av Trond Trosterud
|
I dag er det ikkje opna for å bruke dei samiske bokstavane i folkeregisteret og andre offentlege namneregister, og dermed kan svært mange av samiske personnamna ikkje bli ført inn i folkeregisteret. Av dei samiske bokstavane kan bokstaven á (den mest aktuelle bokstaven for å skrive namn) i prinsippet bli tatt i bruk med ein gong, utan store praktiske problem. Det som trengst for å få det gjort er politiske instruksar til eit motviljug embetsverk. For å få med dei andre samiske bokstavane trengst det ein revisjon av kodetabellane som ligg til grunn for dagens register. |
Dagens praksis når det gjeld registrering av namn står i strid med det Noreg har forplikta seg til gjennom den samiske språklova, og det står i strid med norsk offentleg språkpolitikk, både den som blir ført ovafor samisk i Noreg, og den som blir fremja av Noreg ovafor andre land i internasjonale fora.
Samisk har 7 bokstavar som ikkje finst i det norske alfabetet. Av desse 7 står bokstaven á i ei særstilling, av to grunnar. For det første skil samiske personnamn seg frå samisk språk elles ved at á er overrepresentert i namn samanlikna med heile språket, og at dei andre samiske bokstavane nesten ikkje er brukt i namn i det heile. For det andre inneheld folkeregisteret sitt dataformat allereie i dag bokstaven á, det er berre brukargrensesnittet som manglar på å ta han i bruk. Á blir dermed handsama separat.
Folkeregisteret blir administrert av Sentralkontoret for Folkeregistering under Skattedirektoratet. Det konkrete arbeidet blir gjort av IBM. Folkeregisteret sine basar er lagra på IBM stormaskinar, etter den såkalla EBCDIC 277-standarden. Denne standarden har det same repertoaret av bokstavar som det vi finn i ISO/IEC 8859-1 (Latin 1). I tillegg til bokstavane A-Z inneheld desse standardane 31 bokstavar (kolonne C og D), folkeregisteret bruker berre store bokstavar). Av desse 31 bokstavane er 3 ÆØÅ, og 6 andre (ÄÉÈÔÖÜ) har vore i bruk i dei siste par åra. Grunnen til at Folkeregisteret dei siste par åra har opna for bruk av desse bokstavane var at ein svensk statsborgar gjekk til sivilombodsmannen og nekta å la seg registrere med norsk "ø" i namnet sitt. På bakgrunn av dette opna Folkeregisteret for eit vilkårleg utval på 6 av dei 28 ubrukte bokstavane. Brukargrensesnittet for å skrive inn namn med desse bokstavane er slik at brukaren opnar ein "bokstavboks", dvs. ein grafisk meny der desse seks bokstavane kjem opp som alternativ, slik at brukaren klikkar på ein av dei.
Dermed står det att 22 bokstavar som er i standarden og som dermed i prinsippet er tilgjengelege for bruk, utan at sjølve lagringsformatet blir berørt på nokon måte. Reint datateknisk er det trivielt å endre brukargrensesnittet, det som skal til er ein tastaturdrivar som genererer korrekt EBCDIC 277-kode til dei ulike bokstavane. Ein slik tastaturdrivar er allereie i bruk, i og med at Folkeregisteret ikkje tyr til "bokstavboksen" for å skrive inn ÆØÅ må dei allereie i dag ha ein mekanisme for å generere EBCDIC-kodar til ÆØÅ. Det som skal til er ein revisjon av tastaturdrivaren for å generere dei andre EBCDIC 277-kodane. Det er og mogleg å vidareføre det grafiske brukargrensesnittet som Skatteetaten bruker i dag for ÄÉÈÔÖÜ, med å utvide den grafiske "bokstavboksen" til dei manglande teikna. Dette er ei meir tungvint løysing, men ho vil vere i tråd med dagens praksis. Med ei god lokaliseringsløysing kan tastaturdrivaren reviderast ein gong, og vere tilgjengelege for alle dei ulike programma som er avhengig av å registrere namn. Viss det er slik at den reviderte løysinga må førast inn i kvart program separat, er det ein indikasjon på at lokaliseringsarkitekturen på programvara ikkje er godt lagt opp. I alle fall vil det vere eit overkommeleg arbeid. Ei relevant samanlikning her er Statens Kartverk, som ikkje oppdaterer dataløysing, men oppdaterer samiske namn frå gammal til ny ortografi. Ein tilsvarande, hypotetisk, jobb for Folkeregisteret skulle ville ha vore å rette opp alle dei fornorska personnamna som no står i folkeregisteret til samisk form. Men her er det sjølvsagt ikkje snakk om ein slik omfattande operasjon, det er berre snakk om å endre brukargrensesnittet.
Dei andre 6 samiske bokstavane (č, đ, ŋ, š, ŧ, ž) er mindre brukt i personnamn, sjølv om det finst døme på at dei blir brukt. Derimot er dei vanlege i stadnamn, så for å skrive korrekt adresse på folk trengst dei samiske bokstavane. Desse 6 bokstavane finst ikkje i Latin 1, og dei finst ikkje i EBCDIC 277. Det å få dei inn i offentlege register krev dermed ein revisjon av det eksisterande systemet. Dette er langt frå umogleg, t.d. bruker både Statens Kartverk, Telenor og det finske folkeregisteret allereie i dag slike reviderte system. Revisjonen kan i prinsippet skje på to ulike måtar: Ved å halde seg til 8-bits kodetabellar, men å velje ein annan tabell, som inneheld dei samiske bokstavane, eller ved å gå over frå 8-bits kodetabellar til Unicode.
Statens Kartverk og Telenor (Telefonkatalogen) bruker begge den første løysinga. Dei bruker Latin 6 (ISO/IEC 8859-10), ein standard som inneheld alle dei nordsamiske bokstavane. I og med at Folkeregisteret bruker EBCDIC (ein tabelltype for IBM sine stormaskiner) er Latin 6 uaktuell, men det er i prinsippet mogleg å ta i bruk ein EBCDIC-tabell som inneheld dei samiske bokstavane.
Den andre løysinga inneber overgang til Unicode (det er den løysinga som er vald i Finland). Viss Unicode skal bli brukt i eit 8-bits-miljø må ein bruke fleirbyte-sekvensar, den såkalla UTF-8-representasjonen av Unicode. IBMs stormaskiner er i stand til å bruke UTF-8, så det er fullt mogleg å migrere til UTF-8 utan å skifte ut maskinparken. UTF-8 kan og lesast av alle vanlege nettlesarar.
Det er klårt at den framtidsretta løysinga er UTF-8. I alle fall vil innføring av dei andre 6 samiske bokstavane krevje ein revisjon av heile systemet, så i den samanhengen vil den beste løysinga vere å gå over til UTF-8. Ein bonus er at det dermed blir mogleg å skrive namn på bokstavleg talt alle verdas språk riktig, noko som gjer det mogleg å registrere namna til innvandrarar utan å innføre feilkjelder i registreringsprosessen. Ein annan positiv effekt er at dei norske registra vil bli kompatible med andre register, i og med at UTF-8 er ein internasjonal standard.
Vurderinga gjort i Sentralkontoret for Folkeregistering under Skattedirektoratet (av underdirektør Harald Hammer) er at det er (sitat) "for dyrt" å gjere samiske bokstavar (også bokstaven á) tilgjengeleg. Som vist her er dette ikkje riktig. Repertoaret i tabellen EBCDIC 277, som Skattedirektoratet bruker, kan bli tatt i bruk med relativt små justeringar i brukargrensesnittet, utan å endre teikntabell, dvs. utan å endre på det grunnleggjande systemet i det heile. Det som derimot må endrast er innstillinga til dette spørsmålet. Dagens praksis med å hindre samar i å gje ungane sine samiske namn vil ikkje bli endra utan at Sentralkontoret for Folkeregistering får tydelege politiske instruksar.
Det må opnast for bruk av bokstaven á i Folkeregisteret umiddelbart. Dagens praksis er i skarp strid med lovar, reglar, og offentleg politikk. Det samiske folket har i fleire hundre år operert med doble namn, eit norsk namn i kyrkjeboka, og sitt eigentlege namn heime. Det må no bli mogleg å bruke sitt eige namn i alle samanhengar. Kvart år blir det døypt nye samiske barn der foreldra gjerne vil, men ikkje får, føre inn det samiske namnet i folkeregisteret, så dette er eit tiltak som må setjast i gang no. Dei praktiske hindringane med å tilpasse brukargrensesnittet er ikkje store, og infrastrukturen er på plass, og har vore det lenge. Trass i den beskjeden samiske namneberarar får frå folkeregisteret har dagens kodetabell faktisk ein posisjon tilgjengeleg for á.
Heller ikkje det å ta i bruk dei andre 6 bokstavane er uoverkommeleg. Men her trengst det ein gjennomgang av dagens system, og ein plan for korleis ein best skal migrere til UTF-8.
Med dagens praksis opererer Noreg med ein svært stygg dobbeltmoral: Vi har ein høg internasjonal profil når det gjeld menneskerettar, og fordømmar t.d. Bulgaria når dei tvinger den tyrkiske minoriteten sin til å bruke bulgarske namn, og Tyrkia når dei tvinger den kurdiske minoritetn sin til å bruke tyrkiske namn. Trass i fine programformuleringar om mangfald i IT-sektoren, og omsyn til samisk på alle vis, er praksisen som blir ført av det organet som steller med praktisk politikk (Sentralkontoret for Folkeregistering) at samar får oppføre seg som gode nordmenn, og nøye seg med norske namn med bokstavar frå det norske alfabetet.