Geir Flikke (red.):
The Barents Region Revisited
NUPI-rapport nr. xxx
Oslo: NUPI 1998
109 s.
ISSN xxxx-xxxx
[Publisert i Nordisk Østforum 1998]
Den framleis beskjedne litteraturen om Barentsregionen har fått eit nytt bidrag, The Barents Region Revisited (BRR), ein rapport frå ein konferanse ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt i april 1988. Det er prisverdig at vi får akademiske drøftingar av Barentsregionen, det som har skjedd og ikkje skjedd der på nittitalet fortener verkeleg ei nærare gransking. Dessverre får vi denne gongen mest Revisited, mindre Region og minst Barents, men om artikkelsamlinga ikkje alltid held det tittelen lovar, har ho i det minste eit par andre godbitar å by på. Først likevel om spriket mellom tittel og innhald, der vi tar utgangspunkt i regionbegrepet.
For å diskutere regionar må ein ha eit kart å gå etter: Kva er ein region, korleis oppfører han seg, og (i denne samanhengen) korfor har det som ofte blir referert til som regionaliseringa av Europa oppstått? Dessverre er dei fleste av forfattarane lite opptatt av dette grunnleggjande spørsmålet. Best ut kjem Ulf Wiberg, som i ein artikkel om Barentsregionen og distriktspolitikk i ein instruktiv firefeltsmodell viser dei fire logiske tilhøva mellom region og stat: R=S, R[subset]S, S[subset]R og R!=S (s. 54, her i min noko forkorta notasjon, R!=S viser til ein situasjon der region og stat delvis overlappar med kvarandre, slik at det for ein region R og ein stat S både eksisterer område som er del av S men ikkje R, og område som er del av R men ikkje S). Wiberg definerer også "funksjonell region", som ein region der det er substansielle faktorar som gjer det mogleg å seie kven som er inne og kven som er ute (s. 59). Geir Hønneland, i ein elles god artikkel om danninga av ein eigen Barents-identitet, bruker noko overraskande denne termen på stikk motsett vis: ein funksjonell region er ein region som nettopp ikkje fungerer slik, men som gjerne skulle ha gjort det ("Functional regions [...] are not characterized by internal similarities, rather they aspire at developing interaction and integration", s. 77)! Steven G. Sawhill nøyer seg med ein ekstensjonell definisjon, og ramsar opp dei relevante landområda, i alle fall ein uangripeleg innfallsvinkel. Verst går det for Pertti Joenniemi, som ser på regionar som "configurations that have all the characteristics of a nation-state - except being one". Det beste som kan seiast om dette siste er at det er meiningslaust. Lesarar som går til dette saksfeltet bør med andre ord ikkje forvente konsensus om definisjonar av sentrale omgrep.
I bortimot to hundre år har større og større
delar av verdas folk vorte innbyggarar av nasjonalstatar. Spranget
frå lause fyrstedømme og bystatar til sentraliserte og
integrerte nasjonalstatar har vore stort, og den europeiske
kulturhistoria, økonomiske historia og forfatningshistoria kan
alle frå kvar sin kant fortelje korleis bønder og
byborgarar vart omskapt til tyskarar, franskmenn, finnar og
italienarar. Den moderne vesteuropeiske staten kunne på alle
vis bli sett på som ein funksjonell region (i Wiberg si
tyding), bunde samen som han var med tallause legale,
kommunikasjonsmessige, identitetsmessige og økonomiske band
(S=R, i Wiberg sitt skjema). Innafor dette biletet var det berre
plass til to andre regionar: den overstatlege regionen (som Benelux
eller Den Iberiske Halvøya; S[subset]R), eller regionen som
del av staten (Rogaland og Bayern, R[subset]S). I dag er det ikkje
slik lenger, og den viktigaste grunnen til dette kan oppsummerast i
to bokstavar. EU. Barentsregionen vart fødd som norsk UDs
bidrag til regionaliseringsprosessen i det nye Europa, og det som
skil han frå intra- og overstatlege regionar er at omfattar
område i fleire statar, samtidig som store delar av dei same
statane fell utanfor regionen (R!=S). At slike konstruksjonar ser
dagens lys i Vesteuropa nett i dag er lett å forstå,
Brussel skal lage ein ny stat for å måle seg med USA og
Japan, og treng allierte i maktkampen mot rusket i statsmaskineriet
sitt, dei ein gong så mektige hovudstadene. Dei allierte finst
i utkantane av medlemsstatane, og måten å få dei
med på heiter i denne samanhengen m.a. Interreg: Pengar for
å bygge ned dei gamle statsgrensene, for å få fart
på område som før levde med ryggen til kvarandre.
Stockholm og Helsingfors har på ein måte ikkje noko val:
For å få att sin del av medlemspengane må dei gje
ein skjerv til Lappland, så mykje det enn byr dei i mot. Denne
nye regiontypen, som samlar delar av fleire statar i ein
region, blir dermed eit viktig barometer på utviklinga av det
nye Europa. Av artiklane i BRR er det berre Wiberg som tar opp denne
grunnleggjande drivkrafta bak regionaliseringa, og heller ikkje han
kjem lenger enn ei (prisverdig) nøyaktig
steg-for-steg-skildring av kva som faktisk skjer. Motiva og
mekanismane bak fell utanfor framstillingsramma hans.
Artikkelsamlinga består av seks bidrag, som deler seg i to
grupper på tre og tre, dei som viser at dei har innsikt i
Barentsregionen og dei som ikkje gjer det (dette skiljet
korresponderer ikkje heilt med kven som har noko interessant å
seie og kven som ikkje har det, som vi skal sjå). Vi tar dei
som kjenner Barentsregionen først.
Ulf Wibergs The Barents Euro-Arctic Region and European Spatial
Planning for Sustainable Development har vi allereie vore innom.
I tillegg til det viktige EU-aspektet ved Barentsregionen tar han og
opp milepælar i den korte historia til Barentssamarbeidet, og
han treff spikaren på hovudet når han observerer at
"[f]inancial resources are raised in each nation-state and not put
together in a common budget." Men korfor det er slik, sjå det
må vi finne ut andre stader.
Geir Hønnelands Worlds Further Apart? Identity Formation in
the Barents Euro-Arctic Region fortel oss at barentsianaren
eksisterer, men som eit marginalt fenomen, den største gruppa
er dei vi med eit litt anakronistisk uttrykk kan kalle russiske
jappar, som drar til den vestlege delen av regionen for å
studere og jobbe, og som får finsk- og skandinaviskkunnskapar,
og god innsikt i nordiske samfunnsstrukturar. I røynda er
dette eit utslag av at Nordkalotten for første gong er i rett
ende av hjernetørkmekanismen (såkalla Brain-drain), og
det er som Hønneland peiker på eit svært positivt
fenomen for heile regionen. Når det gjeld dei fleste
innbyggarane i regionen er konsekvensane av samarbeidet i
høgaste grad marginalt, noko Hønneland med eit litt vel
spinkelt datagrunnlag får vist på ein svært
avslørande måte. Poenget her er å gå bakom
Barentsretorikken, og Hønneland gjer nettopp dette.
Framstillinga av korleis historikarlauget kjem springande for å
skape ein historisk identitet, på same måten som
nasjonalstatens historikarar gjorde det for 150 år sidan, er
avslørande lesing for alle som er opptatt av dei
intellektuelle si rolle i samfunnslivet. For å seie det med
Hønneland s. 87): "The historical transnational identity
outlined in the `Barents rhetoric' has never existed."
Waling T. Gorter-Grønvik lar i artikkelen History, Identites and the Barents Euro-Arctic Region: The Case of Arkhangelsk nordiske lesarar få eitt nytt og svært nyttig perspektiv på Barentsregionen og på regionalisering. Ikkje berre skriv han om Arkhangelsk, men han ser heile greia frå Arkhangelsk sin synsstad også. Arkhangelsk rir tre hestar samtidig: Oblast'en sjølv (symbolisert ved symbol som Solovetskij-øyene), det russiske Nordvestsambandet (med St.Petersburg som sentrum), og Barentsregionen (der vi ser framveksten av "Kvitsjøregionen" som eit organ for dei fire russiske medlemmene i Barentsregionen. I ei bok med fokus på Barents saknar eg kanskje ei litt meir inngåande drøfting av dette samarbeidet, ein grunn til at det manglar kan vera at det rett og slett er så nytt at det har for lite kjøtt på beina enno. Artikkelen inneheld ei historisk drøfting av Arkhangelsk, nyttig lesnad for alle som vil forstå dagens prioriteringar, og han har ei framstilling av trekantdramaet Moskva-Narjan-Mar"-Arkhangelsk. Trufast mot artikkelkonseptet sitt gir Gorter-Grønvik oss verkeleg Arkhangelskversjonen her også; det får bli opp til andre å supplere biletet med Narjan-Mar" sin versjon.
Pertti Joenniemi samanliknar i artikkelen The Barents, Baltic and Nordic Projects, A Comparative Analysis tre nordeuropeiske regionar, Norden, Austersjø/Baltikumregionen og Barentsregionen, utan å ta omsyn til at dei to første består av statar, mens den siste ikkje gjer det. Å sjå danninga av Barentsregionrådet og EU-kommisjonens medlemskap i Regionrådet som "feature[s that] testify to the rather strong position that regionality as an organizing concept has gained in this part of Europe", som Joenniemi gjer (s. 14), har ingenting med realitetane å gjera, noko som skulle gå fram allereie ved å lesa dei andre artiklane i BRR. Eksistensen av eit regionråd i seg sjølv fortel ikkje om nokon sterk posisjon for regionen, heller ikkje viser det oss at det står dårlegare til i andre delar av Europa. Tvert i mot: For å forstå kva som skjer må ein gå bakom Regionrådet og sjå på kva makt det har, kva som blir bestemt der, i hovudstadene, og i Brussel. Norden er den regionen Joenniemi kjenner best, og spørsmålet han stiller er korfor dei Nordiske landa ikkje har kriga med kvarandre sidan 1814, t.d. ikkje i 1905 (den norsk-svenske unionen), og heller ikkje i 1921 (Åland). Det er nyttig å få ei slik påminning om ting vi tar for sjølvsagt, berre så synd at svaret vi blir tilbydd er at "Nordic peacefulness seems to be an indirect consequence of security losing credibility among the Nordic countries" [sic!]. I slutten av artikkelen peiker han på Norden som eit politisk ideal, som ikkje berre "proves the case that de-securitization is thinkable, but that it is also attainable in concrete terms". Etter ei slik grausame Salbe kan eg ikkje anna enn håpe at forfattaren les sin Clausewitz betre til neste korsveg.
For Barentsregionen er Joenniemi sitt premiss at tryggingspolitikk
og regionpolitikk høyrer til kvar sin sfære, den
statlege og den lokale, og at dei ikkje har noko med kvarandre
å gjera. Innbyggarane er nok ikkje i like stor grad i stand til
å skilje her, og i Finnmark får dei rett nok ikkje utdelt
jodtablettar enno, men dei held i alle fall øvingar der
gymnastikksalar blir gjort om til flyktningmottak. Han ser og
Barentsregionen og Norden som meir atypiske EU-regionar enn
Austersjø/Baltikumregionen, sidan både i den siste av
dei og i EU er det slik at "security still has a firm standing as a
constituting principle". Rett nok er det slik at EU vart danna m.a.
for å samle den tyske og franske kol- og stålindustrien
heller enn å la dei krige mot kvarandre, men i dag er den
overordna tryggleiksdimensjonen i EU korleis Unionen skal bygge opp
ei militær makt som står i samsvar med den
økonomiske makta han har. Kva som kjem ut av å vurdere
våre tre nordiske regionar etter denne målestokken blir
for søkt for denne meldaren (danninga av ein Barents-hær
er nemleg ikkje aktuell politikk). I det heile er Joenniemi det som i
marxistisk filosofi blir karakterisert som idealist, heller enn
materialist, og analysene hans blir dermed hengande i lause
lufta.
Alexander A. Sergounin kunne med fordel ha droppa orda til og med
"and" i artikkelen The Barents Regional Cooperation and the
Russian Security Discourse. Han refererer til temaet for boka ein
gong, eg siterer: "The Russian government supported an idea of a
Barents Sea regional cooperation from the very beginning". Dermed
skulle alt vera sagt om Barentsperspektivet i denne artikkelen. Med
dette er det ikkje sagt at Sergounin ikkje har skrive ein interessant
artikkel, dette er kanskje den av artiklane i BRR som ville ha hatt
størst sjanse til å dukke opp i Nordisk Østforum
sine spalter. Artikkelen drøftar 7 ulike russiske
utanrikspolitiske skolar sitt syn på russisk utanrikspolitikk,
og ingenting anna. Skolane identifiserer Sergounin som: New
Political Thinking (=Gorbatsjevisme), Atlanticism,
Eurasianism, Derzhavniki, Neo-Communism, The Social-Democrats
og Right Radicalism, og vi får presentert kva kvar
og ein av dei har å seie om Russlands geopolitiske status,
kultur, geopolitiske orientering, tryggleiksinteresser (nasjonale og
globale (kalla "regional"!), russiske minoritetar i utlandet (kalla
"Russian minorities", som altså ikkje viser til minoritetar i
Russland!) og om kor stor bakgård Russland eigentleg har.
Dette er langt unna fagområdet til denne bokmeldaren, det eine av emna hans som eg veit noko om, slavofili (for Sergounin ei undergruppe av den eurasiatiske skolen), seier han i alle fall ikkje noko nytt om. Det kan med andre ord tyde på at ekspertar på russisk politisk teori vil finne lite nytt her. Alle vi andre vil finne ein klar og oversiktleg artikkel, som i alle fall eg lærte ein del nytt av, og der den viktigaste lærdommen kanskje er kor stor konsensus det er om russisk utanrikspolitikk mellom dei ulike retningane, så snart ein berre går litt attom dei overflatiske aust-er-vest-er-best-slagorda.
Steven G. Sawhill sin artikkel The Influence of Multilateral Development Banks over Environmental Politics in the Barents Region er noko overraskande ein av dei svakaste artiklane i denne samlinga. I konklusjonen får vi høyre at "[t]his paper has sketched out a preliminary analysis of the multilateral development banks' influence over environmental politics in the Barents region". Det er bra han seier det, for i artikkelen er det lite spor av analyse, der er det meir "a stream of consciousness" som rår. Ut over ei liste over involverte bankar og pengesummar, får vi vita at utviklingsbankane prioriterer lån innafor energisektoren, der det er sannsynleg at dei får att pengane sine, og at den russiske regjeringa dreg ut med å ta i mot lån, fordi dei håpar å få pengane som uhjelp i staden. Om Barentssamarbeidet blir det peikt på at berre to av dei atten prosjekta som var lista op i Barentsprogrammet har komme seg over forprosjektstadiet, noko Sawhill ser på som eit resultata at miljøprosjekta ikkje vil vera i stand til å finansiere seg sjølv, slik at den russiske regjeringa ikkje vil gå inn med sin del av finansieringa. Resultatet dette er at reine vestlege hjelpeprosjekt og blanda prosjekt (hjelp + mjuke banklån) blir viktigare enn før, og, i følgje Sawhill, bankane blir enno meir einerådande når det gjeld å sette dagsorden for utviklingsarbeidet. For meg ser dette ut til å vera eit sannsynleg scenario, og viss Sawhill ved eit anna høve kan komma attende og fortelje noko om kva dagsorden utviklingsbankane eigentleg vil sette (ut over ei prioritering av lån med sannsynleg tilbakebetaling), skal eg stille opp som ivrig lesar.
Alt i alt er meldaren ikkje overvettes nøgd med BRR. Om det er karakteristisk for denne delen av samfunnsvitskapen eller det berre er empirien som ligg for langt unna hovudstadene er ikkje lett å seie, men det står med eit par heiderlege unntak dårleg til både med empirisk grunnlag og innsiktsfulle analysar. Særleg det siste er påtakeleg, i ei tid da den historiske utviklinga snur opp-ned på svært mykje og retorikken snur opp-ned på enno meir, kan vi i høg grad krevje av forskingsmiljøa at dei både fortel oss kva som skjer, og korfor. BRR kjem no og då eit stykke på veg, men det beste vi kan gjera no er å ønske betre lukke neste gong.
Omtalt av Trond Trosterud
Meldaren er cand.philol. og stipendiat ved Humanistisk fakultet,
Universitetet i Tromsø.
Heim
|
Språkvitskap
| Språk og
samfunn |
Språk og
IT |
Språk
|
Undervisning
Om desse
sidene |
Näistä
sivuista |
About these
pages |
Andre
sider
Lingvistisk
institutt |
Humanistisk
fakultet |
Universitetet i
Tromsø