Dette programutkastet har Urfolksutvalet i Barentsregionen vedtatt som grunnlag for det språkpolitiske arbeidet sitt.
Ved inngangen til urfolkstiåret står
vi ovafor ein situasjon der ikkje berre urfolkas levesett og rettsstilling, men
også kultur og språk er truga. Omtrent halvparten av verdas 6000
språk står i fare for å dø ut i løpet av det
21. århundret. dette er eit katastrofalt tap ikkje berre for folka
sjølv, men også for menneskeheita som heilheit. Språket er
kanskje det mest unike vi har oppnådd i historia, det avgjørande
skiljet mellom menneske og dyr. Språka som no er truga held ikkje opp med
å bli snakka av seg sjølv, utviklinga er eit resultat av ei
nøye planlagt nasjonsbygging som har som eksplisitt eller implisitt
mål å omforme heile befolkninga til einspråklege talarar av
eitt eller eit par offisielle språk. Framtida til kvart einskild av
språka som står i fare for å bli utrydda er sjølvsagt
i siste instans avhengig av språkbrukarane si subjektive vilje til
å bruke språket eller la det vera, men denne vilja er likevel for
ein stor grad forma av konkrete forhold i samfunnet rundt dei. Såleis er
skrive- og leseferdigheit eit resultat av tilhøva i heimen og av korleis
skolen ser ut, noko barnet sjølv ikkje har nokon slags moglegheit til
å innverke på. Tilgangen til ordbøker,
lærebøker og i det heile tatt ei litterær offentlegheit
på sitt eige språk er ei sjølvsagt demokratisk rett for
talarane av alle dominerande språk i verda, mens det svært ofte
manglar for minoritetsspråk. For å vera i stand til å
gjøra det same valet som for majoritetsspråkbrukarar er
sjølvsagt, treng talarane av minoritetsspråk dei same
samfunnsmessige forutsetnadene.
Innafor Barentsregionen blir følgjande urfolksspråk snakka av
fleire enn 100 talarar: sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk,
skoltesamisk, enaresamisk, kildinsamisk, nenetsisk. I tillegg blir komi snakka
både i det nenetsiske området og på Kola, og karelsk og
vepsisk blir snakka i Karelen. Situasjonen er kritisk for alle andre
urfolksspråk enn nordsamisk, og også nordsamisk har ein lang veg
å gå før språket frir seg frå verknadene av
hundreår med systematisk statleg språkundertrykking. Temaet for
dette programmet er språka som blir snakka i den russiske delen av
Barentsregionen. Moglege prosjekt i barentssamarbeidet må involvere
Russland[1]. Stillinga til dei samiske
språka i Norden blir tatt vare på av organ med større
ressursar enn dei barentssamarbeidet rår over, nemleg dei respektive
landas skoleverk, samiske utdanningsråd, språkråd og
parlament, og Norden vil dermed ikkje bli tatt opp her. Utforminga av ein
prinsipiell språkpolitikk (kap. 2.) er likevel allmenn, og gjeld samiske
språk i Norden like mykje som minoritetsspråk i Russland og andre
stader.
Alle
statar favoriserer eitt (eller eit par) språk, enten eksplisitt, i form
av offisiell status, eller implisitt. Dei statsborgarane som har dette
språket som morsmål, har språklege rettar dei ser på
som sjølvsagte, og som dei vil sakne djupt viss dei eventuelt skulle
miste dei. Dei viktigaste av desse rettane er retten til å lære
å lesa å skrive på morsmålet sitt, retten til å
bruke morsmålet sitt i alle samanhengar, og retten til ei
skoleopplæring på morsmålet sitt, der læring og
oppøving av abstrakte begrep og teknisk terminologi skjer på og
med morsmålet.
Statsborgarar som har eit anna språk som morsmål manglar i dei
aller fleste land mesteparten av eller alle desse rettane. Både i
arbeidet for å hindre språkdød og i arbeidet for
språklege rettar generelt, må det vera ei prioritert sak å
rette på dette. Skeivheitene ved dagens situasjon må først
identifiseras, deretter må argumenta for å rette på dei
presenteras. Til slutt må det komma framlegg til konkrete tiltak for
å rette på situasjonen.
Etter vårt syn vil eit ideelt samfunn vera bygd opp etter
følgjande retningslinjer:
* Samfunnet er innretta slik at det er like språklege rettar for
alle. Konkret betyr dette
* ikkje at borgarane har like rettar til å lære og å
bruke majoritetsspråket (noko som vil innebera undertrykking av
morsmålet til alle andre,
* men like rettar til å lære og å bruke morsmålet sitt
for alle.
* Samfunnet er innretta slik at alle har rett til å lære og
å bruke majoritetsspråket. Alle kan ikkje få lik rett
til majoritetsspråket, i og med at det er morsmål for nokon men
ikkje for andre. Derimot skal alle ha rett til å få opplæring
i majoritetsspråket, slik at dei kan fungere som ein del av
storsamfunnet.
* Samfunnet er innretta slik at alle har rett til å identifisere seg med
si eiga etniske gruppe, også språkleg. I praksis betyr det at alle
har rett til andrespråksopplæring i språket til si eiga
etniske gruppe også i dei tilfella der majoritetsspråket er
første- eller daglegspråk.
Retningslinjene bør byggje på prinsippa om språklege
menneskerettar, som sidestiller språklege rettar med andre
menneskerettar, slik som prinsippa om ytringsfridom, organisasjonsfridom, osb.
Det
viktigaste styringsinstrumentet for all språkpolitikk er skolen. Ei
gjennomføring av denne politikken vil innebera følgjande:
Skolar i område med etniske minoritetar opnar for to modellar i tillegg
til den einspråklege majoritetsmodellen:
Skolemodell for minoritetselevar med minoritetsspråket som
morsmål:
* Morsmålsundervisning som for majoritetselevane, men på sitt eige
morsmål
* Undervisning i dei fleste eller dei viktigaste faga på morsmålet
sitt
* Andrespråksundervisning i majoritetsspråket
* Undervisning i ein del fag på majoritetsspråket
* Framandspråksundervisning som for majoritetselevane
Skolemodell for minoritetselevar med majoritetsspråket som
morsmål:
* Morsmålsundervisning som for majoritetselevane
* Undervisning i dei fleste faga på morsmålet sitt
* Andrespråksundervisning i minoritetsspråket
* Undervisning i ein del fag på minoritetsspråket
Ei rekkje praktiske oppgåver må løysast for å
gjennomføre desse måla. Minoritetsspråket må
skriftfestast viss det ikkje allereide er skriftfesta. Det må utdannast
lærarar til å undervise både i og på
minoritetsspråket, og det må utarbeidast lærebøker i
dei ulike emnene, også på minoritetsspråket.
Argumenta for eit slikt system er av ulik karaktet. Pedagogisk er det
avgjørande at undervisninga er på eit språk som eleven
forstår. For assimilerte elevar er det viktig at skolen knyt dei banda
til lokalsamfunnet som han til no i alt for mange tilfelle så aktivt har
slite over. Juridisk sett er ein slik politikk i pakt med internasjonale
dokument som veks fram av demokratiseringsprosessen i Europa, både i
KSSE-prosessen, i Europarådet og innafor EU. Politisk sett byggjer dette
opplegget på eit grunnsyn om pluralisme og like rettar for alle.
Kulturelt sett er dette ein politikk for å motarbeide den kanskje
største trusselen mot kulturarven vår ved inngangen til det 21.
hundreåret: Trusselen om at talet på språk i verda skal bli
halvert.
Europarådet
har vedtatt eit European Charter for Regional or Minority Languages
(22.6.1992), og CSCE har vedtatt eit dokument om den menneskelege dimensjonen i
CSCE-prosessen. Begge desse dokumenta går langt i å gje begrepet
språklege menneskerettar konkret innhald. Arbeidet med å få
gjennomslag for desse prinsippa bør ta utgangspunkt i desse dokumenta og
arbeide for at dei blir ratifisert og deretter sett ut i praksis.
Document of the Copenhagen meeting of the conference on the human dimension
of the CSCE.
§32. To belong to a national minority is a matter of a person's individual
choice and no disandvantage may arise from the exercise of such choice. Persons
belonging to national minorities have the right freely to express, preserve and
develop their ethnic, cultural, linguistic or religious identity and to
maintain and develop their culture in all its aspects, free of any attempts at
assimilation against their will. In particular, they have the right
32.1. - to use freely their mother tongue in private as well as in public;
32.2. - to establish and maintain their own educational, cultural and religous
institutions, organizations or associations, which can seek voluntary inancial
and other contributions as well as public assistance, in conformity with
national legislation;
32.3. - to profess and practice their relition, including the acquisition,
possession and use of religious materials, and to conduct religious educational
activities in their mother tongue;
32.5. - to disseminate, have access to and exchange information in their mother
tongue;
Persons belonging to national minorities can exercise and enjoy their rights
individually as well as in community with other members of their group. No
disadvantage may arise for a person belonging to a national minority on account
of the exercise or non-exercise of any such right.
§33. The participating States will protect the ethnic, cultural,
linguistic and religious identity of national minorities on their territory and
create conditions for the promotion of that identity. They will take the
neccessary measures to that effect after due consultation, including contacts
with organizations or associations of such minorities, in accordance with the
decision-making procedures of each State.
§34. The participating States will endeavour to ensure that persons
belonging to national minorities, notwithstanding the need to learn the
official language or languages of the State concerned, have adequate
opportunities for instruction of their mother tongue or in their mother tounge,
as well as, wherever possible and necessary, for its use before public
authorities, in conformity with applicable national legislation.
In the context of the teaching of history and culture in educational
establishments, they will also take account of the history and culture of
national minorities.
The European Charter for Regional or Minority Languages (22 June
1992)
[sjå vedlegg]. I sin maksimale versjon gir dette dokumentet
minoritetsspråk eit godt vern. Dessverre inneheld dokumentet ein god del
modifikasjonar ("i så stor grad som mogleg", "der det er naudsynt") og
det er og bygd opp som ein meny statane som har akseptert det skal plukke minst
35 av (av 97 moglege), slik at det er mogleg å gjøra charteret
temmeleg uforpliktande. Arbeidet framover bør konsentrere seg om å
gjøra valet av obligatoriske minimumsparagrafar eksplisitt.
Talet
på nenetsiske talarar og situasjonen for nenetsisk i NAO framgår av
tabell 1. På bakgrunn av tala i tabell 1 er det mogleg å rekne ut
forholdet mellom ein- og fleirspråklege nenetsar, som i tabell 2:
Språk |
etn. ´79 |
S1=titspr |
S1=russ |
S1=3dje |
S2=titspr |
S2=russ |
S2=3dje |
nenetsisk tot (`89) |
34 665 |
26 730 |
6 270 |
1 665 |
543 |
21 377 |
520 |
NAO totalt |
47218 |
40071 |
5957 |
1190 |
1214 |
9170 |
775 |
nenetsisk i NAO |
6 031 |
3 260 |
1 637 |
1 134 |
161 |
3 722 |
281 |
russisk i NAO |
31 067 |
31 045 |
0 |
22 |
19 |
0 |
424 |
komi i NAO |
5 160 |
2 988 |
2 170 |
2 |
395 |
2 795 |
10 |
ukrainsk i NAO |
2 596 |
1 520 |
1 072 |
4 |
400 |
1 430 |
10 |
Tabell
1, Kjelde: ...
alle nen. nen. i NAO
Einspråklege nenetsar med nenetsisk som morsmål 15-20%
Tospråklege nenetsar med nenetsisk som morsmål 57-62%
Tospråklege nenetsar med russisk som morsmål 0-2%
Einspråklege nenetsar med russisk som morsmål 16-21%
Tabell 2
Det som går fram av tabellen er for det første at nenetsar med
russisk som morsmål ikkje lærer seg nenetsisk. For det andre er
tospråklege nenetsar den største gruppa, og gruppa uassimilerte
einspråklege tilsvarer omtrent aldersgruppa over 50 år,
sjølv om det er usikkert kor godt samanfallet er.
I
følgje Leif Rantala er det omtrent 650 med kildinsamisk som
morsmål, på Kolahalvøya, av totalt 700 med samisk som
morsmål og 1600 av samisk nasjonalitet. Det følgjer av dette at
dei fleste barna ikkje lenger snakkar kildinsamisk. Skiljet mellom
generasjonane er likevel ikkje absolutt, det fins framleis barn som snakkar og
langt fleire som forstår kildinsamisk.
Kildinsamisk blir undervist på ein skole, internatskolen i Lovozero
(Lowozerskij srednqq [kola-internat). Skolen hadde i 1992 102 samiske (58 komi-
og 43 russiske) elevar, av 217 totalt. I følgje skoleadministrasjonen er
undervisninga for dei samiske elevane på samisk i dei
første 4 åra, deretter verken på eller i samisk. I perioden
1988-91 kom det ut 23 kildinsamiske lærebøker, i løpet av
nittitalet har læreboksproduksjonen stoppa opp. Lærebøkene
er skrive av eit forfattarkollektiv knytta til Samisk Sektor ved
Murmanskavdelinga av det Russiske Vitskapsakademiet.
Sjølv om situasjonen for urfolksspråka i Barentsregionen er relativt godt kjent, bør relevante data likevel samlast og gjørast tilgjengeleg for relevante instansar. I enkelte tilfelle er det og slik at det ikkje er nok informasjon tilgjengeleg.
Som
forarbeid til tiltak for å betre vilkåra for dei små
språka i Russland bør det samlast inn skole- og læreplanar
for kildindsmisk nenetsisk. Dette materialet dannar grunnlag for arbeid med
å betre situasjonen. Det kan og til ein viss grad samlast inn tilsvarande
materiale for andre minoritetssspråk, både i Russland og andre
stader, til jamføringsmateriale.
Konkret tiltak: Eksisterande skoleplanar og lovverk samlast inn (mykje
er allereide gjort) og samanstillast for å få eit utgangspunkt for
å betre språka si stilling i skolen.
Urfolksspråka
i Barentsregionen er relativt godt utforska, samanlikna med urfolksspråk
i andre delar av verda. I eitt tilfelle er det likevel behov for meir kunnskap
så snart som råd er, nemleg når det gjeld
språkstrukturen til kildinsamisk. Rettskrivingsspørsmålet er
enno uavklart for kildinsamisk, og ei grundig kartkegging av språket vil
vera av uvurderleg hjelp til å avgjøra kkorleis ortografien skal
sjø ut. Skribentar treng og ein praktisk kildinsamisk grammatikk å
stø seg til når dei skal skrive kildinsamisk. Den einaste
eksisterande (men ikkje lenger allment tilgjengelege) grammatikken er Kert sin
Saamskij jazyk, som bruker ein latinsk fonemisk transkripsjon.
Konkret framlegg: Lage ein kildinsamisk grammatikk.
Som
det einaste av dei seks samiske skriftspråka er statusen til kildinsamisk
uavklart. Dels eksisterer det allereide to konkurrerande kyrilliske ortografiar
(Kurutsj- og Kert-ortografien, ein for kvar av dei to eksisterande
ordbøkene), og dels er det planar om å ta i bruk eit latinsk
alfabet for kildinsamisk. Viss dette framlegget blir gjennomført, vil
det naturleg nok få konsekvensar for prosjekta som er lista opp her.
Dette må altså vera avklart før eventuell igangsetting av
bokprosjekt.
Konkret tiltak: På bakgrunn av ei undersøking av
kildinsamisk grammatikk bør ei gruppe forskarar snarast komma med eit
framlegg til løysing av spørsmålet. Samtlege stridande
partar bør med i prosessen for om mogleg å skape konsensus om
resultatet.
Det
største problemet for eit minoritetsspråk er at skriftrommet blir
beherska av eit anna språk. All ny terminologi kjem via det dominerande
språket, og ofte beherskar minoritetsmedlemmane formell og teknisk
språkbruk betre på majoritetsspråket enn på sitt eige
språk. Avgjørande for å rette på denne situasjonen er
å lage ordbøker frå majoritets- til
minoritetsspråket.
Konkret tiltak: Lage russisk-kildinsamisk ordbok. Det eksisterer ei
større kildinsamisk-russisk ordbok (Kurutsj 1985) og ei mindre
russisk-kildinsamisk-russisk skoleordbok (Kert 1986), med ulike rettskrivingar.
Begge ordbøkene er det vanskeleg å få tak i i dag. For eit
minoritetsfolk er det spesielt viktig å få ei omfattande ordbok
frå majoritetsspråket til sitt eige språk, slik at dei kan
vera i stand til å ta i bruk ein eigen terminologi for anna enn
kvardagslege emne. Særleg gjeld dette språk som ikkje eller berre
delvis er undervisningsspråk i skolen. Dette prosjektet kan vera eit bi-
/trilateralt prosjekt, med nordiske leksikografar som tar seg av det tekniske
skanningsarbeidet og kjem med framlegg til ordforråd, og med kildinsamar
til å utarbeide dei nye omsettingane.
Konkret tiltak: Lage russisk-nenetsisk ordbok. Det fins ei mellomstor
Russko-nenetskij slovar', men ho er ikkje lenger tilgjengeleg.
Halvferdige manuskript eksisterer, og det fins moglege aktørar i
St.Petersburg og Helsingfors.
Det
er laga tospråklege ordbøker til russisk for samtlege språk
i Russland, fleire av dei, som t.d. den nenetsisk-russiske, er svært
gode. Felles for dei fleste av dei (også for dei nenetsiske og
kildinsamiske) er at dei ikkje lenger er tilgjengelege.
Konkret tiltak: Trykk opp nye utgåver av eksisterande
ordbøker.
Både
nenetsisk og kolasamisk har sine "æøå-problem", dvs.
skriftspråka har bokstavar som ikkje finst i den russiske versjonen av
det kyrilliske alfabetet. På same måten som det er vanskeleg
å skrive norsk med det engelske alfabetet (utan æøå)
og samisk med det norske (utan á, [pi], ª, [Pi], ...) er det og
vanskeleg å skrive kolasamisk utan ~, [dotaccent], !=, ñ, m@, og
nenetsisk utan ñ.
Konkret tiltak: Innkjøp av datamaskinar med samiske ~ nenetsiske
fontar og med enkle skrivarar. Utstyret delast ut til diverse samisk /
nenetsiske skribentar, i form av eit forfattar/publisiststipend (utstyret (+
evt. pengar) er stipendet). Kostnad: Nytt utstyr: ca. NOK 10000,- per sett,
brukt utstyr ned til under det halve.
Hovudvekta av litteratur på kildinsamisk og nenetsisk er
skolebøker for barn. For å få ei fullt utbygd litterær
offentlegheit trengs langt meir enn det: Skjønnlitteratur,
faglitteratur, tidsskrift, aviser. Lovozerskaja Pravda (LP) var den einaste
avisa i samisk område i Russland, men p.g.a. finansielle vanskar gjekk ho
inn i august 1995. LP hadde (om enn sporadiske) tekstar på kildinsamisk,
og ho var dermed det einaste forumet for ei kildinsamisk offentlegheit. Det
å vera i offentleg bruk er svært avgjørande for at ein
skriftnorm skal stabilisere seg. I Narjan"-Mar står det betre til, her
publiserer Narjan-Vynder ei av dei fire sidene sine på nenetsisk relativt
ofte.
Konkret tiltak: Støtte og oppmuntre publikasjon av kildinsamisk-
og nenetsiskspråkleg litteratur, særleg på lokale forlag.
Konkret tiltak spesielt for kildinsamisk: Eitt av to: 1.
Prøve å gjenopplive LP eller ei anna tospråkleg avis.
Gjøra henne i stand til å trykkje på samisk (også
etter den nye rettskrivinga, korleis ho no kjem til å sjå ut), ved
å utstyre dei med teknisk utstyr til dei reint samiske bokstavane, og ved
å støtte utdanning av journalist(ar?). 2. Prøve
å etablere eit eige samiskspråkleg veketidsskrift, evt. med tekst
både på nord- og kildinsamisk. Eit slikt tidsskrift kan operere i
samarbeid med samiske aviser (Min Áigi, Áªªu), på
norsk side, og eventuelt utveksle tekstar. Ein annan mogleg samarbeidspartnar
er Nuorttanaste.
Konkret tiltak spesielt for nenetsisk: 1. NAO bør gå saman
med dei andre nenetsiske autonome områda om å lage ei nenetsisk
årbok, ein Kalendar, som det er tradisjon for blant minoritetane i
Russland. 2. Avisa Narjan-Vynder bør stimulerast til
å skrive meir stoff på nenetsisk.
Morsmålslærarane
i grunnskolen står i ein nøkkelposisjon når det gjeld
bevaring av språket. Opptrykk av lærebøker og revidering av
læreplanar er avhengig av at lærarane ser viktigheita av det
arbeidet dei utfører. Det trengs etterutdanningstilbod som kan informere
om nyare forskingsresultat innafor tospråksmetodikk, og som kan sette
arbeidet morsmålslærarane inn i eit større perspektiv.
Konkrete tiltak: Seminar i tospråksmetodikk for
grunnskolelærarar i kildinsamisk og nenetsisk. Seminara bør
fortrinnsvis arrangerast separat for kvar språkgruppe, og på
nenetsisk og kildinsamisk, evt. med tolking for eksterne innleiarar.
I
dag brukes det mykje pengar på skandinavisk side til utdanning i
nordsamisk som andrespråk. I alt for mange tilfelle blir desse
kunnskapane ikkje tatt i bruk, fordi dei samiskspråkleges norsk- og
finskkunnskapar alltid vil vera betre enn samiskkunnskapane til dei som ikkje
har samisk som morsmål. Viss om så berre ei lita gruppe samar
frå russisk side lærer seg nordsamisk, vil talet på
samtalekontekstar der nordsamisk er einaste felles språk auke, og dette
vil styrke nordsamiskens posisjon som lingua franca og dermed også
nordsamiskens posisjon i det heile.
Målet bør vera at kildinsamar skal kunne beherske to samiske
språk, kildin- og nordsamisk, i tillegg til russisk og eventuelt andre
internasjonale språk. Ei fare med prosjekt av den typen som er skissert
her er at opplæring i nordsamisk ("pengesamisk") vil vera det siste
dødsstøytet mot kildinsamisk språk og identitet.
Sjølv om det for unge kildinsamar opplagt er betre å kunne
nordsamisk enn å vera einspråkleg russisk, bør dette
momentet vera med i planlegginga av opplæring i nordsamisk. Viss det
stemmer at opplæring i nordsamisk for unge, (einspråkleg)
russiskspråklege kildinsamar har ein stimulerande effekt for studium av
kildinsamisk, bør den nordsamisk-kildinsamisk-nordsamiske ordboka
absolutt bli utvida.
Konkret tiltak: Utarbeid læremateriell i nordsamisk på
russisk. Utarbeide nordsamisk-russisk-nordsamiske ordbøker. utvide den
eksisterande nordsamisk-kildinsamisk-nordsamiske ordboka. Vidareføre
undervisning i nordsamisk på russisk side.
Kildin-
og skoltesamisk er såpass like at dei ulike kjeldene til bruk av
lånord er den største skilnaden dei i mellom. Særleg
skoltesamisk, som i praksis blir snakka berre i Finland, er svært utsett.
Eit planmessig tiltak for å støtte bruken av kildin/skoltesamisk
(austsamisk) i internasjonal samanheng kan vera ei sårt tiltrengt
støtte til begge språk.
Konkret tiltak: Arranger kurs i skoltesamisk for kildinsamar og omvendt.
Av
dei tinga som har vorte prioritert frå nenetsisk side har vore
ønske om ei ordbok direkte mellom nordsamisk og nenetsisk. Ei slik
ordbok vil kunne ta utgangspunkt i allereide eksisterande malar for
fleirspråklege nordsamiske ordbøker, og for Tapani Salminens
manuskript for ei nenetsisk-engelsk ordbok. I tillegg bør ordboka ha ei
innretting på terminologi knytta til reindrifta. Det eksisterer
spesialstudier for begge språk (t.d. Barmitsj for nenetsisk, Nielsen for
nordsamisk) som kan danne utgangspunkt for denne delen av ordboka.
Konkret tiltak: Nordsamisk - nenetsisk - nordsamisk ordbok (etter kvart
også læremiddel)
Når
det gjeld kildinsamisk er det uklart kva skriftspråk det kjem til å
bli skrive med i framtida. Når det gjeld nenetsisk er
lærebokdekninga ifølgje administrasjonen i Narjan-Mar" relativt
god. Dette stemmer nok for lærebøker i morsmål for
småskolen, men sannsynlegvis ikkje for lærebøker i andre
emne. I og med at læreplanen sannsynlegvis ikkje gjev nenetsisk
større rom enn morsmålstimane, er det heller ikkje behov for
fleire lærebøker. Her bør arbeidet med andre ord i
første omgang rettast inn mot å utvide nenetsisk sin plass
på timeplanen. Først etter at rettskrivingsspørsmål
og utviding av timetal er avklart kan det bli aktuelt å sette i gang
dette prosjektet.
Konkret tiltak: Lage skolebøker, både
lærebøker i og på kildinsamisk og nenetsisk, men også
matematikk, historie- og andre bøker på kildinsamisk. Eventuelle
prosjekt må lønne lærarar til å omsette russiske
bøker og skrive nye. Her må prosjektansvarleg vera kildinsame og
prosjektet russisk, i og med at russiske skolemyndigheiter sannsynlegvis vil ha
kontroll med innhaldet i skolebøker brukt i den russiske skolen, og vil
krevje at dei er i samsvar med gjeldande fagplanar osb.
Stikkord
til prioriterte arbeidsområde:
Opplysningsarbeid, både ovafor minoritets- og majoritetsbefolking
Arbeid for å få kravet om språklege menneskerettar inn
på den allmenne politiske dagsorden.
Kampanjar etter mønster av Finlands "Alfabetisering før år
2000-kampanje"
Programmet kan evt. byggast ut til eit generelt program, eller dei allmennpolitiske delane kan takast ut og gjørast til eit politisk programskrift for språkbevaring.