Med Finsk-norsk ordbok (FNO) er talet på ordbøker mellom finsk og norsk fordobla (også den første stod Turid Farbregd bak, den gongen i samarbeid med Aili Kämäräinen). Sjølv om FNO naturleg nok er ei viktig hending for norske fennistar og finske nordistar, fortener ho merksemd også frå leksikografar, for dei (både heldige og mindre heldige) løysingar forfattarane har vald til ein del klassiske ordboksproblem. Men først ein kort presentasjon av FNO.
FNO inngår i Universitetsforlagets mellomvektarserie (ei rekke ordbøker frå framandspråk til norsk, større enn lommeordboka, men mindre enn storordboka). Ho skil seg frå forgjengaren sin (Finsk-Norsk Norsk-finsk lommeordbok, 1978 (NFL)) ved at ordforrådet er større (23000 ord mot i underkant av 11000 finske oppslagsord i NFL. Merk likevel at den norske delen i NFL er større, omtrent 22000), ved at det i mange tilfelle er gitt eksempelsetningar for bruk, og ved at FNO gir grammatiske opplysningar om dei finske oppslagsorda der NFL gav opplysningar berre om dei norske.
Opplysningane om stadieveksling er overtydeleg. I nesten alle tilfelle går det automatisk fram kva veksling det er snakk om (tt kan berre veksle med t, osb.) I eksempelet ovafor kunne t teoretisk ha veksla med tt og ikkje med d, men retninga på stadievekslinga vil alltid gå fram av bøyingsstamma, og nybyrjarar kan slå opp i bøyingsparadigmet (her: 52) viss dei er usikre. Unntaka gjeld veksling mellom k og Ø/v/j, men her vil omgjevnadene avgjøra, og vekslingstabellen kan oppgje vilkåra for variasjon.. Det viktige er å få vita om konsonanten vekslar (som i aavikoitua52*F) eller ikkje (som i auto1), og den informasjonen kjem fram også med ein forenkla notasjon. Praksisen med symbolet * for stadieveksling (utan tilleggsbokstav) er allereide i bruk i fleire av dei tospråklege storordbøkene Viss stadievekslingsnotasjonen blir forenkla blir det og plass til å dele bøyingsklasseinformasjonen i to, slik eg har gjort framlegg om.
Det grammatiske forordet er kort (5 sider), og fell mellom to stolar: Det er ein (vel) lang smakebit på finsk grammatikk, men han er likevel for kort og usystematisk til å hjelpe brukaren til å avgjøre kva form ordet ho er interessert i, står i. Uttaleavsnittet fortel ikkje om dei to unntaka til den fonematiske rettskrivinga (<ng, nk> = [ññ, ñk] og konsonantforlenging etter visse finale -e og etter infinitivs- og imperativ singularis-suffikset), og heller ikkje at finske lukkelydar er uaspirerte. I kasustabellen manglar dei perifere kasusa abessiv, komitativ og instruktiv. I staden blir dei forklarte i teksten, noko som fører til at dei kasusa vi får best forklart, er dei perifere! Dei 6 lokalkasusa burde ha vore sette opp systematisk etter parameterane INDRE/YTRE og TIL/I~På/FRå. At akkusativ ikkje har eigne former, som forordet hevdar, er feil. For det første har dei personlege pronomena i både eintal og fleirtal ei unik akkusativform på -t. For det andre, og det er det viktigaste, er akkusativ formelt skilt frå alle andre kasus ved å ha suffikskombinasjonen -n i eintal og -t i fleirtal, noko ingen andre kasus har (finske grammatikarar har ikkje alltid dette klart for seg, til stor skade for oss finskstudentar)[1]. Nominativ- og partitivobjekt (Avaa ovi!, En avannut ovea), som teksten hevdar er eksempel på akkusativ (fordi dei er objekt kjem dei inn under samleomgrepet akkusativ), har ingenting med akkusativ å gjøra, men er nettopp det dei blir kalla: objekt i kasus nominativ og i kasus partitiv.
Possessivsuffiksa blir omtalt, men ikkje sett opp i tabellform. Suffikset for 3. person er ikkje nemnt i det heile, eg vil ha med både hovudforma -nsA og den viktige tilleggsopplysninga at det har forma -Vn etter kasussuffiks som endar på kort vokal.. Vokalharmoniavsnittet fortel ikkje at dei nøytrale vokalane krev fremre suffiks (regelen er: {a,o,u} i suffikset viss {a,o,u} i rota, elles, {ä,ö,y}). Vokalendringar framfor -i blir nemnt, men ikkje uttømmande framstilt. Det er ikkje fleire av dei (8) enn at dei kunne ha fått plass i ein tabell, med referanse til t.d. Fred Karlssons Finskans grammatik for ei forklaring. Litteraturlista bør skrivas med brukaren i tankane og ikkje berre fortelja kva oppslagsverk forfattaren har brukt. Fred Karlssons grammatikk er t.d. ført opp i litteraturlista, men berre i form av den finskspråkege utgåva, og ikkje som den svenskspråklege orginalutgåva. Det er ført opp ei einspråkleg finsk lærebok i finsk, i staden for å kunngjøra det stolte faktum at det faktisk eksisterer ei norskspråkleg lærebok i finsk (Imerslund 19xx).
Oppsummeringsvis finn eg at denne innleiinga dessverre berre blir det ho kallar seg ("Litt om det finske språket") i staden for det ho burde ha vore fordi ordboka treng det, ei komprimert framstilling av all relevant informasjon brukaren treng for å bøye (evt. finne fram til grunnforma av) ordet ho er ute etter, med referanse til meir utfyllande grammatikkar for forklaring. Gode førebilete finn vi i den sovjetiske leksikografiske tradisjonen, t.d. i Berkov si russisk-norske ordbok, som har gode grammatikkskisser både av russisk og av norsk.
WSOYs FNNFLO hadde opplysningar om både bokmål og nynorsk, samanlikna med henne representerer FNO eit tilbakesteg, her er det berre bokmål. Bokmålsordboka og Nynorskordboka har dei same grammatiske kodene, nynorsk har ein litt meir komplisert morfologi og kodesystemet i Bokmålsordboka er dermed eit undersett av kodesystemet i Nynorskordboka. Eit alternativ er å bruke det fulle (nynorske) systemet, slik at same kode viser både til nynorsk- og bokmålsparadigma i forordet, og slik at to ulike koder kan vise til ulike paradigme for nynorsk men til same paradigme for bokmål. I dei tilfella der oppslagsordet kjem inn under ulik kategori (fordelinga av genus og av sterke/svake verb varierer ein del) kan vi få to kodar. Oppslagsorda kan vera doble käännös oversettelse deg.omsetjing, men eksempelsetningane henta berre frå eitt av skriftspråka. Om ei dobbelskriving vil ta for mykje plass, må i alle fall det norske grammatikkvedlegget vera tospråkleg, på same måte som i FNNFLO. I Noreg har vi lett for å gløyme skilnadene mellom nynorsk og bokmål, fordi vi kjenner dei. Når dei utanlandske studentane mine spør meg om dei skal lære seg nynorsk eller bokmål, svarer eg at mesteparten av den skriftkulturen dei møter vil vera på bokmål (med viktige unnatak, særleg viss det er litteraturstudentar), men at viss dei vil forstå språket dei same skribentane snakkar, må dei lære seg nynorsk. Viss ei ordbok for utanlandske norskstudentar skal kunne bli ein nøkkel til det norske språksamfunnet, må ho ta omsyn til dette.
Det er og ei populær misoppfatning i Noreg at tonem berre er relevant for minimale par av substantiv/verb-typen (lándet - lànde, rénnet - rènne), men slik er det sjølvsagt ikkje. Alle trykksterke stavingar er realisert som tonem 1 eller tonem 2. Viktige minimale par får vi på tvers av ordgrenser, t.d. for typen verb + partikkel: tá på frakken (`berøre') ~ tà på frakken (`kle på seg'), og også i dei tilfella der det ikkje er snakk om minimale par, vil bruk av feil tonem hos ein talar som elles skil mellom to tonem forstyrre kommunikasjonen. Det er sjølvsagt mogleg å snakke norsk utan å ha tonemdistinksjon, vi har fleire dialektar som gjør nettopp det, dialektar som ligg nettopp i den landsdelen der dei fleste finnane er. Intonasjonsmessig har dei eit system som fell saman med finsk (og med dei fleste andre av verdas språk): Trykksterke stavingar blir realiserte ved hjelp av høgtone. Eit grammatisk forord bør gjøre greie for desse alternativa, slik at dei som skal lære seg norsk med hjelp av ordboka, kan forstå systemet i norsk, og gjøra medvite val på grunnlag av denne innsikta.
Det bør med andre ord settas som ein standard for ordbøker over norsk at denne viktige sida ved norsk språk kjem med. I norske grammatikkar blir tonem tradisjonelt merkte med tal eller enkle og doble aksentar (1landet - 2lande; `landet - "lande). Berkovs ordbok har innført eit system med akutt aksent for tonem ein og grav aksent for tonelag to, jfr. eksempla i forrige avsnitt. Dette gjennomfører han i alle dei norske orda, også eksempelsetningane (t.d. s.87 å skrìve et skùespill, men dessverre berre innafor ordgrensa, slik at han har (same side) det å skru opp prìsene i staden for det korrekte det å skrù opp ...). Fordelen med dette systemet er at det ikkje er plasskrevande, at det ikkje forstyrrar teksten så mykje som dei andre systema (lesarar som ikkje er interesserte i tonem kan lettare ignorere retninga på aksenten og berre konsentrere seg om plasseringa), og at dei er ikonisk (rett nok for austnorsk, men likevel). Både FNO og andre norske ordbøker bør følgje Berkovs eksempel her.
etu- for- etuajassa (dagl) før tida Juna etu- for, ~ajassa (dagl) før tida Juna tuli ~ Toget kom før oppsatt ankomsttid. tuli ~ Toget kom før oppsatt ankomsttid. etuajo-oikeus forkjørsrett etuala ~ajo-oikeus forkjørsrett, ~ala forgrunn forgrunn olla ~lla være i forgrunnen olla ~lla være i forgrunnen, ~halkio etuhalkio gylf etuhammas fortann gylf, ~hammas fortann, ~ilija køsniker, etuilija køsniker etuilla snike (i køen) ~illa snike (i køen), ~istuin forsete, etuistuin forsete etujärjestö ~järjestö interesseorganisasjon, ... interesseorganisasjon ...Ved nærare gransking finn eg likevel at eg som norsk brukar alltid finn ei eksempelsetning når eg har bruk for henne, trass i det litt ordlisteprega førsteinntrykket. Finske brukarar vil sannsynlegvis ikkje vera like nøgde. Som regel gir FNO kontekst i dei tilfella det er fleire enn ei omsetting. Det heiter t.d. kansio3 perm, mappe, album; og kannella67*J 1 sladre 2 påkjære, utan vidare forklaring, slik at den finske brukaren må kryssjekke i ei norsk(-finsk) ordbok for å finne skilnaden mellom perm, mappe og album, og mellom sladre og påkjære. I dei fleste tilfelle finn vi likevel kontekst, som i kappa|le42 1 del, stykke ~ juusto et stykke ost 2 avsnitt jakaa teksti ~leisiin dele teksten i avsnitt .... For å få ei symmetrisk ordbok må denne praksisen bli konsekvent, og nok ein gang kan Berkov si ordbok tene som forbilete.
Reksjon av verb blir markert med eksempelsetningar og ikkje med forkorta pronomen, som i fleire av dei finske storordbøkene. På den måten slår ein to fluger i ein smekk, i og med at tydinga av verbet kjem klarare fram med eit eksempel, samtidig med at den grammatiske informasjonen er der. Her har FNO lagt seg på ei heldig løysing.
Det vi som brukarar aller mest ønsker oss, er likevel ei anna ordbok enn det som no er skrive, ei større ei. FNO fell (som dei fleste av søstrene sine i Universitetsforlaget si ordbokserie) ned mellom to stolar, og bør allereide til neste opplag ha komme seg opp att og bli ei til alle høve brukbar storordbok.
Berkov 1987= Berkov, Valerij: Russko-norvezjskij slovar' / Russisk-norsk ordbok. Moskva: Russkij Jazyk. 2. utgåve Oslo:Universitetsforlaget 1995.
Bokmålsordboka = Landrø, Marit Ingebjørg og Boye Wangensteen (red) 1986: Bokmålsordboka .Definisjons- og rettskrivingsordbok. Oslo: Universitetsforlaget.
Davišsson og Holm 1982 = Davišsson, Ašallsteinn og Gösta Holm: Svensk-isländsk ordbok / Sænsk-islendsk oršabók. Lund/Reykjavík: Walter Ekström bokförlag/Almenna Bákafélagiš.
Finsk-svensk storordbok = Cannelin, Knut, Aulis Hirvensalo og Nils Hedlund 1976: Suomi-ruotsi Suursanakirja / Finsk-svensk storordbok. Borgå: WSOY
FNNFLO = Farbregd, Turid og Aili Kämäräinen 1978: Finsk-Norsk Norsk-Finsk lommeordbok. Helsingfors:WSOY
Moisio, Arto og Valentin Vasiljev 1995: Suomalais-marilainen sanakirja. Åbo: Turun yliopiston suomalaisen ja yleisen kielitieteen laitoksen julkaisuja 52.
Nynorskordboka = Hovdenak, Marit, Lurits Killingbergtrø, Arne Luvhjell, Sigurd Nordlie, Magne Rommetveit og Dagfinn Worren (red) 1986: Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok. Oslo: Det Norske Samlaget.
Sámi-suoma sátnegirji = Sammallahti, Pekka 1987: Sámi-suoma sátnegirji / Saamelais-suomalainen sanakirja. Ohcejohka: Jorgaleaddji.
SFSO = Göran Karlsson (red.) 1984: Svensk-finsk storordbok / suomi-ruotsi suursanakirja I-III. Suomen kirjallisuuden seruran toimituksia 358. Jyväskylä: Gummerius
SKP = Harala, Risto (päätoimittaja) 1990: Suomen kielen perussanakirja. Ensimmäinen osa. A-K. Kotimaisten kielten tutkimuskeskuksen julkaisuja 55. Helsinki: Painutuskeskus Oy.
Imerslund, Bente 1986: Ymmärrän! : lærebok i finsk. Oslo: Universitetsforlaget.
Karlsson, Fred 1978: Finskans grammatik. Helsingfors: SKS.
Karlsson, Fred 1983: Suomen peruskielioppi. Helsingfors: SKS.