Har målsak noko med EU å gjera?

Av Trond Trosterud

Eg vil ta opp eit punkt frå Søndagspostens namngjetne radioprogram etter landsmøtet i Noregs Mållag (diskusjon mellom programleiar, Liv Ingebrigtsen og Atle Faye). I løpet av programmet framheva Liv Ingebrigtsen at "EU-spørsmålet har ingenting med nynorsk og målsak å gjera".

Eg er usamd i dette, men på eit kanskje litt uventa vis, så les vidare.

I neste hundreår vil omtrent halvparten av språka i verda forsvinne. Dei forsvinn fordi talarane blir tvunge til å skifte språk, og tvangen kjem frå to hald: frå staten talarane bur i og frå den internasjonale, angloamerikanske kulturimperialismen. Sjølv om nynorsk på mange vis skil seg frå eit typisk marginalisert minoritetsspråk, er det og mange fleire fellestrekk enn vi liker å innrømme. Eg tippar at ei studie av samanhengen mellom skriftspråkval, fødestad og alder i det såkalla nynorske randsoneområdet vil gje nøyaktig det same biletet som vi finn for frisisk, marisk og maori (overvekt av nynorsk blant dei eldre og dei som er fødd på staden, marginal posisjon blant dei yngre og innflyttarane). I Europa peiker EU seg ut som den argaste konkurrenten til desse to hovudfiandene av minoritetsspråka. Etter Sovjetunionen sitt samanbrot er EU ein av dei viktigaste kreftene mot den angloameriakanske kulturimperialismen, i Europa den aller viktigaste. Det som kan hindre EU i å ta steget fullt ut til å bli ein sambandsstat er medlemsstatane. I kampen mot medlemsstatane sine går EU i lag med regionane, med Lappland mot Helsingfors, med Galicia mot Madrid. Dei fleste nye og positive tiltaka for minoritetspråk i Vesteuropa dei siste tiåra har dermed komme frå EU, og medlemsstatane har gått med på det mest fordi det har vore ein måte å få attende medlemspengane sine til sine eigne regionar på (Helsingfors kanaliserer pengar til Lappland og til samisk fordi pengane dermed går til Finland og ikkje til andre delar av Unionen).
Store samfunnsendringar i Noreg får konsekvensar for målsaka. Frå 1950 til 1977 gjekk folketalet i reine nynorskkommunar attende. I blanda kommunar gjekk folketalet opp i tettstadene, men ned i utkantane. Det som skjedde i mest alle områda der nynorsken tapte terreng var at nynorskskolane i utkantgrendene vart nedlagt ein etter ein, og elevane frakta til bokmålsskolen i stasjonsbyen. (jfr. drøftinga i Almenningen/Lien: Striden for nynorsk bruksmål) Viss eit EU-medlemskap for Noreg inneber større sentralisering enn det vi allereide har (frå dei nynorske kjerneområda og inn til Oslo og Bergen) vil det slå ut negativt for nynorskprosenten, på same måten som sentraliseringa inn til stasjonsbyen gjorde. Ei anna sak er at nynorsk i Noreg skil seg frå baskisk i Frankrike og samisk i Noreg på eitt vesentleg punkt: Baskisk, samisk og andre europeiske minoritetsspråk er med og undergrev dei identitetsbanda minoritetane har til statane sine, og opnar dermed for ei styrking av "Regionanes Europa" i standen for "Statanes Europa". Nynorsk har ei anna rolle: I Noreg var nettopp nynorskrørsla ei leiande kraft i å bygge opp ei ideologisk og kulturell ramme rundt den nye nasjonalstaten. Dermed er ikkje det nynorske prosjektet ein naturlege alliansepartnar for EU-tilhengarane . Ei anna, regionalistisk orientert målrørsle, som satsar einsidig på dei nynorske kjerneområda, og vil gjera Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal uavhengig av snyltarane i hovudstaden, heller halde på oljepengane sine og det nynorske språket sitt sjølv (etter mønster frå Kuwait mot Irak, Slovenia mot Jugoslavia og Norditalia mot Italia), vil derimot finne ihuga alliansepartnarar både i Brussel og i Ja til EU før dei rekk å sende ut ei pressemelding om saka.
Dette betyr ikkje at eg vil oppfordre folk til å vera for EU, verken nynorskfolk eller samar. Sjølv om EU for utkantane i Sverige og Finland er ein partnar i striden mot politikken frå Stockholm og Helsingfors, er det og ei statsdanning som skil seg frå statane som vart danna i kjølvatnet av den franske revolusjonen på avgjerande punkt: Heller enn ein stat som i det minste konstitusjonelt er bygd på parlamentarisme og fridom, likskap og brorskap for borgarane, er EU ein stat som konstitusjonelt er bygd utan parlamentarisme, og med fridom for kapitalen og fri flyt ikkje av menneske men av arbeidskraft. Denne enno ferske statsdanninga er det altså vi i Europa har som den viktigaste alliansepartnaren i kampen mot dei to språkdreparane: "Nasjonal"statane og den angloamerikanske kulturimperialismen.

EU har dermed, til liks med andre maktfaktorar i alt samfunnsliv, direkte innverknad på språktilhøva i dei områda som blir påverka av EU. Denne påverknaden er samansett, og kan gje overraskande utslag, i alle fall er dei overraskande viss vi ikkje prøver å forstå dei.