Om internett-kompatibilitet for nordsamiske typesnitt

 

 

av Trond Trosterud

Oppdatert 21.6.96

  1. Samandrag
  2. A. Bakgrunn
  3. B. Situasjonen i dag, og korleis dagens problem kan løysast
  4. C. Implementering av desse løysingane:
  5. D. Arbeidet framover

Samandrag

Problem: Det er stor variasjon i måten nordsamiske bokstavar blir representert på, noko som vanskeleggjør bruken av elektronisk post og web-tenester på samisk.

Løysing: Brukarane samlar seg om ein representasjon (til internett-bruk), og ser til at denne representasjonen får posisjon som de facto-standard. Aktørar i denne prosessen er først og fremst dei store samiske brukarane og dei relevante programvareprodusentane. Naturlege organisatoriske rammer for arbeidet er det samiske INTERREG-programmet og BARENTS INFORMATION SYSTEM.

A. Bakgrunn

Dagens situasjon, med ulike nordsamiske typesnittløysingar for kvar datamaskin, har vorte eit alvorleg hinder for den samiske skriftkulturen. E-post, webtenester, og generelt sett utveksling av nordsamiske tekstfiler frå maskin til maskin krev standardar og standardiserte omsettingsprosedyrer. Dette er det mogleg å rette på utan (store) pengeløyvingar, det viktigaste i denne fasen er dei tekniske og politiske avgjerdene (språkråda går ut og seier at dei støttar standardene, det same gjør evt. dei store samiske institusjonane), og informasjon. Innafor rammene av Barentssamarbeidet er det naturleg at Barents Information System og det samiske INTERREG-programmet deltar. Neste skritt blir å få i gang ein aktiv e-post- og web-bruk innafor dei store samiske institusjonane. Dermed vil andre brukarar og bli nøydd til å bruke standardane, i alle fall i internett- og anna ekstern samanheng. Først på denne måten vil det bli mogleg å utnytte både den felles nordsamiske ortografien og den nye datateknologien fullt ut.

B. Situasjonen i dag, og korleis dagens problem kan løysast

1. Det eksisterer mange ulike typesnittløysingar både for Macintosh og IBM. Desse kostar mange pengar for den einskilde brukar, frå 1000 til 5000 kroner.

Løysing: Få talet på løysingar så lite som mogleg I dag er det to ISO-standardar som kan skrive nordsamisk (men ikkje skolte- og lulesamisk): ISO8859-4 / ISO8859-10, også kalla Latin 4 og Latin 6, Latin 4 er i bruk blant finske samar, Latin 6 er ikkje i bruk nokon stad. I tillegg er det ein tilnærma defactostandard som er i bruk på norsk side, Winsam (som eigentleg inneheld to ulike standardar, men med automatisk konvertering dei i mellom). Macintosh har berre ein defactostandard: Apple Saami Standard Situasjonen på PC-sida er med andre ord i praksis litt kaotisk. Andre typesnittløysingar er ofte piratutgåver, eller løysingar med begrensa distribusjon. Problemet med variasjon må dermed reduserast til ein situasjon med to standardar, ein for kvart operativsystem, Applestandarden og ein standard på PC- og stormaskinsida..

Når det gjeld pris vil ein felles standard automatisk føre til auka konkurranse, slik at prisane vil falle. I tillegg er det mogleg å kjøpe fri ei basisløysing for private, ikkjeprofesjonelle brukarar (sjå nedanfor).

Konferansen om samiske typesnitt i Karasjok 13.-14. juni 1996 (med sametinga, dei største brukarane, programvareleverandørane og offentlege institusjonane representert) gjekk inn for å legge til grunn ein ny standard, her kalla Latin 9, som vil bli fremma ovafor dei relevante ISO-arbeidsgruppene. Jfr. separat webside om vedtaket om ny standard. Latin 9 skil seg frå Latin 4 og Latin 6 ved å inkludere samtlege latinskbaserte samiske skriftspråk, og ved å vera Latin 1-kompatibel, dvs. i stand til å lesa dei store vesteuropeiske språka, slik som fransk, spansk, osb.

2. Det er umogleg å redusere dei to standardane (Mac og PC) til ein, i og med at det inneber å endre på ANSI-teiknkodane på bokstavar brukt i store språk, noko korkje PC- eller mac-verda kan gå med på.

Løysing: I staden for å slå dei to standardane saman til ein, må den mest fleksible av dei (Macintosh) utstyrast med eit konverteringsprogram som automatisk overfører Latin 9-standarden til Macintoshstandarden.

3. For webtenester og elektronisk post må dei same teikna lesast direkte, det er ikkje snakk om å overføre tekstar frå eit format til eit anna.

Løysing: Macintosh oppretter ein andre standard, ein såkalla kvasistandard skjermfont, som gjør web- og elektornisk post-bokstavar lesbare etter Latin 9-standarden. For vidare handsaming må desse tekstane gjennom konverteringsprogrammet. Ein del program har og innebygd konverteringstabellar som kan manipulerast til å konvertere direkte.

4. I framtida vil desse problema bli løyst ved at alle datamaskinprodusentar går saman om ein 16-bits UNICODE kodingsstandard, som blir rommeleg nok til å ta omsyn til alle verdas bokstavar. Men denne framtida ligg såpass langt fram i tida at samisk ikkje har tid til å vente så lenge.

C. Implementering av desse løysingane:

1. Dei to standardane er opne for alle, slik at alle typesnittprodusentar i prinsippet kan lage typesnitt basert på dei. Autorative samiske organ går no ut og tilrår bruken av dei to standardene, og Latin 9 er no i ferd med å bli tatt i bruk på web-sider, e-post-system, osb.

2. Typesnittleverandørane har forplikta seg til å produsere ein kvasistandard skjemfont for Macintosh, og til å produsere konverteringsprogram. Dei har og forplikta seg til å levere gratis oppgradering frå gamle standardar til den nye standarden for samtlege registrerte brukarar.

3. Dette opplegget må marknadsførast på breid basis, t.d. som ein informativ annonsekampanje i samiske media i alle tre land, der det går fram at den som vil vera i stand til å utnytte informasjonsteknologien må bruke desse standardene, og der det går fram korleis ein kan få tilgang til naudsynt programvare.

4. Punkt 1-3 kan gjennomførast utan finansieringstilskot av noko slag. Denne prosessen ville gå fortare viss finansiørar (samiske middel, Barentsmiddel, Interregpengar) kunne kjøpe opp rettane til enten typesnitt basert på ein av dei to standardene, eller til konverteringsprogram. Desse kunne deretter leggast ut som shareware. Sannsynlegvis vil ei planlagt og velregissert standardiseringskampanje som skissert i 1-3 ovafor føre til ønska resultat utan oppkjøp av programvarerettar, i alle fall bør det prøvast ut før eventuell finansiell innsats. Dette framlegget er uavhengig av særskilde programvareleverandørar. Det det argumenterast for her er PC- og Apple-standardane, som er opne for alle, og ikkje for ein leverandør framfor ein annan. Sametinga vurderer no om det skal lysast ut ein anbodskonkurranse for å få frigjeve samiske typesnitt, tastaturlayoutar, osb.

D. Arbeidet framover

Ein gratisversjon av den nye standarden er allereide lagt ut på internett, men berre i ein storleik og som jamnbreid font (monospace). Private brukarar har med andre ord allereide tilgang til ei gratisløysing. For å kunne skrive ulike typesnitt må brukarane framleis kjøpe dei av dei ulike leverandørane, som no har gått over til den nye standarden.

Alle offentlege institusjonar som tar i bruk samisk programvare (bibliotek, trygdekontor, kommunar, osb.) må informerast umiddelbart, slik at dei kan bruke den nye standarden. I og med at leverandørane no går over til Latin 9, er det først og fremst storbrukarar som baserer seg på eigne løysingar det er viktig å komma i kontakt med.

Web-program (Netscape o.l.) og e-postprogram (Eudora, o.l.) må snarast mogleg bli utstyrt med konverteringstabellar som gjør dei i stand til å lesa den nye standarden, og til å konvertere mellom Mac og Latin 9. Desse løysingane må marknadsførast, t.d. ved å oppgje internettadresser der folk kan hente tabellane, eller postadresser dit folk kan sende diskettar med returporto for å få kopiar.

Det er allereide utarbeidd ein samisk versjon av Netscape for Macintosh (i form av eit anstallasjonsprogram som koblast til den ordinære netscape-varianten). Vi reknar med å kunne gjøra det same for Eudora og for PC-sida i løpet av ikkje alt for lang tid.

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø