Målreisinga i byane - ved eit vegskilje!

Innleiing, byseminar i Oslo, 30-31. januar 1999

Av Ingar Arnøy


Fyrste gongen eg møtte spørsmålet om målreisinga og byane var på mitt fyrste landsmøte i Noregs Mållag, i Ørsta 1985. Det var dette landsmøtet, eller ordskiftet på dette landsmøtet, som mykje godt la grunnen for den vidgjetne bynemnda åt Noregs Mållag. På dette landsmøtet møtte eg mange folk som eg seinare har møtt titals gonger, om ikkje hundre gonger og vorte målvener med. Dei fleste på landsmøtet kom frå solide nynorskbygder, serleg frå Vestlandet. "So, du er nordlending og aktiv målmann -- ja, eg har aldri skjønt kvifor nordlendingane som har slike nynorske målføre ikkje vil skriva nynorsk", mælte målflokken til meg. Nei, det skjønte heller ikkje eg då, men eg prøvde etter beste evne å snikra teoriar om dette, tilliks med alle andre målfolk. Fyrst 5-6 år etterpå vart det klårare for meg at dei spørsmåla som vart stillte om nynorsken og byane på landsmøtet i Ørsta i 1985 just førde til at vi ikkje skjøna kvifor nordlendingane skreiv bokmål, trass i målføre som ligg kloss opptil nynorsknormalen. Det viktigaste spørsmålet som vart stillt var: "Er nynorsk i si noverande form eit godt nok skriftleg utrykksmiddel for talemålet i byane?" Svaret på spørsmålet kunde t.d. nyttast som årsaksforklaring på kvifor folk i byane med bymål anten hadde teke i mot eller avvist nynorsken. No visste sjølvsagt alle på landsmøtet at byfolk slett ikkje har teke i mot nynorsken, og at svaret på spørsmålet føresette at Nei, nynorsken i si noverande form speglar ikkje talemåla i byane nok - ergo avviser byfolket nynorsken

Når so bynemnda to seinare skulle arbeida fram ein strategi for målarbeidet i byane la styret i Noregs Mållag premissane for arbeidet deira gjennom mandatet sitt: Bynemnda skulle m.a. sjå på tilhøvet millom nynorsken og bytalemåla. Kvifor? Sjølvsagt for å finna ut om nynorsken var eit skriftleg uttrykk òg for bytalemåla. Til grunn for sovel mandatet frå styret i Noregs Mållag som dei spørsmåla som vart stillte på landsmøtet i Ørsta i 1985, ligg ideen om at utbreiinga av nynorsken svarar til talemålet på dei stadene der nynorsken er bruksmål for storluten av folket. I klårtekst vil dette seia at norma, utsjånaden, rettskrivinga i nynorsk, vog tungt for målfolk som analysereidskap.

TENKJEORGANET -- IKKJE TALEORGANET -- ER AVGJERANDE!

På dette seminaret har mange folk uttalt at det er uråd å normera seg til framgang. Liknande synsmåtar vart hevda på landsmøtet åt Noregs Mållag i 1998 og leiaren i Noregs Mållag, Liv Ingebrigtsen, hevda i Norsk Tidend i 1998 at det gjev ikkje nynorsken ein milimeter framgang om vi brigdar på nynorsknorma. Når vi les målrørslesoga i etterkrigstida lyt vi kunna kalla dette for ei ikkje so reint lita idologisk loftsrydding.Heile den samnorske tradisjonen kviler just på tanken om at det er nynorsknormalen som er problemet og at det norske framtidsmålet lyt rettskriva seg vekk frå gjeldande nynorsk. Punkt 1.b i mandatet åt språkrådet; "å føra dei to skriftmåla saman på norsk folkemåls grunn" er tufta på standpunktet om at nynorsk ikkje er ein god nok samnemnar for norsk folkemål. Å gå burt frå ideen om at nynorsknormalen er til hinder for nynorskframgang, er det same som å seia eit endeleg farvel til dei ideane Sigmund Skard målbar i Norsk Tidend 23. april 1955: "Det framtidige målarbeidet må byggja på resignasjon".

No er ikkje denne ideologiske loftsryddinga komen lenger enn at det viktigaste strategidokumentet åt Noregs Mållag attåt tufta -- Skulemålsplanen -- seier dette (og dette vart skrive i oktober 1997): "Er nynorsken i si noverande form eit godt nok uttykksmiddel for alt talemål i dag?". I den same planen står det òg, framleis gjeldande strategidokument skrive i oktober 1997: "Er det ynskjeleg å hindra at bokmål og nynorsk veks saman til eitt skriftspråk". Altso er ikkje loftryddinga heilt ferdig.

Om vi er samde i dette, at det ikkje spelar noka nemndande rolle korleis nynorsken ser ut, då kan det heller ikkje vera nemndande interessant for målarbeidet i byane kva talemål folk har. Då spelar det heller inga rolle kva stad i Noreg vi er: vi kan driva målarbeid korso.

Ved å byrja denne innleiinga slik, og eg har gjort det medvite, legg eg sjølvsagt premissar for oppfylgjinga: Eg hevdar nemleg at det er våre eigne idear om oss sjølve og om målarbeidet vårt som har stengt for målreising i byane. Den, etter mi meining, snevre fagleg-lingvistiske propagandaen som har vore målbore frå oss sjølve -- skriv nynorsk av di talemålet ditt tilfelleleg liknar meir på den nynorske skriftkoden enn den bokmålske -- har ført til politisk handlingslamming og marginalisering av oss sjølve. Eg hevdar ikkje at det er gale å målbera slik propaganda, eg seier einast av di dette har vore sjølve berebjelken i alt vårt arbeid siste 25 åra har det ført oss inn i ei blindgate vi enno ikkje er komne heilt ut av. Å avvisa nynorsknorma som ein premiss for ev. framgang eller attendegang for nynorsk, er å rydda bort galne tankar. Men dersom vi ikkje fyller loftet vårt, hovuda våre, med noko anna innhald kjem vi ingen veg. Dette fører meg over til konkrete røynsler eg har hatt med målarbeidet mitt, serleg i byane.

Våren 1998 arbeidde ei røys målfolk i Nidaros for å få skipa den fyrste nynorskklassa i byen. Det greidde vi og soleis skapa desse målfolka ei aldri so lita målsoge. Etter at ein slags sigersrus hadde lagt seg hjå oss som fekk oppleva dette, byrja dei ekle spørsmåla å eta seg innpå. Vi tala med over 230 foreldre til born som skulle byrja på skulen. Or desse 230 foreldra var der 2 -- to -- foreldre som hadde tenkt noggrant nøgje på spørsmålet om bokmål eller nynorsk for borna sine. "Det gjeld jo kva skriftspråkleg tradisjon borna skal verta førde inn i", sa dei. Just det! Og ikkje minst kva fylgjer det fær for den norske språkframtida, og dimed for sjølvbiletet åt det norske nasjonen (sjølvfortolkinga som Sæbjørn Forberg nemnde). For dei 228 andre foreldrepara var spørsmålet ramnande uinteressant. Årsaka til at 12 av dei 48 foreldra til 6-åringane på Singsaker skole valde nynorsk som opplæringsmål for borna, var at dei ynskte best mogleg opplæringsvilkår for borna sine. Og det kan vi jo saktens skjøna at foreldra vil. I denne situasjonen høvde det perfekt for desse foreldra å velja nynorsk som opplæringsmål for borna sine. Vi som arbeidde i Nidaros var sjølvsagt prinsipielt opportunistiske i denne samanhengen og stødde foreldra fullt ut. Utgangspunktet for at desse foreldra ikkje tok avstand frå å velja nynorsk er dette:

Med andre ord: Likesæla åt foreldra opna for moglege opne haldningar for å velja nynorsk som fyrste opplæringsmål, om so på reint oppvekstvilkårlege grunnar. Dette gjeld alle byar og bokmålsbygder i heile Noreg. Hjå den yngre generasjonen vaksne finst det få personar som har sterke antipatiar mot nynorsk -- snarare fortel samtida oss at det kvittar dei om lag midt på ryggen.

Utgangspunktet for alt målarbeid som har vore innretta mot skulen i byane siste 20 åra har vore den talentlause politikken styresmaktene har ført i skulepolitikken. For å spara pengar pressar dei inn so mange elevar som råd er i kvar skuleklasse. Dette fører sjølvsagt til dårlege, om ikkje elendige opplæringsvilkår for borna. Med dagsens økonomiske politikk som råme for framtidig skulepolitikk tykkjest det som om denne stoda vil vara ved lang tid framover. Ergo er potensialet for auka bruk av nynorsk i byane stort. Vi kan soleis byggja strategien for målvokster i byane på at styresmaktene held fram med å vera lite gjennomtenkte og lite framtidsretta i den økonomiske politikken og dimed òg i skulepolitikken. Ein anti-inflasjonspolitikk føreset nedskjering i offentlege utgifter med påfylgjande kutt i skulesektoren som igjen fører til at det vert lettare å mobilisera foreldra til å velja nynorsk slik at borna slepp å gå i klassar med 28 elevar.

Ein slik strategi vil vera som å spela Bingo. Og noka bingorørsle vil vi just ikkje vera! Heller då arbeida andsynes likesæla til folk. At det slett ikkje er uinteressant korleis den norske målstoda er om 50 år og at det slett ikkje er slik at språket, serleg skriftspråket, einast er kodar for kommunikasjon. Evnar vi ikkje å endra denne tenkjinga fær vi dei resultata vi fekk i ei spørjegransking millom nynorskelevar i Hordaland: Av 278 elevar svara 226 at dei syntest det var greitt med engelske namn på butikkane. Sjølvsagt seier dette noko om kva språklege og kulturelle ideal som rår millom ungdomen, men det seier like mykje om korleis ungdomen ser på språkframtida: Det er uinteressant for dei. Slik det er uinteressant for foreldra i so vel Nidaros som foreldra og flest alle folk i byane i Noreg om dei skriv bokmål eller nynorsk.

Erling Fossen hevda i sitt sluttinnlegg at det ikkje er han som har problem ned dagsens stode, men me. Og det har han jo heilt rett i: Det er vi som har problem med resultata av tenkjinga til folk -- ikkje folket sjølv. Det norske folket er fritt og dei nyttar denne fridomen til å vera likesæl andsynes målkløyvinga i Noreg. Folk flest vil vel òg seia at dei ynskjer å ha denne fridomen til å vera likesæl, og at dei slett ikkje ynskjer å vera nøydde til å ta stilling og sume vil endåtil hevda at det vil vera svært udemokratisk å stilla krav til folk om at dei bør ta stilling til sovel dette samfunnsspørsmålet som til andre samfunnsspørsmål. Vi kan til og med oppleva å verta kalla "fundamentalistar" om vi reiser slike spørsmål. Men dersom ingen stiller desse spørsmåla, kjem ingen til å spørja dei for seg sjølve og ingen vil prøva å røkja etter svar på dei.

Kvifor stiller so ikkje vi desse (store) spørsmål, vi som ynskjer at folket sjølv skal ta stilling til den historiske konflikten som framleis ovrar seg konkret i den norske språkkvardagen? Påstand: At den ovannemnde ideologiske loftsryddinga ikkje har vore fundamental. Difor klør vi oss i hovudet og lurer på korleis vi skal møta bokmåliseringa av målføra og likesæla til målspørsmålet. I byane og i bygdene.

KVA FOR SPØRSMÅL BØR VI STILLA?


Det vert ofte hevda at det er viktigare å stilla spørsmål enn å finna svar. Det skal visstnok verka meir demokratisk å tenkja slik og det vitnar visstnok òg om ei sokalla opa haldning til dei same spørsmåla. Men slik er det jo ikkje: Dei spørsmåla vi stiller vert avgjort av kva vi ynskjer og kva vi meiner. Spørsmåla som styret i Noregs stillte i mandatet åt bynemnda i 1987 kom ikkje som resultat av ei "opa" haldning til det same spørsmålet. Det kvilte på ei ei tenkjing om tilhøvet millom skrift og tale og ikkje minst botna det i ei viss tenkjing om kva målreisinga eigenleg er. Det siste er det verkelege store spørsmålet vi heile tida må stilla oss: Kva er eigenleg målreising. Evnar vi ikkje å gje svar på dette spørsmålet, iminsto for oss sjølve, er vi sjølvsagt ikkje i stand til å svara andre på det heller. Seminar som dette er i røynda eit slikt kontinuerleg ordskifte -- vi vert aldri ferdig med å drøfta dette spørsmålet, heldigvis!

Sæbjørn hevda i si innleiing at for å kunne verta deltakar i det sivile samfunnet og det offentlege romet, lyt ein ha ein viss språkleg dugleik. Eg vil gå lenger å hevda at ein er nøydd til å ha ei kjensle av å høyra til eit samfunn, det vil seia eit menneskeskapt kollektiv, for å kunna kjenna samkjensle med dei hine medlemene i samfunnet og dimed ta andsvar for framtida åt det same samfunnet. Dersom lojaliteten vår til samfunnet skal tuftast på lojaliteten til den administrative delen, staten og offentlege styresmakter, er eg redd so vel den nasjonale og lokale som den internasjonale solidariteten fær store vanskar med å overleva. Når Sæbjørn hevda standpunktet sitt om korleis nynorsken har ei svært viktig rolle å spela i å opparbeida seg denne språklege dugleiken som føresetnad for å verta ein aktiv medlem i samfunns-lekamen, er det sjølvsagt av di han som vi alle ynskjer at målreisinga skal gjera samfunnet vårt til eit betre samfunn å leva i. Skriv vi om Sæbjørns tankar i finare språkdrakt, og dei tankane er identiske med dei Aasen og Garborg målbar, kan vi seia at målreisinga er eit prosjekt om å byggja best moglege vilkår for demokratiseringa av samfunnet. Brått har eg kome inn på svært store spørsmål. Spørsmål som er viktige for alle, same kva språk folk soknar til. Kan de tenkja dykk at vi ringjer på døra til foreldra åt 6-åringen som skal byrja på skulen og seier: "Vi ynskjer at du vel nynorsk for barnet ditt for å styrkja vilkåra for demokratiet i Noreg". Det er svært lite sannsynleg at foreldra ville byrja drøfta tilhøvet millom tale og skrift eller landsnamnet etter ein slik presentasjon. Det er òg svært lite sannsynleg at vi ville ha opplevt det svaret eg fekk frå ei mor då eg gjekk på dørene i Trondheim: "Nynorsk, nei eg kjem frå Steinkjer eg!".

Med å leggja fram dette fortel eg òg at vi fær dei svara vi sjølv ynskjer. Dersom vi sjølv tilbyd målreisinga som eit fagleg-lingvistisk spørsmål, då fær vi om ikkje serleg fagleg-lingvistiske svar, so i alle høve språklege svar. Di mindre spørsmåla våre er, di mindre vert dei svara vi fær.

KVIFOR MÅLREISING I BYANE (OG BYGDENE)? ELLER
IDENTITET OG IDENTITET, HERR BLAUWW
Etter oppløysinga av Sovjetunionen og freistnaden på å byggja den europeiske supermarknaden om til ein superstat, har spørsmål om nasjonalitet, nasjonal identitet og identitetsproduksjon dominert i so vel ålmenta som i utdaningsinstitusjonane (serleg innanfor humaniora). Innanfor meinings- og ideologiproduksjonen, t.d. innanfor reklamen, arbeider dei hardt og intenst for å påverka val av identitetar og sjølvbiletet vårt. EU arbeider på spreng for å produsera mytar om "europearen" for å legitimera statsdanninga, slik målrørsla allvegen har produsert tonnevis med ideologi for legitimera og konstruera myten om "vestlendingen", "trønderen" og "nordlend-ingen". Argumentasjonen vår i dialektreisinga har vore -- attåt striden for å auka vyrdnaden for målføra som fullverdige språksystem gode nok til å kunne brukast overalt, å byggja kulturelle ankerfeste for ein lokal identitet. Dersom eg, som nordlending, byrjar å seia "jeg vet ikke hvorfor jeg skal lete ledige jobber", vil nordlendingane seia spontant: "Slutt å tala som ein søring!" Eller "Slutt å tala pent". I deira hovud er det å vera nordlending det same som å tala nordnorsk. Denne myten, for det er sjølvsagt ein meneskeskapt myte, om at talemålet definerer kulturell tilhøyrsle, deler mest alle nordmenn, uavhengig av språk dei skriv. At det er ein myte provar dei ideala vi kan finna hjå stadig fleire unge menneske i dag: Stendig færre unge menneske identifiserer seg med den lokale (eller regionale) kulturelle tilhøyrsla. I den grad dei identifiserer seg med henne, kjem det oftast skuld observasjon, ikkje aktiv tilslutting, altso vilje til å vera "trønder" eller "drammensar". Samtida ropar soleis herrop på slik myteproduksjon!

Soleis påstår eg òg at det er få som har meir kunnskap om og meir tradisjon i Noreg i identitetsproduksjon enn målrørsla. Vi har teke eit levande tilfang, bygd mytar kring dette tilfanget, nytta det i politisk propaganda som igjen har styrkt grunnlaget for arbeidet vårt: vyrdnad for eige mål. Og endå viktigare: Vi har ved å reisa ein alternativ skriftkultur som mogleg daningsideal reist eit alternativt ideal for kva det vil seia å vera norsk. Lenge før dagens moteideologiprodusentar av typen Thomas Hylland Eriksen byrja hyla om at "Noreg er ein kulturell konstruksjon", visste vi dette og fortalde det ope og utan å skjemmast: Verta med å byggja ein norsk nasjon på norsk mål. Verta moderne på vår måte! Difor kan me, betre enn nokre andre, motprova dei som prøver å gjera det norske om til biologi (rase og slikt): Vi kan sjølve velja kva det norske skal vera og verta.

Gjer eg dette om til praktisk målarbeid kunne det ha vorte om lag slik: Vi ringjer på døra åt foreldra til 6-åringen og seier: Vel du nynorsk for barnet ditt styrkjer du livsvilkåra for den trøndske dialekten og dimed styrkjer du livsvilkåra for trønderen.

Både denne lokalistiske og nasjonale propagandaen fører til at folk vil stilla oss spørsmål, viktige spørsmål: Kvifor er der so om å vera trønder? Å vera norsk? Gode og viktige spørsmål, mykje viktigare enn om det er lov å skriva "noe" i nynorsk eller om kvifor det heiter "Noreg" på nynorsk.

Eg hevdar at just denne opne myte- og identitetsproduksjonen avlar ein dialog med dei vi talar med. Og dialogen, samtala, vil krinsa om spørsmål som er viktige for folk: Kva vil vi eigenleg med samfunnet vårt? Serleg vil foreldra til små born stilla dette spørsmålet med di borna deira skal arva det samfunnet vi lagar for dei.

Lat oss hoppa over diskusjonen og einast tenkja oss at eg har rett i påstanden, om at målreisinga er eit prosjekt som går ut på å byggja vokstervilkår for demokrati: då fær dei ovannemnde spørsmåla om kvi det er viktig å vera trønder og å vera norsk meining.

LAKSEFISKE, SAMYRKELAGET, STÅLPRODUKSJON OG NYNORSKEN
Då eg var kring 10 år gamal var eg på min årlege sumarfeire hjå bestefaren min på Smøla. Bestefaren min er ein smålåten, stillfaren og nokso gudsfryktig mann. Likevel fekk eg høyra han banna og sverja medan han knytte neven i lomma: "Faen ta dei; no har dei innført konsesjon på laksefiske berre av di elveeigarane skal selja fiskekort til tyskarane som fiskar laks i elvane deira". Eit resultat av dette vart at laksefiske frå sjark, som gav store innkomer skuld prisen på laks, døydde ut og dei unge mennene laut ta hyre på reketrålarane som syg opp all reka på eit blunk utanfor canadakysten. Alle fiskarane og konene deira banna og svor. Og resignerte.

Rett før jola i 1997 gav NKL smølaværingane ei jolegåve: Samyrkelaga skulle leggjast ned. Hyl og vræl frå bygdafolket eit bel, dinest banna og svor dei, knytte neven i lomma og resignertre. I heimbygda til bestefaren min flytte det siste unge ekteparet med born frå bygda no i januar. Etter at skulen og bua vart lagde ned, såg dei inga von i bu i bygda.

For om lag 10 år sidan reiste halve Mo i Rana til Oslo for å demontrera utanfor Stortinget: "La Rana leve!" stod på parolene dei la fram for tingmennene. Utan jarnverket ville Rana ikkje overleva, hevda dei. No overlevde Rana, skuld statleg distriktspolitikk (Nasjonalbibioteket og Statens innkrevjingssentral) og ymse tiltak, men kjernen her var parola: La Rana leve. Alle slutta opp om parola, so vel borgar som proletar, lærar som elev, høgremann som kommunist.

Både Smøla og Mo i Rana tapte og taper. Slik hundrevis av bygder, bydelar og småbyar taper dagstøtt. Og kva har det med oss og målreisinga å gjera?
Eg påstår ikkje at det går ei bein line frå den nynorske skriftkoden og oppretthalding av samyrkelaga land og strand ikring. Men eg påstår at målrørsla som ideologi og identitetsmakar, betre enn nokre andre har ein politikk for å styrkja og byggja lokale og nasjonale identitetar. Dersom vi arbeider for å byggja sterke lokale identitetar med målføret som det sterkaste lokale ankerfestet, kan det verta lettare å mobilisera til solidaritet millom medlemene av dette lokale kollektivet. Då kan det, merk kan -- ikkje må -- det verta lettare å mobilisera folk til å overleva som kulturelt kollektiv og slåss for å overleva som kulturelt kollektiv. Millom anna mot krefter som riv grunnen under det økonomiske grunnlaget deira for å byggja dette kollektivet. Vi treng sovisst ikkje meina noko om dei endringane eller tiltaka som styresmaktene kjem med, men vi kan reisa ordskifte millom folk om kva desse tiltaka og dei handlingane frå lokale og sentrale styresmakter og næringsliv har å seia for livsvilkåra for det kulturelle hopehavet. I tilfellet over kva fylgjer dei ovannemnde tiltaka vil ha å seia for kollektiva "Smøla" og "Mo i Rana". Vi kan til og med utvida perpektivet og spyrja kva fylgjer desse tiltaka fær for kollektivet "Noreg".

FRÅ NAMDALEN VIA GRÜNERLØKKA TIL SAN FRANSISCO
Eg har til dess lagt vinn på å byggja teori om moglege handlingar frå målrørsla ut frå standpunkt, ikkje ut frå observasjon. I 1996 kom 43% av alle nye born i Noreg til i Oslo og Akershus. I 2002 vil storluten av desse byrja på barneskular i desse fylka. Kva dette vil ha å seia for skulemålsstatistikken kan vi berre tenkja oss - og utviklinga er nett lika eins kring dei andre større byane. Soleis er vi nøydde til å gjera noko med målreisinga i byane, dersom nynorsken skal overleva som bruksmål om ein ti års tid. Men eg har lagt vinn på å få fram at det er viktig å arbeida for nynorsk over alt same korleis demografien ser ut. Spørsmålet om prioritering av ressursar i målrørsla er etter mitt syn ei avsporing og hindrar oss i å gjera heile målrørsla til den krafta ho kan verta. På same tid avslører den sokalla "prioriteringsdebatten" at vi har vorte fanga inn i den offisielle retorikken: I styringsverket er samfunnet kløyvt opp i "sektorar" og "departement", medan næringslivet, medkvart òg organisasjonane og tilmed statsapparatet byrjar vurdera menneska som "publikum" og kløyva dei opp i "målgrupper". Som soiologisk term er kanhenda "målgruppe" eit tenleg omgrep, men som grunnlag for strategi i målarbeidet fører det til at vi gjer målreisinga til vikarierande argument. Sjølvsagt trengst det ulik taktikk til ulike stoder, men tenkjinga folk har om språkutviklinga fylgjer ikkje dei same sektorgrensene eller skilja millom "målgrupper".

Erling Fossen sa i innleiinga si at den mestveksande byen i verda var San Fransisco. Til den lova byen fer unge menneske frå heile verda. Og alle dei som ikkje greier å koma seg dit, og det er dei fleste, gjer so godt dei kan for å kopiera livsmynstra i heimbyane sine. Ut or den tronge bygda (Namdalen), via stoppestasjonen Kafé Fru Hagen på Grünerløkka og fram til den store verda (San Fransisco). Men so viser det seg at dei hippe ibuarane og gjestene på Grünerløkka og dei endå meir hippe folka i San Fransisco drøfter nett dei same spørsmåla som Ola og Kari i Namdalen: Korleis er skuletilbodet her? Er det råd å skaffa seg arbeid her? Korleis er oppvekstvilkåra for borna? Kva gjer folk på fritida? Kjenner folk einannan og korleis ter dei seg mot einannan? Same kor mykje vi ynskjer det og same kor vi strevar: Evna vår til abstrahera inntrykk og samvær er ikkje uendeleg. Snarare føreset ein mogleg humanisme eit visst oversyn over det vetle livet vårt, lokalsamfunnet vårt og sjansane til å påverka lokalsamfunnet og dimed våre eigne liv.

Det er dette dei diskuterer på Møhlenpris, på Folloøya i Orkanger, på Byåsen i Nidaros, på Fedje i Nordhordland, på Håpet i Tromsø, i Gamlebyen i Oslo og i Dale i Sunnfjord. Og i Bronx i New York. Det som skulle visa seg å vera humanismens fyrtårn, det universelle mennesket, viser seg å verta den universelle forbrukaren og individuisten, ikkje individualisten. Alt etter sosial status, kan han eller ho velja på samfunnshyllene kvar og kva dei skal oppleva og forbruka. Eventuell interesse for og solidaritet med andre menneske kjem skuld enno overlevde normer og reglar overførde gjennom generasjonar. Men desse normene og reglane vert tunnare og veikare dag for dag, av di det universelle mennesket eksiterer ikkje som kulturell ovring. I den grad det er på veg til å koma eit slikt menneske er det ikkje skuld millommenneskeleg demokratisk utveksling av kulturdrag og minne, men som resultat av ei sterkare global monopolisering av økonomisk og politisk makt med påfylgjande spreiing av visse kulturmarkørar og verdiar.

Vi er soleis like store og små alle menneske, like moderne overalt, like samtidige overalt. Og vi tenkjer alle på dei store spørsmåla, jamvel om vi ikkje verbalt eller skriftleg uttrykkjer desse like ofte eller like godt.

STORE ORD OG LITE HANDLING?
Sume vil kanhenda seia at eg no har rota meg bort langt vekk frå temaet for denne innleiinga: "Framvegar for målreisinga i byane". Eg svarar tvertimot! Målsak er i sin natur ei idésak. Det er ord vi nyttar i arbeidet vårt og det er tankar vi målber og det er idear vi ynskjer vinna folk for. Same kva måte vi arbeider på og same kva argument vi nyttar i arbeidet; alt i hop er intellektuelt arbeid (ikkje akademisk!).

Men: Korleis gjera desse spursmåla, små og store, om til praktisk målarbeid? Eg byrja denne innleiinga med å prøva å påvisa at den reint språkleg-pedagogiske retorikken vi har nytta til dess har ført til mangel på praksis. Eg har òg påstade at oppdeling av folket i målgrupper som krev serskild argumentasjon frå oss fører til at vi skil dei ulike arbeidsoppgåvene frå einannan. Dette skiljet milom "skulemålsarbeid" og "anna målarbeid", som til dels har vore skarpt i Noregs Mållag, har ført til ei handlingslamming av store delar av målrørsla, ja fleirtalet av medlemene våre, av di dei fleste av dei bur i område der nynorsken dominerer som skulemål. Det seier seg sjølv at den auka bruken av nynorsk i Bergens Tidende har hjelpt skulemålsarbeidet i og ikring Bergen mykje - difor er mediamålet svært viktig for vilkåra for skulemålsarbeidet, og vice versa: Di fleire nynorskelevar i skulen i og ikring Bergen, di lettare å legitimera at BT bør bruka meir nynorsk. Skulemålsarbeid som omgrep er berre eit teknisk omgrep som fortel kva for samfunnsområde vi arbeider andsynes, ingenting anna! For alle leiarane i lokallaga og de aktivistane i målrørsla er det avgjerande at de greier å bryta ned dette skiljet. Alternativet er endå meir passivitet hjå medlemene og endå meir marginalisering av målrørsla.

Om eg no har rett i at målreisinga er eit nasjonal-demokratisk prosjekt, slik Sæbjørn òg hevda at det kan vera, då opnar det seg eit uendeleg tal dører for oss. Det er berre fantasien vår som set grenser for kva vi kan gjera, i bygd som i by. Lat meg ta Nidaros som døme:

Byen har kring 140.000 ibuarar og kring 20.000 studentar. Den viktigaste høgskulen for teknologi ligg i byen og NRK har sitt andre hovudsete i byen. Adressa er regionsavis for heile Trøndelag og Nordmøre, og ho er monopolavis som byavis. Mest all økonomisk og politisk aktivitet i Trøndelag graviterer kring byen. Like eins er byen premissleverandør for språkleg og kulturell utvikling i bygdene ikring, serleg hjå dei unge. Av dei 140.000 fastbuande er mest halvparten av dei yrkesaktive folk med høgare utdanning, og svært mange av desse igjen er i den aktive reproduktive alderen. Nidaros er på same tid den største bygda i Noreg og ein storby med dei tradisjonelle storbyproblema; elendig offentleg økonomi med påfylgjande elendig skule- og helsetilbod (trass i regionssjukehuset), privatisering av kollektivtransport med påfylgjande nedbyggjing av den same transporten, nedbyggjing av bibliotektenesta osfr. At dei er ei kjemestor bygd kjem klårt fram i det sterke medvitet om at dei er trønderar, ikkje"austlendingar" som er synonymt med "oslo-væring" i deira auge. Av dei tilsaman 160.000 personane som bur i byen kan vi rekna med at i alle fall to promille (320) er etniske nynorskingar og at i alle fall ein promille er nynorskbrukarar (160). Eg har ovanfor lagt fram, svært grovt, eit bilete på målstoda i byen. Kva kan Nidaros Mållag gjera? Ikkje so reint lite:

Eg kunne ha laga denne lista endå lengre, mykje lengre. Og de kunne like sikkert ha fyllt henne i timesvis. Det ynskjer eg at vi skal gjera. Like mykje tykkjer eg vi bør drøfta om dei påstandane eg har sett opp tidlegare er rett og i tilfelle dei er det eller ikkje er kva fylgjer det kan få for arbeidet vårt. Eit overordna prinsipp bør vera å røkja etter om teoriane mine og framlegga mine til tiltak fører til det aller viktigaste: Er dette vegen å gå for å byggja sterke lokallag som er i stand til å påverka språkutviklinga i byane sine?

Eg har kalla denne innleiinga "Målreisinga i byane - ved eit vegskilje". Der bynemnda for ti år sidan sette opp skiping av nynorsklassar i dei aller største byane som eit overordna fyrste mål, har vi no oppnått dette. Vi har no nynorskklassar i alle dei største byane og dimed lagt ein symbolsk siger til grunn for meir arbeid i byane. Men vi har ikkje kome nemnande lenger i dei spørsmåla som bynemnda ikkje svara på: Korleis byggja lokallaga som sjølvstendige einingar, sterke nok til å gjennomføra alle dei tiltaka som krevst for å snu språk- og kulturutviklinga i byane?

Eg har ein bortimot botnlaus tillit til medlemene i Noregs Mållag. Eg har vore so heldig å få møta og oppleva mange hundre målfolk over heile landet, og eg veit at vi har utruleg store uutnytta ressursar. Ei so sterk kraft skal det mykje til for å stogga. Eg vonar difor at denne innleiinga kan ha vore til hjelp for å finna ut korleis vi kan utløysa den ressursen de alle kan vera i målreisinga. Eg vonar at vi torer å tenkja store tankar, dei tankane som eigenleg gjer at vi ynskjer nynorsk i Noreg. Og eg veit at den krafta finst.

Takk for meg.