Individuelle og kollektive rettar til språk


Individuelle og kollektive rettar til språk

av Trond Trosterud

Innleiing

Fråsegn til det svenske Landbruksministeriet i samband med innføringa av ny språklov i Sverige.

Som lingvist er er opptatt av den ufattelege kulturelle katastrofa det er kvar gang eit språk forsvinn, både for individa som blir att utan etnisk identifikasjonsobjekt, utan tradisjonsbærar og samlingsmerke, for summen av dei, eller heile folket, og for heile verdas folk, særleg med tanke på at så mykje som halvparten av verdas språk står i fare for å forsvinne i det 21. hundreåret. Både det forrige (pitesamisk) og det neste (umesamisk) språket som forsvinn i Norden forsvinn i Sverige (dei hadde forsvunne i Noreg allereide tidlegare), deretter er det enare-, skolte- og sørsamisk som står utsett til, sjølv om det heldigvis er for tidleg å komma med tverrsikre dommedagsprofetiar. Som politisk menneske er eg opptatt av å integrere språklege rettar i menneskerettane, eit arbeid som særleg Tove Skutnabb-Kangas har drive svært langt, og som har inspirert meg mykje (jfr. produksjonen hennar på 90-talet). Dermed har eg og sagt at mykje av det eg seier om samar meiner eg og skal gjelde for innvandrarminoritetar. Når det gjeld rett til tolk i rettssalar er det vel temmeleg ukontroversielt å hevde at folk som nettopp har komme til Sverige bør stå mykje høgare på prioriteringslista for tolking enn det samane bør gjøra, nettopp fordi dei rett og slett ikkje kan svensk, eller er så mykje dårlegare enn samane. Men eg vil altså gje dei dei same språklege rettane som samane generelt, også når det gjeld utdanning, osb. I Noreg ser eg dessverre tendensar til at samane er svært raske til å dra opp stigen etter seg når dei har tilkjempa seg nokre rettar, slik at t.d. kvenane ikkje får støtte frå samisk hald. Det er forståeleg, men likevel synd. Så til konkrete prioriteringar.

Generelt

Spørsmålet om språklege rettar eksisterer, på same måten som retten til land og vatn, i spennet mellom individuell og kollektiv rett. Det er ein individuell rett å få tenester, tolking, osb. på sitt eige språk, men denne retten er verdilaus viss samfunnet samtidig ikkje gir språksamfunnet som heilheit rett til å halde språket i live. Og sjølv om vi ikkje skal gje staten skulda for alt positivt og negativt som skjer her i verda, skal vi heller ikkje tru at språk forsvinn "av seg sjølv", "utan at det er mogleg å gjøra noko med det". Viss det altså er slik at det på eitt eller anna nivå totalt sett er ein del pengar til tiltak for samiske språk, vil eg altså ikkje bruke alle pengane til tolking av samtaler to og to i mellom (individuell rett), men som første prioritet sjå til at i alle fall den kollektive retten eksisterer.

Bakgrunnsstoff

I Noreg eksisterer det fleire studier av tospråklegheit i samiske område, studier som eg går ut i frå er kjent også i Sverige (jfr. Diešut-skriftseria frå Samisk Institutt, og programma frå det norske sametinget om språkbevaring). Viss dei ikkje er det bør dei sjølvsagt finnast fram.

Prioriteringsstrategiar

Vurder effekten av ulike pengeinnsatsar, etter kriteria som:

* Legg vekt på tiltak som etablerer løysingar som fungerer på lang sikt utan kontinuerlege overføringar. Lær folk å skrive samisk heller enn å bygge ut oversettartenester.

* Bruk pengar der det er mest nytte av dei først. Prioriter å lære i alle fall alle som kan snakke samisk å skrive det, heller enn å prioritere dei som ikkje kan samisk i det heile tatt. Dei skal og få tilbod, men dei som kan mest frå før bør få høgast prioritet.

Kollektiv rett til samisk

Eg vil gjerne understreke verdien av kollektive språklege rettar i ein diskusjon om individuell rett. Språk er eit kollektivt fenomen, og viss all økonominsk innsats for språklege rettar skal avgrensast til individuelle rettar, kan resultatet bli at språksamfunnet som kollektiv forsvinn. Det er ingen vits å bruke pengar til individuelle rettstiltak viss kollektivet samtidig blir hindra i å eksistere. Altså startar eg med å rekne opp ein del tiltak som kan styrke den kollektive retten til samisk, før eg går over til ei drøfting av individuell rett.

Styrking av samisk i skoleverket

Eg ser det som ein språkleg menneskerett å få undervisning i språket til si eige etniske gruppe, enten det blir morsmåls-, andrespråks- eller framandspråksundervisning, av grunnar som eg tar nærare opp andre stader (sjå "Utkast til språkpolitisk program..."). Dette er den delen av skoleopplæringa det er lettest å ordne. Så vidt eg veit eksisterer det læremiddel for alle tre samiske språk i Sverige for desse tre gruppene, men sikker er eg ikkje. Det som ikkje eksisterer er ordbøker (til gjeldande ortografi har vi berre sørsamisk-norsk, ikkje norsk-sørsamisk (men ho er under utarbeiding) og ikkje svensk-sørsamisk), for lulesamisk finst Spiiks svensk-lulesamisk og for nordsamisk Svonnis tovegsordbok, både Spiik og Svonni er for små til meir avansert bruk. Det finst ei stor nordsamisk-norsk, men ingen norsk-nordsamisk. Den norsk-nordsamiske har vore like om hjørnet i over to år no. Når den boka kjem bør det gå raskt å få i stand ei svensk-nordsamisk ordbok (det finst t.o.m. maskinoversettingsprogram mellom svensk og norsk!). Sameskolstyrelsens läromedelprojekt gjør ein bra jobb, men viss vi meiner alfor med planane om at dei samiske språka skal overleva som funksjonelle språk ser vi at det er svært mykje ugjort arbeid som det hastar å få gjort.
Deretter er problemet lærarmangelen. Den fungerande sørsamiske lærargenerasjonen tar til å bli såpass gammal at vi må ta rekrutteringa på alvor, eit par lovande yngre studentar har fått barn i staden osb. Kanskje eit brev frå Staten der det står kor viktig dei er hadde fått dei til å bli glad og varm om hjertet og dermed meir villig til å gjøra ein innsats? Eg tenker altså ikkje på pengar, men på anerkjenning. Økonomiske motiv er og ei drivkraft, sjølvsagt, og har alltid vore det. På 30-talet fekk lærarane i Nord-Noreg lønnstillegg for kvar elev dei hadda avfinska, og i arkiva finn vi ein god del fortvilte brev frå fattige lærarar som ikkje hadde fått dette tillegget trass i all den innsatsen dei hadde lagt i arbeidet med å utrydde finsk.
Det neste trinnet i skoleopplegget blir å få større delar av undervisninga på samisk. Også her er lærebøker og lærarar den første flaskehalsen.
I SOU 1990:84 s.136 blir det lagt vekt på at det enno ikkje eksisterer gymnasutdanning på samisk. Dette er svært alvorleg. Det er først i gymnasalderen dei unge kjem opp til eit kulturspråkleg nivå som gjør det mogleg for dei å fungere i samfunnet. Viss tilgangen til samiskutdanning forsvinn akkurat i denne perioden er mykje av det som er invsetert tidlegare om ikkje bortkasta så i alle fall mykje mindre nyttig enn det elles ville ha vore. Eg håpar at 90-talet har bidratt til ei positiv utvikling her, og vil i alle fall rå dykk til å vera merksam på svinnprosenten frå grunnskole til vidaregåande skolen.

Det samiske samfunnet som heilheit

Det bør for det første vera ein sjølvsagt rett å få ein fungerande skriftkultur. Datamaskiner må kunne frambringe samiske bokstavar, og det gjeld også maskinene til skattekontoret og Svensk Tipping AB i Stockholm og på Gotland, for ikkje å snakke om Luleå og Karesuando. No går den samiske høgskolen og samisk spesialbibliotek ut og skyt av sine store bibliotek og databaser, men det er dessverre svært usannsynleg at dei to databasene kan integrerast til ein, i og med at dei samiske teikna ganske sikkert er koda forskjellig. Slik det er i dag er ikkje ein gang Sametingets websider på samisk, fordi dei ikkje riktig veit korleis det skal gjørast. Jfr. separate artiklar eg har skrive om dette.
Folk er funksjonelle analfabetar på sitt eige morsmål i eit masseomfang som elles er ukjent i det svenske folkhemmet. I Finland er det ei svært vellykka kampanje "lær å lesa og skrive ditt eige morsmål før år 2000", der det går alfabetiseringsbrigader frå landsby til landsby, i beste sandiniststil. I Noreg har ulike instansar gått inn for det same, utan at eg veit om nokre konkrete tiltak. Allereid for 15-20 år sidan vart det laga kursmateriell (Sámas) og kurs for dette, men eg kjenner ikkje effekten av det.
I Finland står svensk så sterkt m.a. fordi finnane lærer seg finsk. Eg vil at alle i Sameland skal ha samisk som andrespråk, dvs. også dei som tilhører majoritetsbefolkinga. På lang sikt er det berre slik krava vi må stille i ein fungerande språklov kan bli oppfylt. Om ikkje alle saksbehandlarane skal kunne svare på samisk, må dei i alle fall vera i stand til å lesa det dei får tilsendt på samisk, slik at løpande kostnader vil kunne haldast nede.

Tospråklegheit i den offentlege administrasjonen:

Prinsippet om at alle skal ha rett til svar frå det offentlege på det språket brevet er skrive på er eit godt prinsipp. I og med at så få samar kan skrive på samisk, og i og med at berre ein liten del av dei vil finne på å skrive til offentlege kontor på samisk, er dette i alle fall i utgangspunktet såpass billeg at det bør gjennomførast utan vidare. Signaleffekten er klar: "Dette er også din stat". Dette må vera lovfesta.
Derimot er det usikkert om det er rett å oversette alle saksdokument til samisk, særleg fordi det alltid er ein risiko for at samane likevel les den svenske versjonen, når dei no likevel er meir van med å lesa svensk (sjølv sender eg aldri doble sett med saksdokument, berre reint samiske versjonar). Frå norsk side kjenner eg følgjande syn: I staden for all denne sakprosaen bør oversettarane heller oversette verdslitteraturen til samisk, slik at den samiske lesande ungdommen kan gå til biblioteket og låne tekstar som er slik at dei kan forandre verda og livet for eit menneske, og lesa dei på samisk heller enn på svensk. Slike prosjekt er det ofte svært vanskeleg å få pengar til, samtidig som altså dei same oversettarane sitt og omsett hundrevis av byråkratarsider som alle seier det same, men ned setningar i ulik rekkefølgje, og til 5-10 potensielle lesarar, som i verste fall likevel les den norsksvenske originalversjonen.
Ein type saksdokument som oversettast til samisk, og det med ein gang, er dei dokumenta som skal siterast, slik som lovar. Her gjeld det å ha ein tekst med offisiell status å vise til, og det at dei er på samisk gjør det og mogleg å skrive om dei på samisk. Slike tekstar blir i kraft av sin eksistens viktige terminologiutviklarar: Viss termen står i lova er det og den termen som skal bli brukt.
Det at sametinget er så lite samisk som det er er ikkje bra, det gir eit dårleg signal. Eitt av problema er sjølvsagt at nordsamisk ikkje er like einerådande blant svenske samepolitikarar som det er det blant finske og norske, eit anna kan vera at Kiruna er ein mindre samisk plass enn det Karasjok og Enare er.
No er det ikkje lenge sidan det første kullet av kommande lærarar og byråkratar vart uteksaminert frå den samiske høgskolen i Kautokeino. Dette er ei svært viktig gruppe, i og med at dei er funksjonelt samiskspråklege på ein måte du berre kan bli viss du verkeleg har utdanninga di frå ein institusjon som er på det språket (jfr. engelskkunnskapane til svenskar med universitetsutdanning frå USA med dei som har den frå Sverige). Ein del pengar kunne kanskje gå til stipend for å få studentar dit.

Individuell rett til samisk

Det finst ei gammal historie om samen som skulle delta på eit møte, m.a. med å halde innlegg. Treng du tolk, spørte arrangørane. Nei, sa samen, det gjør eg ikkje, eg forstår både norsk og samisk. Men det kan jo hende at de treng tolk.
Dette poenget er viktig, og står som eit alternativ til filosofien om å gje folk som ikkje er "like svensk som oss andre" (tolke)hjelp til å bli like svensk som oss. Det er ein menneskerett å forstå og bli forstått, og når dommar og tiltalt ikkje har noko felles språk har begge like stort behov av tolk. Det er og viktig å advare mot å tru at "alle kan svensk flytande". For det første er det alltid dei som kan som snakkar, og dei som ikkje kan som held kjeft. Det beste biletet av språksituasjonen får vi kanskje ved å gå på sjukehuset og på aldersheimen. Dit kjem alle, ikkje berre dei som kan. For det andre er det ikkje sikkert at det å snakke svenske setningar riktig betyr at ein forstår utgreingar om lovar, reglar og abstrakte begrep på svensk. Prinsippet bør med andre ord gjelde og der dei har eit felles språk, men der den eine av dei to ikkje kan det godt nok.
Men sjølv om samen verkeleg er tospråkleg er det likevel ein menneskerett å kunne bruke eige språk. Denne gang blir det berre svensken som treng tolk. Ideelt sett bør vi dermed gje svensken ein tolk også i dette tilfellet (her som så ofte elles er det han med makt som ikkje kan språket til den makteslause, mens det er han utan makt som kan begge språk). Om den individuelle retten til å snakke samisk bør prioriterast så høgt at pengar bør gå til tolkar i slike tilfelle heller enn til anna arbeid (m.a. ting tatt opp her) er eit spørsmål eg ikkje veit svaret på.

Samisk i helsevesenet

Hit kjem heile befolkinga, så her er det mogleg å få folk som verkeleg er dårlege i svensk. Hit kjem det og svært gamle meneske, som er dei som i utgangspunktet er dårlegast i svensk og best i samisk. Det er og eit utbreidd fenomen at samtidig med at eldre menneske får hukommlesproblem og går meir og meir tilbake til hendingar i barndommen, går dei over til å snakke språket dei snakka som barn. "Eg orkar ikkje å snakke norsk lenger", som ein gammal kven har sagt. Det kan dermed tenkast at tolking i helsesektoren er viktigare enn tolking i retten. Her er det sjølvsagt og viktig at personalet kan samisk. Det vil ofte vera til stor hjelp om lege eller sjukepleiar kan forstå samisk, om dei ikkje snakkar det sjølv. Det å skolere folk (t.d. helsepersonell) med passiv forståing som mål er ikkje så ressurskrevande (verken for personellet sjølv eller for skoleringsbudsjettet) som det å skulle lære å snakke samisk. Eitt grunnlag å bygge på kan vera helsepersonell som allereide kan finsk, noko som i Sverige gjeld mange. Ved å utvikle eit kursopplegg i passiv samisk for finskspråklege kan ein planmessig dra nytte av likskapen mellom samisk og finsk. der det svært ofte er mogleg å gjette seg til kva eit samisk ord betyr, på grunnlag av regelmessige skilnader med finsk. Mitt tips er at prosenten av deltakarar som verkeleg vil få utbytte av kurset i praksis vil vera langt, langt større med eit slikt spesifikt opplegg, enn med dei vanlege "Davvin 1"-kursa.

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø