Først
går eg gjennom ein del referansar, både dei eg har lagt ved og
andre, og deretter gjør eg meg sjølv nokre tankar om
problemstillinga. Tankane mine må takast med ei klype salt, eg har
sjølv ikkje direkte erfaring freå verken utviklingsarbeid i Afrika
eller som lærar eller prosjektleiar i slike kontrekstar. Bakgrunnen min
er dels yrkelingvisten, og dels administretoren av ulike språk- og
utdanningsrelaterte prosjekt i Barentsregionen. Fora som her til lands har meir
innsikt i dette er m.a. afrikanistmiljøet i Noreg, v/ Institutt for
Austeuropeiske og Afrikanske studier på universitetet i Oslo, eller
på lingvistisk institutt i Trondheim.
Det er eit arbeid i gang for å koble begrepa "språklege rettar" og
"menneskerettar", og å understreke at desse to heng saman. Diskusjonar om
og referansar til ulike aspekt ved denne problematikkenkan finnast t.d på
desse webadressene:
http://cougar.ucdavis.edu/nas/terralin/
http://www.bris.ac.uk/Depts/Philosophy/CTLL/FEL/
www.ncbe.gwu.edu/miscpubs/stabilize/index.html
carmen.murdoch.edu.au/lists/endangered-languages-l/
www.indigo.ie/egt/
Denne inneheld resuursar for mange minoritetsspråk.
www.sil.org/
Dette er misjonsorganisasjonen, som har oversikt over alle verdas språk,
og lagar skriftspråk, grammatikkar og bibelomsettingar for dei som ikkje
ar det.
www.sil.org/ethnologue/
Dette er sil si liste over alle språka i verda, med ein del statistikk
for kvart einskild språk. Ho inneheld også oversiktar
land-for-land, slik at de kan gå inn på t.d. Mali (eller kva land
som helst) og finne 4-10 linjer faktamateriale om kvart språk som er
snakka i det landet. Eg sjekka kva som stod om Mali, Russland og Noreg. Viss
kapittelet om Noreg er representativt, dreg eg den konklusjonene at databasen
er like etterretteleg som kjeldene han har brukt, og at han dessverre ikkje
alltid har fått med seg dei beste kjeldene. Noreg er sjølvsagt eit
vanskeleg land å presentere korrekt, i og med at vi av politiske grunnar
ikkje har pålitelege statistikkar om språk. I Russland er det meir
openheit, og der er også databasen svært bra (og supplerer heilt
korrekt i die tilfella den sovjetiske 1989-statistikken ikkje gir heilt gode
svar). Vurderinga av sil sine opplysningar om Mali overlet eg til andre.
Alle desse adressene viser også til kvarandre og til andre stader. Det
som trengst er ssv. adresser til diskusjonar av kva som skjer i
skjæringspunktet mellom analfabetisme, utdanning og
minoritetsspråk. http://babel.ruc.dk/~rolig/rolig.htm er adressen til
Roskilde Universitet sin Working Papers.serie, mykje av det som er skrive
på 80-talet vil vera aktuelt for denne diskusjonen URL-en har og
informasjon om bestilling (dei er gratis).
Så
vidt eg har forstått er kolonispråka engelsk/fransk/portugisisk
ikkje morsmål for analfabetane i Afrika, i alle fall ikkje på
landsbygda. Slik eg ser det kan analfabetismeproblemet dermed berre
løysast tilfredsstillande via morsmålet. Særleg ille vil
engelsk eller fransk vera som første skolespråk, i og med at
skriftspråka for desse språka ligg svært langt frå
talespråka. Mykje tyder på at det å lære å skrive
engelsk og fransk vel så mykje baserer seg på å hugse
den korrekte stavemåten, ord for ord, heller enn å knekke lesekoden
som eit samband mellom lyd og bokstav. Kontrasten til leseopplæring
på morsmålet er enorm: For det første vil ungne kunne det
språket dei skal lære å skrive, og for det andre er dei
afrikanske skriftspråka gjennomgåande mykje betre enn dei
vesteuropeiske (lyd og bokstav er assosiert med kvarandre på ein eintydig
måte). Eg vil understreke at eg med morsmål ikkje meiner "eitt
eller anna afrikansk språk", språkblanda distrikt vil bety fleire
parallelle klassar (fleirspråklege barn er ei anna sak, der dei har
morsmålskompetanse i fleire språk har de fleire å velje i,
sjølv om eg ideelt sett skulle ha sett skriveopplæring på
bege språka for tospråklege)
Korleis grunnskoleundervisning i Afrika gjennomførast veit eg lite om,
men eg ser ingen grunn til å tru at prosessen med å knekke
lesekoden i utgangspunktet er noko forskjellig frå det han er i
andre verdsdelar. Det som evt. skil Afrika frå andre kontinent er at
visse samfunn har ein rik munnleg fortellartradisjon, i alle fall er dette
karakteristisk for skriftlause samfunn, og i tilfelle bør ein slik
tradiskjon kunne brukast som referanseramme i undervininga. Omvendt vil
skriftlegheit vera meir framand. Det som dermed trengst er ungar som har tid
til å gå frå arbeidet og til skolen, ein skole å
gå til, utdanna lærarar med same morsmål som ungane,
morsmålshomogene klassar, skriftspråk, lærebøker i
morsmålet og i andre fag, tavle, kritt, og kladdebøker.
Alt dette er sjølvsagt ikkje alltid til stades. Eg vil seie noko om
produksjon av læremiddel, ut i frå eigne erfaringar med slike
prosjekt.
Erfaringa mi frå Russland er at lærebokproduksjon alltid
må skje på vertlandets premiss, og med gokjenning av sentrale
skolemyndigheiter. I og med at afrikanske skolesystem er kjenneteikna av
låg sjølvstendigheit, kan det sjølvsagt hende at
hjelpeorganisasjonar kan gjøra som dei vil. I ein tilsvarande situasjon
ville eg ha tatt utgangspunkt i allereide eksisterande lærebøker
(i morsmål, men også i andre fag) på majoritetsspråket
i landet, viss det finst, evt. frå naboland. Å ta ukritisk
utganspunkt i europeiske lærebøker ville eg ha vore svært
forsaiktig med, særleg i fag som naturfag, historie, osb.
(matematikkbøker kan kanskje omsettast direkte frå europeiske
originalar, men også her bør oppgåver og eksempelmateriale
gås kritisk gjennom).
Skriving av / omsetting av lærebøker må bli gjort av / i
nært samarbeid med lærarar med det aktuelle språket som
morsmål.
Ein ting som har hemma utbreiinga av samisk i Noreg er den doble bodskapen som samfunnet har gjeve: På den eine sida har det smått om senn komme i gang samiskundervisning i skolen, men på den andre sida var det slik at det ikkje eksisterte nokon litteratur å lesa. Eit kvart nytt eller lite skriftsamfunn vil dermed ha akutt behov for store mengdar trykt litteratur, om nær sagt kva slags emne som helst. På den eine sida er dei fleste afrikanske land fattige, slik at det vil vera vanskeleg å kunne produsere bøker, tidsskrift og pamflettar, men på den andre sida har den teknlogiske utvikling gjort det lettare å lettare å produsere trykksakar. Kven som helst kan typesette publikajonar fullt på høgde med dei mest avanserte trykksaker, og det på billige datamaskiner. Dette gjeld også både teikningar, farger og dei uvanlege bokstavane som eventuelt måtte vera i bruk.
Viss kvalifiserte forfattarar ikkje eksisterer må dei utdannast. Nok ein gang seier erfaringamne mine frå Russland at dette må skje på lokale premiss, men Afrika kan vera eit unnatak her med.
Viss
språke det gjeld ikkje har skriftspråk må det lagast. Her har
verdas ulike misjonsorganisjonar stolte tradisjonar. Eg vil på det
sterkaste oppfordre eventuelle prosjekt til å arbeide i samarbeid med
lingvistar. Mitt bidrag til den problematikken er at prosjektet bør
vurdere kva slags bokstavar skal brukast opp i mot kva informasjonsteknologien
har å tilby. Dette betyr ikkje at berre engelske bokstavar er mogleg.
Prinsippa må vera, i prioritert rekkefølgje:
1. Viss språket har eit skriftspråk skal datamaskinene respektere
det.
2. Viss det skal lagast eit nytt skriftspråk må alle fonematiske
(dvs. tydingsdifferensierande) distinksjonar bli markert i
skriftspråket
3. I den grad det er mogleg bør nye skriftspråk halde seg til dei
bokstavane som allereide finst, i Unicode
(http://www.unicode.org/Unicode.charts/normal/Unicode2.0.html), evt. i Latin 1
(dei første 256 teikna i Unicode-tabellen).
Eg ser på dette som eit viktig punkt. Ressursar tilgengeleg vil variere, men prosjekt med lite pengar men derimot eigne og lokale folk med god tid permanent i Afrika bør absolutt vurdere å starte ordboksprosjekt av den typen eg skisserer i <A HREF="buprog.html">Program for å bevare og styrke urfolksspråka i Barentsregionen</a>. Spesielt vil eg legge vekt på ordbøker frå engelsk/fransk/portugisisk til afrikanske språk, noko som vi gjøra eventuell læreboksproduksjon lettare. Dette vil og tvinge fram viktig terminologisk arbeid, med nylaging av ord på begrep frå det moderne samfunnet.