Språkspalta

Frå og med dette nummeret av Norsk-Estisk Kulturnytt opnar vi for ei fast spalte - Språkspalta. Formålet med spalta er å spre kunnskap om estisk språk, og dermed gjøra det lettare å komma i kontakt med estarar. Vi vil og prøve å svare på spørsmål frå lesarane, om dei skulle dukke opp. Skriv viss det er noko de lurer på!

Uttale av estisk og finsk

Temet for den første språkspalta vår er korleis ein skal uttale estisk, særleg estiske namn. Finsk er teke med i same slengen, fordi dei to ortografiske systema er svært lik, og fordi nordmenn i austerled kjem borti både finnar og estarar. Både finsk og estisk rettskriving er fonematisk, dvs. det er eit ein-til-ein-forhold mellom lyd og bokstav (i estisk er samsvaret ikkje heilt perfekt), så det er lett å uttale finsk og estisk riktig.

Trykk og lengde

Opprinneleg har både norsk, finsk og estisk trykk på første staving. Finsk har konsekvent halde på denne regelen, slik at dei alltid har trykk på første stavinga, både i ekte finske ord og i framandord: Koivisto, hotelli. Estisk og mange norske dialektar har tatt over trykkmønsteret frå kjeldespråket når dei har lånt inn nye ord: (estisk:) hotell, parkett. Som ein tommelfingerregel kan ein seie at viss det er mogleg å kjenne att eit estisk ord som t.d. eit tysk, latin eller russisk lånord, skal ordet ha den trykkplasseringa det har i kjeldespråket. Viss det er umogleg å kjenne det att er det sannsynlegvis eit estisk ord, som dermed skal ha trykket på 1. staving. Det same gjeld estiske namn.

Trykk blir markert som høgtone, dvs. på den måten som er vanleg i dei fleste språka i verda, m.a. i vestnorsk tonelag 1, men som er tvert i mot austnorsk tonelag 1 (som markerer trykk med lågtone). Eit namn som Tiina blir m.a.o. uttala omtrent som i vestnorsk, og ikkje som i austnorsk (på norsk skrive Tina). Det er ikkje vanskeleg: Berre lat som om du skal fortelje ein finskevits (evt. bruk vestnorsk tonefall), og du får tilnærma rett resultat.

Estisk og finsk har den same regelen for lengde: Korte lydar blir skrive med enkelbokstav, lange lydar med dobbelbokstav. Estiske namn: Teet, Kaarina, Riina har alle lang førstevokal, mens (NB!) Anu, Ave, Nele har berre korte lydar, omtrent som nordgubrandsdalsk uttale av t.d. Vågå. Dobbelkonsonant betyr at konsonanten er lang: Pille, Henno.

Uttale av vokalane

Finske og estiske vokalar blir alltid uttala på same måten, uavhengig om dei er lange eller korte, i trykksterk eller trykksvak posisjon. Bokstavane har same lydverdi som dei har i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA. Den store skilnaden mellom finsk/estisk og norsk er at estisku og o alltid blir uttalt som i tysk Gutenberg og Gott, eller som i norsk sukker og godt (IPA [u] og [o]). y (estisk ortografi har ü, men det er same lyd som den finske y) skil seg frå norsk: Både finsk og estisk y/ü blir uttala som tysk ü i Düsseldorf, og ikkje som norsk y. For alle andre enn nordmenn (og svenskar) høyras den norske y-en ut som i. Estisk og finsk (og svensk ) ä og ö tilsvarar norsk æ og ø, det er berre ein ortografisk skilnad. Resten av vokalane blir uttala som på norsk, bortsett frå den estiske õ (t.d. i namnet Põld), som ikkje finst i norsk (eller i finsk). õ symboliserer den same lyden som russisk y eller tyrkisk i, så for dei som kan russisk eller tyrkisk. For oss andre: õ er ein bakre, øvre, urunda vokal, som ein får fram med å seie i, og deretter seie o (dvs. [u]) utan å røre på leppene. Det er ikkje lett,så bruk ein spegel til å prøve deg fram. Resultatet høyras ikkje spesielt pent ut, men det er mest ein vanesak.

Uttale av konsonantane

blir temaet for neste nummer. Følg med, følg med.

Trond Trosterud

Språkspalta

Språkspalta held fram, denne gang med rettleing når det gjeld uttale av estiske (og finske) konsonantar. Også her gjeld det at ortografien speglar uttala så direkte at det er meiningsfylt å helde eit eisidelangt kurs: Les du det som står her grundig kan du nok til å opptre på estisk og finsk på fjernsyn. Det var reklamen, no over til konsonantane.

Estiske og finske konsonantar blir uttalt som dei blir skrive. Det største problemet er faktisk å unngå å ta med seg uttalereglar frå andre språk, men å våge å tru at ein konsonant faktisk skal uttalas når den eingang står der. Såleis betyr ein h etter ein vokal at det skal uttalas h, ikkje at vokalen foran er lang, som i tysk. Fi. lahti og est. laht ('bukt') uttalas i begge tilfelle med kort [a] og med [h]

Den neste generelle regelen gjeld både i finsk og i estisk, og både for vokalar og konsonantar: Dobbelskriving av bokstav betyr at lyden er lang. Dobbelkonsonant betyr altså ikkje at vokalen foran er kort, som i norsk, men at konsonanten er lang. Det finske namnet Määttä har m.a.o. både lang [æ:] og lang [t:].

Eit karakteristisk trekk ved både estisk og finsk er at p,t,k i framlyd blir uttalt uaspirert, dvs. utan den pustelyden som nordmenn kan blåse ut blautkakelys med berre ved å seie kake [khake]. Vi har h-lause ptk-lydar på norsk og; det er berre å sette ein s foran dei så forsvinn ekstrapusten. Berre prøv, med handflata foran munnen: sei: kake, skake. Det er den første k-en i skake du treng i estisk og finsk. Sett handflata for munnen og gje deg ikkje før du har den same t-en i Tallinn og Turku som i det norske ordet stallen.

Estisk rettskriving har eit par unntak. Først: b,d,g blir alltid uttala ustemt, dvs. [p,t,k]. Den estiske byen Paide heiter med andre ord [paite]. Dette gjeld og lånord: buss, gaas, dokk (buss, gass, skipsverft, dokk) blir uttala [pus:, ka:s, tok:] (NB! hugs: ikkje: [phus:, ..]). Dette litt kompliserte systemet har estisk fordi det er tre ulike lengdegradar: p,t,k kan vera kort, lang og overlang, og dei tre gradane blir skrive b,d,g; p,t,k og pp,tt,kk. I og med at vi i norsk ikkje skil mellom korte og lange konsonantar i det heile tatt kan dette bli i vanskelegaste laget. Men vi kjem meir enn langt nok om vi slår i hop dei to lengste gradene, og uttalar p,t,k og pp,tt,kk. som lange konsonantar: [p:, t:, k:]. Litt praktiske eksempel etter all oppramsinga: Når det står reserveeritud på døra, uttalas det altså [reser've:rit:ut].

Til slutt ei opplysing til glede for trønderske og nordnorske lesarar: Estisk kan med rette bli sett på som den trønderske varianten av finsk: språket som i tillegg til å ha alt anna også har apokope og palatalisering. Regelen er: d,t,n,l,s blir palatalisert (hattkaill, hainnhoinn i bainn, osb.) foran i eller j. Byen Sindi blir m.a.o. uttalt med omtrent den same konsonanten som vi finn i trøndersk itj. Dessverre for oss utlendingar har estisk palatalisering også der det har stått ein i,j eingang, men ikkje står det lenger. Medmindre du kan finsk (der i-en ikkje har forsvunne) er det lite du kan gjøra for å vite kva som er kva. Dermed får vi minimale par som müts/müts, der den palataliserte varianten betyr 'lue (mössa)' og den ikkjepalataliserte betyr 'smell, støt'.

Med massiv russisk påverknad har estisk og bokstavane [[Sigma]]s, [[Sigma]]z, som blir uttala som austnorsk sjelden og som engelsk journalist. z står for stemt s.

Det var det viktigaste om estiske og finske konsonantar. Neste gang skal vi sjå på estisk grammatikk og kva den kan fortelje oss om estarar mellom aust og vest, nord og sør.

Trond Trosterud

Språkspalta

Temaet for språkspalta denne gang er estisk språk i skjæringspunktet mellom aust og vest, nord og sør. I og med at den nasjonale reisinga i Estland kom relativt seint, og i og med at Estland hadde minimalt sjølvstende fram til 1918, fekk aldri den språklege purismen den stillinga ho fekk i land som Island og Finland. Estisk har ikkje berre lånt ord, grammatikken har også vorte påverka. Her skal vi sjå på eitt grammatisk fenomen, inversjon av subjekt og verb i heilsetningar.

Felles for alle andre germanske språk enn engelsk er at verbet er nøydd til å stå på andre plass i setninga, slik at subjektet kjem på tredje plass viss det ikkje kjem på förste. Dette er ikkje noko eksklusivt germansk fenomen. Det eksisterer i ein del vestafrikanske språk (Kru-språk), og det finst i estisk. Nedanfor står den same setninga på norsk, estisk og finsk.

I går drog Peter til Pärnu

Eile läks Peeter Pärnusse

Eilen Pekka lähti Pärnuun

Forkorta kan vi seie at norsk og estisk har eit V2-system (verb = nr. 2), mens finsk har eit V3-system. Det er likevel litt for enkelt å seie at estisk har kopiert tysk (eller svensk) syntak. Resultatet har vorte eit nytt, tredje system, midt mellom germansk og finsk. Ein skilnad er at mens det er grusom norsk å seie*I går Peter drog til Pärnu, er det ikkje gale på estisk (sjølv om dei liker V2 best). Viss vi ser nærare på det er det slik at V2 alltid går bra, mens V3 blir betre og betre jo lettare subjektet er. Eit trykklett pronomen klarer utan problem å snike seg foran verbet. Vi prøver med tre ulike subjekt, først det tyngste, Peter sin bestefar, så Peter sjølv, og til slutt eit trykklett pronomen ta, som betyr han eller ho.

Eile läks Peeteri vanaisa Pärnusse

Eile läks Peeter Pärnusse

Eile läks ta Pärnusse

Med V2 (det norske mønsteret) går alle tre like bra. Men kva skje viss vi snur på det?

*Eile Peeteri vanaisa läks Pärnusse

??Eile Peeter läks Pärnusse

Eile ta läks Pärnusse

Her blir setninga betre og betre desto lettsare subjektet blir. Ein annan skilnad mellom germansk og estisk er at i estisk oppfører V2-fenomenet seg ulikt i negerte setningar. Her kan vi alltid ha V3, mens V2 ikkje er så bra lenger. Nedanfor ser vi kva som skjer viss det ikkje er nokon som drar til Pärnu.

??Eile ei läinud Peeteri vanaisa P:sse

??Eile ei läinud Peeter Pärnusse

??Eile ei läinud ta Pärnusse

Eile Peeteri vanaisa ei läinud P:sse

Eile Peeter ei läinud Pärnusse

Eile ta ei läinud Pärnusse

Her er plutseleg alt snudd opp ned, og vi har det finske V3-mønsteret att. Korfor er det slik? Ei forklaring kan vera at estisk eigentleg ikkje er V2, men 'samsvarsböying med subjektet'-2. Estisk er som tysk og islandsk: verbet blir bøygd i samsvar med subjektet. Men i estisk gjeld dette berre i positive setningar. Når verbet blir negert kongruerer det ikkje med subjektet lenger.

Ein kan tenke seg at setninga 'eigentleg' ser slik ut:

IGåR - KONGRUENS - PETER - VERB - ...

For å kunne bli bøygd etter subjektet må verbet fram og hente kongruensen sin. Dermed havnar verbet framfor subjektet. I negerte setningar blir det ikkje noko reising på verbet, det treng ikkje kongruensen, og blir det det er.

I norsk er det ikkje samsvarsbøying, så her er det bøying i TIDsom er det verbet må strekke seg etter:

IGåR TEMPUS PETTER DRA TIL PäRNU

Dermed seier ungar Pappa ikkje reise! heilt til dei lærer seg tidsformene: Pappa reiser ikkje! Estisk har eit anna underliggande system, men resultatet blir delvis det same, i alle fall så lenge vi ser på det positive!

Trond Trosterud

Språkspalta

Frå og med dette nummeret deler vi språkspalta i to: Ein praktisk og ein upraktisk del. Viss ein verkeleg vil lære estisk er begge delar like praktisk, men elles høver den praktiske delen for dei som står i Kaubamaja i Tallinn eller får estiske gjester, og den upraktiske delen høver for dei som er nysgjerring på livet, verda, og fascinerande og fantastiske drag ved estisk språk, og for dei som er glad i å løyse kryssord.

PRAKTISK ESTISK

Det verste å ikkje kunne på eit nytt språk er alle orda. Her kjem ein del viktige estiske ord, talorda (hugs UTTALE frå sprsp 1&2!):

0 null 10 kümme

1 üks 11 üksteist

2 kaks 12 kaksteist

3 kolm 13 kolmteist

4 neli 14 neliteist

5 viis 15 viisteist

6 kuus 16 kuusteist

7 seite 17 seiteteist

8 kaheksa 18 kaheksateist

9 üheksa 19 üheksateist

20 kakskümmend 100 sada

30 kolmkümmend 200 kakssada

40 nelikümmend osb...

50 viiskümmend

60 kuuskümmend 1000 tuhat

70 seitekümmend 2000 kaks tuhat

80 kaheksakümmend osb...

90 üheksakümmend

Samansette tal får vi ved å sette saman tala:

234 = kakssadalkomkümmendneli. Året i år er tuhat üheksasadaüheksakümmendkolm.

For alle som har prøvd å lære den franske, russiske, danske (eller doble norske) tellemåten, kjem estisk som ei stor lette. Så eit spørsmål på tampen: Kui palju se maksab? 'kor mykje dette kostar?'. Svaret, i estisk mynt, kan vera t.d. 86 kruun ja 50 cent

UPRAKTISK ESTISK

Tema i dag er det kanskje mest berykta av alle eigenskapane ved finskugriske språk: Dei ufattelege mengdene med kasus (som om ikkje 4 tyske var nok har t.d. estisk 14. Men i motsetnad til tyskarane (som eigentleg klarer seg godt med preposisjonar) har estarane bruk for kasusane sine, t.d. for å komma seg til Oslo og tilbake: Oslosse (til O) - Oslos (i O) - Oslost (frå O). Kasus har estisk til felles med alle andre finskugriske språk. Viss vi sett fleire ord etter kvarandre, får vi kasusending på alle saman: suur kool betyr 'stor skole', og 'i den store skolen' er suures koolis, 'frå den store..' er suurest koolist, osb. For oss som er flaska opp med norsk og tysk grammatikk er ikkje dette så rart. Vi har også zu dem großen Manne, med dativ over heile fjøla (zu kjem rett nok berre ein gang). Men frå eit finskugrisk perspektiv er det ikkje slik. I 'vanlege' finskugriske språk, som t.d. ungarsk, samisk og mordvinsk (faktisk i alle andre enn finsk, estisk og eit par små nabospråk) er det normale å ha kasus berre ein gang: 'i den store skolen' er stuora skuvllas på nordsamisk og pokçs çskolaso på mordvinsk, og i begge språka er det berre substantivet som får kasusendinga.

Korfor er så finsk og estisk så spesielle (sett med finskugriske auge, frå ein germansk synsstad er det jo heilt normalt)? Ein teori som har vorte sett fram er nettopp påverknad frå germansk: Dei har kasuskongruens i finsk og estisk nettopp fordi det er kasuskongruens i tysk (og var det i gammalsvensk). Om det er den rette forklaringa veit vi ikkje sikkert, men resultatet har i alle fall vorte eit system som skil seg frå tysk. Det er nemleg ikkje alle kasusa som kongruerer, 4-5 kasus er godt nøgd berre dei får adjektiva i genitiv. 'som den store skolen' heiter suure koolina, 'med den ...' er suure kooliga, og 'fram til den ...' er suure koolini. For å finne ut kva det er som gjør at desse kasusa oppfører seg ulikt normale estiske kasus kan vi sjå på noko anna spesielt ved dei: Alle dei ikkjekongruerande kasusa legg ei ny staving til ordet (2>3: koo-li-na, osb.), mens dei 'vanlege' kasusa ikkje endrar på stavingstalet (koo-lis). Kanskje det vart for mykje bry med kongruens når dei fekk ei ekstra staving å drasse på. Så enten dei starta ut med å kopiere tyskarane eller ikkje; systemet dei har i dag er alt anna enn identisk med tysk!

I neste språkspalte skal vi (til glede for alle norskfilologar og dialektkjennarar) vise at estisk eigentleg er ein trøndersk dialekt (eller omvendt). Følg med, følg med.

Trond Trosterud

Språkspalta

PRAKTISK ESTISK

Her kjem det fleire viktige estiske ord. Vil du lære estisk er det berre å skrive av og henge opp på gule lappar på do. Ikkje gje opp før du kan dei utanat! Sist tok vi opp talorda, no tar vi dei to-tre første ordenstala:

esimene første nelja fjerde

teine, (teise-) andre viies femte

kolma tredje kuues sjette

Med hjelp av dei kjem vi langt inn i veka også: 'Veke' er nädal på estisk (estarane har eit russisk lånord, mens finnane har lånt frå svensk og seier viikko). Her kjem vekedagane, frå og med måndag:

esmaspäev reede

teisipäev laupäev

kolmapäev pühapäev

neljapäev

Dette ser jo avskrekkande ut, men det er eit system i kaoset. Først av alt: päev betyr 'dag'. Deretter kan de samanlikne dei første vekedagane med ordenstala. Når det gjeld siste halvpart av veka er reede sjølvsagt lånord frå germansk, og laugardagen dukkar opp i forkorta form i laupäev. Til slutt har vi pühapäev, der püha betyr 'heilag'. Dei som har vore borti islandsk (eller russisk) veit at det ikkje berre er estarar som har eit matematisk forhold til dagane sine. Om dei er så mykje kristnare enn oss skandinavar og finnar at dei av den grunn har forkasta Odin, Tor og Frøya, skal vi ikkje spekulere over her.

Til slutt eit par nyttige helsingsfraser:

Når estarar møtes seier den førte tere!, og den andre svarer med tere-tere! 'hei!'. 'Velkomen' er tere tulemast, og nägemiseni! er 'på gjensyn!'

UPRAKTISK ESTISK

Tema for den upraktiske språkspalta denne gang er spesielt vald ut til glede for alle norskfilologar, for dei som har gått på gymnas eller vidaregåande skole, og for alle som har lagt merke til at det går an å høyre skilnaden på ein austlending og ein trønder. Trønderane seier kast, værra, der austlendingane seier kaste, vara. Det vi skal snakke om er apokope ('apokop!), og konklusjonen vi skal fram til er at estisk er ein trøndersk dialekt (eller omvendt).

Når estarane seier Tallinn seier finnane Tallinna (eig.Tanskan linna, danskeborgen). Slike par er det fleire av:

finsk estisk tyding

jalka jalg 'fot',

linna linn 'by'

piimä piim fi. 'surmjølk' est. 'mjølk'

tuli tuli eld

Og så kjem nummerets påskenøtt: Korfor oppfører dessse orda seg forskjellig? Korfor er det slik at mens alle dei finske orda sluttar på vokal er det berre eitt av dei estiske orda som sluttar på vokal?

Svaret finn vi i Trøndelag. No later vi som om norrønt er finsk, og trøndersk er estisk:

norrønt trøndersk

(= "finsk") (= "estisk")

vera værra

koma komma

leva levva

kasta kast

leika leik

líka lik

Dei tre første trønderske verba har halde på den norrøne endinga, mens dei tre siste har mista ho. Det spesielle med orda utan apokope er at dei hadde kort rotstaving i gammalnorsk, dvs. ein kort vokal og ein kort konsonant (VK): vera, koma, leva (som i Vågå-dialekten i dag), mens orda med apokope hadde lang rotstaving (VVK: leika, líka eller VKK: kasta). Nøyaktig på same måten er det med finsk/estisk og: tuli men piimä, linna. Dermed har vi konklusjonen klar: Esktisk skil seg frå finsk på same måte som trøndersk skil seg frå norrønt.

Kva lærer vi så av dette? Kanskje det at språk er det same overalt, sjølv om orda er forskjellig.

Trond Trosterud

Språkspalta

PRAKTISK ESTISK

Forrige gang lærte vi å seie `hei' (for dei som har glømt det: 'tere! er `hei', og `velkomen' er tere tulemast!). Men kva seier vi så? Her kjem svaret, i form av ein kort tekst, spedd opp med litt allmenngrammatiske betraktningar.

Kes sina oled? Mina olen Tor. Mina olen noorlane. Mina elan Oslos. Tema on minu sõber, Trond. Ta on ka noorlane.

kes kven Oslos i Oslo

sina du tema, ta han/ho

mina eg minu min

noorlane norsk sõber ven

elan eg bur ka også

Tre ord mangla i ordlista, og vi kan legge til tre til og få eit heilt paradigme (olla `å vera'):

mina olen `eg er' me oleme `vi er

sina oled `du er' te olete `de er'

tema on `han/ho er' ne on `dei er'

Estisk er altså som tysk: Ikkje berre har dei kasus, dei bøyer verba sine i person og tal også. Eit regelmessig verb er elama, `å bu'. Det går slik:

mina elan `eg bur' me elame `vi bur'

sina elad `du bur' te elate `de bur'

tema elab`han/ho bur' ne elad `dei bur'

UPRAKTISK ESTISK

Ordet for ikkje i estisk er ei. Men dette ei-et er ikkje noko vanleg `ikkje'-ord. Det er nemleg eir verb. For å sjå det kan vi gå via finsk, der nektingsverbet bøyas i person og tal:

eg, du,... er ~ eg, du,... er ikkje:

1sg. minä olen ~ minä en ole

2sg. sinä olet ~ sinä et ole

3sg. hän on ~ hän ei ole

1pl. me olemme ~ me emme ole, ...

I estisk er det ei i alle tal og personar, på same måten som det er det i tysk.. Likevel skil estisk seg frå t.d. tysk (ich bin nicht.., du bist nicht, ..), ved at der det tyske nicht lar verbet vera i fred, går det estiske ei aktivt inn og blokkerer all kongruens mellom verbet og subjektet. Jfr. dei positive formene mina olen, sina oled med dei nektande:

mina ei ole eg er ikkje me ei ole vi er ikkje

sina ei ole du er ikkje te ei ole de er ikkje

tema ei ole hho er ikkje nad ei ole dei er ikkje

Så om ei sjølv ikkje kongruerer med subjektet i estisk hindrar det i alle fall hovudverbet i å gjøra det. Dermed har vi klare prov på at det oppfører seg som eit hjelpeverb.

Det virkar kanskje litt eksotisk at ordet for ikkje skal vera eit hjelpeverb. Verb er jo m.a. noko som har eigne former for presens og preteritum. Det har ikkje ei i nordestisk og i finsk:

Estisk: mina olin ~ mina ei olnud

Finsk: minä olin ~ minä en ollut

Men ei har ei fortidsform i sørestisk:

eg, osb. er ikkje ~ eg osb. var ikkje

1 ma ei ole ~ ma es ole

2 sa ei ole ~ sa es ole ...

I tillegg går det sjølvsagt an å tenke seg ein kombinasjon av det finske og det sørsetiske systemet: Med bøying av nektingsverbet både i person og i tid. Slik er det i ein av dei estiske dialektane, Kodavere-dialekten:

eg, osb. er ikkje ~ eg osb. var ikkje

1 ma en ole ~ ma esin ole

2 sa ed ole ~ sa esid ole ...

På same måten som i forrige språkspalte skal vi no dra ein parallell til Trøndelag. Denne gangen er det sørsamisk som oppfører seg som sør- og kodavere-estisk (med eigne preteritumsformer av nektingsverbet), mens nordsamisk, finsk og estisk dannar ei gruppe for seg:

Sørsamisk; eg, du, .er ikkje ~ er, du var ikkje

mån im leah mån eedtjem lih,

dån ih leah dån eedtjh lih,

sån ij leah sån eedtji lih,

Nordsamisk: eg, du, .er ikkje~ eg, du var ikkje

mon in leat mon in lean

don it leat don it lean

son ii leat son ii lean

Det er altså med finskugrisk som med nordiske språk: Nydanning og bortfall skjer i sentrum, og dei fullstendige paradigma står att i utkantsområda.

Til slutt: Kjem denne trøndersk-estiske føljetongen til å halde fram? Nei! Neste gang skal vi vise at når det gjeld å spørre seg for er det rogalendingane og estarane som har lært av kvarandre.

Trond Trosterud

Språkspalta

PRAKTISK ESTISK

I gamlebyen i Tallinn er det lett å gå seg vill. Da er gode spørsmål dyre, men i språkspalta er dei heilt gratis. Det viktigaste spørsmålet er Kvar er X?, på estisk Kus on X? Passelege ord å fylle inn for X kan vera t.d. desse:

sadam hamna

raudteejaam jarnvegstasjonen

bussijaam busstasjonen

lennujaam flyplassen

Raekoja plats Rådhusplassen

Neste problemet er å forstå svaret. Erfaring tilseier at orda for høgre (parem) og venstre (vasak) er gode å ha. Dei fins i tre variantar, alt ettersom det vi snakkar om er i ro eller på veg mot oss eller vekk frå oss.

-> * (til) * (i/på) * -> (frå)

høgre: paremale parmal paremalt

venstre: vasakule vasakul vasakult

Les så gjennom følgjande tekst, og lær han utanat til estlandsturen:

N: Kus mina olen?

E: Sa oled RAEKOJA PLATSil.

N: Kuidas pääsen ESTOONIA TEATRI juurde?

E: Mine mööda VANA TURU KAELa esimese ristmikuni ja pööra paremale. Siis esimene tänav vasakule, seejärel kolmas paremale, siis esimene tänav vasakule, ja seejärel mine paar sada meetrid otse edasi. ESTOONIA TEATER on sinust vasakule

N: Suur tänu!

Ordliste (jfr. også tidl. språkspalteordlister)

edasi framover pööra snu

ja og paar par

juurde fram til ristmikuni fram til

kuidas korleis eit kryss

kus kvar see det

meetrid meter seejärel deretter

mine gå! siis så

mis kva sinust frå deg

mööda langs suur stor

otse rett, rakt tänav gate

paremale til høgre tänu takk

pääsen eg kjem til vasakule til venstre

UPRAKTISK ESTISK

Sist lova eg å vise at estisk og rogalandsdialekt har mykje til felles. Vi startar i Estland. Det er ein type spørsmål vi ikkje har vore inne på, nemleg ja/nei-spørsmåla. Der norsk lagar ja/ nei-spørsmål med å sette verbet først, lagar estisk ja/nei-spørsmål med å sette ordet kas foran det vi skal spørre om. For samanlikninga si skuld kan eg nemne at finsk (og samisk) oppfører seg som kombinasjonen av norsk og estisk: I finsk sett dei partikkelen -ko først, men i og med at -ko ikkje kan stå aleine, sett dei verbet aller først:

N: Er du ___ norsk?

E: Kas sina oled norralane?

F: Oletko sinä ___ norjalainen?

Viss vi no ser på korleis desse språka uttrykker indirekte spørsmål får vi følgjande mønster:

N: Eg spurde om du er norsk?

E: Ma küsisin kas sa oled norralane?

F: Minä kysyin oletko sinä norjalainen?

Her deler språka seg i to: Estisk og finsk lagar indirekte spørsmål på nøyaktig same måte som dei lagar ja/nei-spørsmål, mens norsk har lagt seg til med eit ekstra om. Og no er det vi skal til Rogaland (i alle fall til Stavanger og Jæren, men det er til og med dei som hevdar at dei snakkar sånn i Flekkefjord òg). Der lagar dei ja/nei-spørsmål på denne måten:

R: Om du he vore i Stavanger?

R: Om eg kan få ei kaga?

Indirekte spørsmål lagar rogalendingane som dei gjør det i Estland. Dermed får vi følgjande sluttresultat: Estisk og rogalandsk (over dobbeltstreken) lagar ja/nei-spørsmål og indirekte spørsmål på nøyaktig same måten: Begge har ein initial ja/nei-spørrepartikkel (kas/om), og denne partikkelen blir brukt også som konjunksjon for å lage indirekte spørsmål. Av språka under dobbeltstreken lagar finsk òg direkte og indirekte spørsmål på same måte, men dei har både partikkel og framflytta verb. Norsk har det minst konsekvente systemet: Som einaste språk i utvalet vårt lagar dei ja/nei-spørsmål og indirekte spørsmål på ulik måte.

Estisk kas sina oled norralane?

Ma küsisin kas sa oled norralane?

Rogalandsk om du e norske?

Eg spurde om du e norske?

Finsk oletko sinä ___ norjalainen?

Minä kysyin oletko sinä ___ norjalainen?

Norsk er du ___ norske?

Eg spurde om du er norske?

Her som på andre felt går altså rogalendingar og estarar godt i hop. Kva skal vi så få i hop til neste språkspalte? Kven veit.

Trond Trosterud

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø