- og samnorskfolk på nordisk institutt, mens lingvistane har vore uinteressert i målstrid, eller (lausrive frå forskingsverksemda si) beint fram riksmålsfolk. Ein grunn til dette er at vi på dei lingvistiske institutta til no har drive med grammatikk, og ikkje med språk, og slett ikkje med skriftspråk. I tråd med det eg har tatt opp her er det likevel mange viktige ting å ta fatt i.

Slik eg ser det treng målrørsla fleire yrkesmållag, i denne samanhengen eit språkforskarmållag. Eit språkforskarmållag bør ha som oppgåve å sette følgjande saker ut i live:

Språkvitskapsfolk på norske og utanlandske universitet kjem i framtida til å drive med grunnforsking, som før, men dei kjem i stadig sterkare grad til å bruke innsikta si i ulike samfunnsmessige samanhengar. I kva samanhengar denne verksemda skal gå føre seg vil ha konsekvensar langt ut over dei lingvistiske institutta og forskingsråda der avgjerdene blir tatt. Dette innlegget vart skrive som eit innlegg i debatten om idegrunnlaget bak desse avgjerdene, ein debatt som vil bli meir aktuell i tida framover.

 

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø