Gennadi Jagomägi og Turid Farbregd:
Eesti-norra sõnastik / Estisk-norsk ordliste
Kirjastus Ilmamaa, Tartu 1997
Meldt av Trond Trosterud, Tromsø
Den første estisk-norske ordlsita er publisert, ei nett
lita bok på 140 sider, med i overkant av 5000 oppslagsord.
Så veldig mange ord er det ikkje, men kvart oppslagsord har
fått den merksemda ein kunne vente av ei skikkeleg ordbok.
Så med litt mindre beskjedenheit frå forfattarane kunne
dei godt ha kalla verket sitt for Väike eesti-norra
sõnaraamat / Lita estisk-norsk ordbok.. Ordlista er
asymmetrisk lagt opp, og tar omsyn berre til den estiske brukaren.
Men det er heller ikkje så lite denne brukaren får. For
alle omsettingane til oppslagsorda gjev ENS opplysningar om
bøyingsmønster og evt. uregelrett bøying, og for
omtrent halvparten av oppslagsorda er det og ført opp eksempel
på bruk, som viser både idiomatiske uttrykk og val av
preposisjonar osb. ENS inneheld og ein femten siders norsk
grammatikk, og ein parlør. I denne bokmeldinga vil eg gå
nærare inn på grammatikken, og deretter sjå litt
på sjølvd ordboksdelen i ENS.
Som sjangeren krev vil eg konsentrere meg om dei negative aspekta, og
prøve å gje konstruktiv kritikk. Derfor vil eg med ein
gang seie at hovudinntrykket er positivt, at resultatet har votre ei
bok brukaren vil ha både glede og nytte av. Så til den
konstruktive kritikken.
På femten sider gir ENS på eit uortodokst men overraskande effektivt vis ei innføring i norsk grammatikk. Innføringa knytter seg ikkje først og fremst til ordboka og ser heller ikkje ut til å vera skrive for den som vil lesa norske tekstar, snarare er ho ein god reidskap for den som vil produsere norske ytringar sjølv, i talt eller skrive form.
For å snakke forståeleg må ein kunne uttale orda rett, og grammatikken startar ut med eit kapittel om standard østnorsk uttale (eit par ord om at det er "standard østnorsk" og ikkje "norsk" det dreier seg om hadde nok vore på sin plass, om ikkje anna så for å førebu estaren på at ho nok kan vente seg noko ganske anna enn dette frå ulike nordmenns munnar). Først ute er ikkje overraskande vokalane. Lengde er fint forklart (viss lang vokal så kort konsonant og omvendt, i skrift markert med enkel og dobbel konsonant), men vi får ikkje vita at dette gjeld berre for trykksterk staving (lange lydar finst ikkje i trykksvak posisjon, i motsetnad til systemet i estisk) Ei kort liste over unntaka (ein konsonant men likevel kort vokal) hadde og vore fint, i og med at dei utgjør ei lita gruppe svært frekvente ord (at, kan, man, men, skal, til, vil).
ENS bruker det estiske skriftspråket som lydalfabet, og det går strålande nesten heile tida. I dei tilfella norsk har lydar som ikkje finst i estisk ignorerer ENS dessverre dette. Eg veit ikkje om det er redselen for ukjente bokstavsymbol eller for ukjente lydar som ligg bak, men resultatet er ei uttalerettleiing som sviktar når ho trengst som mest. Sjølv har eg stor tiltru til estiske språkstudentar si evne til å lære seg lydar som ikkje finst i estisk, og ein del av dei framande norske lydane vil og vera kjende frå andre språk som estarar kan, så som tysk. Eit alternativ er å bruke IPA, eit anna og ssv. betre alternativ er å halde fram med å bruke det estiske alfabetet, men å bygge det ut der det trengst. Framlegg til ekstrateikn: ç kan brukast for lyden i kjole, slik: [çuule]. Retrofleksane kan t.d. skrivast som t, d, l, n med prikk under (her i HTML-versjonen skriv eg T, D, L, N, lyden i "sjakk" skriv eg som ª).
Eg tar lydane ein for ein.
e blir uttalt [e], men trykksvak som schwaa, nesten som
[ø]. Ordboka bør fortelje at den trykksvake e-en skil
seg kraftig frå den trykksterke.
Uttalen av o er eit av dei mest pinlege kapitla i det norske
skriftspråket si historie, men det er likevel ikkje så
ille som ENS vil ha det til:"Reegleid ei ole" ("De er ingen reglar").
Det finst reglar, og dei fleste unntaka er det og reglar for:
Når o står for lang lyd uttalast han [u],
når han står for kort lyd uttalast han [o]. o i
slutten av ord er alltid lang og uttalast dermed alltid [uu].
Framandord har sine reglar, her er o som regel [u]. Fleire
reglar kan hentast fram frå faglitteraturen.
ENS kan fortelje oss at y uttalast på same måten
som u, men meir i retning av i. Dette er vel og bra,
men dessverre skrivest begge lydane med same symbol [ü]. Her
kunne symbolet [y] ha vorte brukt for y, attmed [ü] for
u og [u] for o. Mangelen for eige symbol for y
gjør og at det blir umogleg å gjøra greie for
diftongen øy. øy uttalast ikkje [öi],
heller ikkje [öü], men [öy].
Resten av vokalane går greit.
Konsonantane tar ENS mykje lettare på, av ein eller annan
grunn. Fleire konsonantar blir ikkje nemnt i det heile. Aspirasjon av
p, t og k hadde det og vore fint å få med.
ENS hevdar at k foran fremre vokalar blir uttala som tª.
Det finst norske dialektar der dette er rett, men i standard
østnorsk heiter det ç, kilo er altså
[çiilu] og ikkje [tªiilo]. [ç] finst ikkje
på estisk, men er ikkje vanskeleg å forklare: "[ç]
som i tysk ch Kirche og München", evt. med
matrisa t : s = k : ç. Dette er ein viktig lyd å
få rett, jfr. ord som tjuesju. Evt. kan de trøste
lesaran med at det no veks opp ein ny generasjon nordmenn som ikkje
skil mellom ç og ª.
Eit viktig trekk ved fonologien i austnorsk er dei retroflekse
lydane. Dei oppstår når ein kombinerer r og ein av
tannryggkonsonantane (t, d, l, n, s). Av desse godtar ENS ein, nemleg
ª for rs i eksempelet vær så god som
[vää-ªo-gu]. Dei andre blir presentert snart som
bortfall av [r]: barn [baan] (korrekt [ baaN]), gjør
du [jöö-dü] (korrekt
[jöö-Düü]) snart som bevaring av [r]:
hvordan [vuurdan] (korrekt [vuDan]. Viss forfattarane meiner
retrofleksane er så vanskelege at dei må skjulast for
estiske norskstudentar får dei heller presentere ein dialekt
eller sosiolekt utan retrofleksar. dei har vi heldigvis nok av i
Noreg. Det er mykje betre å snakke austnorsk men med separat
[r] som i vestnorsk, altså heller [furt] enn [futt], viss
[fuTT] er for vanskeleg. Men skal det seiast [furt] (som på
side 126) må det og seiast [barn] og [jöör
düü] på side 127. Sjølv trur eg forfattarane
undervurderer estarane her. Det som skal til er å uttale t,
d, l, n med tunga i den posisjonen ho er i når dei uttalar
ª. Og det er jo ikkje vanskeleg.
ENS fortel at norsk har melodisk aksent, men ikkje at det er fullt mogleg å snakke norsk utan tonelagsdistinksjon, slik dei gjør i Finnmark.
Det er og eit par feil i uttaleopplysningane ut over det eg alt har kommentert:
|
ord
|
i ordboka
|
korrekt
|
|
over |
[over] |
[oover] |
|
kilo |
[tªiilo] |
[çiilu] |
|
vær så god |
[vää-ªo-gu] |
[vä-ªo-'guu] |
|
tjue |
[tªüe] |
[çüüe] |
|
hvordan |
[vuurdan] |
[vuDan] |
Den norske "bestemte artikkelen" er ikkje nokon artikkel, men eit suffiks. Det kan like godt bli sagt, i staden for den forvirrande nemninga "artikkel". Det er ille nok at vi i Noreg rotar med grammatikken vår om vi ikkje skal plage utlendingar med det og.
Ein viktig (og enkel) regel er at e-en ei bestemt artikkel i ord som sluttar på tannryggskonsonantar er stum: bilen, båten, huden, malen, mannen uttalast [biiln, bootn, hüüdn, maaln, mann-n]. Her er det så stort avvik mellom skrift og tale at denne regelen bør med.
Futurum kan vi ifølgje ENS i norsk danne med hjelpeverba skal og vil, utan at det blir gjort greie for skilnaden mellom desse to. Men dei betyr slett ikkje det same. Vi kan seie Jeg vil dra, men kan dessverre ikke, men ikkje *Jeg skal dra, men kan dessverre ikke. La futurum bli uttrykt med skal, og hopp lett over vil (eller skriv eit eige avsnitt om modalitet).
Vi får og servert preteritunsforma av s-passiven: Boka lestes/boka ble lest. Etter mitt syn er s-forma her bortimot ugrammatisk i norsk (men fullt levande i svensk). Heller enn å bevege seg i grenselandet mellom det moglege og det umoglege (??Boka skreves != Boka ble skrevet !!!) bør norskstudenten bli leida inn på den trygge vegen, med Boka ble lest, Boka ble skrevet.
Norsk har ikkje kasus genitiv. Den såkalla genitivs-s-en er ikkje kasus, men ein klitisk partikkel. Dette er ikkje terminologisk flisespikkeri. Stikk i strid med det ENS lar oss tru referer ikkje Kongen av Danmarks kamferdrops til ein dropsekonge men til kongedrops (det er kongens drops og ikkje Danmarks), og frasa Karlsson på takets takstein er faktisk tvetydig. Dette fordi -s rett og slett hektar seg på ytterst til høyre på frasa, i motsetnad til ekte kasusendingar (med kasus genitiv måtte vi ha sagt kongens av Danmark drops). I det heile er markering av eigeforhold i norsk mangfoldig, men dei ulike uttrykksformene overlappar ikkje kvarandre. Jfr. følgjande tabell:
|
|
Namn |
Pronomen |
Pronomen |
Best. subst. |
Ubest.subst |
|
N-s N |
Petters bil |
hans bil |
min bil |
mannens bil |
en namms bil |
|
N sin N |
Petter sin bil |
|
|
mannen sin bil |
|
|
N-en N-s |
|
bilen hans |
bilen min |
|
|
|
N-en til N |
bilen til Petter |
|
|
bilen til mannen |
|
Med ein litt kompakt typografi kan ein klemme inn ein tabell som dette på den plassen det i dag går med til å liste opp usystematiske eksempel. Viss ein nærles preposisjonslista finn ein ut at det og er slik at andre preposisjonar enn til tilsvarar estisk genitiv (t.d. av). Denne innsikta kunne og ha vore systematisert under ein bolk om eigeformer.
Grammatikkdelen inneheld ei alfabetisk liste over preposisjonane i norsk, med instruktive eksempel. Etter mitt syn går den alfabetiske lista berre ei eventuell norsk-estisk ordbok i næringa (men så lenge vi ikkje har ei slik bok er det fint med ei preposisjonsliste!). Viss eg vil finne ut korleis preposisjonen til brukast kan eg jo berre slå opp der. Eg saknar to ting: For det første vil eg ha ein systematisk oversikt over klart avgrensa deler av det norske grammatiske systemet. Dette gjeld særleg det systematiske estiske systemet til-i-frå (-sse / -s / -st og -lle / -l / -lt), som i norsk er mindre spesifisert etter at skilnaden mellom akkusativ og dativ forsvann, jfr. (legge) i eska (ligge) i eska - (ta) ut av eska. For det andre kan det hende at ei framstilling med utgangspunkt i estiske kasus hadde vore vel så bra: "Eg vil bruke komitativ / illativ / ... . Kva tilsvarer det på norsk?"
Etter preposisjonslista blir det hevda at ein del av dei norske preposisjonane også kan stå etter komplementet sitt, dvs. faktisk vera postposisjonar, som i huset (som) vi bor i, hva tenker du på? Det som ikkje går fram her er at sjølv om estisk läbi er både pre- og postposisjon (läbi metsä ~ jääst läbi), så er det ikkje slik i norsk, vi kan berre seie gjennom skogen, gjennom isen, aldri isen gjennom. Eksempla ENS kjem med viser preposisjonsstranding, dvs. at ein relativ- eller spørresetning har fjerna ei substantivfrase men latt preposisjonen stå att der bak. Dette i seg sjølv er eit fenomen som kan bli tatt opp, men det må presenterast som det det er.
Ordforrådet er lite, berre 5000 ord, og vi vil alle finne
manglande ord frå våre eigne fag- og interessefelt.
Likevel er eg som norsk brukar kanskje litt skuffa over at
ordforrådet til ein så sentral estiskspråkleg tekst
som ENS sitt eige grammatikktillegg ikkje er dekka i ordboka (termen
määrsõna, "adverb", manglar t.d.). Rett nok
er det mange andre ting enn lingvistikk som er viktig her i verda,
men alle brukarane av ENS har i alle fall det til felles at dei
må studere grammatikk nok til å lære seg norsk
eller estisk.
Eg saknar trykkmarkering for dei norske orda, evt. også
tonelagsmarkering som ekstrabonus. Tilsvarande ville ein norsk brukar
ha sett pris på trykkmarkering i dei (få) estiske orda
som ikkje har trykk på første staving.
ENS gir ofte to synonym for same oppslagsord. Til skilnad frå V.D.Arakin si Norsk-russisk ordbok gir ho heldigvis også i dei aller fleste tilfella eksempelsetningar for begge dei to orda, slik at det skal vera mogleg å forstå skilnaden mellom dei (t.d. er det estiske ordet punkt omsett med tre norske ord, punkt, punktum og poeng. For å bruke rett ord i rett kontekst treng vi gode eksempel, og det gir ENS. Takk for det! Eit par gangar sviktar det, som i riivama berøre, snerte, som står utan eksempel, sjølv om dei to norske orda ikkje kan brukast om kvarandre. Men det er tydeleg at forfattarane har bestemt seg for eit eksempel for kvar omsetting, og som regel får dei det til.
Boka er laga for estiske brukarar, noko som er fullt forståeleg når ein veit at ho er komme ut som resutat av mykje friviljug arbeid og på eit lite trykkeri i Tartu. Likevel hadde eg gjerne sett eit par konsesjonar til norske brukarar og. Trykkmarkering i estiske ord er eit moment, eit anna er informasjon om palatalisering. Eit godt døme er praksisen i Paul Sagpakks Eesti-inglise sõnaraamat. Om ein ikkje oppgir deklinasjonsklasse, slik som Sagpakk gjør, kan ein i alle fall gje opp bøyingsstammen.
Jamt over har boka ein tiltalande og informativ typografi. Eg har berre eit par ting å sette fingeren på: For det første står eksempelsetningane i feit kursiv, der eg heller ville ha hatt berre kursiv, for dermed betre å skilje mellom oppslagsord og ordartikkel. For det andre har tabelltekst og tabellforklaring i grammatikkdelen same typesnitt (vanleg), noko som gjør det vanskeleg å skilje ut den norske teksten. Grammatikkdelen ville og ha vore lettare å finne fram i med nummererte kapittel, med topptekst som fortald kor vi var, og med ei lita innhaldsliste. Men dette er småting (som og er lett å endre på).
Her har eg drege fram negative sider ved ordboka. Lesaren av denne meldinga må likevel hugse på at det meste er småplukk og finjustering. Grammatikktillegget er uortodoks, men etter mitt syn svært effektivt. Uttaleopplysningane gir oss det vesentlegaste. Alt i alt er det ei vakker lita bok vi har fått, og eit viktig bidrag til å bygge ut kontaktane mellom Noreg og Estland.
Heim
|
Språkvitskap
| Språk og
samfunn |
Språk og
IT |
Språk
|
Undervisning
Om desse
sidene |
Näistä
sivuista |
About these
pages |
Andre
sider
Lingvistisk
institutt |
Humanistisk
fakultet |
Universitetet i
Tromsø