Minoritetsspråk og sidemål -- har skolen plass til begge?

Foredrag på årsmøtet i Varanger Mållag, 25.3.1996

Trond Trosterud, Kirkenes

Innleiing

Alle statar favoriserer eitt (eller eit par) språk, enten eksplisitt, i form av offisiell status, eller implisitt. Dei statsborgarane som har dette språket som morsmål, har språklege rettar dei ser på som sjølvsagte, og som dei vil sakne djupt viss dei eventuelt skulle miste dei. Dei viktigaste av desse rettane er retten til å lære å lesa å skrive på morsmålet sitt, retten til å bruke morsmålet sitt i alle samanhengar, og retten til ei skoleopplæring på morsmålet sitt, der læring og oppøving av abstrakte omgrep og teknisk terminologi skjer på og med morsmålet.

Statsborgarar som har eit anna språk som morsmål manglar i dei aller fleste land mesteparten av eller alle desse rettane. Både i arbeidet for å hindre språkdød og i arbeidet for språklege rettar generelt, må det vera ei prioritert sak å rette på dette. Skeivheitene ved dagens situasjon må først identifiserast, deretter må argumenta for å rette på dei presenterast. Til slutt må det komma framlegg til konkrete tiltak for å rette på situasjonen.

Etter mitt syn vil eit ideelt samfunn vera bygd opp etter følgjande retningslinjer:

Retningslinjene bør byggje på prinsippa om språklege menneskerettar, som sidestiller språklege rettar med andre menneskerettar, slik som prinsippa om ytringsfridom, organisasjonsfridom, osb.[1]

Det viktigaste styringsinstrumentet for all språkpolitikk er skolen. Ei gjennomføring av denne politikken vil innebera følgjande: Skolar i område med etniske minoritetar opnar for to modellar i tillegg til den einspråklege majoritetsmodellen:

Skolemodell for minoritetselevar med minoritetsspråket som morsmål:

I tillegg bør helst den einspråklege majoritetsspråksskolemodellen fjernast heilt i språkblanda strok. I den tida som for minoritetselevane går med til majoritetsspråksopplæring bør majoritetselevane få opplæring i minoritetsspråket, dvs. ei utviding av den siste modellen til å gjelde også majoritetselevar.

Ei rekkje praktiske oppgåver må løysast for å gjennomføre desse måla. Minoritetsspråket må skriftfestast viss det ikkje allereide er skriftfesta. Det må utdannast lærarar til å undervise både i og på minoritetsspråket, og det må utarbeidast lærebøker i dei ulike emnene, også på minoritetsspråket.

Argumenta for eit slikt system er av ulik karakter. Pedagogisk er det avgjørande at undervisninga er på eit språk som eleven forstår. For assimilerte elevar er det viktig at skolen knyter dei banda til lokalsamfunnet som han til no i alt for mange tilfelle så aktivt har slite over. Juridisk sett er ein slik politikk i pakt med internasjonale dokument som veks fram av demokratiseringsprosessen i Europa, både i KSSE-prosessen, i Europarådet og innafor EU. Politisk sett byggjer dette opplegget på eit grunnsyn om pluralisme og like rettar for alle. Kulturelt sett er dette ein politikk for å motarbeide den kanskje største trusselen mot kulturarven vår ved inngangen til det 21. hundreåret: Trusselen om at talet på språk i verda skal bli halvert.

Situasjonen i Noreg

Den største etniske gruppa er den som kontrollerer staten, dvs. den norske gruppa. Dei andre gruppene kan etter mitt syn delast i fire: 1. samane, som har urfolksstatus, 2. kvenane og finnane, som har ein lang og kontinuerleg tradisjon som nasjonal minoritet i Noreg, 3. innvandrarar med lågstatus-morsmål som ikkje har plass i skoleverket (pakistanarar, tyrkarar, nederlendarar) 4. innvandrarar med høgstatus-morsmål (framfor alt engelsk, delvis også tysk og fransk). Den fjerde gruppa skil seg ut i frå dei andre ved at dei ofte tilhøyrer overklassa, og ved at ønsket deira om å halde på morsmålet sitt har støtte frå prestisjen til dette morsmålet i det norske samfunnet i ryggen. Av desse gruppene er det berre samane som har ein lovfesta rett til morsmålsopplæring (Grunnskolelova [[section]]40), noko dei andre har fått merke i ei tid med stor fridom for kommunane.

Den delen av gruppe 1, samane, som har samisk som morsmål, har som einaste minoritet i Noreg (bortsett frå evt. privatskolar innafor gruppe 4) tilbod om ein skolegang på same premiss som norske barn, tufta på sitt eige morsmål. Resten av samane, og i ein forsøksperiode på 80- og 90-talet også finnar og kvenar, har fått tilbod om samisk / finsk som andrespråk, dvs. ei framandspråksundervisning på høgt nivå som strekk seg over storparten eller heile skolegangen. Undervisninga i finsk har likevel ikkje vore like omfattande som undervisninga i samisk.

Jamføring av morsmåls- og norskundervisning for den ein- og den tospråklege læreplanen. Elevar med samisk som første- eller andrespråk er fritekne for Timetal i øvrige fag blir berre ført opp viss dei skil seg frå kvarandre.

1.-3.     1.spr.    2.spr.    eng.      o-fag     gym       musikk    elevrÂd   skiln.al  
                                                                                lm.fag    
einspråkleg  17        -                                                                     
                                                                                       
tospråkleg  14        3                                                                     
                                                                                        
4.-6.                                                                                     
einsprÂk  16        -         7         15        6         6                             
leg                                                                                       
tosprÂkl  14        12        5         11        5         3                   -10       
eg                                                                                        
7.-9.                                                                                     
einsprÂk  14        -                   9         8                   2                   
leg                                                                                       
tosprÂkl  10        9                   8         6                   0         -5        
eg                                                                                        

>Kjelde: M 87

Som vi ser er det ikkje berre sidemål det går ut over. Av dei 9 timane andrespråket tar i ungdomsskolen tar det 4 frå førstespråket og 5 frå allmenne fag, i 4.-6. klasse berre to frå førstespråket og 10 frå allmenne fag.

Den tredje gruppa, andre nyinnvandrarar, har vorte ein kasteball mellom departement og kommune. I M 87 vart rammetimetalet utvida frå 2-4 veketimar (vt) til 3-5 vt, men no skulle det bli 3-5 vt gjennom heile skoletida, ikkje berre for eit par år, dvs. målet var funksjonell tospråklegheit og ikkje assimilering. Men mange kommunar gav ikkje dei timane dei skulle, det eksisterer ikkje nokre formelle kompetansekrav for morsmålslærarar, og det er mangel på læremiddel for mange språk. Oslo kommune gav 3/4 av morsmålstimane som opplæring på morsmål og 1/4 som opplæring i morsmål i tida fram til 1993. Etterpå har dei kutta drastisk ned på tilbodet og seier at "ren morsmålsundervisning kan gis i 1.-3,klasse til elever som kan så lite norsk at skolen vurderer det som hensiktsmessig at den første lese. og skriveopplæringen foregår på morsmålet".

Det som gjør denne saka aktuell no er at departementet nettopp har avslutta eit prøveprosjekt med finsk som andrespråk etter mønster av samisk som andrespråk. Departementet gjekk i si vurdering inn for å legge ned dette prosjektet, med grunngjeving at finsk ikkje har den same statusen i Noreg som det samisk har, og at den kontinuerlege tradisjonen finsk har som språk i Nord-Noreg ikkje er argument godt nok til å halde fram med opplegget. Stortinget gjekk i mot departementets vurdering, og gjekk inn for å halde fram med opplegget med finsk som andrespråk. Trass i dette har departementet enno ikkje lagt fram læreplanar for finsk som andrespråk, noko dei fekk hard kritikk for av stortinget for i januar i år.

Målrørsla si rolle i denne diskusjonen. Som vanleg når det gjeld språkdiskusjonar i stortinget har ein del av stortingsrepresentantane vore i kontakt med Noregs Mållag i denne saka. Til no har NM sitt syn vore at vi stør samane (men ingen andre) sine krav om fritak for sidemål. I brev av 7. desember til Nordreisa Mållag v/ Hartvig Sætra seier skrivarstova at dei vil setje seg meir inn i denne saka før dei kjem med eit endeleg syn, sannsynlegvis til våren. I følgje Atle Faye ligg det an til at NM ikkje kjem til å gå i mot finsk som 2. språk, sjølv om det kjem til å gå ut over sidemålsopplæring, på same måten som NM heller ikkje har stått i vegen for andre nasjonale minoritetar sine krav om morsmålsopplæring. Det er som han ser det tre grunnar til dette. For det første er det i tråd med NM sin politikk med å stø nasjonale minoritetar i kampen for språkleg frigjering, for det andre er det ei relativt lita gruppe elevar, og for det tredje er NM i ferd med å få gjennomslag for ei integrert norskopplæring, utan "hovudmål" og "sidemål", men med bokmål og nynorsk for alle. Målrørsla har ved ulike høve prøvd å danne ein einheitsfront mellom målfolk og samar og kvenar mot majoritetsspråket bokmål. Til no har denne alliansen fungert dårleg. Målfolk har støtta minoritetane, men for samar og kvenar har det vore eitt feitt om fornorskarane har vore nynorsk- eller bokmålsfolk. Dei har sett at sidemålet har vore det svake punktet i den norske skolen, sett inn angrepet der, og godtatt målrørsla sitt bondeoffer.

Etter mitt syn har minoritetane meir å hente hos målrørsla, og målrørsla har meir å gje. Det er objektivt grunnlag for ein allianse, sjølv om særleg dei språklege minoritetane nok har vanskar med å sjå dette grunnlaget. Men for å komma så langt som til å utvikle eit slikt grunnlag må målrørsla ha ein politikk for ein pluralistisk og ikkjerasisistisk skole.

Politiske retningslinjer

Etter mitt syn bør politikken for ein skole med plass til både nasjonale minoritetar og nynorsk og bokmål utarbeidast etter følgjande retningsliner:

* Vi bør støtte kravet frå alle språklege minoritetar om morsmålsopplæring (og om undervisning i sentrale skolefag på morsmålet), og

* Vi bør støtte kravet frå språkleg assimilerte minoritetar om andrespråksundervisning i det språket dei har mista.

* Vi bør slåss for nynorsk som eit landsdekkjande språk, for at alle skal kunne lære nynorsk på skolen.

Målfolk i Finnmark får dermed to strategisk viktige oppgåver: Vi skal forsvare nynorsken sin posisjon som riksdekkjande opplæringsspråk, og vi skal arbeide for minoritetane sine språklege rettar. I dag stør Noregs Mållag samane (men ingen andre) sine krav om fritak for sidemålsopplæring. Eg er ueinig i denne distinksjonen, eg vil gje alle språklege minoritetar dei same språklege rettane. Etter mitt syn er ikkje urfolksstatus relevant her. Samane har spesielle rettar som folk, kollektive rettar til land og vatn, osb. Rettar til opplæring på eige språk er ikkje kollektive, men individuelle rettar, som elevane har i kraft av morsmålet sitt (eller morsmålet til (beste)foreldra), og som vi dermed også må gje til kvenar og tyrkarar. Dette tyder ikkje at eg vil gje samane like dårlege vilkår som pakistanarar, men det tyder at eg vil gje pakistanarane like gode rettar som samane, og samane like gode rettar som finlandssvenskane. På eitt eller anna tidspunkt vil sjølvsagt praktiske forhold hindre oss i å gjennomføre ein slik politikk. I Finland har dei svenskspråklege sitt eige universitet, vi kan ikkje gje eitt universitet til kvar av dei nasjonale minoritetane våre (men vi kan og bør byggje eit samisk universitet). I alle fall er ikkje problemet no om vi går over grensa for det praktisk moglege eller ikkje, skilnaden går snarare ut på om vi skal assimilere aktivt eller gje minoritetane i det minste eit par grunnleggjande rettar. Slik eg ser det er rett til opplæring på eige språk og rett til å lære å lesa og skrive sitt eige morsmål eller språket til si eiga etniske gruppe ein individuell menneskerett, på same måten som det sjølvsagt og er ein menneskerett å lære seg majoritetsspråket i det samfunnet ein bur i. Den siste av desse rettane klarte det norske skolesystemet å oppfylle i løpet av første halvpart av dette århundret, i suveren forakt for dei praktiske problema det førte med seg. Gjennomføringa av den første av denne rettane fell også innafor det som er praktisk mogleg, både reint organisasjonsmessig, og med dagens reglar for 90% statlege overføringar til morsmålsundervisning er det heller ikkje finansielle hinder. Manglande lærarkrefter kan vera ein flaskehals, men berre ein mellombels ein.

Viss vi i arbeidet med å gjennomføre desse prinsippa kjem opp i ein situasjon der sidemålsopplæring blir sett opp i mot rett til opplæring på eige morsmål eller morsmålet til si eiga etniske gruppe, vil eg gå inn for at vi på kort sikt går i mot sidemålsopplæring, for å bryte med assimilasjonspolitikken den norske staten har stått for. For eit lite barn er kvart einaste skoleår viktig, dei kan ikkje vente til vi har fått til eit fungerande kompromiss, ho treng morsmålsopplæringa si no. På lang sikt må vi arbeide for ein skole med plass til både nynorsk og nasjonale minoritetar, sannsynlegvis i form av eit integrert norskfag, der andrespråksundervisning har fast plass på timeplanen, og ikkje blir flytta til ettermiddagen til etter at skolebussen har fore, osb. Dette er viktig av mange grunnar, og eg skal no gå nærare inn på ein del av desse grunnane.

Skolen må ha plass til både sidemål og minoritetsspråk

I M 87 er det innført ein praksis med fritak i skriftleg prøving i sidemål for dei som har anna morsmål enn norsk og for dei som har samisk som andrespråk (M 87 s. 175: "...elever med samisk i fagkretsen (...) er i prinsippet fritatt for opplæring i sidemål". s. 187: "De elever som har norsk som andrespråk, bør arbeide med lesetekster på både bokmål og nynorsk på de høyere klassetrinnene, med det kreves ikke at de selv skal beherske bruken av mer enn en målform"). Oslo har så vidt eg forstår avskaffa all ikkjenorsk morsmålsundervisning, så her veit eg ikkje kva status sidemålet har. Argumenta for dette fritaket er dels at det blir for vanskeleg for desse elevane å lære både nynorsk og bokmål, og dels at dette er den beste løysinga viss dei skal få same undervisning som dei andre elevane i løpet av same skoledag. Nynorsk er så og seie det svake punktet på timeplanen (men, som vi har sett, ikkje det einaste svake punktet).

* Vi bør gå i mot at dette går ut over nynorsken, av fleire grunnar:

* Nynorsk er i dag ein integrert del av norskfaget også for elevar med nynorsk som sidemål, der undervisninga i nynorsk og dialektar blir sett i samanheng med kvarandre.

* Opplæring i nynorsk fører til at elevane får ein større språkleg kompetanse: Når alle i Noreg forstår alle norske dialektar og når nordmenn forstår andre skandinaviske språk mykje betre enn alle andre skandinavar, er det mykje godt eit resultat at vi har opplæring i to av dei skandinaviske skriftspråka, i staden for berre i eitt, slik som dei andre skandinavane. Denne språklege kompetansen går minoritetselevane glipp av med dagens system. Når vi seier at ein person "kan norsk" tenker vi umedvite at denne personen forstår både svenskar, sogningar og senjaværingar. Vi må argumentere for at alle elevane i Noreg skal kunne få del i denne kunnskapen.

* Nynorsk er i Noreg symbolet på det norske, det nasjonale. Også folk som elles aldri bruker nynorsk tyr til nynorsk i samanhengar der det norske skal framhevast. Nettopp nasjonale minoritetar må få tilgang til denne språklege koden, slik at dei dermed får ei betre innsikt i den norske nasjonale identiteten.

* På lang sikt kan ein svekka posisjon for nynorsk som riksdekkjande opplæringsspråk slå tilbake på nynorsken si stilling andre stader i landet.

Noregs Mållag har gått inn for ei norskopplæring utan hovud- og sidemål, men med norsk, som både nynorsk og bokmål, for alle, dvs. tilsvarande systemet på dei nordiske institutta på universiteta. Dette er etter mitt syn fornuftig, og på lang sikt er det vegen å gå for å berge nynorsken si stilling også ovafor nasjonale minoritetar. Vi må likevel ta opp spørsmålet om skriftleg prøve til ulike avsluttande eksamenar. Med ei eksamensretta undervisning kan dette i praksis vera skilnaden mellom festtaleprioritering og reell prioritering. Dermed vil eg gå i mot fritak for skriftleg prøve i sidemål, også for dei nasjonale minoritetane. Viss vi får gjennomslag for synet om ei integrert norskundervisning vil også grunnlaget for fritak falle bort. Det er med andre ord saklege argument for ei slik linje.

Arbeidet framover

I det praktisk-politiske arbeidet i samband med denne saka er det fleire arbeidsfelt som peiker seg ut:

* Vi bør kartleggje stoda: Kva seier gjeldande læreplanar? Kva er praksis rundt om i landet?

* Vi bør systematisere det som allereide er gjort noko med denne saka av Noregs Mållag og av einskildlag/-personar tilknytta målrørsla.

* Vi bør utarbeide konkrete læreplanframlegg til ein skole som er stor og open nok til å ha plass til både det norske og til dei nasjonale minoritetane våre.

* Vi bør ta kontakt med dei relevante minoritetsorganisasjonane (samiske organisasjonar, kvenske og finske organisasjonar, ulike innvandrarorganisasjonar, osb.), og diskutere både denne problemstillinga og ulike løysingsmodellar med dei.

* Vi bør drive målsak også ovafor nasjonale minoritetar, og utvikle ein målpolitisk argumentasjon som delvis skil seg frå det vi brukar ovafor nordmenn. Vi må grunngje korfor dei skal ha nynorsk som sidemål der vi vanlegvis er meir offensive og argumenterer for at folk skal bruke nynorsk som hovudmål. Sentralt i denne grunngjevinga står retten til å lære majoritetsspråket i samfunnet dei bur i, og ikkje berre ein marginal del av majoritetsspråket vårt (dvs. bokmål).

Dette er eit arbeid for Noregs Mållag sentralt, og for mållaga i Finnmark, Troms, og for mållaga i kommunar med mange innvandrar. Noregs Mållag sentralt bør koordinere arbeidet slik at det empiriske grunnlagsmaterialet blir samla og distribuert til dei det gjeld, og dei som arbeider med dette bør og utveksle erfaringar etter kvart som arbeidet skrid framover. Ein mogleg arbeidsmåte kan vera å sette ned eit utval som får i mandat å lage framlegg til læreplanar, og evt. til å utarbeide eit politisk program for Noregs Mållag på dette området. Innføringa av M 97 eit godt høve til å ta opp denne saka, og til å forme ut ein ny politikk. Noregs Mållag har enno ting usagt når det gjeld minoritetsspråk i samband med M 97, vi bør sende inn ei fråsegn om kva som er vårt syn.

M 97 sine framlegg til læreplanar trur eg ikkje det er meir å gjøra med innafor dei rammene som er lagt. No er det berre mogleg å støtte gode dei framlegg på stortinget som ligg føre (eller la vera). Derimot er det mogleg å følgje iverksetjinga av læreplanane for å sjå om skoleverket oppfyller det dei lovar, og det meiner eg vi ska gjøra.

Når det gjeld kontakten med minoritetsorganisasjonar er det meir å seie. I all form for samarbeid solidaritetsorganisasjonar imellom er det to ting som må vurderast: solidaritet og eigeninteresse. Vi i målrørsla er solidarisk med andre språklege minoritetar både fordi vi som politiske menneske er mot undertrykking generelt, og fordi vi som organisasjon er skipa for å slåss mot språkundertrykking av nordmenn i Noreg, og dermed stør andre nasjonar sin kamp for språkleg frigjering. Eigeninteressa vår i denne samanhengen er sjølvsagt at vi vil ha nynorskundervisning for alle i Noreg. Dei språklege minoritetane står i ein annan situasjon enn oss. Deira språkpolitiske situasjon er langt dårlegare, dei kjempar med ryggen mot veggen for ikkje å bli assimilert. I ein sånn situasjon er det naivt å tru at dei vil stø oss målfolk av solidaritetsgrunnar. Deira overordna mål er å overleva kulturelt og språkleg. Viss vegen dit går via avskaffing av sidemålsundervisninga er dei for å kutte ut sidemålsundervisninga. Likevel har dei objektive grunnar til å alliere seg med oss, objektive grunnar som det er mogleg å få gjennomslag for. Først og fremst treng dei alle allierte dei kan få, og målrørsla er ein viktig alliert. Vi er godt skolerte, både generelt og innafor språkvitskap og pedagogikk, vi er norske og kjenner dermed det norske samfunnet, vi er velorganiserte, og vi har gode politiske kontaktar. For det andre står vi faktisk i same situasjon, i opposisjon til fleirtalets krav om einspråklegheit. I staden for at kvar minoritet slår ring om eigne fordelar og nektar dei andre minoritetane få del i dei, kan alle dårlegare stilte minoritetar bruke resultata til dei som er betre stilte som ei brekkstong for eiga framgang. For det tredje er det frå ein ikkjenorsk ståstad viktig å få allierte hos fienden. Sjølv om det frå eit minoritetsperspektiv kan sjå ut som om "det er det same om læraren kjem frå Vestlandet eller Oslo, så lenge han vil ha oss til å bruke norsk", har dei objektive interesser nettopp av å slå kiler inn i det norskspråklege samfunnet. I tider der nasjonale minoritetar (på Grünerløkka eller Finnmarksvidda) blir skulda for å vera unasjonale framandelement av ulike rasistiske organisasjonar, er det viktig å bli støtta av det norskaste av alt norsk, nemleg målrørsla. Eg vil gjerne understreke at det eg seier her ikkje er planar om ein slags utpressingstaktikk. Eg gjør ikkje framlegg om politisk hestehandel. Vi skal støtte krava deira uansett kva dei måtte meine om målsak. Grunnen til at eg dreg fram dette er at eg vil at de skal sjå at den støtta vi kan gje er viktig, at det målrørsla som Noregs største og best organiserte språkpolitiske organisasjon gjør eller ikkje gjør med dette spørsmålet vil ha stor innverknad på kva som kjem til å skje. Eg vil og prøve å sjå målrørsla frå minoritetane sin ståstad, og nettopp målrørsla som aktiv (heller enn passiv) alliert.

Våre forsøk på å byggje ein einheitsfront med dei må dermed etter mi meining byggje på følgjande premiss, og i denne rekkjefølgja:

* Vi stør deira krav om morsmålsopplæring, radiosendingar på morsmålet, osb., med ei generell språkpolitisk grunngjeving (mot språkleg undertrykking).

* Vi argumenterer for nynorskopplæring for alle, også nasjonale minoritetar, og viser til ulempene nettopp dei kjem opp i utan nynorskopplæring ( = vi argumenterer målpolitisk ovafor dei ).

* Vi dreg parallellen mellom kampen for nynorsk og kampen for minoritetsspråka. Poenget her er at parallellen er her, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå han.

Til slutt vil eg minne om kor vi er: Vi er i heimbyen til Noregs nest eldste radiosendar, ein radiosendar som vart plassert her med eit klare politisk mål: Å fornorske dei ikkjeariske minoritetane i Noreg. Denne politikken var sjåvinistisk, dvs. han sette ein nasjonalitet over dei andre, og hindra dei andre i å utfalde seg. Denne politikken skal vi no erstatte med ein nasjonalistisk politikk, ein politikk som lar alle nasjonalitetar få utvikle seg, utan å setje den eine over dei andre. Ein av berebjelkane i ein slik politikk er retten til opplæring i og på eige morsmål for innbyggjarar frå alle nasjonalitetar, ein annan bærebjelke er at alle innbyggjarane i Noreg skal få tilgang til språket til titulærnasjonaliteten, dvs. til norsk. Norsk tyder her, som i andre samanhengar, både bokmål og nynorsk.

Heim | Språkvitskap | Språk og samfunn | Språk og IT | Språk | Undervisning
Om desse sidene | Näistä sivuista | About these pages | Andre sider
Lingvistisk institutt | Humanistisk fakultet | Universitetet i Tromsø